22.08.2011

Tjueandre august

Tjueandre august 1917 vart bluesartisten John Lee Hooker fødd i Mississippi. Hooker vert rekna som ein av dei fremste representantane for Delta Blues og insatsen frå debuten i 1948 og framover sikra han ei stjerne på Hollywood Walk Of Fame. Hooker sitt bidrag til mi platehylle heiter Best Of Friends og er eit samarbeid med ei anna gitarlegende, Eric Clapton. Hooker døyde i 2001. I 1961 vart trommeslagar Deborah Mary Peterson fødd i Los Angeles. Saman med systera Vicki Peterson starta Debbi Peterson jentebandet The Bangles. I 1963 kom Tori Amos til verda som Myra Ellen Amos. Tori Amos sitt bidrag til godlyd i heimen min heiter Under The Pink og kjem fram med jamne mellomrom. Eg må innrømme at det ikkje er meg som har gått til innkjøp av denne plata, men det endrar ikkje det faktum at det dama frå Newton, North Carolina lurar ut frå platerillene absolutt kitlar øyregongane på ein mjuk og behageleg måte. I 1967 vart den tidlegare vokalisten i Alice In Chains, Layne Thomas Stanley fødd i Kirkland i den amerikanske delstaten Washington. Layne Stanley var med å starte Alice In Chains så tidleg som i 1987, men sleit dei siste åra av livet sitt med store rusproblem. Hjå meg høyrer du Stanley sine vokalprestasjonar på platene Facelift og Dirt. Stanley døyde i 2002. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Dixons Club i Sunderland. I 1992 toppa Iron Maiden nok ein gong plakaten på Monsters Of Rock på Castle Donnington. Andre langhåra rockarar på plakaten var Skid Row, Slayer, Thunder og W.A.S.P.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar