25.08.2011

Tjuefemte august

Tjuefemte august 1920 fekk verda bassisten Leonard Gaskin. New York-fødde Gaskin, som eigentleg vert rekna som jazzmusikar og har spel for Miles Davis på sin CV, kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Gaskin døyde i 2009. I 1933 vart saksofonisten Wayne Shorter fødd i Newark. Shorter, som har gjeve ut meir enn tjue plater som bandleiar under eige namn, kan i mi platesamling høyrast medan han spelar i bandet Weather Report og for trompetlegenda Miles Davis på platene In A Silent Way (1969) og Water Babies frå 1976. I 1949 kom Chaim Witz til verda i Haifa i Israel. Ettersom Chaim Witz ikkje er eit namn som sel så godt i rockeindustrien har han teke kunstnarnamnet Gene Simons. Simons er kjent som den langtunga bassisten i teikneseriebandet Kiss og skryt av at han har landa fleire damer enn dei fleste andre i same bransje, noko fleire nære kjenningar av Simons avkreftar. Underteikna var heldig og fekk oppleve Simons og resten av Kiss på Koengen i Bergen 1. juni 2008. Gamlingane leverte eit fantastisk show som heile familien levde lenge på, litt synd den lyse nordiske sumarnatta la ein dempar på litt av pyroshowet. Same dag vart Salif Keita fødd i byen Djoliba i Mali. Salif Keita er kjend som Afrikas gullrøyst og har hatt ei stor internasjonal karriere. Mi platehylle byr på plata 69-80, ei samleplate frå 1994. I 1950 kom William Paul Borsey Jr til verda i Stamford i Connecticut. Willie DeVille gjorde seg fyrst merkt som leiar av bandet Mink DeVille, som til tider var husband på CBGB’s, men frå 1986 gjorde han solokarriere under namnet Willie DeVille. Willie DeVille døyde av kreft i bukspyttkjertelen i 2009. I 1951 vart eit anna metallikon, Rob Halford, fødd som Robert Arthur Halford. Halford er kjend som vokalist i bandet Judas Priest og vert av fansen referert til som The Metal God, eit tilnamn alle frammøtte på konserten i Bergenshallen 8. juni 2008 og på Edvard Griegs Plass i 2011 vil skrive under på at han har gjort seg fôrtend til. I 1954 kom Declan Patrik MacManus til verda. MacManus er betre kjend som Elvis Costello og har i tillegg til plater under eige namn gjeve ut plater saman med bandet The Attractions. Han har også samarbeida med verdskjende artistar som Burt Bacharack og kona Diana Kral. I mi platehylle er det, enn så lenge, plata Mighty Like A Rose frå 1991 som er Costello sitt bidrag, men eg lovar at det kjem meir. Costello har også produsert plater for andre artistar, som mellom anna The Pogues. I 1962 fekk verda nok ein nordirsk gitarist då Vivian Patric Campbell vart fødd. Campbell var ein del av originalbesetninga i Dio og kan hjå meg høyrast på Holy Diver frå 1983. I 1967 vart Jeff Twedy fødd. Twedy har ei fortid i Uncle Tupelo (1987-1994), men er i dag best kjend for å vere den kreative krafta i bandet Wilco og er hjå meg representert med plate Summerteeth frå 1999. I 1968 kom Stuart Lee Murdoch til verda i skotske Clarkston. Stuart Murdoch er låtskrivar, vokalist og gitarist i det skotske indiebandet Belle & Sebastian. Så langt byr mi hylle på plata The Boy With The Arab Strap, og meir er på veg. I 1971 var dette dagen The Who gav ut Who’s Next i England. Plata nådde #1 på dei britiske listene. I 1978 var dette dagen plata Who Are You med The Who vart gjeven ut på andre sida av Atlanterhavet. Plata nådde andreplass på dei amerikanske listene. I 1986 var det Rockabillyfest på Klub Foot i Hammersmith og på scenen stod mellom anna Torment, Rochee & The Sarnos, Wigswille Spliffs, The Coffin Nails, The Caravans, alle frå Storbritannia, og nederlandske Batmobile. Alle saman kan høyrast og nytast på plata Stomping At The Klub Foot Vol. 3. I 1987 kom The Cars si sjette og siste studioplate, den fekk namnet Door To Door og gjorde ikkje nemneverdig suksess. I 1988 gav Metallica ut plata …And Justice For All, og no var dei tidlegare garasjerockarane superstjerner. I 1996 kom andresingelen frå plata To The Faitful Departed med The Cranberries, Free To Decide. I 1997 gav Rammstein ut plata Sehnsucht og gav med det nytt liv til sjangeren industrimetall. Same dag slepte Motörhead CD-Boxen Protect The Innocent der ein på fire plater får det beste av det beste frå perioden 1976 til 1992. Og som om ikkje det var nok, platedebuterte Stereophonics med plata Word Gets Around. I 1998 oppsummerte Lynyrd Skynyrd bandet sin gullalder, 1971-1977, med plata The Essential Lynyrd Skynyrd. Og Lauryn Hill lanserte plata som skulle markere starten på hennar solokarriere, The Miseducation Of Lauryn Hill. I 2000 døyde Jack Nitzsche.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar