30.04.2012

Trettiande april

Trettiande april 1933 kom countryartisten Willie Nelson til verda med fullt namn Willie Hugh Nelson. Etter som eg ikkje er verdas største countryfan, har Nelson fram til no berre vore representert med ei samling av det beste han gjorde med kvartetten Highwayman, der han song i lag med stjernelaget Johnny Cash, Kris Kristoferson og Waylon Jennings, men no er plata Stardust frå 1977 kjøpt inn. Stardust vart spela inn med Booker T. Jones, mest kjend frå eit av verdas beste backingband, Booker T. & The MGs, bak spakane, og med mellom anna verdas beste kordame Emmylou Harris med i studio. I 1948 fekk verda gitaristen Wayne Kramer. Kramer, som har vore innom Rolling Stone Magazine si topp hundre liste over verdas best gitaristar, kan i mi platesamling høyrast medan han bråkar i det amerikanske bandet MC5. I 1957 var dette dagen verda fekk endeleg fekk stifte kjennskap til Elvis Presley sin legendariske versjon av Jailhouse Rock frå filmen med same namn. Musikken var sjølvsagt ved husbandet The Jordanairs. I 1968 kom Paolo Xisto Pinto Jr. til verda i solrike Belo Horizonte i Brazil. Paolo Jr. er bassist i Sepultura og er i dag einaste originalmedlem som er att i bandet. Sundag trettiande april 1978 vart Brett Detar fødd i Pensylvania. Detar var gitarist i Zao og kan høyrast på plata Where Blood And Fire Bring Rest frå 1998. Same dag spela Cheap Trick andre og siste konsert av det som skulle ende opp som den trippel platina seljande konsertplata Cheap Trick At Budokan. Og på andre sida av jorda kunne AC/DC opplevast i levande live på The Apollo, i det som er fødebyen for dei to gitarspelande brørne Young, Glasgow i Skotland. Klassikarane Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog og Let There Be Rock kan både høyrast og sjåast på dobbel DVD’en Plug Me In, som over to plater oppsummerar to vokalistar sitt arbeid for bandet. Riff Raff og Fling Thing/Rocker frå same kvelden må nytast på DVD-plata Family Jewels der ein også finn Rock’n Roll Damnation. I 1983 døyde Muddy Waters. I 1988 fekk dei frammøtte i Projeto SP i Sao Paolo sjå Toy Dolls sin andre konsert av fire på like mange dagar i same lokalet.

29.04.2012

Tjueniande april

Tjueniande april 1958 spelte Count Basie med storband inn songen Fair And Warmer med solistane Benny Powel, trombone, og Billy Mitchell på tenorsaksofon. I 1966 var The Byrds i studio og spela inn Mr. Spaceman og What’s Happening?!?!, for bruk på plata Fifth Dimensjon. I 1973 kom Mike Hogan til verda i Limeric i Irland. Bassisten Hogan er ein kjent restaurantør i heimbyen, men hjå meg er det på dei to The Cranberries-platene Everybody Else Is Doing It So Why Can’t We (1993), og To The Faitful Departed (1996) ein finn merittane hans. I 1988 var Toy Dolls i Sao Paolo for å spele på Projeto SP. Dette var fyrste av fire konsertar på rappen i same lokalet. I 1993 døyde ein av mine store heltar, gitaristen Mick Ronson av kreft i levera. Ein av verdas beste rockegitaristar var borte for alltid. Eg var heldig og fekk sjå og høyre Ronson saman med Ian Hunter og band på Maxime i Bergen i 1989. Konserten vart omtala som ein av dei beste i Bergen til då og er framleis ein av dei beste konsertane eg har vore på. Perler frå heile Hunter/Ronson samarbeidet, inkludert Mott The Hoople-æraen, kom som perler på ein snor. Irene Wild, All The Young Dudes og Just Another Night er høgdepunkta eg hugsar best. I 1996 gav irske The Cranberries ut plata To The Faithful Departed. Plata var bandet si tredje og resulterte i fem singelplater. I 1997 slepte Lynyrd Skynyrd plata Twenty, der den tidlegare trommevikaren Rickey Medlock var attende i bandet, som fast medlem og på gitar denne gongen. Tittelen refererar til at det var tjue år sidan flyulukka som tok livet av to av dei originale bandmedlemmene. I 2003 platedebuterte Yeah Yeah Yeahs med Fever To Tell, som sikra dei ein Grammy-nominasjon i klassen for beste alternativalbum, og som har selt i meir enn ein million eksemplar. I 2011 spelte The Stranglers ein uforglemmeleg konsert på Ole Bull Scene som ein del av festivalen Bergenfest i Bergen. Seinare på kvelden var Glen Matlock og bandet The Phillestines og underheldt på Garage, også det i Bergen.

28.04.2012

Tjueåttande april

Tjueåttande april 1947 vart jazzgitaristen Steve Kahn fødd i Los Angeles i California. Kahn si merittliste er lang, men hjå meg kan han høyrast på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1952 kom Charles Alfred Leavell til verda i Birmingham, Alabama. Chuck Leavell vert rekna som ein av verdas fremste pianistar og har spela med både The Allman Brothers Band og Rolling Stones. Hjå meg kan Leavell høyrast medan han trakterar tangentane på plata Hot Number, som The Fabolous Thunderbirds gav ut i 1987, og på Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992. I 1953 vart Kim Althea Gordon fødd i Rochester i delstaten New York. Kim Gordon er best kjend som bassist og vokalist i det amerikanske alternativbandet Sonic Youth, som ho var med å grunnleggje i 1981, og som prydar platehylla mi med platene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street frå 2002. I 1958 nytta bandleiaren Count Basie dagen til å ta med seg bandet i studio og spela inn Moten Swing, solistar var Frank Wess på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. I 1960 var Elvis Presley i studio og spelte inn sin versjon av songen Wooden Heart. I 1961 fullførde Johnny Cash innspelinga av My God Is Real, som i tillegg til Hymns From The Heart kan høyrast på plata God frå 2000. I 1978 var Cheap Trick i Tokyo og gjorde den fyrste av to konsertar som vart miksa saman til den legendariske konsertplata Cheap Trick At Budokan. I 1983 nytta Iron Maiden dagen til og sleppe singelen Flight Of Icarus. Songen om mannen med fuglefjør på armane klatra til ellevteplassen på listene.

27.04.2012

Tjuesjuande april

Tjuesjuande april kom Thomas Koppel til verda i ein svensk flyktningeleir. Seinare var Koppel med å starte det danske bandet Savage Rose. Saman med bandet sin vokalist, Anisette, ofra Koppel seg for fredsarbeid. Koppel døyde under ei feriereise til Puerto Rico i 2006. I 1947 fekk verda trommeslagaren James Lee Keltner. Jim Keltner frå Tulsa i kvegstaten Oklahoma er studiomusikar, han vert rekna som ein av verdas beste i sin bransje og heldt mellom anna takten for Bob Dylan på plata Pat Garrett & Billy The Kid, som var lydsporet frå filmen med same namn, og på platene Shot Of Love frå 1981 og Time Out Of Mind som kom på marknaden i 1997. Rytmesikre Keltner held også takten for Alice Cooper på plata From The Inside frå 1978, på Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og for Stones-mannen Mick Jagger på soloplata Wandering Spirit frå 1993, og var eit opplagt val då Rufus Wainwright platedebuterte med ei sjølvtittelert plate i 1998. I 1948 kom Kate Pierson til verda og fekk tildelt fullt namn Cathrine Elisabeth Pierson i New Jersey. Pierson er vokalist og originalmedlem i B52s, ho kan også høyrast som den kvinnelege bakgrunnsvokalen på fleire plater med R.E.M og låta Chop Suey av Ramones. I 1951 kom den originale Kiss-gitaristen Ace Freley til verda som Paul Daniel Freley. Freley spelte gitar i Kiss frå starten av karrieren til 1982. Han gjorde i tillegg eit etterlengta come back i 1996 og heldt den gongen ut med bandet til 2002. I tida utan Kiss har ”Space Man” pleia ei solokarriere med sitt eige band, Freley’s Comet, som enno ikkje har fått plass i mi platehylle. I 1957 vart den engelske musikaren Adrian Utley fødd i Northampton. Utley er best kjend for arbeidet med Portishead og kan hjå meg høyrast på platene Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. I 1959 kom Marco Francesco Andrea Pirroni til verda i Camden Town. Marco Pirroni spelte gitar i den andre utgåva av Adam & The Ants og kan hjå meg høyras på samleplata Dandy Highwaymen. Han kan også høyras på Sinéad O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. I 1961 gjekk Johnny Cash i studio og hadde fyrste innspelingsdag for My God Is Real. Innspelinga vart fullførd dagen etter og enda opp på plata Hymns From The Heart. Produsentar var Don Was og Frank Jones. I 1964 var dette fyrste innspelingsdag, av to, for plata Cresent av John Coltrane Quartet. I 1976 vart Isobel Campbell fødd i den skotske storbyen Glasgow. Campbell er kjend som Belle i bandet Belle & Sebastian, eit band ho forlét i 2002. Ho er i dag ein mykje nytta artist og kan hjå meg høyrast medan ho spelar Cello på B&S-plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1998 gav svenske Dark Funeral ut si andre plate Vobiscum Satanas, som jamnt over fekk gode kritikkar i den internsjonale metallpressa. I 2010 slepte 1349 plata Demonir på selskapet Prosthetic Records.

Tjuesjette april

Tjuesjette april 1940 spelte ein særs produktiv Woodie Guthrie inn songane Talking Dust Bowl Blues, Blowin’ Down This Road, Do Re Mi, Tom Joad og Dusty Old Dust (So Long It’s Been Good To Know Yuh). Alle songane hadde folklegenda komponert sjølv og dette var dei fyrste innspelingane han gjorde for RCA Reccords. I 1961 kom journalisten og fotballspelaren Knut Nesbø til verda. Nesbø er vetlebror av meir kjende forfattar Jo, og er gitarist i bandet Di Derre. I 1971 bydde kvelden på konsert med The Who på The Young Vic Theatre i London. Seansen vart festa til ljodband og songane Naked Eye og Water kan høyrast på nyugjevne versjonar av plata Who’s Next. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å sleppe singelen The Number Of The Beast, som meir enn tjue år seinare framleis står som sjølvaste signaturlåten for det høgtflygandet hardrockbandet. I 1984 døyde Count Basie. I 1994 gav Johnny Cash ut plata American Recordings, den fyrste plata i ein serie som etter kvart tel seks i talet. Produsent for denne plata med amerikanske var meisterprodusenten Rick Rubin, og dette var plata som revitaliserte den aldrande og fallerte Cash si karriere. I 2007 slepte Tori Amos plata American Doll Posse, dette var hennar niande studioplate og den siste på eit stort plateselskap.

25.04.2012

Tjuefemte april

Tjuefemte april 1917 vart den amerikanske jazzsongarinna Ella Jane Fitzgerald fødd i marinebyen Newport News i Virginia. Ella Fitzgerald var ein høgt skatta jazzartist som kunne la røysta klatre over tre oktavar, og som hausta ei rekkje Grammy-statuettar. I mi platehylle finn du også ei av platene ho gjorde i samarbeid med den like vidgjetne jazztrompetisten Louis Armstrong. Fitzgerald døyde i 1996. I 1945 vart Björn Kristian Ulvaeus fødd. Ulvaeus er meste kjend for å vere ein av grunnleggarane av ABBA og for samarbeidet sitt med Benny Andersson som i tillegg har resultert i musikalar som mellom anna Chess. Mindre kjend er det at Stuart Alden Cook kom til verda. Dette skal ha skjedd i El Cerrito i California. Stu Cook sitt musikalske bidrag til denne verda er helst knytt til den perioden han var bassist i Creedence Clearwater Revival. I 1950 kom trommeslagar Stephen Ferrone til verda i den engelske badebyen Brighton. Driftige Steve Ferrone var trommis for Average White Band frå 1974 til 1982, han har i tillegg spelt med store artistar som Tom Petty, Slash, Duran Duran og Chaka Kahn. I mi platehylle er det på samleplata The Best Of Average White Band, i tillegg til platene Cosmic Thing (The B-52’s (1989)), Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992, og Unchained, som Johnny Cash gav ut i 1996, han kan høyrast. I 1958 vart Derek William Dick fødd i Skotland. Fish var i mange år vokalist i Marillion og kan hjå meg høyrast på debutplata Script For A Jester’s Tear frå 1983. I 1962 vart Lars Georg Christian Falk fødd. Christian Falk var bassist i Imperiet. I 1965 kom Eric Adam Avery til verda i Los Angeles. Eric Avery var bassist i Jane’s Addiction, han har også lånt ut tenestene sine til Alanis Morissette og kan høyrast på plata So-Called Caos frå 2004. I 1973 vart Nicholas Howard Barker fødd i Chesterfield. Trommeslagaren Nicholas Barker var ein av grunnleggjarane av Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på debutplata Principle Of Evil Made Flesh frå 1994. Barker har også vore innom norske Dimmu Borgir. I 1994 gav Blur ut si tredje studioplate, Parklife. I 1995 platedebuterte Diana King med Tougher Than Love. I 2000 kom Barry White med samleplata The Ultimate Collection.

24.04.2012

Tjuefjerde april

Tjuefjerde april 1944 vart plateprodusenten Anthony Edward Visconti fødd i Brooklyn i New York City. Tony Visconti har produsert fleire av David Bowie sine plater og på fleire av dei har han også spela med. Hjå meg kan Visconti høyrast på plata Space Oddity frå 1969, i tillegg til The Dandy Warhols si plate Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1945 kom Douglas Clifford til verda i Palo Alto i California. Doug Clifford spelte trommer i Creedence Clearwater Revival. Same dag vart Doug Riley fødd i Toronto. Dr. Music kan hjå meg høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate Night Moves frå 1976. I 1947 kom bassisten Glenn Cornick til verda. Cornick livnærte seg som bassist i Jethro Tull frå starten i 1967 og fram til 1970. Hjå meg han høyrast på plata This Was frå 1968. I 1950 vart Robert Andrew Hyman til verda. Rob Hyman var ein av grunnleggarane av det amerikanske bandet The Hooters og har to bidrag i mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1951 vart Blondie-bassisten Nigel Harrison fødd i Stockport i England. Harrison spelte med bandet frå 1977 til 1982 og kan høyrast på plata Parallel Lines frå 1978. Harrison var også tiltenkt rolla som bassist i eit attforeina Blondie, men vart utelaten i siste liten. Før dei gylne Blondie-åra spelte Harrison mellom anna med det engelske glamrockbandet Silverhead og mi samling byr på godbitane Silverhead’s First frå 1972 og 16 And Savaged frå 1973. I 1957 kom David John Haskins til verda i Northampton. David J. spelar bass i Bauhaus og i mi platehylle kan han høyrast på plata In The Flat Fields frå 1980. Same dag vart Boris Peter Bransby-Williams fødd i franske Versailles. Boris Williams slo seg saman med The Cure i 1984, eit samarbeid som vara til 1993, og mi platehylle byr på Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me frå 1987. I 1963 kom William David Gould til verda i Los Angeles. Billy Gould er best kjend som bassist i San Francisco-bandet Faith No More, som herja listene for ei tid tilbake. I 1967 vart Magnus Grønneberg fødd i Fredrikstad. Grønneberg har herja dei norske platelistene med bandet C C Cowboys i ei årrekkje. I 1997 slepte Lisa Stainsfield si fjerde studioplate, ei plate som bar hennar namn.

23.04.2012

Tjuetredje april

Tjuetredje april 1936 kom den amerikanske artisten Roy Kelton Orbison til verda i småbyen Vernon nord i Texas. Roy Orbison var ein av pionerane i rock’n roll, men tok seg seinare ein lang tur ut av det energikrevjande rampelyset. Orbison dukka etter kvart opp som ein av medlemmene av supergruppa The Travelling Wilburys og fekk med det ein viss renesanse på tampen av karrieren. Orbison døyde av eit hjerteinnfarkt i 1988. I 1960 vart James Robert Talbot fødd. Saksofonisten Jamie Talbot kan hjå meg høyrast i godt driv på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997, og på Amy Winehouse si plate Back To Back frå 2006. I 1965 vart John Paul McBain fødd i New Jersy. John McBain var gitarist for Hater på deira debutplate. I 1971 kom gitaristen Viggo Krüger til verda. Krüger var medlem av bandet Pogo Pops. I 1976 slepte Jethro Tull plata med den sjølvreflekterande tittelen Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die. I 1988 var dagen Iron Maiden-fansen endeleg kunne kjøpa plata Seventh Son Of A Seventh Son. Og det gjorde dei, plata debuterte med fyrsteplass på platelistene. I 1982 slepte The Clash singelen Know Your Rights, som klatra til ein førtitredjeplass på dei engelske singellistene. I 1991 vart datoen prega av at den tidlegare New York Dolls-gitaristen Johnny Thunders vart funnen daud, In Cold Blod, på eit hotellrom i New Orleans. Rykta og spekulasjonane om at gode gamle Johnny vart teken av dage for at nokon skulle kunne stikke av med alt dopen hans har heldt seg i livet fram til i dag, sjølv om det, som vanleg i slike saker, offisielt ikkje finst prov for at noko kriminelt har hendt den slitne rockaren.

22.04.2012

Tjueandre april

Tjueandre april 1935 kom Paul Laurence Dunbar Chambers Jr. til verda i Pittsburgh. Bassisten Paul Chambers, som voks opp i den ein gong så stolte bilbyen Detroit, kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på platene Kind Of Blue frå 1959, og Someday My Prince Will Come frå 1961. Chambers døyde i 1969. I 1936 vart Glen Travis Campbell fødd i Arkansas. Glen Campbell har livnært seg som skodespelar og programleiar på fjernsyn, men er best kjend som countrypopmusikar med slagarar som Rhinestone Cowboy. I 1937 vart Bernard Alfred Nitzsche fødd i Chicago. Jack Nitzsche er best kjend som komponist og produsent, men hjå meg kan pianospelet hans høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, og på Buffalo Springfield-veteranen Neil Young si plate Tonight’s The Night frå 1975. Nitzsche døyde i 2000. I 1949 hadde Miles Davis med seg eit stjernelag av musikarar beståande av J.J. Johnson på trombone, Sandy Siegelstein på fransk horn, John Barber på tuba, Lee Konitz på altsaksofon, Gerry Mulligan på barytonsaksofon, John Lewis på piano, Nelson Boyd på bass og Kenny Clarke på trommer. Dei spelte inn Venus De Milo, Boplicity, Israel og Rouge som alle kan høyrast på plata Birth Of The Cool. I 1950 vart Jesse Willard Carr fødd i motorsporthovudstaden Daytona Beach i Florida. Pete Carr er tett knytt til Muscle Shoals Rhythm Section og har spelt med eit utal av store namn. Hjå meg kan Carr høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band-plata Stranger In Town frå 1978, ei plate han også var med å produsere, og plata Against The Wind, som same mann og band slepte i 1980. I 1964 kom David Alexander Vincent til verda i ”Home Of The Hornetts”, Charlotte i North Carolina. Vincent nyttar mellom anna aliaset Evil D når han utførar gjerninga si som vokalist og bassist i Morbid Angel. I 1967 gav The Who ut singelen Pictures Of Lily. Songen, som visstnok handlar om masturbasjon, nådde fjerdeplass på hitlistene. I 1973 vart Brian Aubrey Marshall fødd i pensjoniststaten Florida. Bassisten Brian Marshall spelar til dagleg i Creed og kan hjå meg høyrast på plata Human Clay frå 1999.

21.04.2012

Tjuefyrste april

Tjuefyrste april 1943 kom Dennis Eugene McCrohan til verda i Oshawa i Canada. Kjent under artistnamna Denis Edmonton og Mars Bonfire er han best kjend for å ha skrive det som vert rekna som den fyrste ekte hardrocklåten, Born To Be Wild, som vart ein kjempehit for gruppa Steppenwolf etter at han vart nytta som filmmusikk i kultfilmen Easy Rider. I 1947 kom James Newell Ostenberg til verda i ein småby i Michigan. Under artistnamnet Iggy Pop har Ostenberg markert seg, fyrst som medlem av The Stooges, sidan med ei omfattande solokarriere. Eg eig plata Soldier frå 1980, ikkje Iggy Pop sitt sterkaste augneblink, men bra nok til at det fristar å utvide samlinga. I 1959 vart Robert James Smith fødd i tivolibyen Blackpool. Robert Smith er, sidan byrjinga i 1976, den einaste permanente medlemmen i bandet The Cure, der han, i tillegg til vokaljobben, har tent som låtskrivar, gitarist, bassist og tangentmann. Smith har også vore innom ein annan kjenning frå mi platesamling, Siouxsie & The Banshees, men er ikkje med på plata Tinderbox, som bandet slepte på denne dagen i 1986. I 1960 kom John Maher til verda i Manchester. Trommisen Maher sitt takfaste bidrag til mi platesamling finn du på Buzzcocks-samleplata Singles Going Steady. I 1986 slepte Siouxsie & The Banshees si sjuande studioplate, Tinderbox, ei plate som vart spela inn i den delte byen Berlin. I 1992 gav Beastie Boys ut plata Chech Your Head. I 1998 slepte Alannah Myles plata Arrival. I 2001 kom Stereophonics si tredje studioplate, Just Enough Education To Perform, på marknaden. I 2003 døyde Nina Simone. I 2008 gav The Batallion ut det som var deira fyrste full lengde studioplate, Stronghold Of Men. I 2010 døyde trubaduren og forfattaren Gustav Lorentzen av hjartestans under eit orienteringsløp. Lorentzen gav sidan 1970 ut elleve plater med duoen Knudtsen og Ludvigsen i samarbeid med Øystein Dolmen. Han har også skrive ei rekkje bøker, både for barn og vaksne. I mi platehylle står enno berre plata Juba Juba, fleire er på blokka.

Tjuande april

Tjuande april 1941 vart bassisten Timothy Lee Drummond fødd i Illinois. Tim Drummond har traktert bassen for fleire store artistar og hjå meg kan han høyrast på mellom anna Neil Young- platene Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (The Old Homestead) frå 1980, og på Bob Dylan-plata Shot Of Love frå 1981. I 1948 kom Craig Frost til verda i den ein gong så staselege industribyen Flint i Michigan. Mange knyt tangentmannen Frost til Grand Funk Railroad, men hjå meg kan han høyrast som ein del av Bob Seger sitt Silver Bullet Band. I 1950 kom Walter Carl Becker til verda i Queens. Gitaristen Walter Becker var ein av grunnleggjarane av Steely Dan. Hjå meg kan Becker høyrast i fint samspel med kompisen Donald Fagen. I 1970 kunne The Wonder Of You kjøpast som singel. Artisten var Elvis Presley og songen fekk seks veker på fyrsteplassen på dei engelske listene. I USA vart niandeplassen høgaste plassering for underet. I 1971 vart Michael Edward Welsh fødd i Syracuse. Mickey Welsh overtok etter Matt Sharp som bassist i Weezer, men slutta etter eit sørgjeleg mentalt samanbrott i 2001. Dei neste ti åra ofra Welsh seg for biletkunsten. Welsh døyde i 2011. I 1972 fekk den fruktbare reggeaartisten Bob Marley ein son, Stephen Robert Nesta Marley. Med tilnamnet Raggamuffin har unge Marley gjort karriere på eiga hand og som ein del av broren Ziggy sitt band The Melody Makers. I 1993 gav Primus ut plata Porc Soda, som var bandet si tredje plate og inneheld den utstyrteleg morosame songen My Name Is Mud.

19.04.2012

Nittande april

Nittande april 1944 var ordvulkanen Woodie Guthrie i studio i New York og spelte inn Talking Sailor, Grand Coulee Dam, New York Town, Who’s Gonna Shoe Your Pretty Little Feet, Mulle Skinner Blues og Biggest Thing Man Has Ever Done. Alle desse songane kan høyrast på samleplata Pictures Of Plenty. Original Recordings 1940-1947 som er Guthrie sitt einaste bidrag til mi platesamling. Guthrie sjølv spelte gitar og song på desse innspelingane, men for spesielt interesserte kan det opplysast at han vart assistert av Cisco Houston på både song og gitar på New York Town. I 1955 vart Andy Shernoff fødd i Queens i New York City. Shernoff var bassist i bandet The Dictators og kan høyrast på plata Go Girl Crazy frå 1975. I 1957 kom songaren Tony Martin til verda som Anthony Martin Harford. Martin gjorde fleire innspelingar saman med Tony Iomi i det som var restane av Black Sabbath og kan hjå meg høyrast på plata Iternal Idol. I 1979 var Ramones i studio og spelte inn demoversjonar av Danny Says, I’m Affected, Please Don’t Leave, All The Way, Do You Remember Rock’n Roll Radio?. Produsent i Sire Studio i New York var Ed Stasium og dei tidlegare uutgjevne innspelingane kan høyrast som tilleggsmateriale på plata End Of The Century. I 1993 døyde Steve Douglas. I 2002 vart Layne Stanley funnen daud i eigen heim. I 2005 døyde Stan Levey.