31.08.2011

Trettifyrste august

Trettifyrste august 1945 kom den nordirske songaren George Ivan Morrison til verda i Belfast. Van ”The Man” Morrison, er kjend som ein grinebitter som det er tilnærma umogleg å samarbeide med, og som ei notorisk fyllebøtte, men at mannen kan synge, er det ikkje nokon grunn til å tvile på. I mi platehylle finn du studioplatene No Guru No Method No Teatcher (1986) og Enligthenment (1990). I tillegg prydar samleplata Bang Masters frå 1991 hylla, den byr på det grommaste frå The Belfast Cowboy, inkludert superhiten og kjenningsmelodien Brown Eyed Girl. I 1957 vart den danske songarinna og musikkpedagogen Hanne Boel fødd i Københamn. I 1980 spela Toy Dolls i Witt On Gilbert Club i Durham. I 1984 var Toy Dolls attende på Norseman i Amble. I 1985 vart det nok ein åttandeplass på dei britiske singellistene for galningane i Madness då dei song om Yesterdays Men.

Trettiande august

Trettiande august 1950 kom Michael Joseph Moody til verda i Middlesbrough. Micky Moody kan i mi platehylle høyrast medan han, saman med Bernie Marsden, spelar ein akustisk blueskonsert i myteomspunne Hell i Trøndelag i 1993. I 1965 gav Bob Dylan ut si sjette studioplate, Highway 61 Revisited, den fyrste plata han spela inn med fullt band. I 1985 døyde Philly Joe Jones. I 1992 spelte Status Quo for 125000 ivrige fans i Sutton Park i nærleiken av Birmingham. Høvet var engelske Radio 1 sitt tjuefemårs jubileum og for dei av oss som ikkje var tilstades i The Midlands denne dagen kan denne konserten høyrast på plata Live Alive Quo, som kom på marknaden seinare same året. I 1994 var det klart for platedebut for dei to kranglete Gallagher-brørne og resten av Oasis, plata hadde tittelen Definitely Maybe og selde i meir enn sju millionar eksemplar, imponerande for eit par Manchester City supportarar. I 1999 platedebuterte Madrugada med Industrial Silence, som ganske snøgt gjekk til topps på dei norske platelistene.

Tjueniande august

Tjueniande august 1958 kom den australske musikaren Michael John Harvey til verda i Rochester i delstaten Victoria. Mick Harvey starta karrieren sin i bandet The Birthday Party, som ærar platehylla mi med plata Junkyard frå 1982, men er best kjend for samarbeidet sitt med landsmannen Nick Cave. Hjå meg kan Harvey høyrast som medlem av The Bad Seeds medan han spelar bass og gitar på Cave sine plater From Here To Eternity frå 1984, og The Boatmans’s Call, som kom ut i 1997. I 1987 gav musikkarfavoritten Warren Zevon ut plata Sentimental Hygiene. Stjernelaget av musikarane som gjev sitt bidrag på denne plata inkluderar Neil Young, Flea frå Red Hot Chilli Peppers, R.E.M., Bob Dylan, Stray Cats-gitaristen Brian Setzer og Eagles-sjefen Don Henly. I 2006 gav Motörhead ut plata Kiss Of Death.

28.08.2011

Tjueåttande august

Tjueåttande august 1945 vart Bob Segarini fødd i Stockton i solrike California. Segarini har, tross sitt anonyme tilvære, vore med på ei rekkje plateinnspelingar og kan hjå meg høyrast som korist på plata All American Alien Boy som Ian Hunter gav ut i 1976. I 1949 kom Hugh Gordon Cornwell til verda i Tufnel Park. Hugh Cornwell var gitarist og vokalist i The Stranglers i deira mest kreative periode. Etter at Cornwell forlèt bandet i 1990 har han gjeve ut fleire soloplater, men hjå meg er det på The Stranglers-plata The Gospel According To The Meninblack frå 1981 han kan høyrast. I 1955 døyde Bob Gordon. I 1967 kom trommeslagaren Paul Buchignani til verda. Buchignani sitt bidrag til mi platesamling finn ein på plata Black Love som Afghan Whigs slepte i 1996. I 1976 fekk sjåarane til det engelske fjernsynsprogrammet Super Pop oppleve AC/DC spele Live Wire og Can I Sit Next To You Girl. Bandet sin opptreden var eit opptak gjort i Wimbledon Theatre i juli same år. I 1977 vart musikar og plateprodusent Arve Isdal fødd. I mi platehylle høyrer du Ice Dale på platene No Hay Banda med Audrey Horne og platene Vertebrae og Axioma Ehtica Odini med Enslaved. I 1982 hadde hamnebyen Hartlepool vitjing av Toy Dolls. Lokale Catholics Club var stolt vertskap for dei unge pønkarane. I 1994 kom Manic Street Preachers si tredje studioplate, den hadde namnet The Holy Bible.

Tjuesjuande august

Tjuesjuande august 1941 fekk Kapp Verde-øyane og snart resten av verda den fantastiske songarinna Césaria Évora. Dama, kjend som The Barefoot Diva, platedebuterte seint med plata La Diva Aux Pieds Nus (1988), men hjå meg må ho nøye seg med å syngje bakgrunnsvokal. I 1950 kom gitaristen John Turnbull til verda i Newcastle-upon-Tyne. Turnbull har spela med ei rekkje store namn i engelsk musikkindustri og kan hjå meg høyrast på plata Do It Yourself med Ian Dury & The Blockheads. I 1956 kom Sex Pistols-grunnleggjaren Glen Matlock til verda i London. Etter at Matlock fekk sparken i Sex Pistols har han vore innom fleire band, mellom anna The Phillestines, som gjesta Garage i Bergen siste dagen i april 2011. I 1964 fekk verda ein Johnny Cash versjon av Bob Dylan sin It Ain’t Me Babe. Songen vart spela inn i Nashville og kan høyrast på plata Orange Blossom Special. Tony Kanal kom til verda i 1970, han er bassist i den amerikanske gruppa No Doubt. I 1975 vart Jan Ove Ottesen fødd. Janove Ottesen var ein lovande fotballspelar før han kom til Bergen og musikken tok han. Sjefen i Kaizers Orchestra har absolutt heidersplass i avdelinga for norskspråkleg rock i mi platehylle. I 1977 kunne ein live-versjon av Lynyrd Skynyrd sin Gimme Back My Bullets kjøpast på ein promosingel frå ein konsert i Anaheim sør for Los Angeles. I 1990 var dette ein tragisk dag då gitarhelten Stevie Ray Vaughan døyde i ei helikopterulukke. I 1991 gav Bob Seger And The Silver Bullet Band ut plata The Fire Innside, og Pearl Jam platedebuterte med Ten. I 1992 platedebuterte Hallingdal sine store countrysøner, Hellbillies med Sylvspente Boots på det norske selskapet Spinner. I 1996 gav The Who ut samleplata My Generation: The Very Best Of The Who, som selde til gullplate i USA. I 2001 slepte Sophie Ellis-Bextor. I 2002 slepte Aimee Mann plata Lost In Space, og Queens Of The Stoneage slepte si tredje studioplate, Songs For The Deaf, der tidlegare Nirvana-trommis Dave Grohl hadde teke plass bak trommesettet.

Tjuesjette august

Tjuesjette august 1960 kom den amerikanske jazzsaksofonisten Branford Marsalis til verda i Breaux Bridge i Louisianna. Marsalis kan hjå meg høyrast medan han spelar på Miles Davis si plate Decoy frå 1984. I 1966 kunne platekjøparane skaffe seg singelen I’m A Boy frå The Who. Songen, som handlar om eit par som får høve til å velje kjønn på barna sine, men som, når den store dagen endeleg er der, får ein gut i staden for ei jente, vart bandet sin andre #2 låt. I 1969 kom singelen Suspicious Minds frå Elvis Presley. Songen vart løna med ei veke på fyrsteplass i USA, men måtte nøye seg med ein andreplass som bestenotering i England. Same dag kom No Doubt-trommis Adrian Young til verda og ei hardtslåande karriere var byrja. I 1991 platedebuterte Blur med plata Leisure, som klatra til ein respektabel sjuandeplass på dei britiske platelistene. I 2000 døyde Allen Woody. I 2004 steppa metallguden Rob Halford inn som Black Sabbath-vokalist for ein bronkittsjuk Ozzy Osbourne. Konserten denne kvelden var i Camden, New Jersey og vart den fyrste av i alt åtte for superreserven. I 2008 slepte Motörhead plata Motorizer.

25.08.2011

Tjuefemte august

Tjuefemte august 1920 fekk verda bassisten Leonard Gaskin. New York-fødde Gaskin, som eigentleg vert rekna som jazzmusikar og har spel for Miles Davis på sin CV, kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Gaskin døyde i 2009. I 1933 vart saksofonisten Wayne Shorter fødd i Newark. Shorter, som har gjeve ut meir enn tjue plater som bandleiar under eige namn, kan i mi platesamling høyrast medan han spelar i bandet Weather Report og for trompetlegenda Miles Davis på platene In A Silent Way (1969) og Water Babies frå 1976. I 1949 kom Chaim Witz til verda i Haifa i Israel. Ettersom Chaim Witz ikkje er eit namn som sel så godt i rockeindustrien har han teke kunstnarnamnet Gene Simons. Simons er kjent som den langtunga bassisten i teikneseriebandet Kiss og skryt av at han har landa fleire damer enn dei fleste andre i same bransje, noko fleire nære kjenningar av Simons avkreftar. Underteikna var heldig og fekk oppleve Simons og resten av Kiss på Koengen i Bergen 1. juni 2008. Gamlingane leverte eit fantastisk show som heile familien levde lenge på, litt synd den lyse nordiske sumarnatta la ein dempar på litt av pyroshowet. Same dag vart Salif Keita fødd i byen Djoliba i Mali. Salif Keita er kjend som Afrikas gullrøyst og har hatt ei stor internasjonal karriere. Mi platehylle byr på plata 69-80, ei samleplate frå 1994. I 1950 kom William Paul Borsey Jr til verda i Stamford i Connecticut. Willie DeVille gjorde seg fyrst merkt som leiar av bandet Mink DeVille, som til tider var husband på CBGB’s, men frå 1986 gjorde han solokarriere under namnet Willie DeVille. Willie DeVille døyde av kreft i bukspyttkjertelen i 2009. I 1951 vart eit anna metallikon, Rob Halford, fødd som Robert Arthur Halford. Halford er kjend som vokalist i bandet Judas Priest og vert av fansen referert til som The Metal God, eit tilnamn alle frammøtte på konserten i Bergenshallen 8. juni 2008 og på Edvard Griegs Plass i 2011 vil skrive under på at han har gjort seg fôrtend til. I 1954 kom Declan Patrik MacManus til verda. MacManus er betre kjend som Elvis Costello og har i tillegg til plater under eige namn gjeve ut plater saman med bandet The Attractions. Han har også samarbeida med verdskjende artistar som Burt Bacharack og kona Diana Kral. I mi platehylle er det, enn så lenge, plata Mighty Like A Rose frå 1991 som er Costello sitt bidrag, men eg lovar at det kjem meir. Costello har også produsert plater for andre artistar, som mellom anna The Pogues. I 1962 fekk verda nok ein nordirsk gitarist då Vivian Patric Campbell vart fødd. Campbell var ein del av originalbesetninga i Dio og kan hjå meg høyrast på Holy Diver frå 1983. I 1967 vart Jeff Twedy fødd. Twedy har ei fortid i Uncle Tupelo (1987-1994), men er i dag best kjend for å vere den kreative krafta i bandet Wilco og er hjå meg representert med plate Summerteeth frå 1999. I 1968 kom Stuart Lee Murdoch til verda i skotske Clarkston. Stuart Murdoch er låtskrivar, vokalist og gitarist i det skotske indiebandet Belle & Sebastian. Så langt byr mi hylle på plata The Boy With The Arab Strap, og meir er på veg. I 1971 var dette dagen The Who gav ut Who’s Next i England. Plata nådde #1 på dei britiske listene. I 1978 var dette dagen plata Who Are You med The Who vart gjeven ut på andre sida av Atlanterhavet. Plata nådde andreplass på dei amerikanske listene. I 1986 var det Rockabillyfest på Klub Foot i Hammersmith og på scenen stod mellom anna Torment, Rochee & The Sarnos, Wigswille Spliffs, The Coffin Nails, The Caravans, alle frå Storbritannia, og nederlandske Batmobile. Alle saman kan høyrast og nytast på plata Stomping At The Klub Foot Vol. 3. I 1987 kom The Cars si sjette og siste studioplate, den fekk namnet Door To Door og gjorde ikkje nemneverdig suksess. I 1988 gav Metallica ut plata …And Justice For All, og no var dei tidlegare garasjerockarane superstjerner. I 1996 kom andresingelen frå plata To The Faitful Departed med The Cranberries, Free To Decide. I 1997 gav Rammstein ut plata Sehnsucht og gav med det nytt liv til sjangeren industrimetall. Same dag slepte Motörhead CD-Boxen Protect The Innocent der ein på fire plater får det beste av det beste frå perioden 1976 til 1992. Og som om ikkje det var nok, platedebuterte Stereophonics med plata Word Gets Around. I 1998 oppsummerte Lynyrd Skynyrd bandet sin gullalder, 1971-1977, med plata The Essential Lynyrd Skynyrd. Og Lauryn Hill lanserte plata som skulle markere starten på hennar solokarriere, The Miseducation Of Lauryn Hill. I 2000 døyde Jack Nitzsche.

24.08.2011

Tjuefjerde august

Tjuefjerde august 1945 kom multiinstrumentalisten Ken Hensley til verda. Hensley er best kjend som keyboardspelar og låtskrivar i det engelske hardrockbandet Uriah Heep som han spelte saman med frå 1970 til 1980. I 1956 var det Love Me Tender som stod på programmet for Elvis Presley sin innspelingssesjon. I 1963 kom John Bush til verda i Los Angeles. Bush var innom Anthrax ei stund, spelte inn tre plater, og kan hjå meg høyrast på enkelte spor på samleplata Return Of The Killer A’s. I 1981 kunne denne datoen by på konsert med Toy Dolls i Bentley Park i Doncaster. I 1984 stod Dovercot Arts Centre på Toy Dolls sin turnéplan. I 1992 gav Thunder ut plata Laughing On Judgement Day. Same dag døyde Larrie Londin, utan at det var noko å le av. I 1999 slepte Jimmy’s Chicken Shack plata Bring Your Own Stereo.

Tjuetredje august

Tjuetredje august 1947 var fyrste dag på jorda for Keith John Moon. Keith Moon var trommeslagar i The Who og ein av dei beste rocketrommisane som har levd nokon sinne. Moon døyde i 1978. I 1957 var det siste innspelingsdag for Ella Fitzgerald og Louis Armstrong sitt samarbeidsprosjekt Ella And Louis Again. I 1962 kom Shaun Ryder til verda i Salford. Shaun Ryder er best kjend som medlem av Happy Mondays, men i mi platehylle kan han høyrast saman med bandet Black Grape. I 1967 kom Cedella Marley til verda i Kingston i øystaten Jamaica. Cedella er dotter av artistane Bob og Rita Marley og kan høyrast medan ho spelar saman med tre sysken i Ziggy Marley And The Melody Makers på plata One Bright Day frå 1989. I 1968, det var ein fredag, avslutta Jethro Tull innspelinga av det som skulle verte langspelplata This Was. I tillegg til sjefen sjølv, Ian Anderson, deltok Mick Abrahams på gitar, Clive Bunker på trommer og Glenn Cornick på bass. I 1970 spelte Lou Reed og Velvet Underground sin siste konsert. Hendinga var lagt til den smått legendariske klubben Max’s Kansas City i New York City. I 1972 kom Stephen Bradley til verda i California. Bradley kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard og trompet for No Doubt på plata Tragic Kingdom frå 1995. I 1978 vart Julian Fernando Casablancas til verda i New York City. Julian Casablancas er leiar av bandet The Strokes, men har også levert gitarbidrag til Queens Of The Stone Age. I 1980 varma Iron Maiden opp for UFO på Reading Festival og spelte for fleire enn tretti tusen, største publikum til då. Så mange var nok ikkje til stades når Toy Dolls spela i Huntington Club i Stanley same dag. I 1988 platedebuterte Jane’s Addiction med plata Nothing’s Shocking.

22.08.2011

Tjueandre august

Tjueandre august 1917 vart bluesartisten John Lee Hooker fødd i Mississippi. Hooker vert rekna som ein av dei fremste representantane for Delta Blues og insatsen frå debuten i 1948 og framover sikra han ei stjerne på Hollywood Walk Of Fame. Hooker sitt bidrag til mi platehylle heiter Best Of Friends og er eit samarbeid med ei anna gitarlegende, Eric Clapton. Hooker døyde i 2001. I 1961 vart trommeslagar Deborah Mary Peterson fødd i Los Angeles. Saman med systera Vicki Peterson starta Debbi Peterson jentebandet The Bangles. I 1963 kom Tori Amos til verda som Myra Ellen Amos. Tori Amos sitt bidrag til godlyd i heimen min heiter Under The Pink og kjem fram med jamne mellomrom. Eg må innrømme at det ikkje er meg som har gått til innkjøp av denne plata, men det endrar ikkje det faktum at det dama frå Newton, North Carolina lurar ut frå platerillene absolutt kitlar øyregongane på ein mjuk og behageleg måte. I 1967 vart den tidlegare vokalisten i Alice In Chains, Layne Thomas Stanley fødd i Kirkland i den amerikanske delstaten Washington. Layne Stanley var med å starte Alice In Chains så tidleg som i 1987, men sleit dei siste åra av livet sitt med store rusproblem. Hjå meg høyrer du Stanley sine vokalprestasjonar på platene Facelift og Dirt. Stanley døyde i 2002. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Dixons Club i Sunderland. I 1992 toppa Iron Maiden nok ein gong plakaten på Monsters Of Rock på Castle Donnington. Andre langhåra rockarar på plakaten var Skid Row, Slayer, Thunder og W.A.S.P.

Tjuefyrste august

Tjuefyrste august 1904 vart storbande leiaren William James Basie fødd i Red Bank, New Jersey. Med kallenamnet Count Basie leia han sitt eige band med stødig hand i nesten femti år. Plata Atomic Swing er Basie sitt bidrag til mi samling. Basie døyde i 1984. I 1941 kom tangentmannen Tom Coster til verda i Detroit. Store musikarar som Santana og Joe Satriani har nytt godt av Coster sine tenester og kjem du innom meg for å høyre tangentspelet hans kan du gjere det på 50 Cent si plate Get Rich Or Die Tryin’ frå 2003. I 1943 var dette dagen for Clydie May Crittendon sin fødsel. Clydie King starta karrieren si som syngjedame tidleg i tenåra og har arbeida med artistar som Ray Charles og Steely Dan. Hjå meg kan King høyrast som bakgrunnsrøyst på Bob Dylan si plate Shot Of Love frå 1981. Ho har også vore med på andre Dylan-plater. I 1952 vart Clash-gitarist og vokalist, komponist, produsent og multitalent Joe Strummer fødd som John Mellor i Ankara i Tyrkia. Strummer kan hjå meg høyrst på Clash-plata Sandinista, han er også kreditert som produsent på Pogues-plata Hell’s Ditch og han song duett med Johnny Cash på ein flott versjon av Bob Marley sin Redemtion Song. I 1962 fekk Johnny Cash vokalhjelp av gruppa The Carter Family då han spela inn Where You There (When They Crusified My Lord?). Underverket enda opp på plata Ring Of Fire og er også tilgjengeleg på samleplatene God frå 2002 og Johnny Cash’s America frå 2008. I 1980 gav datoen oss ein Toy Dolls-konsert, den var i Belvedere Club i Bishop Auckland. I 1982 var Toy Dolls i Working Mans Club i Winlaton for å underhalde. I 1984 fekk 100 Club i London vitjing av Toy Dolls. I 1986 døyde Thad Jones. I 1990 gav Alice In Chains ut debutplata si, Facelift og Anthrax gav ut si femte studioplate, Persistence Of Time. I 2000 gav Bigbang ut plata Clouds Rolling By, som inneheld signaturlåten Girl In Oslo.

20.08.2011

Tjuande august

Tjuande august 1926 vart Frank Rosolino fødd i Detroit. Hjå meg kan Rosolino sitt trombonespel høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. Rosolino døyde i 1978. I 1941 kom Hawkwindsjefen Dave Brock til verda i Isleworth, der han fekk tildelt fullt namn David Anthony Brock. Bandleiar Brock er den einaste av medlemmene av Hawkwind som har vore med gjennom heile bandet si karriere. I 1946 var dette fødselsdagen til Ian Clarke som spelte trommer for Uriah Heep i perioden 1971-1972 og kan høyrast på plata Look At Yourself. I 1948 vart den engelske songaren Robert Anthony Plant fødd i Birmingham. Robert Plant slo gjennom med Led Zeppelin i overgangen frå seksti- til syttitalet. I 1949 kom den irske bassisten Philip Parris Lynnot til verda i West Bromwich. Lynnot var leiar av det irske bandet Thin Lizzy der han også markerte seg som låtskrivar. Før han starta sitt eige band spelte Lynnot bass i mellom anna eit anna legendarisk irsk hard rock band, Skid Row. Lynnot døyde i 1986 og kan hjå meg høyrast på samleplata Dedication som oppsummerar den kortliva karrieren til Thin Lizzy på ein glitrande måte. I 1957 vart Eric Ambel fødd. Ambel er gitarist og kan høyrast på plata I Love Rock’n Roll, som Joan Jett & The Blackheart gav ut i 1981. I 1970 kom William Frederick Durst til verda i Gastonia i North Carolina. Fred Durst er mannen som syng fyrstestemma i bandet Limp Bizkit og kan hjå meg høyrast på plata New Old Songs. I 1978 fekk svenske Helsingborg vitjing av Gasolin. Pas På Svinget I Solrød og Strengelengen er foreviga på band og kan høyrast på samleplata Derudaf - Forever. I 1981 er det Doncaster som tek i mot Toy Dolls, det skal ha hendt i Halfway Hotell, same dag gjesta Ramones Santa Cruz Civic i California, USA. I 1983 var Wings Of A Dove Madness sitt bidrag til hitlistene. Resultatet vart ein andreplass. I 1988 toppa Iron Maiden plakaten på Monsters Of Rock og fekk spele framfor meir enn hundre tusen headbangers & hellraisers på Castle Donnington. I 1995 døyde Red Rhodes.