25.04.2011

Tjuefemte april

Tjuefemte april 1917 vart den amerikanske jazzsongarinna Ella Jane Fitzgerald fødd i marinebyen Newport News i Virginia. Fitzgerald var ein høgt skatta jazzartist som kunne la røysta klatre over tre oktavar og hausta ei rekkje Grammy-statuettar. I mi platehylle finn du også ei av platene ho gjorde i samarbeid med den like vidgjetne jazztrompetisten Louis Armstrong. Fitzgerald døyde i 1996. I 1945 vart Björn Kristian Ulvaeus fødd. Ulvaeus er meste kjend for å vere ein av grunnleggarane av ABBA og for samarbeidet sitt med Benny Andersson som i tillegg har resultert i musikalar som mellom anna Chess. I 1950 kom trommeslagar Stephen Ferrone til verda i den engelske badebyen Brighton. Driftige Steve Ferrone har spelt med store artistar som Tom Petty, Eric Clapton og Chaka Kahn, men i mi platehylle er det på platene Cosmic Thing (The B-52’s) og Unchained, som Johnny Cash gav ut i 1996 han kan høyrast. I 1994 gav Blur ut si tredje studioplate, Parklife. I 1995 platedebuterte Diana King med Tougher Than Love.

Tjuefjerde april

Tjuefjerde april 1947 kom bassisten Glenn Cornick til verda. Cornick spelte bass i Jethro Tull frå starten i 1967 og fram til 1970.Hjå meg han høyrast på plata This Was frå 1968. I 1950 vart Robert Andrew Hyman til verda. Rob Hyman var ein av grunnleggarane av det amerikanske bandet The Hooters og har to bidrag i mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1951 vart Blondie-bassisten Nigel Harrison fødd i Stockport i England. Harrison spelte med bandet frå 1977 til 1982 og kan høyrast på plata Parallel Lines frå 1978. Harrison var også tiltenkt rolla som bassist i eit attforeina Blondie, men vart utelaten i siste liten. Før dei gylne Blondie-åra spelte Harrison mellom anna med det engelske glamrockbandet Silverhead og mi samling byr på godbitane Silverhead’s First frå 1972 og 16 And Savaged frå 1973. I 1997 slepte Lisa Stainsfield si fjerde studioplate, ei plate som bar hennar namn.

Tjuetredje april

Tjuetredje april 1963 kom den amerikanske artisten Roy Kelton Orbison til verda i Texas. Roy Orbison var ein av pionerane i rock’n roll, men forsvann seinare ut av det energikrevjande rampelyset. Orbison dukka etter kvart opp som ein av medlemmene av supergruppa The Travelling Wilburys og fekk med det ein viss renesanse på tampen av karrieren. Orbison døyde i 1988. I 1965 vart John Paul McBain fødd i New Jersy. John McBain var gitarist for Hater på deira debutplate. I 1976 slepte Jethro Tull plata med den sjølvreflekterande tittelen Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die. I 1988 var dagen Iron Maiden-fansen endeleg kunne kjøpa plata Seventh Son Of A Seventh Son. Og det gjorde dei, plata debuterte med fyrsteplass på platelistene. I 1991 vart datoen prega av at den tidlegare New York Dolls-gitaristen Johnny Thunders vart funnen daud, In Cold Blod, på eit hotellrom i New Orleans. Rykta og spekulasjonane om at gode gamle Johnny vart teken av dage for at nokon skulle kunne stikke av med alt dopen hans har heldt seg i livet fram til i dag, sjølv om det, som vanleg i slike saker, offisielt ikkje finst prov for at noko kriminelt har hendt den slitne rockaren.

Tjueandre april

Tjueandre april 1935 kom Paul Laurence Dunbar Chambers Jr. til verda i Pittsburgh. Chambers, som voks opp i bilbyen Detroit, kan hjå meg høyrast medan han spelar bass for Miles Davis på platene Kind Of Blue frå 1959 og Someday My Prince Will Come frå 1961. Chambers døyde i 1969. I 1937 vart Bernard Alfred Nitzsche fødd i Chicago. Jack Nitzsche er best kjend som komponist og produsent, men hjå meg kan pianospelet hans høyrast på Neil Young si plate Tonight’s The Night frå 1975. Nitzsche døyde i 2000. I 1949 hadde Miles Davis med seg eit stjernelag av musikarar beståande av J.J. Johnson på trombone, Sandy Siegelstein på fransk horn, John Barber på tuba, Lee Konitz på altsaksofon, Gerry Mulligan på barytonsaksofon, John Lewis på piano, Nelson Boyd på bass og Kenny Clarke på trommer. Dei spelte inn Venus De Milo, Boplicity, Israel og Rouge som alle kan høyrast på plata Birth Of The Cool. I 1964 kom David Alexander Vincent til verda i ”Home Of The Hornetts”, Charlotte i North Carolina. Vincent nyttar mellom anna aliaset Evil D når han utførar gjerninga si som vokalist og bassist i Morbid Angel. I 1967 gav The Who ut singelen Pictures Of Lily. Songen, som visstnok handlar om masturbasjon, nådde fjerdeplass på hitlistene.

Tjuefyrste april

Tjuefyrste april 1943 kom Dennis Eugene McCrohan til verda i Oshawa i Canada. Kjent under artistnamna Denis Edmonton og Mars Bonfire er han best kjend for å ha skrive det som vert rekna som den fyrste ekte hardrocklåten, Born To Be Wild, som vart kjend med gruppa Steppenwolf. I 1947 kom James Newell Ostenberg til verda i ein småby i Michigan. Under artistnamnet Iggy Pop har Ostenberg markert seg, fyrst som medlem av The Stooges, sidan med ei omfattande solokarriere. Eg eig plata Soldier frå 1980, ikkje Iggy Pop sitt sterkaste augneblink, men bra nok til at det fristar å utvide samlinga. I 1986 slepte Siouxsie & The Banshees plata Tinderbox. I 1992 gav Beastie Boys ut plata Chech Your Head. I 2001 kom Stereophonics si tredje studioplate, Just Enough Education To Perform, på marknaden. I 2008 gav The Batallion ut det som var deira fyrste full lengde studioplate, Stronghold Of Men. I 2010 døyde trubaduren og forfattaren Gustav Lorentzen av hjartestans under eit orienteringsløp. Lorentzen gav sidan 1970 ut elleve plater med duoen Knudtsen og Ludvigsen i samarbeid med Øystein Dolmen. Han har også skrive ei rekkje bøker, både for barn og vaksne. I mi platehylle står enno berre plata Juba Juba, fleire er på blokka.

Tjuande april

Tjuande april 1941 vart bassisten Tim Drummond fødd. Drummond har traktert bassen for fleire store artistar og hjå meg kan han høyrast på mellom anna Neil Young- platene Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (The Old Homestead) frå 1980, og på Bob Dylan-plata Shot Of Love frå 1981. I 1970 kunne The Wonder Of You kjøpast som singel. Artisten var Elvis Presley og songen fekk seks veker på fyrsteplassen på dei engelske listene. I USA vart niandeplassen høgaste plassering for underet. I 1972 fekk den fruktbare reggeaartisten Bob Marley ein son, Stephen Robert Nesta Marley. Med tilnamnet Raggamuffin har unge Marley gjort karriere på eiga hand og som ein del av broren Ziggy sitt band The Melody Makers. I 1993 gav Primus ut plata Porc Soda, som var bandet si tredje plate og inneheld den utstyrteleg morosame songen My Name Is Mud.

Nittande april

Nittande april 1944 var ordvulkanen Woodie Guthrie i studio i New York og spelte inn Talking Sailor, Grand Coulee Dam, New York Town, Who’s Gonna Shoe Your Pretty Little Feet, Mulle Skinner Blues og Biggest Thing Man Has Ever Done. Alle desse songane kan høyrast på samleplata Pictures Of Plenty. Original Recordings 1940-1947 som er Guthrie sitt einaste bidrag til mi platesamling. Guthrie sjølv spelte gitar og song på desse innspelingane, men for spesielt interesserte kan det opplysast at han vart assistert av Cisco Houston på både song og gitar på New York Town. I 1957 kom songaren Tony Martin til verda som Anthony Martin Harford. Martin gjorde fleire innspelingar saman med Tony Iomi i det som var restane av Black Sabbath og kan hjå meg høyrast på plata Iternal Idol. I 1979 var Ramones i studio og spelte inn demoversjonar av Danny Says, I’m Affected, Please Don’t Leave, All The Way, Do You Remember Rock’n Roll Radio?. Produsent i Sire Studio i New York var Ed Stasium og dei tidlegare uutgjevne innspelingane kan høyrast som tilleggsmateriale på plata End Of The Century. I 1993 døyde Steve Douglas. I 2002 vart Layne Stanley funnen daud i eigen heim. I 2005 døyde Stan Levey.

Attande april

Attande april 1975 slepte ZZ Top plata Fandango. Plata, som var bandet si fjerde, er ei blanding av konsertopptak frå ulike konsertar og studioinnspelingar, fordelt på dei to sidene. I 1989 kom Pixies si andre studioplate, den fekk namnet Doolittle og selde nok til at bandet vart tildelt gullplate for produktet i 1995. I 1990 var det på tide å oppsummere The Bangles si karriere med ei Greatest Hits-plate.

Sytttande april

Syttande april 1927 vart Addison Collins Jr. fødd i Pine Bluff i Arkansas. Junior Colllins, som har spelt med Glenn Miller og Charlie Parker, kan hjå meg høyrast på plata Birth Of The Cool frå Miles Davis. Collins døyde i 2010. I 1929 kom Hans Last til verda i tyske Bremen. James Last har hatt jazzmusikk som leveveg sidan 1946 og vore orkestarleiar sidan 1948. Mykje av musikken hans er udødeleg og det hender ein kan spørja seg om mannen er det også. I 1982 er dette datoen Iron Fist kom på marknaden. Alltid like hardtrockande Motörhead var eksekutør for dette meisterverket.

16.04.2011

Sekstande april


Sekstande april 1946 vart den indianske musikaren Raymon Carlos Nakai fødd i universitetsbyen Flagstaff i fjella i Arizona. Fløytespelande Nakai sitt bidrag til mi platehylle heiter Canyon Triology og kom på marknaden i 1989. Plata byr på tradisjonell indiansk musikk frå Grand Canyon-området og var den fyrste i sin sjanger som selde til gull i USA. I 1947 kom trommeslagaren Lee Kerslake til verda i badebyen Bournemouth på den engelske sørkysten. Kerslake har lang fartstid i urrockarane Uriah Heep, som eg var så heldig at eg fekk sjå i levande live på Maxime i Bergen vinteren 1989, og som sjølvsagt er rikeleg representert i mi platesamling. Kerslake kan i mi platesamling også finnast bak trommesettet på fleire innspelingar med ein annan av mine store heltar, Ozzy Osbourne. I 1952 vart Charles Jeremy Jankel fødd i Stanmore. Chaz Jankel er musikar som trakterte både gitar og keyboards for Ian Dury. I 1967 slepte Aretha Franklin singelen Respect, som toppa både pop- og R&B-listene. I 1969 spelte Grand Funk Railroad inn songane High On A Horse og Heartbreaker for bruk på plata On Time, som vart tilgjengeleg seinare same året. I 1999 gav Tom Waits ut plata Mule Variations, som er eit fantastisk album, trygt inne på Rolling Stone Magazine si liste over fem hundre beste album. Jazzgitaristen Gregory ”Smokey” Hormel er ein av artistane, som gjennom sitt strengespel, gjer denne plata til ei oppleving. Hormel kan også høyrast som ein del av Beck sitt band.

Femtande april


Femtande april 1944 vart den walisiske rockaren Dave Edmunds fødd i den walisiske hovudstaden Cardiff. Edmunds har hatt fleire hits sidan slutten av 1960-talet, men er meir kjend som produsent enn som musikar og han er grunnleggaren av Rockfield Studios som han har plassert langt ute på den walisiske landsbygda. Der har mellom anna Motörhead gjort vellukka innspelingar. I mi platehylle finn ein plata Rockin’, ei samleplate frå 1997. Edmunds kan også høyrast med vokalhjelp og gitarspel på songen Cry Baby på Stray Cats si plate Choo Choo Hot Fish frå 1992, ei plate Edmunds også produserte. I 1948 kom Phillip John Mogg til verda i Wood Green. Phil Mogg var ein av grunnleggjarane av UFO og er einaste musikar som er med på alle platene bandet har slept. I 1974 vart Lynyrd Skynyrd si plate Second Helping tilgjengeleg for platekjøparane på denne dagen. I 1989 slepte W.A.S.P. plata The Headless Children. Frankie Banali har erstatta Steve Riley på trommene og Uriah Heep-legenda Ken Hensley er på plass bak keyboardet. Ein W.A.S.P.-versjon av The Who-låta The Real Me, tittelkuttet, Mean Man og Forever Free kan også høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1994. I 2001 nytta Joey Ramone denne dagen til å trekkje det siste andedraget sitt. Gjennom å vere vokalist og ein av grunnleggarane av Ramones er hans bidrag til all slags god musikk uvurderlig og det er ikkje tvil om at han vert sakna av alle som likar ekte rock’n roll.

Fjortande april


Fjortande april 1945 kom den lunefulle gitaristen Richie Blackmore til verda i Weston-super-mare. Blackmore var ein av originalmedlemmane i den engelske tungrockgruppa Deep Purple, men forlét seinare gruppa for å starte sitt eige prosjekt, Richie Blackmore’s Rainbow, der han samarbeidde med den amerikanske songaren Ronnie James Dio. I mi platehylle finn du Blackmore sitt gitarspel på Deep Purple-platene Machine Head frå 1972 og Power House frå 1977, i tillegg til Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978. I 1948 var dette fødselsdagen til Keith Baker som spelte trommer på songen Bird Of Pray på Uriah Heep si debutplate Very ’eavy…Very ’umble frå 1970 før han erstatta Nigel Olsson permanent på plata Salisbury som kom ut året etter. I 1962 vart Marc Quiñones fødd i Bronx. Quiñones er perkusjonist og har mellom anna ei fortid i det islandske jazzbandet Spyro Gyra. No har Quiñones spela med The Allman Brothers Band sidan 1991. I 1968 vart Allan Carl Newman fødd. Carl Newman er ein av grunnleggarane av den kanadiske gruppa The New Pornographers og kan i mi platesamling nytast på plata Elctric Version frå 2003. I 1969 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Elvis Presley sin mest sosialt engasjerte song nokon sinne. Songen om guten frå Chicagoslummen, In The Ghetto, fekk ei veke på fyrsteplassen i England, men måtte nøye seg med tredjeplass i heimlandet. I 1980 bydde denne dagen på sleppdato for Iron Maiden si sjølvtittelerte debutplate. Plata vart spela inn i Kingsway Studios i London i desember året før og produsent for verket var Will Malone. Dette vart nok overskygga av at dei britiske metallkollegaene i Judas Priest gav ut det legendariske metallalbumet British Steel, som var med å definere metallmusikk dei neste tretti åra. I 1988 gav Soul Asylum ut EP-en Clam Dip & Other Delights som på fleire måtar parodierte den gamle orkesterleiaren Herb Alpert, mannen bak Tijuana Brazz. I 2009 slepte den alternative mann-og-kone-duoen The Handsome Family si åttande plate. Innspelinga av Honney Moon markerar tjue års ekteskap og er spela inn i heimestudioet i garasjen i Alberquerque i New Mexico.