18.09.2010
Attande september
Attande september 1951 vart bassisten Dee Dee Ramone fødd og fekk døypenamnet Douglas Glenn Colvin. Det er nok ikkje naudsynt å nemne at tydinga av Dee Dee sitt basspel er uvurderlig for punkbandet Ramones, men eg gjer det likevel. I 1966 kunne platekjøparane gå i butikken og sikre seg singelen Magic Bus frå eit ungt og framoverstormande The Who. Songen, som heilt klart er ein av mine personlege favorittar, vart spela inn i IBC Studios med Kit Lambert som produsent og nådde berre ein skuffande tjuesjetteplass på listene. I 1970 døyde supergitaristen Jimi Hendrix i London og verda vart aldri meir den same for dei av oss som elskar god og støyande gitarrock, eller kan hende er det sagnet om gitaristen som har vokst seg så stort at det overskuggar mannen sjølv. Det får me aldri vete, men tanken på ein overvektig Hendrix på scenen i eit casino i Las Vegas gjer at eg tenkjer dette var ei god dag alt i alt. I 1978 gav Kiss ut dei fire soloplatene, ei for kvar av bandmedlemmene, som skulle vere med å tøyle dei store egoa som bandet inneheldt. Alle kan sjølvsagt tenkjer seg at dette var ei umogleg oppgåve, men bandet held framleis saman, med dei aller største egoa på plass. I 1982 spelte Toy Dolls i Whicham Club i Newcastle-upon-Tyne. I 1985 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Adam and Eve i Leeds. I 1986 var Toy Dolls på plass for å spele på Tiffanys i Rochdale. I 1987 gav Kiss ut plata Crazy Nights, bandet si fjortande studioplate, som etter kvart selde til platinium i USA etter meir enn ein million selde eksemplar.
15.09.2010
Femtande september
Femtande september 1969 gjekk Jimi Hendrix i gang med innspelinga av Steppingstone. Med seg på innspelinga hadde han Mitch Mitchell på trommer og Billy Cox på bass. I 1984 fekk verda servert Motörhead si No Remorse-plate på denne datoen. Same dag kom Iron Maiden sitt bidrag til ein god platehaust, Powerslave. Eg legg ikkje skjul på at eg er stolt av å eige begge desse platene. I 1987 vert datoen hugsa for at det var den dagen Ramones gav ut Halfway To Sanity. Plata vart spela inn i Intergalactic Studios i New York i mars og april same år og dei skinnkledde gjorde produksjonen sjølv, i samarbeid med Daniel Ray. I 2004 døyde Johnny Ramone på denne datoen.
13.09.2010
Trettande september
Trettande september 1957 fekk den tradisjonelt norske bydelen i New York, Brooklyn, ein hardtslåande tilvekst i Appice-familien sin andre trommelslagar, Vinnie. Storebror Carmine var truleg stolt. Vinnie var i sine yngre dagar innom i Black Sabbath før han, saman med Ronnie James Dio ”hit the road” og starta bandet Dio. I mi platehylle er Dio-platene Holy Diver frå 1983 og Dream Evil frå 1987 rett stad å leite for den som vil høyre Vinnie Appice sitt trommespel. Dagen i 1970 vert av somme hugsa for smått fantastiske Mott The Hople sin konsert i Farifield Halls i bydelen Croydon sør i London. Songen Keep A Knocking endar opp på plata Wildlife, ei plate som eg reknar som ein pryd for platesamlinga mi. Ein versjon der det utruleg nok er klipt ut ein seksjon midt i ?!? kan høyrast på samleplata Walking With A Mountain, Best Of Mott The Hoople som kom på marknaden i 1990. I 1976 nytta dei langhåra sørstastatsrockarane i Lynyrd Skynyrd denne datoen til å sleppe liveplata One More For The Road som sjølvsagt var full av drivande godt gitarspel. I 1982 entra Toy Dolls på scenen i Barracks i Albemarle. I 1986 var Toy Dolls attende på Klub Foot i London. I 1993 kom Nirvana-plata In Utero på marknaden. I 1994 gav Nitro Records ut Guttermouth si andre plate, Friendly People. Dette var den fyrste plata frå Nitro Records.
12.09.2010
Tolvte september
Tolvte september 1968 fekk verda gitaristen Reid Lawrence LaLonde, han livnærar seg til dagleg ved å spele i det amerikanske punkrockbandet Primus. I 1981 spelte traktorpunkpionerane Violent Femmes live på The Beneath It All Cafe i motorsykkelbyen Milwaukee. Hendinga vart festa til lydband og songen Johnny kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1986 kunne dei frammøtte på Porterhouse i Retford nyte både synet og lyden av våre venner i Toy Dolls. I 1992 spelte Black Sabbath på Monsters Of Rock i Reggio Emilia i Italia. Ein drifttig publikummar nytta høve til å ta konserten opp på band, noko som resulterte i bootlegplata Reviviscence som kom ut same år til tross for elendig lydkvalitet. I 1995 spelte Ozzy Osbourne i Buenos Aires i Argentina. Arenaen heit Estadio Obras og songane Desire, I Don't Know, Flying High Again, Mr. Crowley, War Pigs og Crazy Train kan høyrast på live-plata Master Of Madness. I 2003 var dette ein triste dag og det skuldast at ein av mine store heltar, komponisten, tekstforfattaren, country- og rockestjerna, og outlawlegenda Johnny Cash, døyde etter lengre tids sjukdom.
11.09.2010
Ellevte september
Ellevte september 1943 kom trommeslagaren Michael Steven Hartman til verda i metropolen New York. Hartman nytta aliaset Mickey Hart då han heldt takten for hippielegendene i Grateful Dead. Hart, som i dag turnerar med sitt eige Mickey Hart Band, spelte med The Dead i to periodar, fyrst frå september 1967 til februar 1971 og sidan frå 1974 til 1995. Hart sitt trommespel kan i mi platesamling høyrast på plata Dylan & The Dead, ei liveplate frå 1989 der den trufaste fanskaren, The Deadheads, fekk høve til å følgje heltane turnere saman med Bob Dylan. I 1986 var Toy Dolls og heldt konsert på Rockhouse i Derby. I 1987 vart den jamaicanske reggaeartisten Peter Tosh drepen i sin eigen heim, førtitre år gamal. I 1995 nytta Blur høvet til å gje ut studioplate nummer fire, The Great Escape.
10.09.2010
Tiande september
Tiande september 1949 kom trommeslagaren Barrimore Barlow, kjend som Barry Barlow til verda i Birmingham. Barlow er best kjend for tida han spelte trommer for Jethro Tull og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Young To Die frå 1976 og Heavy Horses frå 1978. I 1950 kom Aerosmith-gitaristen Joe Perry til verda og fekk namnet Anthony Joseph Perry. I ei årrekkje har riffa hans vore med å setje standarden for amerikansk hardrock. Det gnistrande gitarspelet han kan hjå meg høyrast på Aerosmith-platene Rocks og Draw The Line. I 1970 er dette dagen Mott The Hople spelar inn nydelege Lay Down i Island Studios og låta endar opp på Wildlife-plata som også prydar platesamlinga mi. I 1983 spela Lou Reed i Roma og godlyden kan høyrast på plata Lou Reed in Concert. Same kveld hadde Toy Dolls teke turen vest til Carlisle Market Hall for å spele for tilhøyrarane der. I 1986 var Iron Maiden i Beograd og spelte fyrste konsert på turneen Somewhere On Tour. Same kveld hadde Toy Dolls teke turen til Leeds for å spele på Adam and Eve. I 1990 var dette dagen Iron Maiden-fansen fekk høve til å kjøpe singelen Holy Smoke. Tredjeplass vart høgaste plassering.
08.09.2010
Åttande September
Åttande september 1960 kom David ”Shuffle” Steele til verda på festivaløya Isle Of Wight. Steele har spela i fleire band og kan hjå meg høyrast som bassist hjå Fine Young Cannibals. I 1983 kunne Toy Dolls opplevast i levande live på Marples i stålbyen Sheffield. I 1985 var Toy Dolls i containerhamnebyen Rotterdam og spela for publikum i West Krubkade. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den siste av seks konsertar i Hammersmith Odeon.
07.09.2010
Sjuande september
Sjuande september 1978 døyde min favorittrommeslagar, Keith Moon, etter eit hardt og intenst liv i trommerytmene si teneste. I 1983 var den evigunge samuraien Lou Reed og underheldt i Verona. Rolling Stones Mobile Unit var tilstades for å forevige hendinga og delar av konserten enda opp på ei liveplate med tittelen Lou Reed In Concert. Same kveld var Toy Dolls å høyre på Brannigan i den ein gong så stolte fotballbyen Leeds. I 1984 kunne Toy Dolls opplevast frå scenen i Stars and Stripes i Carlisle. I 1985 hadde Toy Dolls forflytta seg til De-Koog i Noordharwoude. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den femte av seks konsertar i Hammersmith Odeon.
06.09.2010
Sjette september
Sjette september 1957 var Elvis Preley i studio saman med gruppa The Jordanaires for å spele inn Don’t. I 1972 vart Eugene Hütz fødd i Kiev i Ukraina. Hütz, som også livnærer seg som komponist og skodespelar, er best kjend som frontmannen i det amerikanske punkrockbandet Gogol Bordello og kan i mi platesamling høyrasat på EP-plata East Infection frå 2005. I 1978 filma AC/DC Sin City for ABC sitt program The Midnight Special. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Newcastle, nærare bestemt i Old Hall Pub. Etter konserten tok trommeslagar Dean James ein pause som skulle vare fram til 1985. I 1984 såg dei frammøtte på Bier Kellar i Blackpool Toy Dolls underhalde frå scenen. I 1985 fekk publikum på Simplon i Gronningen eit gjennsyn med Toy Dolls. I 1986 slepte Iron Maiden Wasted Years som fyrste singel frå plata Somewhere In Time. Singelen når attandeplass og bandet nyttar kvelden til å spele sin fjerde konsert på rad i Hammersmith Odeon som oppvarming for turneen Somewhere On Tour. I 1994 slepte det amerikanske punkrockbandet Bad Religion albumet Stranger Than Fiction.
05.09.2010
Femte september
Femte september 1975 gjorde Bob Seger & The Silver Bullet Band sin andre konsert på to dagar i Cobo Hall i Detroit. I 1977 døyde George Barnes. I 1978 kunne dei som var interessert kjøpe Skynyrd’s First And....Last frå Jacksonville, Florida sine store, langhåra heltar i Lynyrd Skynyrd. I 1980 var dei hardtarbeidande punkarane i Toy Dolls på plass i Gateshead. High Feel Club var namnet på staden der dei kunne opplevast. I 1984 kunne Toy Dolls opplevast i Bier Kellar i Leeds. I 1985 fekk dei frammøtte på Giganti i Appledoorn høyre godlyd frå ernergiske Toy Dolls. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den tredje av seks konsertar i legendariske Hammersmith Odeon. I 1987 var Toy Dolls i Winterhur for å spele på festival.
04.09.2010
Fjerde september
Fjerde september 1920 kom Harold B. Jackson til verda i Wilmington. Jackson spela dobro og steel guitar og kan høyrast på mellom anna Johnny Cash si plate Ride This Train. I 1956 vart W.A.S.P.-sjef Blackie Lawless fødd som Steven Edward Duren på Staten Island i New York og vegen låg open for eit liv i skrekkrocken si teneste. Som livslang fan passar det at underteikna skal sjå gamle heltar for andre gong i Bergen i oktober 2010, fyrste møte i 2005 gav absolutt meirsmak. I 1975 spelte Bob Seger & The Silver Bullet Band i Cobo Hall i Detroit. Konserten kan høyrast på plata Live Bullet. I 1982 stod Toy Dolls på scenen i Trade and Labour Club i Hebburn. I 1985 var Toy Dolls i Holland og spelte for fansen på De Boorderis i Zoetemeer. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den andre av seks konsertar i Hammersmith Odeon. I 1987 spelte R.E.M inn Last Date som fekk evig liv som B-side på It’s The End Of The World As We Know It (and I feel fine) og eller kan høyrast på samleplata Document.
01.09.2010
Fyrste september
Fyrste september 1948 vart trommeslagaren Russel Kunkel fødd. Kunkel er ein studiomusikar som hjå meg kan høyrast medan han held takten på Bob Dylan-plata Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973. I 1955 kom Bruce Foxton til verda. Foxton er best kjend for å ha spela bass i det engelske modbandet The Jam. I 1963 vart Grant-Lee Phillips fødd som Bryan Grant Phillips. Phillips slo gjennom med gruppa Grant Lee Buffalo og plata Fuzzy for ganske mange år sida. I dag turnerar han under eige namn, stunom aleine med gitare, stundom med eige band. Frå 1984 er dette dagen mange hugsar for at Motörhead slepte Killed By Death/Under The Knife singelen sin, andre var gjerne tilstades då Toy Dolls gjekk på scenen på Oddies i Oldham. I 1989 gav Mano Negra ut plata Puta’s Fever.
Abonner på:
Innlegg (Atom)