12.09.2010

Tolvte september

Tolvte september 1968 fekk verda gitaristen Reid Lawrence LaLonde, han livnærar seg til dagleg ved å spele i det amerikanske punkrockbandet Primus. I 1981 spelte traktorpunkpionerane Violent Femmes live på The Beneath It All Cafe i motorsykkelbyen Milwaukee. Hendinga vart festa til lydband og songen Johnny kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1986 kunne dei frammøtte på Porterhouse i Retford nyte både synet og lyden av våre venner i Toy Dolls. I 1992 spelte Black Sabbath på Monsters Of Rock i Reggio Emilia i Italia. Ein drifttig publikummar nytta høve til å ta konserten opp på band, noko som resulterte i bootlegplata Reviviscence som kom ut same år til tross for elendig lydkvalitet. I 1995 spelte Ozzy Osbourne i Buenos Aires i Argentina. Arenaen heit Estadio Obras og songane Desire, I Don't Know, Flying High Again, Mr. Crowley, War Pigs og Crazy Train kan høyrast på live-plata Master Of Madness. I 2003 var dette ein triste dag og det skuldast at ein av mine store heltar, komponisten, tekstforfattaren, country- og rockestjerna, og outlawlegenda Johnny Cash, døyde etter lengre tids sjukdom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar