13.09.2010

Trettande september

Trettande september 1957 fekk den tradisjonelt norske bydelen i New York, Brooklyn, ein hardtslåande tilvekst i Appice-familien sin andre trommelslagar, Vinnie. Storebror Carmine var truleg stolt. Vinnie var i sine yngre dagar innom i Black Sabbath før han, saman med Ronnie James Dio ”hit the road” og starta bandet Dio. I mi platehylle er Dio-platene Holy Diver frå 1983 og Dream Evil frå 1987 rett stad å leite for den som vil høyre Vinnie Appice sitt trommespel. Dagen i 1970 vert av somme hugsa for smått fantastiske Mott The Hople sin konsert i Farifield Halls i bydelen Croydon sør i London. Songen Keep A Knocking endar opp på plata Wildlife, ei plate som eg reknar som ein pryd for platesamlinga mi. Ein versjon der det utruleg nok er klipt ut ein seksjon midt i ?!? kan høyrast på samleplata Walking With A Mountain, Best Of Mott The Hoople som kom på marknaden i 1990. I 1976 nytta dei langhåra sørstastatsrockarane i Lynyrd Skynyrd denne datoen til å sleppe liveplata One More For The Road som sjølvsagt var full av drivande godt gitarspel. I 1982 entra Toy Dolls på scenen i Barracks i Albemarle. I 1986 var Toy Dolls attende på Klub Foot i London. I 1993 kom Nirvana-plata In Utero på marknaden. I 1994 gav Nitro Records ut Guttermouth si andre plate, Friendly People. Dette var den fyrste plata frå Nitro Records.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar