12.02.2012

Tolvte februar

Tolvte februar 1952 vart perkusjonisten Stephen Hodges fødd. Hodges er best kjend for å ha samarbeida med Tom Waits på ei rekkje innspelingar og kan i mi platesamling høyrast på plater som Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variations (1999). I 1956 kom den skotske gitaristen Brian Robertson til verda i Clarkston. Robbo har traktert gitaren i Thin Lizzy og Motörhead og kan også høyrast medan han assisterer Shane MacGowan på plata The Snake frå 1995. I 1959 kom trommeslagaren Omar Hakim til verda i New York City. Hakim har spelt med fleire rock, pop og jazzstjerner og kan i mi platesamling høyrast på plata Amandala som Miles Davis gav ut i 1989. I 1967 vart bassisten John Thorne fødd. Thorne kan høyrast medan han spelar på Amy Winehouse si plate Back To Back frå 2006.

11.02.2012

Ellevte februar

Ellevte februar 1943 kom Alan Rubin til verda i New York City. Mr. Fabolous var ein meister på fleire blåseinstrument og kan hjå meg høyrast som ein del av The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978. Alan Rubin døyde i 2011. I 1956 vart trommeslagaren David Uosikkinen fødd i Cheltenham i Pensylvania. Uosikkenen er ein av originalmedlemmene i det amerikanske bandet The Hooters og held takten på to bidrag til mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1962 kom Sheryl Suzanne Crow til verda. Sheryl Crow, som har vore meir i europeisk media på grunn av spekulasjonar rundt ekskjærasten sin påståtte, men enno ikkje prova, kombinasjon av sykkelkarriere og dopbruk, har vunne så mykje som ni Grammy-prisar. I tillegg til soloprosjekta sine har ho spela med artistar som Mick Jagger, Eric Clapton og Kid Rock. I mi platehylle kan Crow, i tillegg til debutplata Tuesday Night Music Club frå 1993, høyrast medan ho syng og spelar accordion på Johnny Cash si plate American III: Solitary Man frå 2000. I 1968 produserte Kit Lambert The Who låta Little Billy i IBC Studios i London. I 1984 var det songen om den engelske skodespelaren Michael Caine som sikra Madness ellevteplass på hitlistene. I 1985 slepte The Smiths si andre studioplate, Meat Is Murder, som mange hevdar er bandet sitt sterkaste kort. I 1992 kom Cowboy Junkies si fjerde studioplate, Black Eyed Man. I 1997 platedebuterte Erykah Badu med den kanonsterke plata Baduizm.

10.02.2012

Tiande februar

Tiande februar 1940 kom gitaristen Kenny Rankin til verda i Los Angeles. Rankin kan i mi platesamling høyrast på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965. Rankin døyde i 2009. I 1949 var dette fødselsdagen til Nigel Olsson som spelte trommer på fleire av songane på Uriah Heep-plata Very ’eavy… Very ’Umble frå 1970. I 1967 gav Aretha Franklin ut singelen I Never Loved A Man (The Way I Love You), som klatra til topps på R&B-listene. B-sida var Do Right Woman – Do Right Man. I 1970 var dette dagen Mott The Hoople spela inn Wrong Side Of The River i Olympic Studios. Songen enda opp på plata Wildlife som kom ut året etter. I 1978 gav Judas Priest ut den fjerde studioplata si, Stained Class. I 1979 spelte Judas Priest i levande live i Tokyo og delar av konserten kan høyrast på plata Unleashed In The East som kom på marknaden seinare same året. I 1992 platedebuterte dei walisiske marxistane i Manic Steet Preachers med plata Generations Terrorist. I 1997 kom Blur si femte studioplate, som hadde same namn som bandet og var opphavet til den artige Beetlebum. I 2004 gav Melissa Etheridge ut plata Lucky, ei plate som fekk særs lite mediadekning då opphavsdama måtte avlyse all form for pressearbeid til fordel for behandling for brystkreft.

09.02.2012

Niande februar

Niande februar 1958 var det jubel i familien Evans i Clarendon Hills i Illinois då Bill Evans kom til verda. Evans har seinare gjort seg merkt som ein av verdas beste jazzsaksofonistar og fekk høve til å spele saman med Miles Davis. Hjå meg kan Evans høyrast på Miles Davis si plate Decoy frå 1984. I 1963 kom David Rotheray til verda i hamnebyen Hull. Kommunistsonen Rotheray var gitarist i bandet The Beautiful South og hjå meg kan han høyrast på platene Welcome To The Beautiful South og Painting It Red, frå 2000. I 1968 slepte Aretha Franklin singelen (Sweet Sweet Baby) Since You’ve Been Gone, med B-sida Ain’t No Way. I 1980 spelte AC/DC i den spanske hovudstaden, Madrid. Hendinga vart filma og Girls Got Rhythm og Highway To Hell kan sjåast på DVD’en Family Jewels. Same dag var det North Kenton Club i Newcastle som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1981 slepte The Stranglers plata The Gospel According To The Meninblack. I 1991 gav Deacon Blue ut studioplate nummer tre, som fekk tittelen Fellow Hoodlums. I 1994 slepte det finske powermetal-bandet Stratovarius plata Dreamspace. I 1997 døyde Brian Connoly av komplikasjonar etter langvarig alkoholmissbruk. I 2004 platedebuterte skotske Franz Ferdinand med ei plate som fekk same namn som bandet.

08.02.2012

Åttande februar

Åttande februar kom Stuart Hamm til verda. Stu Hamm er ein merritert studiobassist og kan hjå meg høyrast på Joe Satriani si plate Flying In A Blue Dream frå 1989. I 1978 vart Tor Risdal Stavenes fødd. Seidmann er bassist i bandet 1349 og kan hjå meg høyrast på plata Demonir frå 2010. I 1980 slepte Sex Pistols samleplata Flogging A Dead Horse og seinare på kvelden hamra Toy Dolls laus på instrumenta sine i Excelsior Club i Newcastle. I 1993 slepte Mick Jagger si tredje soloplate, Wandering Spirit.

07.02.2012

Sjuande februar

Sjuande februar 1948 kom komponisten og produsenten David Campbell til verda. Campbell har produsert plater for Kiss, Metallica og Linkin Park, med fleire, og i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar fiolin på den langt meir meritterte sonen, Bech, si plate Midnite Vultures frå 1999. I 1949 kom Alan Charles Lancaster til verda i London. Lancaster stod i mange år for grom basslyd for verdas beste boogierockband, Status Quo. Eit band han var med å starte så tidleg som i 1962. Lancaster gav seg i Status Quo etter Live Aid i 1985 og heldt fram med fleire prosjekt, han kan i mi platesamling mellom anna høyrast når han spelar med bandet The Bombers, som gav ut plata Aim High i 1990. I 1961 gav Elvis Presley ut singelen Surrender som låg to veker på listetoppen i USA, fire i England. Songen er ei omsetjing av den napolitanske balladen Torna A Sorriento, men ”kongen” sin versjon er nok den som er best kjend for dei fleste utan for Italia. I 1969 var The Who i Morgan Studios i London og spela inn Pinball Wizard. Bak spakane sat produsent Kit Lambert. I 1975 kom gitaristen Wesley Louden Borland til verda i Richmond, Virginia. Wes Borland har laga rå gitarlyd i bandet Limp Bizkit og kan hjå meg høyrast på remixplata New Old Songs. På denne datoen i 1980 kunne ein la seg underhalde av Toy Dolls der dei stod på scenen på Finos i Sunderland, men kva som kom fyrst, klubben Finos eller songen der dei hevdar at She Goes To Finos, veit eg faktisk ikkje. I 2006 døyde Jack Montrose. I 2011 kom den vanskelege andreplata frå John Olav Nilsen & Gjengen. Produktet hadde titelen Det Nærmeste Du Kommer og bør vere eit sjølvsagt val for alle norske platekjøparar.

06.02.2012

Sjette februar

Sjette februar 1928 kom bassisten Nelson Boyd til verda i Camden i New Jersey. Boyd var innom både Carlie Parker og Dizzie Gillespie sine orkester, men i mi platesamling er det på Miles Davis si plate Birth Of The Cool basspelet hans kan høyrast. Boyd døyde i 1985. I 1931 vart jazzmusikaren John Pisano fødd på Staten Island i New York. Gjennom eit langt musikarliv har Pisano samarbeida med mange store artistar og hjå meg kan basspelet hans høyrast på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1945 kom den jamaikanske reggaeartisten Robert Nesta Marley til verda i Nine Mile i Jamaica. Bob Marley er den internasjonalt best kjende reggaeartisten verda har sett og, i tillegg til det faste bandet, The Wailers, spelte han saman med dei to landsmenne Bunny Wailer og Peter Tosh. Bob Marley døyde i 1981. I 1953 vart AC/DC-gitarist og grunnleggar Malcolm Mitchell Young fødd i den skotske storbyen Glasgow. Saman med broren Angus har Malcolm Young hatt kontroll med AC/DC sidan den spede debuten i Melbourne i 1973 og saman har dei stått for klassikarar som Highway To Hell (1979) og Back In Black (1980). I 1954 kom Scott Kempner til verda i Bronx i New York City. Kempner var rytmegitarist i bandet The Dicktators og kan høyrast på deira debutplate Go Girl Cryzy frå 1975. I 1956 kom trommisen Jerry Marotta til verda i Cleveland. Marotta held takten for Robbie Robertson på plata Storywille frå 1991. I 1964 vart William Bruce Rose fødd i Indiana. W. Axl Rose er kjend som humørsjuk og lunefull vokalist i bandet Guns N’Roses. I 1971 vart datoen prega av at Neil Young var i Quadrofonic Studios i countryhovudstaden Nashville og foreviga songen om mannen han kjøpte den flotte ranchen han eig i California frå, Old Man. Songen om den gamle mannen kan høyrast på plata Harvest, i tillegg til Greatest Hits og ei mengd samleplater. Den versjonen han spelar på DVD-plata Heart Of Gold frå Rhyman Auditorium i Nashville er ikkje å forakte for dei som likar å sjå gamle Neil spele live. I 1996 spelte Dave Matthews og Tim Reynolds akustisk konsert på Luther College i Decorah i Iowa. Hendinga vart spela inn og gjeven ut som dobbel konsertplate i 1999. I 1998 døyde Carl Wilson. I 2011 sovna ein femtiåtte år gamal Gary More inn for godt. Dette hendte så altfor tidleg og var ein trist dag for alle som elskar god gitarbasert musikk.

05.02.2012

Femte februar

Femte februar 1944 kom musikaren Al Kooper til verda i Brookly og fekk døypenamnet Alan Peter Kuperschmidt. Kooper var med å starte det legendariske bandet Blood Sweat & Tears, men slutta i bandet før dei slo gjennom. Kooper sitt orgelspel kan derimot høyrast på Bob Dylan sine plater Highway 61 Revisited, frå 1965, og Blonde On Blonde frå 1966. I 1964 vart Michael Andrew McKagan fødd i grungebyen Seattle. Duff McKagan var lenge gitarist i bandet Guns N’Roses og kan høyrast på så mange som fem studioplater i mi platesamling. I 1981 var AC/DC i Nihon Seinenkan i Tokyo. Dei frammøtte fekk, mellom anna, høyre Shot Down In Flames, What Do You Do For Money Honey, You Shook Me All Night Long, T.N.T. og Let There Be Rock. Vi som ikkje hadde høve til å kikke innom denne kvelden må nøye oss med opptaket som TV Tokyo sendte, og det finn ein på DVD’en Plug Me In. I 2008 slepte canadiske k.d. Lang si femte soloplate, Watershed.

04.02.2012

Fjerde februar

Fjerde februar 1948 vart predikantsonen Vincent Damon Furnier fødd i Allen Park i Michigan. Alice Cooper tok ikkje artistnamnet sitt etter gruppa han var med å starte i 1966 før i 1972, men i dag er det Furnier som er kjend som Alice Cooper. Både bandet og artisten har hatt fleire storselgjande plater frå starten og utover. I 1963 kom Bryan Mantia til verda i Cupertino i California. Med kallenamnet Brain er Mantia kjend for å halde takten i Primus, han kan også høyrast medan han trommar på songen Big In Japan på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1967 nådde singelen Hey Joe frå Jimi Hendrix fjerdeplass på dei engelske platelistene. I 1969 slepte Aretha Franklin ein singel med sin eigen versjon av The Band-klassikaren The Weight. I 1977 gav Fleetwood Mac ut plata Rumours og med det var dei sikra legendestatus for fleire generasjonar framover. I 1980 var den dagen End Of The Century vart slept laus på folket. Dei skinnjakkekledde karane i Ramones hadde spela inn denne plata i Gold Star Studios i solrike California året før. Do You Remember Rock’n Roll Radio og Cinese Rock kan høyrast på plata Ramones Mania. Produsent var legendariske Phil Spector som er kjent for sin Wall Of Sound og slo gjennom som produsent med Da Doo Ron Ron. I 1991 gav Thin Lizzy ut samleplata Dedication: The Very Best Of Thin Lizzy. I 2001 døyde jazzmusikaren J.J. Johnson. I 2003 gav 50 Cent ut plata Get Rich Or Die Tryin’. I 2009 døyde Lux Interior.

03.02.2012

Tredje februar

Tredje februar 1946 vart Adolfo de la Parra fødd i Mexico City. Fito de la Parra har spela trommer for Canned Heat i meir enn førti år og er i dag det næraste ein kjem ein originalmedlem i bandet. I 1947 kom David Russell Gordon Davies til verda I London. Gitaristen David Davies er yngst i ein syskenflokk på åtte og vetlebror til meir kjende Ray Davies. Saman starta dei to brørne bandet The Kinks og la ut på ei musikalsk reise som for det meste skulle handle om storebror Ray sine til tider geniale idear. I 1956 vart Lee M. Ranaldo fødd I New York. Lee Ranaldo var med å starte Sonic Youth i 1981 og har markert seg såpass at han vert rekna som ein av verdas femti beste gitaristar. I 1967 spelte Jimi Hendrix Experience in The Wind Cries Mary i Olympic Studios. I 2003 kom den vanskelege andreplata frå Kaizers Orchestra. Tittelen, Evig Pint, tyder på at det var ein tøff innspelingsprosess som låg bak det ferdige produktet. Også Tom McRae slepte andreplata denne dagen, tittelen Just Like Blood tydar på at også dette var resultatet av ein vanskeleg prosess. For Nick Cave og dei aldrande punkarane i The Bad Seeds var det vonleg mindre smerte, men like fullt høg kvalitet då dei slepte si tolvte studioplate, Nocturama. Ein stor platesleppdag.

Andre februar

Andre februar 1920 kom bassisten Joe Mondragon til verda. Mondragon var ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast medan han spelar på plata Best Of Chet Baker Plays. I 1942 vart Graham William Nash fødd i tivolibyen Blackpool i eit krigsherja England. Graham Nash slo gjennom med eit brak i den engelske gruppa The Hollies, som etter kvart har fått sitt bidrag til mi platesamling. Nash tok etter kvart turen over dammen og starta eit samarbeid med David Crosby og Stephen Stills i meir kjende Crosby, Stills & Nash (& Young). I 1962 kom Jan Magne Førde til verda i Langevåg i Sula Kommune på Sunnmøre. Førde er saman med storebrørne Helge og Jarle, drivkrafta i den norske jazzgruppa Brazz Brothers, og kan høyrast på to ulike produksjonar i mi platehylle, Afrobrazz og Aquarium. I 1970 slepte Grand Funk Railroad singelen Heartbreaker som klatra til syttiandreplass på den viktige Billboardlista. I 1976 gav Lynyrd Skynyrd ut singelen Gimme Back My Bullets. I 1980 heldt Toy Dolls konsert i Comerads Club i Blackmill. I 1981 kom Iron Maiden si andre studioplate, Killers. I 1982 nytta dei engelske hardrockarane i Iron Maiden dagen til å sleppe den legendariske singelen Run To The Hills. Singelen der dei oppmodar om fjelltur klatra i dei påfølgjande vekene lett og elegant til sjuandeplassen på dei engelske singellistene. I 1991 fekk verda servert plata 1916 frå våre venner i Motörhead. Plata inneheld ei hylling av dei amerikanske kultpønkarane i Ramones og på tittelsporet, som avsluttar plata, har den aldrande speedfreaken Lemmy bytta ut bass med cello. Det siste får ikkje akkurat gamlingen til å høyrast ut som ein ekte Motörheadbanger, men det er ikkje tvil om at dette duger.

01.02.2012

Fyrste februar

Fyrste februar 1939 kom Delano Floyd McCoury til verda i Bakersville i North Carolina. McCoury er gitarist i sitt eige bluegrasband, The Del McCoury Band, der også begge sønene hans, Ronnie og Rob, er med på høvesvis banjo og mandolin. The Del McCoury Band er kjend for å ha eit tett samarbeid med ein av mine store heltar, countryartisten Steve Earle, og dei kan mellom anna høyrast på plata El Corazon frå 1997. Same dag vart pianisten Joe Sample fødd i Houston med fullt namn Joseph Leslie Sample. Joe Sample kan høyrast i elegant tangentleik på plata Amandala, som trompetlegenda Miles Davis gav ut i 1989. I 1950 kom gitaristen Michael Wayne Campbell til verda i Jacksonville i Florida. Mike Campell er best kjend for arbeidet han har gjort saman med Tom Petty sitt backingband The Heartberakers, men i platesamling er det på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, i tillegg til Johnny Cash sine plater Unchained frå 1996 og American III: Solitary Man frå 2000, han kan høyrast. I 1969 kom Patric George Wilson til verda i industribyen Buffalo. Patric Wilson spelar trommer i Weezer. I 1980 var både Horden Comrades Club og Shoreline Club i South Shields vertskap for gladpønkarane i Toy Dolls. I 1992 gav The Monkeywrench ut plata Clean As Broke-Dick Dog på plateselskapet Sup Pop Records, same selskap som gjorde Nirvana til verdsstjerner. I 1994 gav Green Day ut si tredje studioplate, Dookie, som sørgja for at bandet fekk fem hittsinglar og klatra så høgt som til andreplass på den renommerte Billboard-lista i USA. I 1995 forsvann Manic Street Preachers sin gitarist, Richey James Edwards, og i ettertid reknar ein det som truleg at dette også er den dagen han omkom etter ein biltur.