15.06.2010

Femtande juni

Femtande juni 1937 er dagen countryartisten Waylon Jennings vart fødd i Littlefield i skytegale Texas. Jennings var kompis med Buddy Holly og har meir enn seksti plater på samvitet som soloartist, han var også svirrebror med meir meritterte Johnny Cash på slutten av sekstitalet. Som ein av grunnleggarane av såkalla Outlaw-country var han sjølvskriven medlem då fire stjerner slo seg saman som supergruppa Highwayman som så langt er Jennings sitt einast bidrag i mi platehylle. Jennings døyde av diabetes i 2003. I 1946 kom glamstjerna Noddy Holder til verda i Walsall i Staffordshire. Holder gjorde seg merkt for verda som bukseselekledd gitarist og vokalist i Slade og var kjend for å ha ei røyst som kunne få murpussen til å skalle av veggen i lokala han song i. Eg har fleire Sladeplater som eg tek fram og høyrer på i nostalgiske augneblinkar, spesielt liveplata Slade Alive frå 1972 rockar ei gamal sjel. I 1956 var dette fødselsdagen til den kanadiske songaren Bernie Shaw. Shaw har sidan 1986 vore vokalist for dei engelske hardrocklegendene Uriah Heep og kan i mi platesamling høyrast på plata Raging Silence frå 1989. I 1980 fekk Bob Seger songen The Fire Down Below evig liv etter innspeling under konserten i Cobo Hall i bilbyen Detroit. Trufaste Silver Bullet Band stod for musikken. I 1984 spelte Toy Dolls for dei frammøtte i Henderson Hall i Newcastle.

14.06.2010

Fjortande juni

Fjortande juni 1943 vart pianisten Spooner Oldham fødd. Oldham har mellom anna samarbeida med superstjerna Neil Young og kan i mi samling høyrast på plata Comes A Time frå 1978. I 1949 kom Slade-bassisten Jim Lea til verda. Dette skal ha skjedd på ein såpass eksotisk stad som Melbourne Arms Pub i Wolverhampton, om jordmora var ein ølhund seier ikkje soga noko om. Lea måtte slite med ville døypenamnet James Whild Lea før musikarkarriera tok av, Holder sa G’bye t’Jane og Slade byrja å samle gullplater verda over. I 1957 kom Steve Jordan til verda. Jordan sat bak trommesettet på plata Landing On Water som Neil Young gav ut i 1986. Same dag kom ein anna dugnade trommslagar, Chad Cromwell, til verda, også han har holdt takten for Neil Young, på plata This Note’s For You som kom ut i 1988. I 1959 var dette dagen for William Henry Marcus Miller Jr sin fødselsdag. Under namnet Marcus Miller kan denne eminente jazzmusikaren høyrast medan han spelar både bass og keyboard på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1968 nytta Jimi Hendrix Experience dagen i studio til å spele inn Have You Ever Been (To Electric Ladyland). Plata med same namn kom på marknaden i september same år og fekk ein fyrsteplass på listene. I 1980 spelte Toy Dolls sin femtiande konsert. Jubileet vart markert i Seaham Labour Club i Sunderland. Same kveld stod Bob Seger & The Silver Bullet Band på scenen i Cobo Hall i Detroit. I 1982 tok Bier Cellar i Newcastle i mot Toy Dolls. I 2000 døyde Paul Griffin på denne dagen.

12.06.2010

Tolvte juni

Tolvte juni 1949 kom bassisten John Kenneth Wetton til verda. Wetton er best kjend som frontmann i bandet Asia, men kan hjå meg høyrast som bassist i Uriah Heep på platene Return To Fantasy frå 1975 og High And Mighty frå 1976. I 1951 kom Bun E. Carlos til verda som Brad Carlson i Rockford i Illinoise. Carlos er trommeslagar i Cheap Trick. I 1986 var andre og siste innspelingsdag av AC/DC sin promovideo av You Shook Me All night Long. Regisør var David Mallet.

Ellevte juni

Ellevte juni 1949 vart Frank Lee Beard fødd. Beard er trommeslagar i ZZ Top og det vert ofte gjort eit poeng av at han, med det etternamnet, er den einaste i trioen som ikkje prydar seg med skjegg. I 1957 spurde Elvis Presley pent om å få vere einkvan sin Teddy Bear, kva svar han fekk er ikkje kjend for meg, men plata promoterte den godeste Elvis sin andre langspelfilm, Loving You, og selde ei mengd teddybjørnar. Singelen var nummer ein i sju veker i USA, men stogga på ein fin tredjeplass i England. I 1988 var Toy Dolls del av underhaldningsprogrammet på Lisieux Festival.

10.06.2010

Tiande juni

Tiande juni 1958 stod Elvis Presley i studio og sang inn (Now And Then There’s) A Fool Such As I. Akkompangementet var ved The Jordanaires. Same dag kunne platekjøparene høyre Elvis Presley syngje om ei Hard Headed Woman. Songen var frå filmen King Creole og nådde fyrsteplassen i USA, men nådde aldri høgare enn nummer to i England. I 1983 var Toy Dolls underhaldninga på Norseman i Amble. I 1986 startar AC/DC innspeling av ein promovideo for det som er min absolutte favorittlåt frå bandet, You Shook Me All Night Long. Sjekk resultatet på Family Jewels. I 1993 spelte alltid like blide Brazz Brothers saman med Tatunane og Hukwe Zawose på Rockefeller i Oslo.

09.06.2010

Niande juni

Niande juni 1951 kom Peter Gill til verda i den nitriste engelske stålbyen Sheffield. Gill har traktert trommene for store engelske band som mellom anna Saxon, men i mi platehylle er det på Motörhead si Orgasmatron-plate han kan høyrast medan han trufast slår takten. I 1982 kunne ein voksande skare South Shilds-fans ta i mot gutta i Toy Dolls i New Crown. I 1993 bydde brørne Førde og resten av dei muntre musikantane i Brazz Brothers opp til fest i Grieghallen under dei årlege festspilla i Bergen. Med seg på scenen hadde dei Tatunane frå Tanzania og Hukwe Zawose. Denne konserten kan høyrast på den drivande gode plata Afrobrazz som kom ut seinare same året.

08.06.2010

Åttande juni

Åttande juni 1947 vart Uriah Heep-gitaristen Mick Box fødd i London. Box var ein av grunnleggarane av bandet med nanm frå ein Dickensroman og har stått for glitrande gitarspel i alle verdsdelar i meir enn ein mannsalder. I 1982 stod Toy Dolls på scenen i 100 Club i London. I 1992 slepte W.A.S.P. plata The Crimson Idol. Bob Kulick hjelpte sjefen Blackie Lawless på gitar og heile tre trommeslagarar, Frankie Banali, Stet Howland og Dough Blair, hjelper til med å halde takten. Chainsaw Charlie, The Idol og Hold On To Your Heart kan også høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 2008 fyrte Judas Priest opp Harleyen på scenen i Bergenshallen og heldt ein supernostalgisk metallkonsert som fekk underteikna sine trommehinner til å vibrere av rein fryd i vekesvis etterpå. I 2009 kunne ”The Crüe”, Mötley Crüe opplevast i Bergenshallen. Tommy Lee og dei andre geriatrikarane heldt høgt tempo gjennom heile kvelden og leverte eit show det stod respekt av. Oppvarmar var bergenske Audrey Horne, som også leverar eit lydbilete som bør få alle gode rockarar til å glise.

06.06.2010

Sjette juni

Sjette juni 1964 vart bassisten Jay Dee Bently fødd i Wichita, Kansas. Bentley er ein av grunnleggarane av punkrockbandet Bad Religion og kan hjå meg høyrast på plata Stranger Than Fiction frå 1994. I 1972 nytta The Who dagen til å produsere ferdig innspelingane av Put The Money Down som endte opp på samleplata Odds & Sods. I 1992 stod dei finske myggjagarkongane Leningrad Cowboys på scenen under Provinssirock i Seinäjoki ute på det finske bondelandet, ein konsert som kan høyrast på den fantastisk morosame plata Live in Provinzz som kom ut same år.

05.06.2010

Femte juni

Femte juni 1957 vart tromptisten John Fumo fødd. Fumo er i mi platesaming representert på Neil Young si plate This Note’s For You. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnes for å produsere Long Live Rock som endte opp på samleplata Odds & Sods som vart utgjeven i oktober 1974. I 1980 er Toy Dolls attende i The Bell i Hordon for andre gong på under ei veke. I 1982 seier Exibition Park i Newcastle velkomen til Toy Dolls. I 1992 spelte Iron Maiden opninga av Fear Of The Dark World Tour i verdsmetropolen Reykjavik. Ein passande stad etter som den geografiske plasseringa kombinert med årstida gjer at bandet kunne stå uredde i kveldssola og spele for dei frammøtte islendingane. I 2002 minnast dagen for at den alltid like ernergiske Dee Dee Ramone gjekk bort etter å ha teke ein overdose. I 2003 gav stadionrockarane i Metallica ut plata St. Anger. Dette var bandet sitt åttande studioalbum og med på laget var bassisten Robert Trujillo.

04.06.2010

Fjerde juni

Fjerde juni 1937 kom Freddy Fender til verda som Baldemar Garza Huerta i den ikkje heilt sentrale småbyen San Benito i skytegale Texas. Fender har hatt ei sjølvstendig karriere som ei blanding av countrymusikar og smørsongar og har hatt fleire storselgjande enkeltsongar, men hjå meg kan han høyrast som medlem av Tex-Mex-supergruppa Texas Tornados. I 1983 vart Motörhead si liveplate Another Perfect Day lansert for massane, og der er det masse bra bråkelyd for dei, som eg, som likar slikt. Toy Dolls-nyhenda fortel at den muntre gjengen frå Nord-England kunne høyrast på Framwellgate Club i Durham same kveld.

03.06.2010

Tredje juni

Tredje juni 1939 vart tidlegare Mott The Hoople-vokalist, gitarist og pianist Ian Hunter fødd. Hunter har, i tillegg til eiga karriere, produsert plater for ei rekkje andre artistar, som mellom anna Billy Idol sitt band, Generation X. Fyrste Ian Hunter songen eg høyrde var liveversjonen av Irene Wild frå plata Welcome To The Club, eg var hekta og i 1989 var eg heldig og fekk sjå Hunter saman med kompisen, supergitaristen Mick Ronson på Maxime i Bergen. I 1950 kom Suzi Quatro til verda i bilbyen Detroit som Susan Kay Quatro. Eg innrømmer at eg hadde varme kjensler for den vetle lærkledde dama med kjempebassen då eg var yngre, men det var på syttitalet. I 1978 nytta Blondie denne datoen til å spele inn Once I Had A Love (aka The Disco Song). Denne tidlegare uutgjevne perla er å finne som bonuskutt på nyutgjevnader av plata Parallell Lines som kom september same år. I 1981 starta Iron Maiden sin fyrste USA-turne i Las Vegas. Førti konsertar som oppvarming for Judas Priest venta.

01.06.2010

Fyrste juni

Fyrste juni 1924 vart trommeslagaren Herbie Lovelle fødd. Taktfaste Lovelle kan hjå meg høyrast i bakgrunnen av Bob Dylan si hese røyst på plata The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. I 1947 kom Rolling Stones-gitaristen Ronnie Wood til verda som Ronald David Wood. Wood, som er ein like god kunstmålar som gitarist, har ei fortid i Jeff Beck Group og Faces og var ein godt etablert musikar før han slo seg saman med resten av styggingane i Stones. Wood rakk også å eit samarbeid med Rod Stewart tidleg på syttitalet, der han spelar alle slagst instrument foruten mandolin, og det er i den rolla han kan høyrast i mi platesamling. Wood har i tillegg gjeve ut fleire soloplater. I 1979 kom det offisielle soundtracket til filmen Rock’n Roll High School der Ramones hadde med ein song med same namn. Låten vart spela inn i november året før i Cherokee Recording Studios, Los Angeles, California USA og produsent var Ed Stasium. Året etter, 1980, stod Toy Dolls for underhaldninga på The Bell i Hordon. I 1981 var Toy Dolls på plass i Old Twenty Nine Club i Sunderland. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på Brannigans i Leeds. I 2008 spelte Kiss på Koengen i Bergen, ein konsert underteikna, saman med nærare tjue tusen andre, var tilstades på.