04.06.2018

Trettifyrste mai

I 1948 vart John Henry Bonham, fødd i engelske Redditch. John Bonham hadde rykte på seg for å vere verdas, til no, mest hardtslåande trommeslagar. Rykter vil ha det til at Bonham også kvalifiserer for tittelen som verdas galaste trommis. Bonham var uansett den viktigaste delen av rytmeseksjonen i rockedinosaurane Led Zeppelin, kjent for å ha ei særs fin kjensle i spelet sitt sjølv om han slo like hardt som eit esel sparkar. Hjå meg kan Bonham høyrast på studioplatene II (1969), III (1970), IV (1971) og Precense (1976), i tillegg til samleplatene Coda (1982) og Mothership (2007). Bonham døyde etter ei fyllekule i 1980.

Andre jubilantar
Tottie Heat (1935)
Pete Yarrow (1938)
Augie Meyers (1940)
Mike Edwards (1948-2010)
Paulinho da Costa (1948)
Clive Hunt (1952)
Paul Franklin (1954)
Håkon Torgersen (1958)
Wendy Smith (1963)
Steve White (1965)
Christian McBride (1972)
Scott Klopfenstein (1977)
Anna Ternheim (1978)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar