09.06.2018

Sjuande juni

I 1958 vart Prince Rogers Nelson fødd i Minneapolis i den elles så norskætta delstaten Minnesota. Prince var superstjerne og ein av verdas beste gitaristar. Mannen som også nyttar berre eit symbol som signatur var også ein høgt skatta komponist, som i tillegg har prøvd seg som skodespelar. Mi platehylle inneheld platene Grafitti Bridge (1990), The Gold Experience frå 1995, og Musicology, som kom på marknaden i 2004. Prince er også kreditert for å syngje bakgrunnsvokal og spele keyboards på eitt spor på No Doubt si studioplate Rock Steady frå 2001. Prince døyde av ein overdose smertestillande opiatmedisin i 2016.

Andre jubilantar
Speedy (1931-1993)
Kenny Rankin (1940-2009)
Tom Jones (1943)
Johnny Clegg (1953)
Paddy McAloon (1957)
Esther Ridgeway (1959-2003)
Dave Catching (1961)
Gordon Gano (1963)
Dave Navarro (1967)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar