01.04.2018

Tjueåttande mars

I 1941 vart Charlie Ray McCoy fødd i Oak Hill i West Virginia. Charles McCoy har gjeve ut halvanna dusin soloplater og er ein høgt skatta studiomusikar, best kjend for å spele munnspel. Han har sidan tidleg på 1960-talet spelt med mange kjende artistar, som mellom anna Roy Orbison og Elvis Presley. I mi platesamling kan Charlie høyrast på Johnny Cash sine studioplater Orange Blossom Special (1965) og America: A 200 Year Salute In Story And Song frå 1972. McCoy er også kreditert for å traktere bass, gitar eller munnspill for Bob Dylan på studioplatene Highway 61 Revisited (1965), Blonde On Blonde (1966), og Nashville Skyline og John Wesley Harding, begge frå 1967, samt Self Portrait (1970). McCoy kan også høyrast medan han bles liv i munnspelet på utvalde spor på J.J. Cale si samleplate Classics frå 1999.

Andre jubilantar
Thad Jones (1923-1986)
John Evan (1948)
Steve Turner (1965)
Cheryl James (1966)
David Keuning (1976)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar