15.04.2018

Femtande april

I 1944 vart David Edmunds fødd i hovudstaden i det kongelause monarkiet Wales, Cardiff. Den walisiske rockaren Dave Edmunds har hatt fleire hits sidan slutten av 1960-talet, men er meir kjend som produsent enn som musikar. Han er mellom anna grunnleggaren av Rockfield Studios som han har plassert langt ute på den walisiske landsbygda. Der har mellom anna Motörhead gjort vellukka innspelingar. I mi platehylle finn ein plata Rockin’, ei samleplate frå 1997. Edmunds kan også høyrast med vokalhjelp og gitarspel på songen Cry Baby på Stray Cats si plate Choo Choo Hot Fish frå 1992, ei plate Edmunds også produserte, og på Carlene Carter si plate Musical Shapes frå 1980. Edmunds er også kreditert for gitarspel og bakgrunnsvokal på Angel With A Lariat, som k.d. Lang & The Recliners slepte i 1987, og på The Fabolous Thunderbirds si plate Hot Number, også den frå 1987.

Andre jubilantar
Michael Kamen (1948-2003)
Phil Mogg (1948)
Jeff Golub (1955) Mark Luchurst (1960)
Miriam Stockley (1962)
Linda Perry (1964)
Kati Raitinen (1969)
Ed O'Brien (1969)
MzMunchie (1970)
Jørgen Træen (1973)
Tarjei Grimsby (1974)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar