21.09.2016

Tjuefyrste september

Tjuefyrste september 1933, det var ein torsdag, var Blind Willie McTell og Curley Weaver i studio i New York City og spela inn B&O Blues No 2 #1, B&O Blues No. 2 #2, Weary Hearted Blues, Bell St. Lightnin’, Southern Can Mama, Runnin’ Me Crazy & East St. Louis Blues (Fare You Well). Alle songane finn du på den doble samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. 1934 vart den kanadiske Leonard Norman Cohen fødd i den kanadiske olympiabyen Montreal. Poeten Leonard Cohen har spela inn meir enn to tusen songar gjennom ei karriere som strekk seg over seks tiår, og ti av desse songane kan du høyre på plata Ten New Songs, som var Cohen sitt bidrag til populærkulturen i 2001, og som står på ein av dei mange heidersplassane i mi platehylle. I 1943 kom David Hood til verda i Sheffield i Alabama. Bassisten Hood kan hjå meg høyrast medan han spelar for Bob Seger på plata Beautiful Loser frå 1975. I 1947 vart Donald William Felder fødd i Gainsville i pensjoniststaten Florida. Don Felder er best kjend for glitrande sologitarspel i Eagles i to periodar, men hjå meg er det på utvalde spor på Bob Seger And The Silver Bullet Band sine studioplater Stranger In Town (1978) og The Distance (1982) gitarspelet hans kan høyrast. I 1952 kom David Gregory til verda i engelske Swindon. Dave Gregory er best kjend for å ha spelt gitar i det engelske New Wave-bandet XTC. Mi platesamling byr på Gregory sitt gitarspel på plata Black Sea frå 1980. I 1954 vart den dyriske trommeslagaren Philty Animal Taylor fødd som Phil Taylor i byen sigarettmerket Chesterfield truleg har namnet sitt frå. Philty spelte trommer på dei mest kjende Motörheadplatene, men fekk diverre sparken frå bandet i 1992, etter å ha delteke på ti studioplater og den mest legendariske konsertplata av dei alle No Sleep ‘till Hammersmith. Taylor døyde i 2011. I 1962 kom Michael Algar til verda i engelske Marsden. Gitaristen og vokalisten, som er kjend under artistnamnet Olga, er leiar av, og einaste gjenværande originalmedlem i punkbandet Toy Dolls, som alltid har vore eit kuriøst innslag i mi assorterte platesamling. Hjå meg kan Olga høyrast på studioplatene Dig That Groove Baby, A Far Out Disc, Bare Faced Cheek (1987), Fat Bobs Feet og Absurd Ditties, i tillegg til konsertplata Twenty Two Tunes Live From Tokyo og samlplata Ten Years Of Toys. I 1970 vart Tyler Joseph Stewart fødd i kanadiske Toronto. Trommisen Tyler Stewart spelar til dagleg i Barenaked Ladies og kan i mi platehylle høyrast medan bandet hjelp Tom Jones med eit spor på hans studioplate Reload frå 1999. I 1972 kom Oasis-vokalisten og Manchester City-tilhengjaren William John Paul Gallagher til verda i engelske Manchester. Den humøsjuke jet-setaren Liam Gallagher var tidlegare fast innslag i skandalepressa, i dag er han fast innslag i platesamlinga mi med plater som Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995), Be Here Now (1997), Unplugged, og konsertplata Familiar To Millions frå 2000. Gallagher er også kreditert for bakgrunnsvokal på tre av spora på The Verve si tredje studioplate Urban Hymns frå 1997. I San Leandro i California vart David Randall Silveria fødd. Trommisen David Silveria var med å starte Korn i 1993, men sa takk for seg i bandet i 2006. Hjå meg kan Silveria høyrast med taktfaste bidrag på samleplata Proud frå 2000. I 1976 vart Jonas Bjerre Terkelsbøl fødd i København. Jonas Bjerre er vokalist og gitarist i det danske indiebandet Mew, og i mi platehylle kan han høyrast på plata And The Glass Handed Kites frå 2005. I 1982 slepte Dolly Parton samleplata Dolly Parton’s Greatest Hits. I 1985 nytta alltid like elleville Toy Dolls høve til å spele på Klub Foot i London. I 1987 døyde Jaco Pastorius. I 1990 gav Bette Midler ut plata Some People’s Lives. I 1992 slepte Abba samleplata Gold-Greatest Hits, som inneheld nitten av dei største hitsene frå den svenske superkvartetten. I 1993 gav Melissa Etheridge ut plata Yes, I Am og det langt meir hardtrockande Seattle-bandet Hater platedebuterte med ei skive med same namn som bandet. I 1999 kom Tori Amos si femte studioplate, To Venus And Back, som var ein dobbel CD. I 2006 døyde Boz Burrell.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar