24.09.2016

Tjuefjerde september

Tjuefjerde september 1928 kom Anders Burman til verda i Sverige. Skodespelaren, plateprodusenten og trommeslagaren Burman var ein av grunnleggjarane av plateselskapet Metronome og kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på utvalde spor på Cornelis Vreeswijk si samleplate Guldkorn Från Master Cees Memoarer frå 1996. Burman døyde i 2013. I 1938 kom Steven Douglas Kreismann til verda i Hollywood i California. Saksofonisten Steve Douglas har ei omfattande karriere som også inkluderar produksjon av andre artistar sine album, noko som har sikra at han er trygt plassert i Rock’n Roll Hall Of Fame, riktig nok posthumt. Hjå meg kan Steve Douglas høyrast med lekre saksofontrillar på The Beach Boys si tjuande studioplate, 15 Big Ones frå 1976 og på Bob Dylan si tjuuefyste studioplate, Shot Of Love frå 1981. Steve Douglas døyde i 1993. I 1941 vart Linda Louise Eastman fødd i New York City. Linda McCartney gifta seg med Paul McCartney i 1969 og markert seg som vegetaraktivist og kokebokforfattar, i tillegg til den musikalske karrieren saman med ektemannen. I mi platesamling kan Linda McCartney høyrast på plata Flaming Pie, som er kreditert Paul McCartney og kom på marknaden i 1997. McCartney er også kreditert for vokalhjelp på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. Linda McCartney døyde etter lang kamp mot kreften i 1998. I 1946 vart Jerry Donahue fødd i New York City. Folkrock-gitaristen Donahue har ei fortid i mellom anna Fairport Convention. Hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Joan Armatrading si sjølvtitulerte tredjeplate frå 1976. I 1954 kom Gabriele Melotti til verda i italienske Bologna. Trommeslagaren Lele Melotti sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I 1956 kom Stan Soble til verda. Gitaristen Stan Lee er ein av grunnleggjarane av The Dickies og hjå meg kan han høyrast på plata All This And Puppet Stew frå 2001. I 1957 vart Ted Howarth fødd. Gitaristen Howarth er i mi platehylle kreditert for å synge hjelpevokal på Ted Nugent si plate Penetrator frå 1984. Dagen bydde også på plateslepp, og det var tittelsporet frå Elvis Presley sin tredje langspelfilm som vart tilgjengeleg på vinyl. Jailhouse Rock var nummer ein på platelistene i sju veker i USA, men platekjøparane i England meinte tre veker på toppen fekk vere nok. I 1971 kom Peter Anthony Salisbury til verda i engelske Bath. Trommeslagar Peter Salisbury var ein av grunnleggarane av The Verve og kan hjå meg høyrast på plata Urban Hymns frå 1997. I 1972 vart Jesse Hughes fødd i Greenville i South Carolina. Hughes er til dagleg frontmann i bandet Eagles Of Death Metal, men i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar fløyte på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze frå 2005. I 1977 vert denne datoen hugsa for at den sjølvtitulerte Motörhead-debuten kom på marknaden. I 1984 slepte Depeche Mode si fjerde studioplate, Some Great Reward. I 1985 spelte Toy Dolls på Shelleys i pottemakarbyen Stoke. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Mardi Gras i Nottingham. I 1990 gav AC/DC ut plata The Razors Edge. Plata, som er produsert av Bruce Fairbairne og som eg eig både CD og LP versjon av, er den einaste av gruppa sine innspelingar der ein får høyre trommeslagaren Cris Slade. Same dag slepte Megadeth si fjerde studioplate Rust In Peace. I 1991 kom meksikanske Maldita Vecindad Y Los Hijos Del Quinto Patio med si andre studioplate, El Circo, Nirvana gav også ut si andre plate, Nevermind, noko som resulterte at det tidlegare undergrunnsfenomenet grunge brått var over alt og verda vart aldri den same. Same dag kom eit, kan hende, like stort kommersielt gjennombrott, Red Hot Chili Peppers si fyrste plate i samarbeid med den eksentriske amerikanske superprodusenten Rick Rubin. Blood Sugar Sex Magic selde i meir enn tretten millionar kopiar og produserte ei nesten endelaus rekkje av hit-singlar. Ein annan kar som herja hitlistene var Bryan Adams, som nytta dagen til å sleppe plata Waking Up The Neighbours. Like stor merksemd vart det neppe rundt Staus Quo si tjuande studioplate, Rock ’Til You Drop, som også kom på marknaden denne dagen, men dei som har denne plata kan høyre dei syngje Nothing Comes Easy, noko som lemnar liten tvil om at dei to herrane Parfit og Rossi har jobba hardt for å kome der dei er i dag. I 1996 slepte Weezer si andre studioplate, Pinkerton. Og Rosa Mota slepte deira andre studioplate, denne fekk tittelen Bionic. I 2002 slepte Elvis Presley sitt dødsbu plata Elvis Presley 30 #1 Hits. I 2007 kom PJ Harvey si sjuande studioplate på marknaden. White Chalk fekk stort sett strålande omtale i musikkpressa. I 2008 døyde Cherry Smith.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar