07.06.2016

Sjuande juni

Sjuande juni 1940 vart Thomas John Woodward fødd i Treforest i det kongelause monarkiet Wales. Sir Tom Jones sine konsertar har, heilt sidan midt på sekstitalet, vore prega av at den hoftevrikkande walisaren har fått kasta dametruser etter seg, og etter ein lang Las Vegas-periode fekk han revitalisert karrieren sin slik at han rundt tusenårsskiftet herja salgslistene på ny. Eg har handla inn plata Reload frå 1999 og kjem nok ikkje til å utvide samlinga. I 1953 kom Jonathan Clegg til verda i engelske Bacup i Lancashire. Den sørafrikanske artisten Johnny Clegg er i mi platesamling ein del av bandet Juluka og kan høyrast på plata Crocodile Love, som kom ut i 1997. I 1958 vart Prince Rogers Nelson fødd i Minneapolis i den elles så norskætta delstaten Minnesota. Prince er superstjerne og ein av verdas beste gitaristar. Mannen som også nyttar berre eit symbol som signatur er også ein høgt skatta komponist, som i tillegg har prøvd seg som skodespelar. Mi platehylle inneheld platene Grafitti Bridge (1990), The Gold Experience frå 1995, og Musicology, som kom på marknaden i 2004. Prince er også kreditert for å syngje bakgrunnsvokal og spele keyboards på eitt spor på No Doubt si studioplate Rock Steady frå 2001. Prince døyde i 2016. I 1959 vart Esther Lene Ridgeway fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Songerinna Esther Ridgeway danna i barneåra vokalgruppa Ridgeway Sisters, saman med systrene Gracie og Gloria, og song innom ei rekkje sjangrar. I mi platehylle er Ridgeway kreditert for å syngje bakgrunnsvokal på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980. Ridgeway døyde i 2003. I 1960 var Count Basie og storbandet hans i studio og spelte inn The Daly Jump og Out The Window, som du finn på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1961 vart David Catching fødd i Memphis i Tennessee. Gitaristen Dave Catching kan i mi platehylle høyrast medan han spelar gitar for Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabiez To Paralyze frå 2005. I 1963 kom Gordon Gano til verda i ølbyen Milwaukee i Wisconsin. Gano var den kreative krafta i Violent Femmes og med gitaren i handa leia han an i den akustiske traktorpunk rørsla som dukka opp tidleg på 1980-talet. Hjå meg kan Gano høyrast på studioplatene The Blind Leading The Naked (1986), 3 (1989), New Times (1994) og Freak Magnet (2000), i tillegg til samleplata Add It Up (1993). I 1967 vart David Michael Navarro fødd i badebyen Santa Monica i California på den amerikanske stillehavskysten. Dave Navarro vert gjerne hugsa som gitarist for bandet Jane’s Addiction og hjå meg kan gitarbråket hans kan nytast på plata Nothing’s Shocking frå 1988. Navarro kan også høyrast på Red Hot Chili Peppers si plate One Hot Minute frå 1995, og på songen You Oughta Know frå Alanis Morissette si plate Jagged Little Pill, også den frå 1995. Som om det ikkje var nok, kan Navarro sin gitarlyd også høyrast på songen I Don’t Like The Drugs (But The Drugs Like Me) på Marilyn Manson si plate Mechanical Animals frå 1998. Navarro har også gjort seg merkt hjå ein annan kjenning i platehylla mi, Nine Inch Nails, men er ikkje blant musikarane som yt bidrag på plata Things Falling Apart, som så langt er NIN sitt bidrag til mi samling. I New York var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio, med seg i studio denne tidlege sommerdagen hadde han musikarane Wayne Shorter, Herbie Hancock, Ron Carter og Tony Williams. Saman spela dette elitelaget inn songen Water Babies, som vart gjeven ut på plata med same namn i 1976. I 1971 la The Who siste hand på Getting In Tune. I 1980 var sleppdatoen for Iron Maiden singelen Sanctuary. Høgaste listeplassering var #29. I 1993 slepte Tears For Fears plata Elemental. Dette var den fjerde studioplata med bandnamnet, men etter som Curt Smith hadde forlete duoen er ho i røynda eit soloprosjekt i regi av Roland Orzabal. I 2004 slepte The Killers si debutplate, Hot Fuss. I 2009 døyde Kenny Rankin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar