02.06.2016

Andre juni

Andre juni 1949 kom Tommy Mandel til verda i storbyen New York City. Tangentmannen Mandel har spelt med store namn som Dire Straits og Cindy Lauper, men er best kjend for å spele med Bryan Adams. I mi platesamling kan Mandel høyrast medan han spelar for sistnemnde på plata Waking Up The Neighbours frå 1991. Mandel er også med som ein del av Ian Hunter sitt band på konsertplata Welcome To The Club frå 1980, og på B52s si plate Cosmic Thing frå 1989. Og som om det ikkje var nok, er det glitrande arbeidet hans kreditert som Polly Mandel på The Clash si femte studioplate, Combat Rock frå 1982. I 1951 vart David Flett fødd i den skotske hamnbyen Aberdeen. Gitaristen Dave Flett erstatta i si tid Gary Moore i Thin Lizzy, men er best kjend for å spele med Mannfred Mann’s Earth Band, og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata The Best Of Mannfred Mann’s Earth Band – Remastered frå 1999. I 1955 vart Michael Steele fødd. Bassisten Micki Steele har ei fortid i jentebandet The Runaways, men hjå meg kan ho høyrast som medlem av The Bangles på samleplata Greatest Hits. I 1962 kom Ian Shaw fødd i walisiske St. Asaph. Songaren og komikaren Shaw sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Yello si åttande studioplate Zebra frå 1994. I 1970 kom Louis Freese til verda i South Gate i California. Rapartisten B-Real sitt bidrag til mi platehylle høyrer du som hjelpevokal på Rage Against The Machine si plate Renegades frå 2000. I 1975 kom allsidige Aimee Springer til verda. Zia McCabe spelar bass, keyboard og trommer i The Dandy Warhols, som har tre flotte bidrag til populærkulturen plassert i mi platehylle, Thirteen Tales From Urban Bohemia (2000), Welcome To The Monkey House (2003) og Odditorium Of Warlords Of Mars frå 2005. I 1978 slepte Uriah Heep si tolvte studioplate, Fallen Angel. I 1980 vart Fabrizio Moretti fødd i den brasilianske storbyen Rio De Janeiro. Moretti er til daglig trommeslagar for The Strokes, og hjå meg kan han høyrast medan han held takten på bandet sine to fyrste studioplater, Is This It frå 2001, og Room On Fire, som kom på marknaden i 2003. I 1984 var det håpet om One Better Day som ordna Madness plass på listene. Attandeplass var nok ikkje det den galne septetten håpa på, men heller ikkje å forakte. I 1997 slepte Bob Dylan samleplata The Best Of Bob Dylan. I 2003 kom walisiske Stereophonics si fjerde studioplate You Gotta Go There To Come Back, som vart deira tredje listetopp på rad i England. I 2004 var dette datoen Judas Priest spelte sin fyrste konsert med metallguden Rob Hallford attende i stallen etter fleire års fråvær med mellom anna det sjølvtitulerte prosjektet Hallford.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar