17.07.2014

Syttande juli

Syttande juli 1921 kom George Barnes til verda i Chicago i Illinois. Jazzmusikaren Barnes vert rekna som den fyrste som gjorde gitaren ”elektrisk”, han har gjeve ut fleire plater under eige namn og han har spelt med mange store artistar. Hjå meg kan Barnes høyrast på plata The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Barnes døyde i 1977. I 1925 vart Jimmy Victor Scott fødd i Cleveland i Ohio. Songaren Little Jimmy Scott er kjend for si spesiell falsettrøyst og kan i mi platehylle høyrast på plata Magic And Loss, som Lou Reed slepte i 1992. I 1938 vart Sam Bronstein fødd i Brooklyn i New York. Bronstein spelar til vanleg saksofon i bandet Elephant’s Memory, men hjå meg er det på Aerosmith si plate Draw The Line frå 1977 han kan høyrast. I 1947 kom Michael Thommas Tucker til verda i London. Mick Tucker var trommeslagar i det britiske glamrockbandet Sweet, og kan hjå meg høyrast på samleplata The Best Of Sweet. Mick Tucker døyde i 2002. I Mexico City vart Abraham Laboriel Sr. fødd. Bassisten Laboriel er ein av tidenes mest nytta studiobassistar og far til trommisen Abe Laboriel jr. Hjå meg høyrer du Laboriel sitt arbeid på soundtrackplata til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless, som Madonna slepte i 1990, samt utvalde spor på samleplata More Than This, som Bryan Ferry og Roxy Music slepte i 1995. I 1949 vart Terrence Michael Joseph Butler fødd i Birmingham. Black Sabbath-bassisten ”Gezer” Butler treng eigentleg ikkje nærare presentasjon, men eg nyttar likevel høve til å presisere at eg er ekstremt fornøgd med at eg fekk høve til å sjå basslegenda saman med resten av Black Sabbath på Koengen i Bergen i 2005, og som ein del av Ozzy Osbourne sine venner under merkelappen Ozzy & Friends same stad i 2012. Det er også høve til å høyre Butler på eit fleire plater med Black Sabbath hylla mi, han kan også høyrast på den gamle Black Sabbath-kompisen Ozzy Osbourne si soloplate Ozzmosis frå 1995. I 1952 kom Nicolette Larson til verda i fjellstaten Montana sin hovudstad Helena. Larson plasserte seg på dei amerikanske countrylistene og hadde ein hit med Neil Young sin song Lotta Love i 1978. Hjå meg kan Larson høyrast på plata American Stars’N Bars som Neil Young gav ut i 1977 og Comes A Time, som same Young slepte året etter. Larson døyde i 1997. I 1957 vart Bruce Crump fødd i Nashville i Tennessee. Trommeslagaren Crump spelar til dagleg i Molly Hatchet og hjå meg høyrer du arbeidet hans på studioplata Flirtin’ With Disaster (1979) og konsertplata Double Trouble Live frå 1985. I 1959 døyde Billie Holiday. I 1962 stod She’s Not You i platehyllene. Artist var Elvis Presley og dei tre neste vekene hadde han fyrsteplassen i England. I USA fekk han sterk konkurranse og nådde berre til ein femteplass. I 1963 kom Kimberly D Shattuck til verda. Kim Shattuck er gitarist og vokalist i The Muffs, som hjå meg kan høyrast på plata Blonder And Blonder frå 1995. I 1967 døyde John Coltrane. I 1970 vart Arne Hurlen fødd. Hurlen er sjefen i Postgirobygget og hjå meg kan han høyrast på plata Melis frå 1996. I 1975 vart Pablo J. Hinojos-Gonzales fødd i Los Angeles i California. Gitaristen og bassisten Paul Hinojos spelte tidlegare i The Mars Volta og i mi platehylle kan han høyrast på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1981 var Brewers Arms i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1983 var det Working Mans Club i Hetton som fekk vitjing av dei hårfagre pønkarane i Toy Dolls. I 1989 døyde Dudley Brooks.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar