14.07.2014

Fjortande juli

Fjortande juli 1912 vart Woodrow Wilson Guthrie fødd i Okemah i Oklahoma. Den amerikanske visesongaren Woodie Guthrie var ei stor inspirasjonskjelde for dei mange visesongarane som prega det amerikanske hippiemiljøet på sekstitalet. Guthrie sitt bidrag til mi platehylle heiter Pastures Of Plenty og er ei samling av opptak han gjorde frå 1940 til 1947. Guthrie vart etter kvart diagnostisert med Huntintons Syndrom og døyde i New York i 1967. I 1945 kom James Beck Gordon til verda. Mentalt ustabile Jim Gordon tente til livets opphald som trommeslagar for artistar som The Beach Boys, Jackson Browne og Donovan fram til han tok livet av si eigen mor i 1983, noko som resulterte i ei lang fengselsstraff som enno ikkje er ferdig sona. Hjå meg kan Gordon høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975, og på samleplata The Best Of Carly Simon, som var Carly Simon sitt bidrag til populærkulturen i 1975. I 1950 vart Andrew Newmark fødd i Port Chester i New York. Trommesalgaren Andy Newmark sitt taktfastespel kan i mi platehylle finnast på Rod Stewart si studioplate Smiler frå 1974, samt utvalde spor på same mann si samleplate The Mercury Anthology (1992), samleplata The Best Of Carly Simon, som Carly Simon slepte i 1975, og på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry & Roxy Music frå 1995. I 1952 kom Cristopher Thomas Allen til verda i Tottenham i London. Bassisten Chris Cross har tent til livets opphald i Ultravox og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Dancing With Tears In My Eyes frå 1997. I 1960 vart songarinna Angelique Kpasseloko Hinto Hounsinou Kandjo Manta Zogbin Kidjo fødd i Ouidah i Benin. Den fleirfaldig Grammy-nominerte songarinna, som til vanleg kortar namnet sitt ned til meir lettfattelege Angelique Kidjo er, ikkje utan grunn, sterkt representert i mi platesamling, lista tel Parakou (1990), Logozo (1991), Ayé (1994), Fifa (1996) og Oremi (1998). I 1966 kom Ellen Reid til verda i Selkirk i den kanadiske delstaten Manitoba. Reid er pianist og syng bakgrunnsvokal i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1971 vart Nicholas Jonathon McCabe fødd i engelske St. Helens. Nick McCabe har ei fortid som gitarist i The Verve og mi samling byr på gitarspelet hans på plata Urban Hymns frå 1997. I 1975 spelte The Who inn Squeeze Box på Sheperton Sound Stage. Innspelinga vart gjort ved hjelp av Faces-sjefen Ronnie Lane sitt Mobile Studio og produsent var Glyn Johnes. I 1978 fekk platekjøparane høve til å investere i The Who sin singel Who Are You, som klatra til attandeplass på listene. I 1984 var Toy Dolls å sjå på scenen i Mabuhay Gardens i San Francisco, California. I 1992 gav slidegitaristen Roy Rogers ut si fyrste soloplate, Chops Not Chaps. I 1998 gav Beastie Boys ut plata Hello Nasty. I 2003 slepte dei walisiske marxistane i Manic Street Preachers samleplata Lipstick Traces.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar