05.02.2013

Femte februar

Femte februar 1929 vart Harold Simon Belsky fødd i Holyoke i Massachusetts. Trommisen Hal Blaine sitt bidrag til mi platehylle kan du høyre på plata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968. I 1944 kom Alan Peter Kuperschmidt Kooper til verda i Brookly i New York City. Musikaren Al Kooper var med å starte det legendariske bandet Blood Sweat & Tears, men slutta i bandet før dei slo gjennom. Kooper sitt orgelspel kan derimot høyrast på Bob Dylan sine plater Highway 61 Revisited, frå 1965, og Blonde On Blonde frå 1966. I 1951 vart Geraint Meurig Vaughan Watkins fødd i Abertridwr i Wales. Tangentmannen Geraint Watkins kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Van Morrison på plata Back On Top frå 1999. I 1956 kom Vincent Colaiuta til verda i Republic i Pennyslvania. Trommisen Vinnie Colaiuta kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Sting på plata Sacred Love frå 2003. I 1964 vart Michael Andrew McKagan fødd i grungebyen Seattle. Duff McKagan var lenge gitarist i bandet Guns N’Roses og i mi platesamling kan han høyrast på bandet sine fem studioplater. I tillegg kan McKagan sitt gitarspel høyrast på Velvet Revolver si debutplate Contraband frå 2004. I 1981 var AC/DC i Nihon Seinenkan i Tokyo. Dei frammøtte fekk, mellom anna, høyre Shot Down In Flames, What Do You Do For Money Honey, You Shook Me All Night Long, T.N.T. og Let There Be Rock. Vi som ikkje hadde høve til å kikke innom denne kvelden må nøye oss med opptaket som TV Tokyo sendte, og det finn ein på DVD’en Plug Me In. I 2008 slepte canadiske k.d. Lang si femte soloplate, Watershed.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar