02.02.2013

Andre februar

Andre februar 1920 kom Joe Mondragon til verda i Antonito i Colorado. Bassisten Mondragon var ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast medan han spelar på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Mondragon døyde i 1987. I 1942 vart Graham William Nash fødd i tivolibyen Blackpool i eit krigsherja England. Graham Nash slo gjennom med eit brak i den engelske gruppa The Hollies, som etter kvart har fått sitt bidrag til mi platesamling med samleplata 20 Great Love Songs. Nash tok etter kvart turen over dammen og starta eit samarbeid med David Crosby og Stephen Stills i meir kjende Crosby, Stills & Nash (& Young) og fleire bidrag frå dette samarbeidet kan høyrast på Neil Young si Greatest Hits-plate frå 2003. Nash spelar også gitar og syng på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1949 kom Ross Lamont Valory til verda i San Francisco. Bassisten Ross Valory var med å grunnleggje Journey, men hadde ein pause frå bandet, noko som gjør at han ikkje var med å spele inn plata Raised On Radio. Hjå meg kan Valory høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1962 kom Jan Magne Førde til verda i Langevåg i Sula Kommune på Sunnmøre. Førde er saman med storebrørne Helge og Jarle, drivkrafta i den norske jazzgruppa The Brazz Brothers, og kan høyrast på to ulike produksjonar i mi platehylle, Afrobrazz (1993) og Aquarium (2001). I 1970 slepte Grand Funk Railroad singelen Heartbreaker som klatra til syttiandreplass på den viktige Billboardlista. I 1976 gav Lynyrd Skynyrd ut singelen Gimme Back My Bullets. I 1980 heldt Toy Dolls konsert i Comerads Club i Blackmill. I 1977 døyde Sid Vicious. I 1981 kom Iron Maiden si andre studioplate, Killers. I 1982 nytta dei engelske hardrockarane i Iron Maiden dagen til å sleppe den legendariske singelen Run To The Hills. Singelen der dei oppmodar om fjelltur klatra i dei påfølgjande vekene lett og elegant til sjuandeplassen på dei engelske singellistene. I 1991 fekk verda servert plata 1916 frå våre venner i Motörhead. Plata inneheld ei hylling av dei amerikanske kultpønkarane i Ramones og på tittelsporet, som avsluttar plata, har den aldrande speedfreaken Lemmy bytta ut bass med cello. Det siste får ikkje akkurat gamlingen til å høyrast ut som ein ekte Motörheadbanger, men det er ikkje tvil om at dette duger. I 2004 slepte Melissa Auf Der Maur sitt soloprosjekt debutplata Auf Der Maur, og Scissor Sisters platedebuterte med ei plate som har fått same namn som bandet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar