25.02.2018

Tjuefjerde februar

I 1942 kom Paul Pond til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Paul Jones var med å starte The Blues Band i 1979, han hadde tidlegare gjort seg merkt som vokalist i, mellom anna, meir kjende Mannfred Mann. Hjå meg kan Jones høyrast på The Blues Band sine plater Official Blues Band Bootleg Album (1980), Ready (1980), Itchy Feet (1981) og Brand Loyality (1982).

Andre jubilantar
Don Law (1902-1982)
David “Fathead” Newman (1933-2009)
Nicky Hopkins (1944-1994)
Tullio de Piscopo (1946)
Bob Magnusson (1947)
George Thorogood (1950)
Steve Dawson (1951)
Michelle Shocked (1962)
Wuv Bernardo (1973)
Simen Vangen (1976)

Tjuetredje februar

I 1944 vart John Dawson Winter III født i Beaumont i Texas. Gitaristen og prestesonen Johnny Winter var kjent som verdas kvitaste bluesartist, og det vert hevda at dei flotte tatoveringane hans var dei einaste pigmenta han hadde i huda. At Johnny også var ein av verdas beste bluesgitaristar, ranka som nummer syttifire av Rolling Stone Magazine i 2003, kjem ofte litt i bakgrunnen. Eg har ei fin samling av Johnny Winter sine plater, studioplatene Nothin’ But The Blues (1971), Guitar Slinger (1984) og Let Me In (1991), samt den doble samleplata A Rock ‘n Roll Collection, men er mest nøgd med dei tre konsertplatene And Live (1971), Captured Live (1976) og Live In NYC ’97 (1998). Eg angrar enno ein smule på at eg ikkje reiste for å sjå og høyre legenda då han vitja bluesbygda Skånevik i Sunnhordland for ei tid sidan. Rykta fortel at den reisa ikkje ville vore like skuffande som konserten ein tilsynelatande livstrøyt Johnny heldt i Oseana på tampen av juni 2013. Winter døyde i 2014.

Andre jubilantar
John Halsey (1945)
Steve Priest (1948)
Thom Bresh (1948)
Brad Whitford (1952)
Zeke Manyka (1955)
Michael Wilton (1962)
John Norum (1964)
Shelley Thunder (1965)
Chris Vrenna (1967)
Lasse Johansson (1973)

Tjueandre februar

I 1958 vart Dave Spitz fødd i New York City. Bassisten Spitz spelte bass i Black Sabbath ein periode og er kreditert for basspel på plata The Eternal Idol frå 1987, sjølv om han vist nok ikkje skal ha spelt ein note på albumet.

Andre jubilantar
Mick Green (1944-2010)
Pillip Ballo (1950-2005)
Casino Steel (1952)
Ray Mayhew (1965)
Peter Zizzo (1966)
Scott Phillips (1973)

Tjuefyrste februar

I 1933 vart Eunice Kathleen Waymond fødd i Tryon i North Carolina. Nina Simone vert hugsa både som fantastisk jazzartist og som engasjert menneskerettsaktivist. Mi platehylle husar to ulike samleplater med denne fantastiske artisten, The Greatest Hits (2003), og My Baby Just Cares For Me. Simone døyde i 2003.

Andre jubilantar
Nina Simone (1933-2003)
Paul Newton (1945)
Jerry Harrison (1949)
Phil Hudson (1950)
Jean-Jacques Burnel (1952)
Larry Campbell (1955)
Mato Valtonen (1955)
Mark Arm (1962)
Rankin Roger (1963)
James Dean Bradfield (1967)

Tjuande februar

I 1944 kom Lew Soloff til verda i Brooklyn i New York City. Trompetisten Soloff er best kjend for tida han spelte med Blood Sweat & Tears (1968-73). I mi platehylle kan trompeten hans høyrast Ian Hunter si andre soloplate, All American Alien Boys (1976), på eit spor på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread Or Alive (1981), på Paul Simon si studioplate Graceland frå 1986, og The Offbeat Of Avenues, som The Manhatten Transfer slepte i 1991, samt på utvalgte spor på Lou Reed si samleplate The Very Best Of Lou Reed (2000). Solof døyde i 2015.

Andre jubilantar
Bryan Gregory (1951-2001)
Dave Taylor (1953)
Poison Ivy (1953)
Sebastian Steinberg (1959)
Ian Brown (1963)
Kurt Cobain (1967-1994)
Neil Primrose (1972)
Ed Graham (1977)

19.02.2018

Nittande februar

I 1943 vart Bobby Gene Emmons fødd i Corinth i Mississippi. Bobby Emmons er i mi platehylle kreditert for å spele diverse tangentinstrument på utvalde spor på tre ulikle samleplater: J. J. Cale si Classics (1999), Highwayman, som oppsummerte Highwaymen sine størte høgdepunkt, samt på Olav Stedje si 21 Beste (1998). Emmons døyde i 2015.

Andre jubilantar
Phil Coulter (1942)
Øystein Dolmen (1947)
Tony Iommi (1948)
Mark Andes (1948)
Francis Buchols (1954)
Peter Holzapple (1956)
Steve Nieve (1958)
Steve Poltz (1960)
Polo (1964)
Sara Isaksson (1971)
Teddy Thompson (1976)

18.02.2018

Attande februar

I 1935 vart Ciarán Bourke fødd i den irske hovudstaden Dublin. Bourke var ein av grunnleggjarane av The Dubliners, men vart råka av sjukdom i 1974 og kunne ikkje halde fram med å spele saman med bandet. Hjå meg finn du Bourke sine musikalske bidrag på utvalde spor på samleplatene Greatest Hits (1990), og At Their Best (1998). Bourke vart rekna som fullverdig medlem av The Dubliners heilt frå sjukdomen råka og fram til han døyde i 1988.

Andre februar
Buddy Cage (1946)
Randy Crawford (1952)
Fausto Mesolella (1953)
Robin Bachman (1953)
Tommy Scott (1964)
Dr. Dree (1965)

Syttande februar

I 1950 vart multiinstrumentalisten Rickey Medlocke fødd i Jacksonville, nord i pensjoniststaten Florida. Medlocke, som er barnebarn av bluesartisten Shorty Medlocke, er best kjend for at han gjennom åra har vore gitarist og vokalist i Blackfoot, og at han har vore innom sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd i to periodar, der han har traktert både trommer og gitar. I mi platesamling er Medlocke representert med gitarspel og vokal på Blackfoot si studioplate Marauder (1981), i tillegg til den fantastiske konsertplata Highway Song, frå englandsturneen i 1982. Medlocke er også kreditert for gitarspel på den niande studioplata frå Lynyrd Skynyrd, Twenty, som kom i platehyllene i 1997. Den tidlegare Blackfoot-sjefen har framleis ei framtredande rolle i sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd, samstundes som han leiger ut bandnamnet Blackfoot under strengt overoppsyn av sjefen sjølv.

Andre jubilantar
Spike Heatley (1933)
Buck Trent (1938)
John Lingwood (1951)
Moussa Diallo (1955)
Jeffrey Foskett (1956)
Taylor Hawkins (1972)
Gunnar Westgaard (1972)
Billy Joe Armstrong (1972)
Svein Berge (1976)

Sekstande februar

I 1959 vart Cèilo De Carvalho fødd i solrike Rio de Janeiro i Brasil. Perkusjonisten Carvalho har base i Oslo og kan i mi platehylle høyrast på den prisløna plata Brazilicum, som Trio De Janeiro slepte i 1993, i tillegg til utvalde spor på Bare Egil Band si sjølvtittulerte debutplate frå 1996.

Andre jubilantar
Charles Fowlkes (1916-1980)
John Bradbury (1953-2015)
Torbjørn Sunde (1954)
Dave Lombardo (1965)
Damon Reece (1967)
Vidar Bratlund Mæland (1978)

Femtande februar

I 1951 vart Norman Watt-Roy fødd i den indiske storbyen Bombay. Watt-Roy er best kjend som bassist i Ian Dury & The Blockheads, som prydar mine platehyller med to solide studioplater, New Boot & Panties (1977) og Do It Yourself (1979), og han kan hjå meg i tillegg høyrast som hjelpevokalist på Nick Cave & The Bad Seeds si plate Nocturama frå 2003.

Andre jubilantar
Mick Avory (1944)
John Helliwel (1945)
Billy Nicholls (1949)
David Ricketts (1954)
Adam Holzman (1958)
Ali Campbell (1959)
Ronnie Vannuccie (1976)

Fjortande februar

I verdas mektigaste by, Washington D.C., vart Timothy Charles Buckley III fødd i 1947. Tim Buckley levde fort, kort og hektisk i det krevjande rampelyset, men rakk å spele inn ni studioplater før han sa takk for seg med ein overdose av lovlege og ulovlege rusgifter. Buckley etterlot seg sonen Jeff Buckley til å føre den musikalske arven vidare. Mi platehylle byr på Buckley senior sitt arbeid på studioplata Greetings From L.A. frå 1972. Buckley døyde i 1975.

Andre jubilantar
Christ Pyne (1939-1995)
Maceo Parker (1943)
Arne Henry Sandum (1947)
Roger Fisher (1950)
Carmine Rojas (1953)
Jocelyn Pook (1970)
Tore Bratseth (1974)

Trettande februar

I 1950 vart Robert John Daisley fødd i den australske storbyen Sydney. Bassisten Bob Daisley har spela bass for store namn som Ozzy Osbourne og Mungo Jerry. Hjå meg kan Daisley høyrast på Rainbow si plate Long Live Rock’n Roll (1978), Uriah Heep si fjortande studioplate, Abiminog (1982), Black Sabbath si plate Eternal Idol frå 1987, utvalde spor på Ozzy Osbourne si konsertplate Tribute (1987), i tillegg til studioplatene No Rest For The Wicked (1988) og No More Tears (1991), og på Gary Moore si plate After Hours (1992), samt utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som Uriah Heep slepte i 1991.

Andre jubilantar
Peter Hook (1956)
Tony Butler (1957)
Rune Nicolaysen (1959)
Henry Rollins (1961)
Rob Ellis (1962)
Sergio Conforti (1964)
Robbie Williams (1974)