07.05.2017
Fjerde mai
Fjerde mai 1937 vart Ron Carter fødd i Ferndale i Michigan. Bassisten Carter skal ha vore med på fleire tusen plateinnspelingar og er ein av verdas mest nytta jazzmusikarar. Carter kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på plata Water Babies (1976), på Bette Midler si plate Some People’s Lives frå 1990, og for Eryka Badu på hennar debutplate Baduizm frå 1997. I 1940 kom Ronald James Bullis til verda i engelske Andover. Trommisen Ronnie Bond slo gjennom som rytmeseksjon for The Troggs og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Wild Thing, som er oppkalla etter bandet sin største slager. Bond døyde i 1992. I 1941 vart David LaFlamme fødd i New Brittain i Connecticut. Fiolinvirtousen LaFlamme kjem frå mormonarætt og har vore solist i Utha Symphony Orchestra. Hjå meg kan LaFlamme sitt fiolinspel høyrast på Tracy Chapman si sjølvtitulerte debutplate frå 1988. I 1950 kom bassisten Darryl Hunt til verda i engelske Hampshire. Unge Hunt erstatta Cait O’Riordan på bass i The Pogues i 1986 og gjorde det så bra at han spelar saman med bandet framleis. Hjå meg kan Hunt høyrast på studioplatene If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Hunt kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988, og sanneleg har same spor sneke seg med på samlplata The Collection (2002). I italienske Montoggio vart Roberto Callero fødd. Bassisten Bob Callero er i mi platehylle kreditert for å spele på Gianna Nannini si plate Una Radura frå 1977. I danske Nakskov kom Søren Berlev til verda. Trommeslagaren Søren «Charlie» Berlev heldt takten for Gasolin’ frå 1971 til bandet la opp i 1978. Hjå meg kan Berlev sitt stødige trommespel nytast på Gas 1&2, som inneheld dei to fyrste studioplatene Gasolin’ slepte, Gas 3&4, som inneheld dei den tredje og fjerde studioplata, studioplatene Efter Endnu En Dag (1976) og Gör Det Noget (1977), i tillegg til samleplatene Rabalderstrædet Forever og Live – Derudaf Forever (1993). I 1951 vart Sigmund Esco Jackson fødd i Gary i Indiana. Jackie Jackson er nummer to i den omfattande syskenflokken som er grunnlaget for ei rekkje suksessrike Jackson-konstellasjonar. I mi platehylle er Jackson kreditert for hjelpevokal på Madonna si plate True Blue frå 1986, og for å spele bass på studioplata Light Your Light, som Toots And The Maytals slepte i 2007. I 1952 kom Bob Sheppard til verda i Trenton i New Jersey. Saksofonspelande Sheppard er ein ettertrakta sudiomusikar som i mi platehylle kan høyrast på plata The Offbeat Of Avenues, som The Manhattan Transfer slepte i 1991. I 1966 spela The Byrds inn ein instrumentalversjon av John Riley. Songen er ein av seks instrumentalspor som kan høyrast på nyugjevingar avbandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1972 kom Michal Ryan Pritchard til verda i Berkley i California. Bassisten Mike Dirnt er best kjend for sitt daglege virke i Green Day og hjå meg kan han høyrast på både Dookie (1994) og Nimrod (1997), i tillegg til konsertplata Bullet In A Bible frå 2005. I 1977 vart Victoria Bergsman fødd. Komponisten Bergsman kan i mi platesamling høyrast på Primal Scream si plate Beautiful Future frå 2008, der ho er kreditert som gjest. I 1980 kunne dei frammøtte i West Cornforth Working Mens Club i Durham sjå og høyre Toy Dolls spele. Dei fekk sjå trommeslagaren Dean James gjere sin debut for bandet. I 1987 slepte Yello si femte studioplate, One Second, som inneheld vokalbidrag frå den walisiske songerinna Shirley Bassey. I 1992 spelte Jethro Tull i tyske Dortmund og på konsertplata A Little Light Music frå 1992 kan ein høyre songen Pussy Willow frå denne konserten. I 1993 gav PJ Harvey ut si andre studioplate, Rid Of Me, som, i 2003, fekk plass på Rolling Stone Magasine si liste over tidenes 500 beste album. I 1998 gav Garbage ut plata Version 2.0 i Japan, resten av verda måtte vente ei veke. I 2004 gav Ryan Adams ut plata Love Is Hell. I 2012 døyde Adam «MCA» Yauch.
Tredje mai
Tredje mai 1920 vart John Aaron Lewis fødd i LaGrange i Illinois. Pianisten John Lewis kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Miles Davis på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. Lewis døyde i 2001. I 1933 vart James Joseph Brown fødd i Barnewell i South Carolina. The Godfather Of Soul, James Brown si karriere tel eit utal slagarar, gullplater, ekte og uekte arvingar, og fengselsopphald etter diverse episodar av hustruvald. Brown gjorde seg fortent til tilnamnet The Godfather Of Soul og har gjennom åra hatt ei mengde store hits, som Papa’s Got A Brand New Bag, It’s A Mans World og ikkje minst den udødelege slagaren Sexmachine. Samleplata Godfather Of Soul frå 1993 fungerer som ei grei oppsummering av ei lang karriere for oss som ikkje er blodfans av funk og soul. Eg har i seinare tid også supplert samlinga med konsertplata Live, for å minnast korleis gamlingen høyrdes ut på scenen. Brown døyde i 2006. I 1940 kom Konrad Plank til verda i tyske Hütschenhausen. Plateprodusenten Conny Plank vert rekna som Krautrocken sitt motstykke til meir kjende (og berykta) Phil Spector og var involvert i fleire hundre plateproduksjonar, inkludert David Bowie sin Berlin-triologi. Plank var ikkje redd for å ta i eit tak for dei artistane han arbeidde med og er i miplatehylle kreditert for å spele perkusjon på Gianna Nannini si studioplate Profumo frå (1986), samt på utvalde spor på samleplata Maschi E Altri (1987). Plank døyde av kreft i 1987. I 1944 vart Pete Staples fødd i engelske Andover. Bassisten Staples slo gjennom med The Troggs og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Wild Thing, som er oppkalla etter bandet sin største slager. I 1955 kom Tim Cappello til verda i Westchester County i New York. Multiinstrumentalisten Timmy Cappello samarbeida tett med Tina Turner på 1980- og 90-talet og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar saksofon på plata Forreign Affair frå 1989. I 1959 vart David James Ball fødd i tivolibyen Blackpool. Tangentmannen Dave Ball er best kjend for å spele i Soft Cell og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Cruelty Without Beauty frå 2002. I 1964 kom Sterling Campbell til verda i New York City. Trommisen Campbell har ei fortid i Soul Asylum og kan i mi platehylle høyrast på halve studioplata Grave Dancers Union frå 1992, og som fullverdig bandmedlem på Candy From A Stranger frå 1998. Hjå meg kan du også høyre Sterling Campbell sitt trommespel på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992, og på somme av spora på Rufus Wainwright si tredje studioplate Want One frå 2003. I 1966 var The Byrds i studio og foreviga flyentusiasten Roger McGuinn sin song 2-4-2 Fox Trot (The Lear Jet Song). Det ferdige resultatet kan høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension som kom på marknaden seinare same året. I 1968 vart Jay Darlington fødd i engelske Sidcup, som vistnok ligg i Kent. Tangentmannen Darlington har ei fortid i bandet Kula Shaker og hjå meg kan han høyrast på plata Peasants, Pigs & Astronauts frå 1999. I New York City var Jimi Hendrix Experience i studio og spelte inn Voodoo Chile, den einaste singelen deira som enda opp med topplassering på listene. Det hendte i oktober 1970. I 1972 var Johnny Cash heime i Hendersonville og spela inn I Got A Boy And His Name Is John, ein duett han song med kona June Carter Cash. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Children’s Album frå 1975. I 1976 gav Aerosmith ut plata Rocks, der ein finn klassikarar som Back In The Saddle og Last Child. I 1999 gav Suede ut si fjerde studioplate, Head Music. I 2005 døyde Pierre Moerlen.
Andre mai
Andre mai 1945 kom John Raymond Goadsby til verda i kanadiske Toronto. Tangentmannen Goldy McJohn gjorde suksess med det amerikanske hardrockbandet Steppenwolf, og i mi platehylle kan han høyrast på bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 1968. I 1951 kom bassisten John Glascock til verda i engelske Islington. Bassisten Glascock spelte i Jethro Tull frå 1975 til han døyde i 1979 og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Old To Die (1976) og Heavy Horses (1978). I 1956 vart David Rhodes fødd i London. Gitaristen Rhodes sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på Tori Amos si plate Little Earthquakes frå 1992. I 1962 kom Alain Johannes Moschulski til verda i den chilenske hovudstaden Santiago de Chile. Multiinstrumentalisten Alain Johannes er i mi platehylle lista som ein av ei lang rekkje gjestemusikarar på Queen Of The Stone Age sine studioplater Songs For The Deaf frå 2002, og Lullabies To Paralyze (2005). I 1968 slepte Aretha Franklin singelen Think, som gjekk til topps på R&B-listene i USA. I 1983 var Iron Maiden i hamnebyen Kingston upon Hull der dei innleia World Piece Tour. Eitt hundre og førti konsertar venta dei framstormande rockarane. I 1989 platedebuterte Neneh Cherry med Raw Like Sushi. I 1992 var Jethro Tull på scenen i London, Living In The Past frå denne konserten kan høyrast på konsertplata A Little Light Music som kom ut i september same året. I 1988 spelte Toy Dolls fjerde konserten på rad på Projeto SP i Sao Paolo og Melissa Etheridge platedebuterte med ei sjølvtituelert plate som klatra til tjueandreplass på den meritterte Bilboard 200-lista. I 1989 slepte The Cure si åttande studioplate, den fekk tittelen Disintegration. I 1995 gav Bob Dylan ut konsertplata MTV Unplugged, som var spelt inn over to kveldar i november året før. I 1997 kunne singelen Hollywood kjøpast. Artist var The Cranberries. I 1998 spelte No Fun At All andre av to konsertar på Club Quatro i Tokyo, delar av konserten kan høyrast på konsertplata Live In Tokyo. I 2006 opna Neil Young for nedlasting av det kritikarroste albumet Living With War der han gav den rådande Bush-administrasjonen og deira krig i oljestaten Irak det glatte laget. Sjølve plata vart ikkje tilgjengeleg i butikkar før ei veke seinare. I 2013 døyde Jeff Hanneman. I 2014 døyde Jessica Cleaves.
01.05.2017
Fyrste mai
Fyrste mai 1945 kom Rita Coolidge til verda i Lafayette i Tennessee. Coolidge leverte hits nok til å sikre seg ei rekkje Grammy-nominasjonar på syttitalet, i tillegg var ho ei stund gift med Kris Kristofferson, noko som resulterte i dottera Casey. Hjå meg kan Coolidge høyrast medan ho yt vokalhjelp på eitt av spora på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1952 vart Philip King fødd i irske Cork. Hjå meg kan King høyrast medan han syng sine eigne melodiarrangement for Sinead O’Connor på plata I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. I 1953 kom Glen Ballard til verda i Natchez i Mississippi. Produsenten Ballard er i mi platehylle kreditert for å spele både gitar og keyboard på Alanis Morissette sine plater Jagged Little Pill frå 1995, og Supposed Former Infatuation Junkie (1998). I 1954 vart Ray Erskine Parker jr. fødd i Detroit i Michigan. Gitaristen Ray Parker jr. vert gjerne knytt til soullegenda Barry White, men kan hjå meg høyrast på Marvin Gaye si studioplate I Want You frå 1976, og Boz Scags si plate Dig frå 2001. I 1966 kom Charles Brandt til verda i Cherry Point i North Carolina. Bassisten Johnny Colt var ein av originalmedlemmene i The Black Crowes, men sa takk for seg i bandet i 1997. I dag spelar Colt med sørstatslegendene Lynyrd Skynyrd. I mi platehylle finn du Colt sitt arbeid på platene The Souther Harmony And Musical Companion (1992) og Amorica (1994), begge kreditert The Black Crowes. I 1968 kom D’arcy Elizabeth Wretzky til verda i South Haven i Michigan. Bassisten D’arcy Wretzky si musikalske karriere omfattar spel på The Smashing Pumpkins sine fem fyrste studioplater og i mi platehylle kan ho høyrast på Gish (1991), Siamese Dream (1993), Melon Collie And The Infinite Sadness (1995) og Machina/The Machines Of God (2000), samt samleplata Greatest Hits (1998). I 1970 vart Bernard Joseph Butler fødd nord i London. Gitaristen Bernard Butler sitt ettermæle er sikra etter at han var med å starte Suede. Hjå meg kan Butler høyrast på studioplatene Dog Man Star (1994), Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til samleplata Sci-Fi Lullabies (1997), som inneheld B-sidene av bandet sine singlar frå dei tre fyrste studioplatene. I 1973 kom Tord Riiser til verda. Trommisen Riiser spelte i Trang Fødsel frå 1997 til 2009 og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Feber frå 1998. I 1975 vart Aslak Rakli Hartberg fødd i Oslo. Kontrabassisten Aslak Hartberg var med i rapgruppa Klovner I Kamp og hjå meg kan han høyrast på plata Bjølsen Hospital frå 2001. I 1977 kom Rebecca Bahling til verda i Rochester Hills i Michigan. Songerinna Becky Baeling skal vist nok ha spela inn eit spor eller to på eiga hand, i mi platehylle kan ho høyrast med vokalhjelp på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1979 gjekk dei skinnkledde gutane i Ramones i gang med innspelinga av den fyrste plata dei gjorde i samarbeid med den legendariske produsenten Phil Spector. Seansen gjekk føre seg i Gold Star Studios i East Hollywood i den amerikanske solskinsstaten og tok heile tre veker, svært lang tid for ei plateinnspeling i Ramones sitt univers. Innspelingane enda til slutt opp som plata End Of The Century seinare same året. I 1982 vert dagen hugsa for at Toy Dolls kom til England sin nest største by, Birmingham, for å spele i Digbeth Civic Hall. I 1987 gav det skotske bandet Deacon Blue ut debutplata si, Raintown, der dei, forutan tittelsporet, song om han som ser ut som Spencer Tracy. I 1988 heldt Toy Dolls sin tredje konsert av fire på rad i Projeto SP i Sao Paolo. I 1998 spelte No Fun At All fyrste av to konsertar på Club Quatro i Tokyo, delar av konserten kan høyrast på konsertplata Live In Tokyo. I 2010 spelte Manic Street Preachers i Grieghallen i Bergen, men eg fekk diverre ikkje høve til å vere tilstades denne gongen.
30.04.2017
Trettiande april
Trettiande april 1933 kom Willie Hugh Nelson til verda i Abbot i skytegale Texas. Etter som eg ikkje er verdas største countryfan, var Willie Nelson lenge berre representert med ei samling av det beste han gjorde saman med kvartetten Highwayman, der han song i lag med stjernelaget Johnny Cash, Kris Kristoferson og Waylon Jennings. Men no er samlinga utvida, og studioplatene Stardust, frå 1977, og Across The Borderline, er kjøpt inn. Stardust vart spela inn med Booker T. Jones, mest kjend frå eit av verdas beste backingband, Booker T. & The MGs, bak spakane, og med mellom anna verdas beste kordame Emmylou Harris med i studio. I 1948 kom Wayne Kramer til verda i Detroit i Michigan. Kramer, som har vore innom Rolling Stone Magazine si topp hundre liste over verdas best gitaristar, kan i mi platesamling høyrast medan han bråkar i det amerikanske bandet MC5 på plata Back In The USA frå 1970. I 1957 var dette dagen verda fekk endeleg fekk stifte kjennskap til Elvis Presley sin legendariske versjon av Jailhouse Rock frå filmen med same namn. Musikken var sjølvsagt ved husbandet The Jordanairs. I 1968 kom Paolo Xisto Pinto Jr. til verda i solrike Belo Horizonte i Brazil. Paolo Jr. er bassist i Sepultura og er i dag einaste originalmedlem som er att i bandet. Hjå meg kan Pinto høyrast på plata Arise. Sundag trettiande april 1978 vart Brett Detar fødd i Greensburg i Pennsylvania. Detar har ei fortid som gitarist i Zao og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate Where Blood And Fire Bring Rest frå 1998. Same dag spela Cheap Trick andre og siste konsert av det som skulle ende opp som den trippel platina seljande konsertplata Cheap Trick At Budokan. Og på andre sida av jorda kunne AC/DC opplevast i levande live på The Apollo, i det som er fødebyen for dei to gitarspelande brørne Young, Glasgow i Skotland. Utdrag av denne konserten vart til konsertplata If You Want Blood, You’ve Got It, som kom på marknaden i oktober same året. I tillegg kan klassikarane Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog og Let There Be Rock både høyrast og sjåast på den dobbel DVD’en Plug Me In, som over to plater oppsummerar to vokalistar sitt arbeid for bandet. Riff Raff og Fling Thing/Rocker frå same kvelden må nytast på DVD-plata Family Jewels der ein også finn Rock’n Roll Damnation. I 1983 døyde Muddy Waters. I 1988 fekk dei frammøtte i Projeto SP i Sao Paolo sjå Toy Dolls sin andre konsert av fire på like mange dagar i same lokalet.
29.04.2017
Tjueniande april
Tjueniande april 1938 vart Klaus Voormann fødd i Berlin. Bassisten Voormann er best kjend for å designe omslag for andre artistar sine plater, men i mi platehylle kan du høyre han spele bass for Lou Reed på plata Transformer frå 1972, og på utvalde spor på samleplata The Best Of Carly Simon, som Carly Simon slepte i 1975. I 1958 spelte Count Basie med storband inn songen Fair And Warmer med solistane Benny Powel, trombone, og Billy Mitchell på tenorsaksofon. Resultatet kan nytast på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1962 kom Sveinung Lillebjerka til verda. Fiolinisten Lillebjerka kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Tre Små Kinesere si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1966 var The Byrds i studio og spela inn Mr. Spaceman og What’s Happening?!?!, for bruk på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimensjon, som kom på marknaden seinare same året. I 1970 vart Jari Kainulainen fødd i finske Helsinki. Bassisten Kainulainen spelar til dagleg i Stratovarius og kan hjå meg høyrast på bandet si tredje studioplate Dreamspace frå 1994. I 1973 kom Mike Hogan til verda i irske Limerick. Bassisten Hogan er ein kjent restaurantør i heimbyen, men hjå meg er det på dei to The Cranberries-platene Everybody Else Is Doing It So Why Can’t We (1993), og To The Faitful Departed (1996) ein finn merittane hans. I 1988 var Toy Dolls i Sao Paolo for å spele på Projeto SP. Dette var fyrste av fire konsertar på rappen i same lokalet. I 1993 døyde ein av mine store heltar, gitaristen Mick Ronson av kreft i levera. Ein av verdas beste rockegitaristar var borte for alltid. Eg var heldig og fekk sjå og høyre Ronson saman med Ian Hunter og band på Maxime i Bergen i 1989. Konserten vart omtala som ein av dei beste i Bergen til då og er framleis ein av dei beste konsertane eg har vore på. Perler frå heile Hunter/Ronson samarbeidet, inkludert Mott The Hoople-æraen, kom som perler på ein snor. Irene Wild, All The Young Dudes og Just Another Night er høgdepunkta eg hugsar best. I 1996 gav irske The Cranberries ut plata To The Faithful Departed. Plata var bandet si tredje og resulterte i fem singelplater. I 1997 slepte sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd plata Twenty, der den tidlegare trommevikaren Rickey Medlock var attende i bandet, som fast medlem og på gitar denne gongen. Tittelen refererar til at det var tjue år sidan flyulukka som tok livet av to av dei originale bandmedlemmene. I 2003 platedebuterte Yeah Yeah Yeahs med Fever To Tell, som sikra dei ein Grammy-nominasjon i klassen for beste alternativalbum, og som har selt i meir enn ein million eksemplar. I 2011 spelte The Stranglers ein uforglemmeleg konsert på Ole Bull Scene som ein del av festivalen Bergenfest i Bergen. Seinare på kvelden var Glen Matlock og bandet The Phillestines og underheldt på Garage, også det i Bergen.
28.04.2017
Tjueåttande april
Tjueåttande april 1947 vart Steve Kahn fødd i Los Angeles i California. Jazzgitaristen Kahn si merittliste er milelang, og hjå meg kan han høyrast på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1952 kom Charles Alfred Leavell til verda i Birmingham i Alabama. Pianisten Chuck Leavell vert av mange rekna som ein av dei framste i verda innom sitt felt og har spela med både The Allman Brothers Band og Rolling Stones. Hjå meg kan Leavell høyrast medan han trakterar tangentane på plata Hot Number, som The Fabolous Thunderbirds gav ut i 1987, og på Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992, samt på utvalde spor på samleplata Jump Back – The Best Of Rolling Stones, som Rolling Stones slepte i 1993. I 1953 vart Kim Althea Gordon fødd i Rochester i delstaten New York. Kim Gordon er best kjend som bassist og vokalist i det amerikanske alternativbandet Sonic Youth, som ho var med å grunnleggje saman med eksmannen Thurston Moore i 1981, og som prydar platehylla mi med studioplatene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street frå 2002. I 1954 kom Frank Jakobsen til verda. Trommisen Jakobsen har ein omfattande CV som omfattar spel med dei beste i det bergenske jazzmiljøet. Hjå meg kan Jakobsen sitt arbeid nytast på Trang Fødsel si plate Hybel frå 1997. I 1955 kom Edwin Jobson til verda i engelske Billingham. Tangentmannen Eddie Billingham sitt arbeid kan hjå meg høyrast på Roxy Music si samleplate More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. I 1958 nytta bandleiaren Count Basie dagen til å ta med seg bandet i studio og spela inn Moten Swing, solistar var Frank Wess på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. Resultatet kan høyrast på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1960 kom Rolf Graf til verda i Oslo. Bassisten Graf gjorde seg best merkt med bandet Lava, men spelte også med Randy Crawford og fleire andre, både nasjonalt og internasjonalt. Hjå meg kan Graf sitt basspel høyrast på studioplata Absolutt Bare Egil Band, som var Bare Egil Band si debutplate i 1996, og samleplatene 21 Beste (Olav Stedje), Absolutt Prima Vera (Prima Vera) og Trond-Viggos Beste (Trond-Viggo Torgersen). Graf Døyde i 2013. Elvis Presley var i studio og spelte inn sin versjon av songen Wooden Heart. I 1961 fullførde Johnny Cash innspelinga av My God Is Real, som i tillegg til Hymns From The Heart kan høyrast på plata God frå 2000. I 1962 vart Arild Totland fødd i nærleiken av Salhus. Trommisen Totland slo seg saman med Vinskvetten i 1985 og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. I 1978 var Cheap Trick i Tokyo og gjorde den fyrste av to konsertar som vart miksa saman til den legendariske konsertplata Cheap Trick At Budokan. I 1983 nytta Iron Maiden dagen til og sleppe singelen Flight Of Icarus. Songen om mannen med fuglefjør på armane klatra til ellevteplassen på listene.
27.04.2017
Tjuesjuande april
Tjuesjuande april 1927 vart Conrad Henry Kirnon fødd i Tuckahoe i New York. Trommisen Connie Kay spelte i Modern Jazz Quartet i nesten førti år frå 1955 og frametter, hjå meg kan Kay høyrast på studioplata The Offbeat Of Avenues, som The Manhattan Transfer sleptei 1991, samt på utvalde spor på Van Morrison si doble samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. Connie Kay døyde i 1994. I 1942 kom James Lee Keltner til verda i Tulsa i kvegstaten Oklahoma. Trommeslagaren Jim Keltner livnærer studiomusikar, og han vert rekna som ein av verdas beste i sin bransje. Hjå meg kan Keltner høyrast medan han heldt takten for Bob Dylan på plata Pat Garrett & Billy The Kid, som var lydsporet frå filmen med same namn som herja kinolerreta i 1973. Keltner han også høyrast på Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981, og på Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997 og var Dylan si trettiande utgjeving. Han er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3, som kom på markanden i 1991. Rytmesikre Keltner held også takten for Alice Cooper på studioplata From The Inside frå 1978, for Ramones på End Of The Century (1980), på Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, Vagabond Heart, som var Rod Stewart sitt bidrag til platemarknaden i 1991, Across The Borderline, som Willie Nelson slepte i 1993, og for Stones-mannen Mick Jagger på soloplata Wandering Spirit frå 1993 og synes som eit opplagt val då Rufus Wainwright platedebuterte med ei sjølvtituelert plate i 1998, og som om dette ikkje skulle vere nok kan Keltner også høyrast på i god takt på Neil Young si tjefemte studioplate Silver And Gold frå 2000. Keltner er også kreditert for trommespel på utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975, Greatest Hits, som Dolly Parton slepte i 1982, på John Lee Hooker si plate Best Of Friends, som kom på marknaden i 1998, samt på Classics, som oppsummerte J,J, Cale si karriere frå til 1999I 1944 kom Thomas Koppel til verda i ein svensk leir for danske krigsflyktningar. Seinare var Koppel med å starte det danske bandet Savage Rose. Saman med bandet sin vokalist, Anisette, ofra Koppel seg for fredsarbeid. Hjå meg høyrer du Koppel på to plater frå Savage Rose, Black Angel (1995) og Tameless frå 1998. Koppel døyde under ei feriereise til Puerto Rico i 2006. I universitetsbyen Berkley i California vart Herb Pedersen fødd. Hjå meg kan gitaristen Pedersen høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975, og på The Manhattan Transfer si plate The Offbeat Of Avenues frå 1991. I 1948 kom Cathrine Elisabeth Pierson i Weehawken i New Jersey. Songerinna Kate Pierson er vokalist og originalmedlem i B52s, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Wild Planet (1980), Cosmic Thing (1989) og Good Stuff (1992), i tillegg til samleplata Dance This Mess Around. The Best Of The B52’s (1986). Pierson kan også høyrast som den kvinnelege bakgrunnsvokalen på R.E.M si plate Out Of Time frå 1991, og på låta Chop Suey, som hjå meg kan høyrast på Ramones si sjette studioplate Pleasant Dreams frå 1981. I 1951 kom Paul Daniel Freley til verda i The Bronx i New York City. Gitaristen Ace Freley spelte i Kiss frå starten av karrieren til 1982. Han gjorde i tillegg eit etterlengta come back i 1996 og heldt den gongen ut med bandet til 2002. I tida utan Kiss har ”Space Man” pleia ei solokarriere med sitt eige band, Freley’s Comet, som enno ikkje har fått plass i mi platehylle. Hjå meg kan Freley høyrast på Love Gun (1977), Dynasty (1979), Music From The Elder (1981), i tillegg til samleplata Double Platinum frå 1978. I 1957 vart Adrian Utley fødd i engelske Northampton. Utley er best kjend for arbeidet han har gjort i Portishead og i mi platehylle kan han høyrast på studioplatene Dummy (1994) og Portishead (1997), samt at han er kreditert for å hjelpe Tom Jones på samarbeidsplata Reload frå 1999. I 1959 kom Marco Francesco Andrea Pirroni til verda i engelske Camden Town. Marco Pirroni spelte gitar i den andre utgåva av Adam & The Ants og kan hjå meg høyras på samleplata Dandy Highwaymen frå 2007. Han er også kreditert for gitarspel på Sinéad O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. I 1961 gjekk Johnny Cash i studio og hadde fyrste innspelingsdag for My God Is Real. Innspelinga vart fullførd dagen etter og enda opp på plata Hymns From The Heart. Produsentar var Don Was og Frank Jones. I 1964 var dette fyrste innspelingsdag, av to, for plata Cresent av John Coltrane Quartet. I 1976 vart Isobel Campbell fødd i den skotske storbyen Glasgow. Campbell er kjend som Belle i bandet Belle & Sebastian, eit band ho forlét i 2002. Ho er i dag ein mykje nytta artist og kan hjå meg høyrast medan ho spelar Cello på B&S-plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1987 slepte rockekamelonen David Bowie si syttande studioplate Never Let Me Down. I 1998 gav svenske Dark Funeral ut si andre plate Vobiscum Satanas, som jamnt over fekk gode kritikkar i den internsjonale metallpressa. I 2010 døyde Morris Perth same dag som 1349 gav ut plata Demonoir på selskapet Prosthetic Records og Gogol Bordello gav ut Trans Continental Hustle. I 2011 døyde Dag Stokke.
26.04.2017
Tjuesjette april
Tjuesjette april 1940 spelte ein særs produktiv Woodie Guthrie inn songane Talking Dust Bowl Blues, Blowin’ Down This Road, Do Re Mi, Tom Joad og Dusty Old Dust (So Long It’s Been Good To Know Yuh). Alle songane hadde folklegenda komponert sjølv og dette var dei fyrste innspelingane han gjorde for RCA Reccords. I 1961 kom journalisten, fotballspelaren og MFK-supporteren Knut Nesbø til verda. NRK-journalisten og fotballeksperten Nesbø er vetlebror av meir kjende forfattar Jo, og er gitarist i bandet Di Derre, som i mi platehylle er representert med platene Den Derre Med Di Derre (1993), Jenter & Sånn (1994) og Gym (1996). Nesbø døyde i 2013. I 1964 vart Tom Roger Aadland fødd i den filminterreserte sildabyen Haugesund. Musikaren Aadland er best kjend for plata Blod På Spora (2009), der han har omsett Bob Dylan-låtar frå plata Blood On The Tracks til norsk. Hjå meg finn du i tillegg debutplata Obviusly Embraced (2007) og Det Du Aldri Sa (2011), alle signerte av artisten personleg. I 1967 kom Darin Mooney til verda i England. Trommisen Mooney har slått takten for den avdøyde supergitaristen Gary Moore, men er best kjend for å tromme for Prima Scream. Hjå meg kan Mooney sitt arbeid høyrast på Primal Scream sine studioplater Xtrmntr (2000) og Beautiful Future (2008). I 1971 bydde kvelden på konsert med The Who på The Young Vic Theatre i London. Seansen vart festa til ljodband og songane Naked Eye og Water kan høyrast på nyugjevne versjonar av plata Who’s Next. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å sleppe singelen The Number Of The Beast, som meir enn tjue år seinare framleis står som sjølvaste signaturlåten for det høgtflygandet hardrockbandet. I 1984 døyde Count Basie. I 1994 gav Johnny Cash ut plata American Recordings, den fyrste plata i ein serie som etter kvart tel seks i talet. Produsent for denne plata med amerikanske var meisterprodusenten Rick Rubin, og dette var plata som revitaliserte den aldrande og fallerte Cash si karriere. I 2007 slepte Tori Amos plata American Doll Posse, dette var hennar niande studioplate og den siste på eit stort plateselskap. I 2012 døyde Jimmy Bond. I 2013 døyde George Jones.
25.04.2017
Tjuefemte april
Tjuefemte april 1917 vart den amerikanske jazzsongarinna Ella Jane Fitzgerald fødd i marinebyen Newport News i Virginia. Ella Fitzgerald var ein høgt skatta jazzartist som kunne la røysta klatre over tre oktavar, og som hausta ei rekkje Grammy-statuettar. I mi platehylle finn du ei av platene Fitzgerald gjorde i samarbeid med den like vidgjetne jazztrompetisten Louis Armstrong, Ella & Louis Again, som kom på marknaden fyrste gongen i 1957. Fitzgerald døyde i 1996. I 1945 vart Björn Kristian Ulvaeus fødd i svenske Göteborg. Björn Ulvaeus er meste kjend for å vere ein av grunnleggarane av ABBA og for samarbeidet sitt med Benny Andersson som i tillegg til millionsegjande pophits har resultert i musikalar som mellom anna Chess. I mi platehylle finn du Ulveus sitt arbeid på samleplatene The Hits (1990) og Abba Gold (19921). Mindre kjend er det at Stuart Alden Cook kom til verda. Dette skal ha skjedd i El Cerrito i California. Stu Cook sitt musikalske bidrag til denne verda er helst knytt til den perioden han var bassist i Creedence Clearwater Revival, og hjå meg kan han høyres på samleplata The Complete Hit-Album Vol.1. I 1950 kom trommeslagar Stephen Ferrone til verda i den engelske badebyen Brighton. Driftige Steve Ferrone var trommis for Average White Band frå 1974 til 1982, han har i tillegg spelt med store artistar som Tom Petty, Slash, Duran Duran og Chaka Kahn. I mi platehylle kan Ferrone sitt taktfaste arbeid høyrast på samleplata The Best Of Average White Band, i tillegg til The B52’s si studioplate Cosmic Thing (1989), City Streets, som var Carole King sitt bidrag til platehyllene det året, Eric Clapton si konsertplate Unplugged (1992), og Unchained, som Johnny Cash gav ut i 1996. Ferrone er også kreditert for å halde takten på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music (1995), og Unearthed, som Johnny Cash sitt dødsbu slepte i 2003. I 1958 vart Derek William Dick fødd i skotske Edinburgh. Fish var i mange år vokalist og frontmann i Marillion og kan hjå meg høyrast på debutplata Script For A Jester’s Tear frå 1983. I 1962 vart Lars Georg Christian Falk fødd i Stockholm. Musikaren og plateprodusenten Christian Falk var bassist i Imperiet og hjå meg kan han høyrast på studioplata Synd frå 1986, i tillegg til samleplata Imperiet Kickar – Singlar 1981-1987 frå 1990. Falk døyde i 2014. I 1965 kom Eric Adam Avery til verda i Los Angeles i California. Eric Avery var bassist i Jane’s Addiction, der han hjå meg kan høyrast på debutplata Nothing’s Shocking frå 1998. Avery har også lånt ut tenestene sine til Alanis Morissette og kan høyrast på platene Under Rug Swept (2002), og So-Called Caos frå 2004. I 1973 vart Nicholas Howard Barker fødd i engelske Chesterfield. Trommeslagaren Nicholas Barker var ein av grunnleggjarane av Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på debutplata Principle Of Evil Made Flesh frå 1994. Barker har også vore ein periode innom norske Dimmu Borgir. I 1988 døyde Carolyn Franklin. I 1994 gav Blur ut si tredje studioplate, Parklife. I 1995 platedebuterte Diana King med Tougher Than Love. I 2000 kom Barry White med samleplata The Ultimate Collection, og Neil Young slepte si tjuefemte studioplate Silver And Gold.
24.04.2017
Tjuefjerde april
Tjuefjerde april 1916 kom Estel Eldon Shamblin til verda i Clinton i Oklahoma. Gitaristen Eldon Shamblin har spelt med dei fleste som spelar Western-swing og i mi platehylle kan han høyrast på utvalde spor på samleplata Route 66, som Asleep At The Wheel slepte i 1992. Shamblin døyde i 1998. I 1944 vart Anthony Edward Visconti fødd i Brooklyn i New York City. Plateprodusenten Tony Visconti har produsert fleire av David Bowie sine plater og på fleire av dei har han også spela med. Hjå meg kan Visconti høyrast på plata Space Oddity frå 1969, i tillegg til The Dandy Warhols si plate Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1945 kom Douglas Clifford til verda i Palo Alto i California. Doug Clifford spelte trommer i hippielegendene Creedence Clearwater Revival som hjå meg kan nytast på ei uoffisiell samleplate med tittelen The Complete Hit-Album Vol 1. I 1950 vart Robert Andrew Hyman til verda i Meriden i Connecticut. Rob Hyman var ein av grunnleggarane av det amerikanske bandet The Hooters og har to bidrag i mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1951 vart Nigel Harrison fødd i engelske Stockport. Bassisten Harrison spelte med Blondie frå 1977 til 1982, og kan i mi platehylle høyrast på plata Parallel Lines frå 1978. Harrison var også tiltenkt rolla som bassist i eit attforeina Blondie, men vart utelaten i siste liten. Før dei gylne Blondie-åra spelte Harrison mellom anna med det engelske glamrockbandet Silverhead og mi samling byr på godbitane Silverhead’s First frå 1972 og 16 And Savaged frå 1973. I 1957 kom David John Haskins til verda i engelske Northampton. David J. spelar bass i Bauhaus og i mi platehylle kan han høyrast på plata In The Flat Fields frå 1980. Same dag vart Boris Peter Bransby-Williams fødd i franske Versailles. Boris Williams slo seg saman med The Cure i 1984, eit samarbeid som vara til 1993, og mi platehylle byr på studioplatene Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me (1987) og Disintegration (1989). I 1963 kom William David Gould til verda i Los Angeles i California. Billy Gould er best kjend som bassist i San Francisco-bandet Faith No More, som herja listene for ei tid tilbake, og kan hjå meg høyrast på studioplatene Angel Dust (1992), King For A Day, Fool For A Lifetime (1995) og Album Of The Year, som kom på marknaden i 1997. I 1967 vart Magnus Grønneberg fødd i plankebyen Fredrikstad. Grønneberg har herja dei norske platelistene med bandet CC Cowboys i ei årrekkje og kan i mi platehylle nytast på samleplata Ecco – CC Cowboys best. I Marysville i Washington kom Patricia Theresa Schemel til verda. Trommeslagaren Patty Schemel var lenge Kurt Kobain sin favoritt til plassen på trommestolen i Nirvana, etter at Chad Canning sa takk for seg. I staden fekk Schemel, etter varme tilrådingar frå Kobain, tilbod om jobben som takthaldar for Hole, og det er på deira studioplate Celebrity Skin frå 1998 arbeidet hennar kan høyrast i mi platehylle. I 1997 slepte Lisa Stansfield si fjerde studioplate, ei plate som bar hennar eing namn.
23.04.2017
Tjuetredje april
Tjuetredje april 1936 kom den amerikanske artisten Roy Kelton Orbison til verda i småbyen Vernon nord i skytegale Texas. Mystiske Roy Orbison var ein av pionerane i rock’n roll, men tok seg seinare ein lang tur ut av det energikrevjande rampelyset. Falsettsyngjande Orbison dukka etter kvart opp som ein av medlemmene av supergruppa The Travelling Wilburys og fekk med det ein viss renesanse på tampen av karrieren. Orbison døyde av eit hjerteinnfarkt i 1988. I 1947 kom bassisten Glenn Cornick til verda i engelske Barrow-In-Furness. Cornick livnærte seg som bassist i Jethro Tull frå starten i 1967 og fram til 1970. Hjå meg kan Cornick høyrast på studioplatene This Was (1968) og Aqualung (1971), i tillegg til utvalde spor på samleplata M.U. The Best Of Jethro Tull, som kom på marknaden i 1976. Cornick døyde i 2014. I 1960 vart James Robert Talbot fødd i London. Saksofonisten Jamie Talbot kan hjå meg høyrast i godt driv på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997, og på Amy Winehouse si plate Back To Back frå 2006. Talbot er også kreditert for glitrande saksofonspel på Teenage Fanclub si studioplate Songs From Northern Britain frå 1997, og på to spor på Tom Jones si samarbeidsplate Reload frå 1999. I 1965 vart John Paul McBain fødd i New Jersey. Gitaristen John McBain sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Hater si sjølvtitulerte debutplate frå 1993. I 1971 kom Viggo Krüger til verda. Gitaristen Krüger er medlem av bandet Pogo Pops og hjå meg høyrer du gitarspelet hans på bandet sine to fyrste soloplater Pop Trip (1992) og Crash (1993). I 1976 slepte Jethro Tull plata med den sjølvreflekterande tittelen Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die. I 1988 var dette dagen Iron Maiden-fansen endeleg kunne kjøpa plata Seventh Son Of A Seventh Son. Og det gjorde dei, plata debuterte med fyrsteplass på dei engelske platelistene. I 1982 slepte The Clash singelen Know Your Rights, som klatra til ein førtitredjeplass på dei engelske singellistene. I 1990 platedebuterte Inspiral Carpets med Life. I 1991 vart datoen prega av at den tidlegare New York Dolls-gitaristen Johnny Thunders vart funnen daud, In Cold Blod, på eit hotellrom i New Orleans i Louisana. Rykta og spekulasjonane om at gode gamle Johnny vart teken av dage for at nokon skulle kunne stikke av med alt dopen hans har heldt seg i livet fram til i dag, sjølv om det, som vanleg i slike saker, offisielt ikkje finst prov for at noko kriminelt har hendt den slitne rockaren. I 1993 spelte Dream Theater på legendariske Marquee Club i London. For oss som ikkje hadde høve til å vere tilstades på konserten, vart det gjort opptak som kan høyrast på konsertplata Live At The Marquee, som kom på marknaden seinare same året. I 2002 slepte Wilco si fjerde studioplate Yankee Hotel Foxtrot. I 2012 døyde Tommy Marth og Chris Ethridge.
Abonner på:
Innlegg (Atom)