31.01.2012
Trettifyrste januar
Trettifyrste januar 1944 kom bluesartisten Charlie Musselwhite til verda i Kosciusko i elvestaten Mississippi. Musselwhite skal vist nok ha vore inspirasjonen til Dan Akroyd sin film Blues Brothers, sjølv om dette ikkje er stadfesta frå noko hald. I mi platesamling kan Musselwhite høyrast medan han spelar Blues Harp på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1949 kom Frank Ricotti til verda i London. Ricotti kan hjå meg høyrast medan han spelar perkusjon for Amy Winehouse på plata Back To Back frå 2006. I 1967 var Janis Joplin og spelte på The Matrix i San Francisco. Ein medley av Amazing Grace og Hi Heel Sneekers, som skal stamma frå denne seansen, kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. Musikken var ved Big Brother And The Holding Company. I 1979 var Johnny Cash i studio og spela inn The Greatest Cowboy Of Them All som kom ut på plata A Believer Sings The Truth. Songen kan i mi platesamling høyrast på samleplata God frå 2000. I 1981 vart Justin Randal Timberlake fødd i Memphiss i Tennessee. Fødestaden reflekterar ikkje unge Timberlake sin musikkstil, han har ei fortid i boybandet N’Sync. I dag pleiar han si eiga syngje og danse karriere. Same kveld var dei svenske pønkarane Ebba Grön, med Joachim Tåström i spissen på Ultrahuset i Handen. Låtane Ung & Kåt og Staten & Kapitalet kan høyrast på plata Ebba Grön Live. I 1994 gav Tori Amos ut den vakre og lågmælte plata Under The Pink. I 2000 kom Primal Scream med plata XTRMNTR. NME rangerte plata som den nest beste plata som kom på marknaden det året og konkurrenten Q-Magazine fann året etter plass til albumet på deira liste over 50 Heaviest Albums Of All Time. I 2009 døyde Dewey Martin. I 2010 fekk den kanadiske superstjerna Neil Young sin aller fyrste Grammy-statuett. Eg trur eg har mange med meg når eg hevdar ei slik utmerking kom minst førti år for seint. I 2011 gav Kaizers Orchestra ut plata Violetta Violetta.
30.01.2012
Trettiande januar
Trettiande januar 1951 kom Philip David Charles Collins til verda i London. Phil Collins si karriere heng for det meste saman med det han har gjor som trommeslagar og vokalist for det britiske progrockbandet Genesis. I mi platehylle står plata We Can’t Dance frå 1991. I 1971 spela Neil Young inn The Needle And The Damage Done i Royce Hall ved UCLA. Har du, som meg, platene Harvest eller Greatest Hits har du høve til å høyre denne songen kvar einaste dag. I 1984 døyde Luke Kelly. I 1989 gav Jerry Garcia og dei andre hippieveteranane i Grateful Dead ut liveplata Dylan & The Dead saman med kompisen Bob Dylan. Innspelinga var gjort under ein felles turné sumaren 1987. I 2002 stod Brian Wilson på scenen i Royal Festival Hall.
29.01.2012
Tjueniande januar
Tjueniande januar 1947 kom David Byron til verda i Epping i Essex, han nytta då etternamnet Garrick. Byron hadde ei fortid som songar i gruppa Spice før han slo seg saman med resten av den langhåra gjengen i Uriah Heep i 1969. David Byron rakk å gje ut ti plater med dette bandet før han fekk sparken i 1976. Byron levde rockemyte til det fulle og døyde ein lite ærefull død av skrumplever i 1985. I 1949 vart Tommy Ramone fødd som Thomas Erderlyi ved Donau sine bredder i den ungarske hovudstaden Budapest. Tommy Ramone er kjent som den originale trommeslagaren i Ramones og er i skrivande stund den einaste gjenlevande originalmedlemmen av dei skinnkledde. I 1954 kom Richard Blum til verda i Bronx i New York City. Handsome Dick Manitoba er The Dictators sitt hemmelege våpen og kan høyrast på plata Go Girl Crazy frå 1975. I 1966 spela Johnny Cash inn songen Joe Bean, som fekk plass på plata Everybody Loves A Nut og i tillegg kan høyrast på plata Murder frå 2000. Han spela også inn The Sound Of Laughter som ikkje vart ikkje offisielt utgjeven den gongen, men også den kan i dag høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1985 gav Yello ut si fjerde studioplate, Stella, som inneheld singelen Oh, Yeah, kjend frå den amerikanske filmen som fekk norsk tittel Skulk Med Stil og kom på kino i 1986. I 1991 slepte Jesus Jones si andre studioplate, Doubt. I 2002 spelte Beach Boys-grunnleggjaren Brian Wilson i Royal Festival Hall i London på denne datoen. I 2008 gav supergruppa The Mars Volta ut plata The Bedlam In Goliath, som var bandet si fjerde studioplate.
28.01.2012
Tjueåttande januar
Tjueåttande januar 1945 kom Soft Machine-legenda Robert Wyatt-Ellidge til verda i universitetsbyen Bristol. Robert Wyatt vert rekna som ein av sin generasjon sin mest innflytelsesrike musikarar og har gjeve ut ei rekkje plater. Mi platehylle byr på plata Comicopera, som inneheld ein versjon av Anja Garbarek-songen Stay Tuned og kom på marknaden i 2007. I 1963 vart gitaristen Dan Spitz fødd. Spitz trakterte gitaren i Anthrax i to periodar, frå 1983 til 1995 og frå 2005 til 2007. I mi platehylle kan Spitz sitt gitarspel høyrast på Anthrax-platene State Of Euphoria (1988) og Persistence Of Time frå 1990. I 1974 var Johnny Cash i studio i Hendersonville og spela inn Ragged Old Flag til bruk på plata med same namn. I 1977 viste den tyske fjernsynskanalen ARD eit opptak av AC/DC gjort i Circus Krone i München september året før. DVD-en Plug Me In byr på eit opptak frå denne kvelden. I 1982 kom Toy Dolls til Smuglers Arm i Stanley. I 2002 spelte Brian Wilson i Royal Festival Hall i London. I 2003 oppsummerte Faith No More karrieren sin med samleplata This Is It: The Best Of Faith No More. I 2004 døyde Mel Pritchard.
27.01.2012
Tjuesjuande januar
Tjuesjuande januar 1957 vart Elvis Presley sin fyrste RCA-singel utgjeven. Heartbreak Hotel nådde fyrsteplass på dei amerikanske listene, men nådde aldri høgare enn #2 i England. På denne dagen vart også gitaristen Janick Robert Gers fødd. Janick Gers har spela i fleire band gjennom karrieren sin, men det er nok flest som har høyrd han som gitarist i Iron Maiden, eit band han slo seg saman med i 1990. I 1961 vart Margo Timmins fødd i Montreal. Saman med brørne Michael og Peter starta Margo bandet Cowboy Junkies i 1985. I 1968 kom Michael Allen Patton til verda i den jordskjelvutsette byen Eureka i California. Allsidige Mike Patton var vokalist i Faith No More, som er representert med tre titlar hjå meg. I 1983 stod Toy Dolls på scenen på Le Metro i Sunderland. I 1985 var Toy Dolls i Den Haag og spela på Paarduntrouse. I 1997 slepte Reef plata Glow. I 2002 spelte den myteomspunne ”strandguten” Brian Wilson den fyrste av fire konsertar i Royal Festival Hall i London der heile Beach Boys si mykje omtala Pet Sounds plate frå 1966 vert framførd. Konsertane vart foreviga på band og resultatet kan høyrast på plata Pet Sounds Live. I 2004 døyde Mel Pritchard, same dag som elecktronicabandet Air slepte si fjerde studioplate, Talkie Walkie.
26.01.2012
Tjuesjette januar
Tjuesjette januar 1953 kom Lucinda Williams til verda i Lake Charles i Louisianna. Williams platedebuterte i 1978, utan at det vart mykje mediemerksemd av det. Media si interesse vart derimot vekt etter at Williams vart tildelt Grammy i 1994, og då plata Car Wheels On A Gravel Road kom i 1998 våkna platekjøparane også. I 1966 var Johnny Cash i studio og foreviga Austin Prison som enda opp på plata Everybody Loves A Nut. Songen kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1979 spela Johnny Cash inn When He Comes som vart gjeven ut på plata A Believer Sings The Truth. Songen kan i mi platesamling høyrast på samleplata God frå 2000. I 1983 held Toy Dolls konsert på Fandangos i Hexham. I 1985 var det Simplon i Groningen som kunne skryte av at dei arrangerte konsert med Toy Dolls. Same dag døyde Kenny Clarke. I 1986 hadde The Ritz i New York vitjing av Toy Dolls. I 2009 gav dei skotske indierockarane i Franz Ferdinand ut den tredje studioplata si, ho heit Tonight: Franz Ferdinand.
Tjuefemte januar
Tjuefemte januar 1955 var dagen Terry Chimes kom til verda i London. Chimes er mest kjent for jobben han gjorde med å halde styr trommer og takt i den engelske punkgruppa The Clash. I 1956 vart Andrew Cox fødd i Birmingham. Gitaristen Andy Cox er ein av grunnleggjarane av kultbandet Fine Young Cannibals. I 1966 var The Byrds i studio for å spela inn hippiesongen framføre nokon annan, Eight Miles High, ein song som kan nytast på plata Fifth Dimension. I 1979 var det Oh Come, Angel Band som fekk evig liv i Johnny Cash sin versjon. Songen kan høyrast på både A Believer Sings The Truth og samleplata God frå 2000. I 1981 var Ebba Grön på EFMD i Västa Haninge. Låtane Alla Visa Män, Hat & Blod og Slicka Uppåt, Sparka Heråt kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Totenhosen i Saarbrücken. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til California, nærare bestemt Los Angeles, for å spele på Fenders. I 2011 gav Motörhead ut plata The Wörld Is Yours. Her kan det vere greitt å merkje seg at sjølv om dette er informasjon som er henta frå bandet si eiga nettside, så har det seg slik at plata fekk plass i mi platehylle ein månad tidlegare, noko som visar at det som burde vere truverdig informasjon frå dei ulike banda sine offisielle nettstader ikkje alltid er heilt til å stole på.
Tjuefjerde januar
Tjuefjerde januar 1947 kom Warren William Zevon til verda i Chicago. Warren Zevon flytta til California som trettenåring, men etter foreldra si skilsmisse flytta han til New York for å verte visesongar. Frå 1965 leverte han ei rekkje kritikarroste plater og deltok på ei rekkje andre artistar sine produksjonar. Zevon vert rekna som ein musikarfavoritt og var høgt respektert i det amerikanske musikkmiljøet. Zevon døyde av lungekreft i 2003. I 1948 vart den engelske skodespelaren og musikaren Michael Phillip Des Barres fødd. Des Barres har gjort seg best kjend gjennom arbeidet sitt som skodespelar, med mellom anna ei rolle i den amerikanske serien McGyver, men hjå meg er det som musikar han utmerkar seg. Des Barres har ei fortid som vokalist i det engelske glamrockebandet Silverhead og kan høyrast på platene Silverhead’s First (1972) og 16 And Savaged (1973). I 1949 kom John Adam Belushi til verda i Wheaton i Illinois. John Belushi herja med ei rekkje hysteriske sketsjar på den amerikanske komedieinstitusjonen Saturday Night Live på syttitalet, men har fått plass i denne bloggen på grunn av arbeidet han gjordet med kultbandet The Blues Brothers. Hjå meg kan “Joliet” Jake Blues høyrast på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978. Belushi døyde i 1982. I 1953 kom bassisten James Hutchinson til verda i Cambridge Massachusetts. Hutch Hutchinson sitt bidrag til mi platehylle finn du på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1965 spela The Byrds inn Why (Single Version), som er eit av seks bonusspor som har fått plass på Cd-versjonen av plata. I 1976 var Gasolin i aksjon i Holstebro. Nanna, med supergitaristen Franz Beckerlee på mundharpe, Smukke Linda, 1975 og På Banen (Derudaf) kan høyrast på samleplata Derudaf -Forever. I 1985 var Toy Dolls å finne i Kempton Youth Club. I 1989 gjekk Melissa Etheridge i studio for å starte innspelinga av den vanskelege andreplata, som i hennar tilfelle fekk tittelen Brave And Crazy. I 2005 gav The Chemical Brothers ut si femte studioplate, Push The Button, som selde til gull og vart nominert til Grammy. I 2006 slepte P.O.D. si sjette studioplate, Testify. I 2009 døyde Leonard Gaskin.
Tjuetredje januar
Tjuetredje januar 1926 vart bassisten Curtis Counce fødd i Los Angeles. Counce sitt kjenslege basspel kan hjå meg høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. Counce døyde i 1963. I 1953 var dette dagen Cheap Trick-vokalisten Robin Zander kom til verda i Beloit. Zander si gjennomtrengande røyst har hypnotisert jenter i alle aldrar sidan bandet starta og er perfekt til å framføre gitarist Rick Nielsen sine surrealistiske songar. I 1956 vart Ralph Carney fødd i Akron i Ohio. Carney lev av å traktere ei rekkje blåseinstrument og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar både trompet og saksofon på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1959 fekk Johnny Cash hjelp av produsent Don Law til å spele inn ti songar i Nashville, alle kan høyrast på plata Hymns og vert her ramsa opp i tilfeldig rekkefølgje: I Saw A Man; Are All The Children In; Lead Me Gently Home; Snow In His Hair; I Call Him; These Things Shall Pass; He’ll Be A Friend; God Will; The Old Account; Swing Low, Sweet Chariot. Dei to siste kan også høyrast på samleplata God frå 2000. I 1985 er Toy Dolls igjen over grensa til Sveits for å spele på Rote Fabrik i bankbyen Zürich. I 1986 spelte Toy Dolls på gata i Sacramento.
Tjueandre januar
Tjueandre januar 1924 vart jazzmusikaren James Louis Johnson fødd i Indianapolis. Johnson sin CV inneheld spel med orkestarleiarar som Count Bassie og Charlie Parker. I mi platesamling kan J.J. Johnson høyrast medan han spelar trombone for Miles Davis på plata Birth Of The Cool som kom på marknaden i 1957. Johnson døyde i 2001. I 1960 kom Lars Fredrik Beckstrøm til verda. Beckstrøm er best kjend for å spele bass i de Lillos, men har også ei eiga karriere under eige namn og i Lars Beckstrøm Kvartett. I mi platehylle finn du, i tillegg til dei obligatoriske de Lillos-platene, Lykkens Kalosjer, eit soloprosjekt som Beckstrøm gav ut under eige namn i 1997. Michael Kelland John Hutchence deler fødselsdag med Beckstrøm. Michael Hutchence var vokalist i det australske bandet INXS i ein tjueårsperiode fram til han døyde i 1997. I 1968 kom Aretha Franklin si plate Aretha: Lady Soul. I 1969 vart Elvis Presley sin versjon av Suspicious Minds spela inn. I 1980 la Madness seg fint til å tredjeplass på singellista med My Girl, medan i 1985 var turen endeleg komen for München å oppleve Toy Dolls, det hendte på Alabamahalle. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Wilson Theatre i rosinbyen Fresno. I 1993 døyde Helno Rota. I 1997 kom singelen When You’re Gone frå The Cranberries.
Tjuefyrste januar
Tjuefyrste januar 1949 var trompetlegenda Miles Davis i New York og spelte inn songane Move, Jeru, Budo og Godchild. Med seg på denne legendariske sesjonen hadde Davis eit stjernelag beståande av Kai Winding på trombone, Junior Collins på fransk horn, John Barber, som spelte tuba, Lee Konitz brilleerte på altsaksofon, Gerry Mulligan var mannen på barytonsaksofon, Al Haig trakterte tangentane, Joe Shulman spelte bass og Max Roach heldt takten. Desse innspelingane kan nytast på plata Birth Of The Cool. I 1951 vart muskaren Ben Mink fødd i Toronto. Mink kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar for k.d. Lang på plata Watershed frå 2008. I 1956 kom tidlegare W.A.S.P.-trommeslagar Steve Riley til verda. Han spelte i bandet frå 1984 til 1987 og hjå meg kan han høyrast på samleplata First Blod. Last Cuts. I 1970 slepte Aretha Franklin singelen Call Me, komponist og tekstforfattar var souldronninga i eigen person. I 1975 var dette fyrste dag i studio for Joan Baez med band. Resultatet enda opp som plata Diamonds And Rust, som kom seinare same år og vert rekna som ei av Baez sine betre plater. I 1983 var Legions Club i Amble vertskap for Toy Dolls. I 1984 var Toy Dolls attende i heimlandet etter eit utanlandsopphald og spelte på Carlisle City Hall.
Tjuande januar
Tjuande januar 1929 kom trommeslagaren Jimmy Wilbur Cobb til verda i Washington D.C. Cobb kan hjå meg høyrast medan han held takten for Miles Davis på platen Kind Of Blue frå 1959 og Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1945 fekk verda musikaren Eric Michael Stewart. Eric Stewart tenestegjorde i 10cc frå 1972 til 1995. I 1948 vart trommeslagaren Melvyn Paul Pritchard fødd i Oldham. Mel Pritchard heldt, fram til han døyde av eit hjarteinfarkt i 2004, takten for Barclay James Harvest. I 1951 kom bassisten Ian Frank Hill til verda i West Bromwich. Hill har tent sitt daglege brød som ein del av rytmeseksjonen i Judas Priest. I 1952 kom Kiss-gitarist og vokalist og posørrockar nummer ein Paul Stanley til verda i New York med det karismatiske namnet Stanley Harvey Eisen. Unge Stanley sitt bidrag til rocken har kan hende ikkje alltid hausta like stor åtgaum, men han er, om ein skal tru pressa, musikalsk ansvarlig i Kiss og det seier sitt. I 1961 var Elvis Presley i studio og spela inn In The Ghetto. I 1968 fekk Dylan-låten All Along The Watchtower evig liv i Jimi Hendrix Experience sin versjon. Singelen nådde sjetteplass i England, medan USA løna prestasjonen med ein tjuandeplass. I 1969 kom Nicholas Allen Jones til verda i walisiske Blackwood. Under artistnamnet Nicky Wire har Jones gjort suksess som bassist i det walisiske rockebandet Manic Street Preachers. Fredag tjuande januar 1985 var Brøndby-hallen i København åstad for ein konsert med metallikona i Judas Priest. Dei som ikkje nådde fram til kongens by, men som tilfeldigvis oppheldt seg i Stuttgart kunne i staden oppleve Toy Dolls på Krockodil. I 1986 fekk Palo Alto vitjing av Toy Dolls, dei kunne høyrast på The Stone. I 1996 døyde jazzmusikaren Gerry Mulligan.
Abonner på:
Innlegg (Atom)