31.03.2011

Trettifyrste mars


Trettifyrste mars 1944 kom gitaristen Michael Geoffrey Ralphs til verda. Mick Ralphs er ein av grunnleggarane av både Mott The Hoople og Bad Company. Sjølv er eg livslang fan av Mott The Hoople og Ralphs sitt elegante gitarspel er sjølvsagt grundig dokumentert i mi platehylle. I 1955 skjedde det som gjør at det vert feira Angus Young dag for alle tilhengjarar av ekte gitarbasert hardrock. På denne dagen vart AC/DC-gitarist og rockegnom Angus McKinnon Young fødd i den falleferdige skotske storbyen Glasgow. Angus er kjent som den alltid like energiske og hardtarbeidande sologitaristen og det sjølvsagte midtpunktet på ein AC/DC-konsert. Fråhaldsmannen Angus er også midtpunktet på alle platene AC/DC har spela inn sidan 1974. Med feite riff og drivande soloar er han bindeleddet mellom solid komp frå storebror Malcolm og resten av bandet, og den hese vokalen til vokalist Brian Johnson. Eg er stolt eigar av meir enn ei handfull AC/DC-plater og videoar og tek gjerne fram luftgitaren til heimekos på seine kveldar. I 1970 spelte Cornelis Vreeswijk inn Första Vackra Dan I Maj. Songen kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1976 nytta Led Zeppelin dagen til å gje ut si sjuande studioplate, Precense. I 1984 var Toy Dolls utanlands igjen og spelte sin fyrste konsert i Nederland, det skjedde på Simplon i Groningen. I 1986 leverte Twisted Sister eit forrykande show på scenen i det som var den tida sitt fyrsteval for store konsertar i Noreg, Drammenshallen, oppvarmar var UFO og underteikna var sjølvsagt tilstades.

30.03.2011

Trettiande mars

.

Trettiande mars 1964 kom gitaristen og songskaparen Tracy Chapman til verda i “Home Of Rock’n Roll Hall Of Fame”, Cleveland i Ohio. Chapman slo gjennom med ei sjølvtittelert debutplate i 1988, og det er nettopp denne som prydar mi platehylle. Seinare har Chapman levert fleire sterke album, desse kjem eg vonleg attende til seinare. I 1967 kom Martin Ivor Kent til verda i Cheltenham. Kent har gjort seg kjend som medlem av det engelske hardrockbandet Skunk Anansie og kan i mi platehylle høyrast på plata Stoosh frå 1996. I 1982 bydde dagen på konsert med Toy Dolls, dei hadde teke turen til Derby for å spele på Lonsdale College. I 1998 gav tyske Modern Talking ut plata som annonserte at dei var Back For Good, diverre

29.03.2011

Tjueniande mars


Tjueniande mars 1943 kom komikaren Eric Idle til verda i engelske South Shields. Idle gjorde seg kjend som ein av skodespelarane i den elleville truppen Monty Python, som herja fjernsynsskjermane frå slutten av sekstitalet og utover. Idle er mannen bak dei fleste av komikargjengen sine songar og hjå meg kan han høyrast saman med resten av gjengen på samleplata Monty Python Sings frå 1998. I 1959 vart Perry Farrell fødd og tildelt døypenamnet Peretz Bernstein. Farrell var vokalist og leiar for det amerikanske alternativbandet Jane’s Addicition og mi platesamling byr på debutplata Nothing’s Shocking frå 1988. Farrell har også vore med i band som Porno For Pyros og Lollapaloza. I 1973 gjekk Gasolin i Rosenberstudioet i København og spelte inn songen Som Et Streif Af En Dråbe. Produsent var Freddy Hanson. I 1980 slepte Billy Joel plata Glass Houses, ei av dei betre produkta frå hans side. Dagen i 1982 var ein merkedag for alle tilhengjarar av grom hardrock, då vart forrykande The Number Of The Beast slept laus på uskuldige platekjøparar, og dei langhåra mennene som spelar og syng er sjølvsagt bandet som framleis kallar seg for Iron Maiden. I 1985 spelte Violent Femmes på The Oriental Theater i Milwaukee. Ein radioreklame for showet kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. På same dato i 2002 var den moderne hippien Manu Chao på scenen i den meksikanske hovudstaden Mexico by. Det må vere lov å tru at dette var eit forrykande show i den gamle aztekarbyen. I 2001 døyde John Lewis. I 2006 gjekk jazzmusikaren Don Alias bort.

28.03.2011

Tjueåttande mars


Tjueåttande mars 1941 vart Charlie Ray McCoy fødd i Oak Hill, West Virginia. Charles McCoy har gjeve ut halvanna dusin soloplater og er ein høgt skatta studiomusikar, best kjend for å spele munnspel. Han har sidan tidleg på 1960-talet spelt med mange kjende artistar, som mellom anna Roy Orbison og Elvis Presley. I mi platesamling kan Charlie høyrast på Johnny Cash-plata Orange Blossom Special frå 1965, og på platene Highway 61 Revisited (1965) og Blonde On Blonde (1966) av Bob Dylan. McCoy er også kreditert for å spele bass på Bob Dylan-plata John Wesley Harding frå 1967. I 1948 kom tangentfantomen John Evan til verda og fekk fullt namn John Spencer Evans. Han spelte keyboard i Jethro Tull frå 1970 til 1980, og kan hjå meg høyrast på platene Aqualung, Thick As A Brick, Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Young To Die og Heavy Horses. I 1965 fekk verda ein gitarist i Steve Turner, som er kjend frå mellom anna banda Mudhoney og Green River. I mi platesamling kan Turner høyrast medan han spelar på supergruppa The Monkeywrench si debutplate Clean As A Broke-Dick Dog frå 1992. I 1970 var Janis Joplin i Columbia Studio D i Los Angeles og spelte inn songen One Night Stand saman med Paul Butterfield Blues Band. Innspelinga var produsert av Todd Rundgren og kan hjå meg høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. I 1972 spelte Elvis Presley inn Burning Love. Bakgrunnsvokalen var det J.D. Sumner og The Stamps som stod for. I 1983 var Dingwalls i Newcastle vertskap for kveldens Toy Dolls-konsert. I 1987 var Toy Dolls i Brest for å spele i Salle Les Hes Pertides. I 1991 kom den svenske superduoen Roxette med plata Joyride. Duoen si tredje studioplate har seld i meir ein tolv millionar eksemplar over heile verda.

27.03.2011

Tjuesjuande mars

Tjuesjuande mars 1942 kom Gasolin-bassisten Wili Jönsson til verda og eg tykker dette er ein passande stad å nemne at eg har dei fleste Gasolin-platene og trivst med det. Eg trur This Is My Life var den fyrste Gasolin-songen eg høyrde ein gong på syttitalet, i dag er det nok andre songar eg set minst like stor pris på, men det er likevel inga tvil, det er mitt liv. I 1947 vart Andrew Steven Bown fødd. Andy Bown har spela saman med Peter Frampton og gjeve ut ei rekkje soloalbum, han har også spelt keyboard i Status Quo på meir eller mindre permanent basis sidan 1973 og kan i mi platesamling høyrast på Status Quo-platene Rock ’Til You Drop frå 1991 og Live Alive Quo frå 1992. I 1950 kom Anthony George Banks til verda. Tony Banks var ein av grunnleggjarane av Genisis, der han for det meste spelte keyboard. I 1959 kom keyboardspelaren Andrew Charles Farriss til verda i Perth på den australske vestkysten. Saman med brørne Jon og Tim starta Andrew Farriss INXS i 1977 og har levd godt av det sidan. I 1961 kom Brian Tristan til verda. Kid Congo Powers erstatta Bryan Gregory i The Cramps og kan høyrast på plata Off The Bone frå 1983. Kid Congo Powers har også vore innom Nick Cave sitt backingband The Bad Seeds. I 1962 var Elvis Presley i studio på denne dagen og song om eit brev han fekk attende frå postmannen. The Jordanairs stod for musikken på songen som heiter Return To Sender. I 1965 slepte Bob Dylan plata Bring It All Back Home, der Bruce Langhorne briljerte på gitar. I 1971 fekk den allsidige musikaren Dave Pegg ein son, også han med musikken som leveveg. Matt Pegg sitt basspel kan høyrast på Jethro Tull-plata Catfish Rising frå 1991. I 1978 slepte Lynyrd Skynyrd singelen You Got That Right. I 1987 stod Toy Dolls på scenen i Salle Communale i Saint Gilles. I 2000 forlét ein av dei store syttitalsikona, bandleiaren Ian Dury, denne verda etter ei tids sjukdom. Den polioramma rockaren var aktiv til det siste og vert sakna av alle oss som er glad i Sex, Drugs & Rock’n Roll. Songen med same namn kan høyrast på plata New Boots And Panities som kan lånast av underteikna om du ikkje har pengar til å kjøpe ho sjølv.

26.03.2011

Tjuesjette mars


Tjuesjette mars 1942 kom pianisten og produsenten Larry Butler til verda i byen som er best kjend for å huse flybasen Pensacola. Butler hadde eit tett samarbeid med Johnny Cash tidleg på syttitalet og spelar piano på fleire av slagarane hans. Hjå meg kan du høyre Butler spele piano på konsertplata Johnny Cash på Ôsteråker. I 1948 vart Stephen Victor Tallarico fødd. Steven Taylor har hatt sitt levebrød som vokalist i Aerosmith. Taylor er for mange betre kjend for å ha større lepper enn Mick Jagger og for å ha ei dotter som er finare enn Mick Jagger si, enn for sjølve synginga si, som til tider kan vere ganske anstrengandes. Dette er likevel mannen bak hits som Walk This Way og Sweet Emotions og skal heidrast for det. I 1965 kom George Emanuell III til verda i den amerikanske delstaten Washington. Under artistnamnet Trey Azagthoth har han gjort seg merkt som gitarist og tangentmann i death metall-bandet Morbid Angel, og fleire omtykte musikkmagasin hevdar han er av dei beste gitaristane i sin sjanger. I 1968 kom gitaristen James Yoshiniobu Iha til verda i Chicago. Iha er best kjend for arbeidet sitt med The Smashing Pumpkins og kan hjå meg høyrast på tre av bandet sine titlar. I 1972 spela kultbandet Mott the Hoople på ein trasig klubb i nærleiken av den sveitsiske bankbyen Zürich. Konserten var den siste før Mott the Hoople vart oppløyst for fyrste gongen og den seinare innspela songen Ballad Of Mott skal visst nok handle om denne hendinga. I 1980 gav den tidlegare Mott The Hoople-vokalisten Ian Hunter ut konsertplata Welcome To The Club, som var spelt inn på The Roxy Theatre i West Hollywood november året før. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på Club Avcard i franske Tours. I 1988 slepte Iron Maiden singelen Can I Play With Madness. Singelen storma inn på ein tredjeplass på listene og var den fyrste av fire topp ti singlar frå plata Seventh Son Of A Seventh Son. Same kveld var Toy Dolls i idylliske Linköping og underheldt frammøtte svenskar på Arris. I 1991 slepte Bob Dylan fyrste trippel-CD i ein serie kalla The Bootleg series, denne har undertittelen Rare And Unreleased 1961-1991, og inneheld ei nærast endelaus rekkje raritetar. I 2002 måtte Randy Castillo gje tapt for kreften.

25.03.2011

Tjuefemte mars

Tjuefemte mars 1942 vart soullegenda Aretha Louise Franklin fødd i countrybyen Memphis. Aretha Franklin sin opptreden, med låten Think, i den udøydelege filmen The Blues Brothers er i høgste grad med å heve standarden på filmen. Dama hadde, då filmen vart spela inn, allereie markert seg med ei rekkje legendariske hits som har sikra ho legendestatus i musikkmiljøet. Hjå meg finn du samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. frå 1994. I 1946 kom The Funky Doctor, Stephen Kupka, til verda i universitetsbyen Berkeley på den amerikanske vestkysten. Kupka er ein av grunnleggarane av bandet Tower Of Power, men hjå meg er det på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992, saksofonspelet hans kan høyrast. I 1963 spelte Johnny Cash inn den framleis mykje radiospelte songen Ring Of Fire som fekk plass på plata med same namn. Songen vart ein stor hit og kan også høyrast på dei fleste samleplater med Johnny Cash, mellom anna Love frå 2000. Den elles så griske familien, som styrer dødsbuet etter The Man In Black, har heldigvis nekta å la denne låta reklamere for hemorroidekrem. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Darlington Arts Centre. I 1987 spelte Toy Dolls i Salle Monisoye i Besancon. I 1988 kunne Toy Dolls høyrast på Angered i Göteborg. I 1991 slepte Rod Stewart plata Vagabond Heart. I 1997 gav Queensryche ut plata Hear In The Now Frontier, ei plate som på grunn av flørtinga med den nye og utskjelte musikkstilen Grunge vart forbigått i tagnad av dei fleste av den mest trufaste fansenbasen, som bandet hadde brukt lang tid på å bygge opp. I 2003 slepte Linkin Park si andre studioplate, Meteora, som har seld i meir enn ti millionar eksemplar verda over. I 2006 døyde countryartisten Buck Owens.

24.03.2011

Tjuefjerde mars

Tjuefjerde mars 1972 gav Slade ut liveplata Slade Alive som inneheldt drivande gode versjonar av John Sebastian sin Darling Be Home Soon, og det som av mange vert rekna som den fyrste hardrocksongen, kanadiske Mars Bonfire sin Born To Be Wild, som Steppenwolf tidlegare hadde herja platelistene med. I 1975 kunne dei som var interessert i slikt kjøpe Lynyrd Skynyrd si plate Nuthin’ Fancy, som inneheldt mellom anna Saturday Night Special. Denne songen kan også høyrast på samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd, som er sørstatsbandet sitt bidrag til mi platehylle. I 1979 var dette dagen Motörhead slepte den hardtslåande plata Overkill laus på folket. Eg innrømmer at denne plata har passert fingrane mine og her trengs det skjerping, men dei fleste låtane er nok representert på fleire samleplater og eg ser ikkje bort frå at originalen vert handla inn snart. I 1981 var Toy Dolls på plass og rocka for dei frammøtte i Working Mans Club i Kelloe. I 1987 hadde dei same karane i Toy Dolls teke turen over kanalen og kunne opplevast på Rex i Paris. I 1988 var det ganske sikkert høg stemning når Toy Dolls underheldt studentar og andre på Smallands Nation i universitetsbyen Lund. I 1994 spela Johnny Cash inn ein monoversjon av songen Redemption. Han fekk også festa Oh, Burry Me Not (Introduktion: A Cowboy's Prayer) til band. Produsent var legenda Rick Rubin og begge songane enda opp på plata American Recordings, den fyrste i ein serie på fleire studioplater som avslutta karrieren til The Man In Black, men begge songane kan i tillegg høyrast på samleplata God frå 2000.

23.03.2011

Tjuetredje mars

Tjuetredje mars 1949 kom Richard T. Otcasek til verda i Baltimore. Under artistnamnet Ric Ocasek var han i perioden 1976 til 1988 leiar av The Cars, som hadde fleire storselgjande plater under hans leiarskap. Ocasek har sidan pleia ei mindre påakta solokarriere og er i dag ein mykje nytta produsent. I 1950 fekk verda Phil Lanzon. Lanzon sin CV visar at han har spela med artistar som Mick Ronson og Sweet. Lanzon har spela keyboard for Uriah Heep sidan 1986 og kan i mi platesamling høyrast på plata Raging Silence frå 1989. I 1960 kom Elvis Presley sin fyrste singel etter avtent militærteneste i Tyskland. Stuck On You nådde fyrsteplassen i USA, men nådde aldri høgare enn nummer tre i den viktigaste marknaden på denne sida av blåmyra, England. Eit år seinare, i 1961, var same Elvis Presley i studio og gav evig liv til Can’t Help Falling In Love. Musikken var ved The Jordanairs. I 1968 kom den engelske songaren Damon Albarn til verda. Økobonden Albarn har gjort seg merkt som songar i det ein gong så populære britpop-bandet Blur, som har fått så mykje som seks titlar på plass i mi samling. I 1973 slepte Pink Floyd megasuksessen Dark Side Of The Moon, som herja platelistene verda over i nesten ein generasjon etter, og framleis skal vere den plata som har lege lengst samanhengande på den prestisjetunge platelista Billboard 200. I 1988 var dette datoen Toy Dolls kunne opplevast på Underground i svenske Vaxlo. I 1990 bydde denne dagen på plateutgjeving frå ZZ Top og namnet på den nye babyen var Recycler.

22.03.2011

Tjueandre mars

Tjueandre mars 1944 vart studiomusikaren Christopher Stainton fødd i stålbyen Sheffield. Chris Stainton har spela tangentar for mange store engelske musikarar, og lista tel namn som Eric Clapton og Joe Cocker. I mi platehylle finn du Stainton sitt tangentspel høyrast på Ian Hunter si andre soloplate All American Alien Boys frå 1976, der han også trakterar bassen på songen Restless Youth. I 1957 var singelen All Shook Up i platehyllene. Artisten som stod for underhaldninga var ein ung Elvis Presley og plata klatra heilt til fyrsteplassen, ni veker i USA, sju i England. I 1965 gav Bob Dylan ut plata Bringing It All Back Home. Denne plata står i mi platehylle med tittelen Subterranean Homesick Blues, truleg fordi dette er den best kjende songen på originalplata. Mellom musikarane som hjelpte Dylan med å skape godlyd på plata finn ein trommeslagaern Bobby Gregg, bassisten John Boone, gitaristane Al Gorgoni og Bruce Longhorn, bassisten Joseph Macho Jr. og pianisten Frank Owens. I 1977 kom John Everett Otto til verda i Jacksonville i Florida. Trommeslagar John Otto held takten rapmetallbandet Limp Bizkit, ein jobb han har hatt sidan han var med å starte bandet i 1994, og han kan hjå meg høyrast på plata New Old Songs. I 1980 nytta Birmingham sin store son, Ozzy Osbourne, denne dagen til å byrje innspelinga av den fyrste soloplata etter at han forlét Black Sabbath. Soloplata fekk namnet Blizzard Of Oz, og det handplukka bandet bestod av den no avdøydde gitaristen Randy Rhoads, Bob Daisley på bass, medan Lee Kerslake sat bak trommene. I 1981 kunne Toy Dolls opplevast i Durham, frå scenen i West Cornforth Club. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å innleie den europeiske delen av Beast on the Road turneen og trettitre konsertar venta metallhungrige europearar. I 1988 stod Toy Dolls på scenen på Oden i Karlskrona.

21.03.2011

Tjuefyrste mars

Tjuefyrste mars 1952 kom Andrew Maynard Parker til verda i Cheshunt. Andy Parker slo seg saman med resten av UFO som syttenåring i 1969, og har har vore fast medlem av bandet fram til i dag, med unnatak av eit opphald i perioden 2005-2007, då han, av medisinske årsaker, var tvungen til å gje frå seg trommestolen i bandet til Jason Bonham. Eg var heldig og fekk både sjå og høyre Parker då UFO varma opp for Twisted Sister i Drammenshallen i 1986, og platehylla mi byr på plata Obsession frå 1978. I 1961 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York og spela inn Teo, I Thought About You og Blues No 2. Alle tre spora kan høyrast på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1982 var Newcastle Polytechnic vertskap for Toy Dolls. I 2005 slepte Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze, bak spakane i kontrollrommet sat superprodusent Joe Barresi.

20.03.2011

Tjuande mars

Tjuande mars 1935 kom trommeslagaren Sam Lay til verda i Birmingham, Alabama. Lay har tromma så bra at det har gjeve han plass i Blues Hall Of Fame og i mi platesamling kan han høyrast medan han held takten for Bob Dylan på plata Highway 61 Revisited frå 1965. I 1951 fekk verda den amerikanske gitaristen James Lawrence Vaughan, ein eldre bror av den meir kjende Stevie Ray Vaughan. Jimmie Vaughan er best kjend for tida han tente som gitarist i den texanske bluesgruppa The Fabulous Thunderbirds, eit band han var med å starte saman med Kim Wilson i 1974. Jimmie sitt gitarspel er minst like sofistikert som det broren kunne by på, og heime hjå meg kan det nytast på plata Hot Number frå 1987. I 1959 kom walisaren Ian Fredrick Rossiter til verda. Under aliaset Owen If opptrer Rossiter i Stereo MC’s. I 1960 var The Jordanaires innom studio og hjelpte Elvis Presley med å skape godlyd under innspelinga av Stuck On You. Samstundes var fru MacDonnell i barselseng, avkommet James er kjent som Slim Jim Phantom og trakterar trommene i rockabillygruppa Stray Cats. I 1961 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York og spela inn songane Someday My Prince Will Come, i to ulike versjonar, og Old Folks. Alle versjonane kan høyrast på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1969 var Neil Young og kompisane hans i Crazy Horse i Wally Heider Recording Studios og spela inn songen om kaneljenta, Cinnamon Girl. Platene Everybody Knows This Is Nowhere og Greatest Hits er rett stad å leite for dei som vil låne øyret til denne slagaren, som også kan høyrast på ei rekkje andre samleplater. I 1972 kom Alexander Paul Kapranos Huntley til verda i Almondsbury. Alex Kapranos er frontfigur i det skotske indiebandet Franz Ferdinand der han både syng og spelar gitar. I 1978 var Gasolin på plass i Sweet Silence Studio i kongens by, København. Songen med den meiningsbærande tittelen U Lu La Lu vart foreviga for ettertida og produsent var Freddy Hansson i samarbeid med bandet. På denne tidlege vårdagen i 1982 var Toy Dolls enno ein gong på plass i South Shields for å spele på Shore Line. I 1997 døyde Ronnie Barron.