31.12.2010

Trettifyrste desember

Trettifyrste desember 1951 vart Tom Hamilton fødd på årets siste dag. Hamilton har tent godt til livets opphald som bassist i dei amerikanske rockedinosaurane Aerosmith og har sikkert ikkje angra på det karrierevalet. Bandet har tross alt selt fleire millionar plater sidan den spe byrjinga seint på sekstitalet. I mi platehylle kan ein høyre Hamilton sitt basspel på platene Draw The Line og Rocks som kom på marknaden høvesvis i 1976 og 1977. I 1963 vart Scott Ian Rosenfeldt fødd i Jamaica, N.Y. Scott Ian er gitarist, vokalist og ubestridt leiar av det amerikanske skateboard-hardrockbandet Anthrax og er representert med tre titlar i mi hylle, foreløpig. I 1973 spela AC/DC sitt fyrste offisielle show på nyttårsafta. Det hendte i Sydney, Australia og om dei små guttane med den store lyden levde opp til den partymyten dei har slått om seg med resten av karrieren, var det nok fyrste januar og langt ut i 1974 før dei gav seg. I 1979 vart året avslutta med at Toy Dolls var underhaldninga på nyttårsfesten i Harveys Restaurant i Sunderland. I 1997 ebba året ut saman med pianisten Floyd Cramer. Det var neppe det som var årsak til at det vart sendt opp fyrverkeri den kvelden. I 2001 slepte elektronikaduoen Röyksopp plata Melody A.M. Og med det passar det å ynskje dei som har følgd med på det som er skrive i denne bloggen så langt eit godt nytt år, eg vonar de kjem til å følgje med på oppdateringane som vonleg kjem flittig i det nye året.

30.12.2010

Trettiande desember

Trettiande desember 1946 kom Patricia Lee Smith til verda. Folk flest kjenner dama som den amerikanske punkdronninga Patti Smith og dei som ikkje har digga kjempehiten Because The Night burde skamme seg. Platene Easter (1978) og Peace And Noice frå 1997 er så langt på plass i mi hylle, og fleire står sjølvsagt på ynskjelista. Ein annan stad i verda, i London, såg Clive William Bunker dagens ljos. Clive Bunker er trommeslagar legning og ein av grunnleggjarane av Jethro Tull, der han heldt takten fram til 1971. Bunker kan hjå meg høyrast på platene This Was og Aqualung. Han har seinare gjort trommeteneste i band som Bloodwyn Pig og Manfred Mann. I 1972 spelte Lou Reed saman med The Totts på Main Point i Philadelphia. Dette var fyrste konsert der han presenterte materiale frå den fyrste soloplata si, Transformer, som kom på marknaden tidlegare same månad. I 1979 var det indierock på programmet i Old Club i Shildon, og sjølvsagt var det Toy Dolls som stod for romjulsunderhaldninga.

29.12.2010

Tjueniande desember

Tjueniande desember 1947 kom Colin Flooks til verda. Under artistnamnet Cozy Powel gjorde Flooks stor suksess som trommeslagar for ei rekkje tungrockband, som mellom anna Black Sabbath, MSG og Whitesnake. I mi platehylle kan Powel høyrast når han held takten for Richie Blackmore sitt band Rainbow på plata Long Live Rock’n Roll frå 1978. Powel døyde i ei bilulukke i Bristol i 1998. I 1961 vart Jim Reid fødd i Glasgow. Jim Reid har livnært seg som vokalist i det skotske bandet Jesus And The Mary Chain og er representert i mi platehylle med studioplata Darklands frå 1987 og samleplata The Sound Of Speed. I 1969 gav Grand Funk Railroad ut si andre studioplate, som fekk titelen Grand Funk. I 1979 sa Sunderland velkomen til Toy Dolls. Det hendte i Hepworth & Grandage Club.

28.12.2010

Tjueåttande desember

Tjueåttande desember 1946 stod jubelen i taket hjå familien Winter, då vetle John fekk ein vetlebror. Edgar Winter trakterar keyboard og saxofon og har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand. Hjå meg må du enn så lenge nøye deg med å høyre han på ulike klipp kreditert den meir merriterte storebroren sin, Johnny Winter. I 1981 fekk Norseman Hotel i Peterlee atter ein gong dei hardtarbeidande pønkarane i Toy Dolls på vitjing. I 1989 spelte Toy Dolls to konsertar i Club Quatro i Tokyo. Fyrste opptreden var klokka seks om ettermiddagen og klokka halv ni var det sanneleg på an igjen.

Tjuesjuande desember

Tjuesjuande desember 1944 kom den engelske gitaristen Michael Leslie Jones til verda. Mick Jones er best kjend som ein av grunnleggarane av bandet Foreigner, men hjå meg er det som gitarist på Billy Joel si plate Storm Front frå 1989 han kan høyrast. I 1967 gav Bob Dylan ut plata John Wesley Harding. Dette var hans åttande studioplate. I 1980 stod Toy Dolls for romjulsunderhaldning i Steels Club i Sunderland. I 1989 var Toy Dolls på scenen i Club Quatro i Tokyo. Konserten er tilgjengeleg for ettertida på plata Twenty two tunes live from Tokyo. I 2004 døyde Hank Garland.

26.12.2010

Tjuesjette desember

Tjuesjette desember 1947 kom bassisten George Porter Jr til verda i jazzhovudstaden New Orleans. Porter var med å starte bandet The Meters på midten av 1960-talet, men kan hjå meg høyrast på Tori Amos si plate Under The Pink. I 1951 vart gitaristen John Scofield fødd i Dayton i Ohio. Scofield har ei merittliste som er lengre enn eit vondt år, men hjå meg må ein enn så lenge nøye seg med å høyre han på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. Sama dag kom gitaristen Paul Anthony Quinn til verda i Barnsley. Paul Quinn si karriere er sentrert rundt det engelske hardrockbandet Saxon og han kan høyrast på plata Wheels Of Steel frå 1980. I 1957 kom trompetisten Guy Barker til verda. I mi platesamling vert han lagt merke til for å spele flygelhorn på More Than I Can Bear på Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. I 1966 er dette dagen det vert hevda Jimi Hendrix skreiv songen Purple Haze. I 1989 var Toy Dolls sin verdsturne komen fram til Osaka i Japan. Muse Hall var staden det hendte for Toy Dolls-fansen denne kvelden, og det hendte like godt to gongar, fyrst klokka seks om ettermiddagen, sidan halv ni.

25.12.2010

Tjuefemte desember

Tjuefemte desember 1939 var verdsmetropolen New York velsigna med perkussisjonisten Charles ”Don” Alias. Don Alias spelte i lag med fleire store namn, som mellom anna Weather Report og Herbie Hancock. I mi platesamling kan Alias høyrast på Ian Hunter si plate All American Alien Boys frå 1976 og på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. Alias gjekk bort i 2006. I 1945 kom Ian Kilmister til verda i fotballbyen Stoke-On-Trent. Han er i dag kjent mest kjent som Lemmy, sjefen over alle sjefar i verdas tøffaste rockeband, Motörhead. Lemmy har ei fortid som roadie for gitarguruen Jimi Hendrix og som bassist og vokalist i det legendariske undergrundsbandet Hawkwind før han stabla på beina sitt eige band midt på 1970-talet. Lemmy sin eksit frå Hawkwind skuldast eit uheldig møte med det kanadiske grensepolitiet. Resten av bandet, med grunnleggar Dave Brock i spissen hadde ikkje tid til å vente på at bassisten skulle sone ferdig for smuglingsforsøk av eit par marihuanasigarettar, eit grovt brotsverk den gongen. Julegåva 2010 omfatta den nyaste Motörhead-plata, The Wörld Is Yours, så det var ei vellukka høgtid. I 1948 vart den amerikanske soulsongerinna Merry Clayton fødd i Louisiana. Clayton har ei allsidig karriere både som soloartist og korist for andre og kan hjå meg høyrast på Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1957 kom kultikonet Shane Patrick Lysaght MacGovan til verda i landsbyen Pembury i det engelske grevskapet Kent. MacGovan er, saman med Jem Finer og Spider Stacy ein av grunnleggarane av det fantastiske folkpunkbandet The Pogues. Før tida med The Pogues hadde Shane eit mindre kjend band med namnet The Nipple Erectors. Tungt alkoholiserte Shane har også gjeve ut plater saman med The Popes og begge hovudattraksjonane er sjølvsagt på plass i mi platehylle. MacGovan kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. MacGovan er elles kjend for å vere verdsmeister i tannlegeskrekk, noko som skal ha resultert i ein tanngard vanlege folk ikkje ville vere stolt av. I 1958 var songerinna Alannah Myles fødd i Ontario i Canada. Myles slo gjennom med kjempehitten Black Velvet i 1990, men hjå meg er det på to andre plater, den minst like gode andreplata Rockinghorse frå 1992, og Arrival frå 1998, ho kan høyrast. I 1963 kom Noël Rota til verda i Paris. Under namnet Helno eller Helno Rota gjorde mannen kjempesuksess som vokalist i det fantastiske bandet Les Negresses Vertes, som voks fram på den franske undergrunnscena på slutten av åttitalet. Rota sang på dei to beste studioplatene frå bandet, Mlah (1988) og Famillie Nombreuse (1991), før han døyde av ein overdose heroin i 1993. I 1979 var det Toy Dolls som var juleunderhaldninga i Northon Workmens Club i Stockton. I 2006 døyde James Brown.

24.12.2010

Tjuefjerde desember

Tjuefjerde desember, sjølvaste juleafta, 1970 kom Will Oldham til verda i Louisville i Kentucky. Under artistnamnet Bonnie ”Prince” Billy har Oldham herja alternativscena sidan 1993, der han har skapt seg eit stort namn. Enno står ingen av hans eigne produksjonar i platehylle, men fortvil ikkje, for Bonnie ”Prince” Billy kan høyrast medan han syng saman med Johnny Cash på sin eigen song I See Darkness, som er å finne på plata Americana III: Solitary Man frå 2000. I 1981 bydde Birds Nest i Hartlepool til julefest med Toy Dolls som underhaldning. I 1983 var julestemninga sikra på Tin Can i Birmingham då Toy Dolls ringte jula inn. I 1989 spela Toy Dolls eit ettermiddagsshow på Street i Tokyo, og om kvelden var det E.L.L i Nagoya som fekk vitjing av dei hardarbeidande indierockarane frå Nordaust-England. I 1990 slepte Iron Maiden singelen Bring Your Daughter ... To The Slaughter som toppa listene i England i dei neste to vekene.

23.12.2010

Tjuetredje desember

Tjuetredje desember 1951 kom bassisten Doug Stegmeyer til verda på Long Island. Stegmeyer er best kjend for samarbeidet sitt med Billy Joel og kan i mi platesamling høyrast på konsertplata Kohucept frå 1987. Den stødige bassisten fekk etter kvart sparken frå Joel sitt band og ein desillusjonert Stegmeyer døyde for eiga hand i 1995. I 1966 vart trommeslagaren Bobby Schayer fødd i det som vist nok skal vere englane sin by, Los Angeles. Kvifor denne er plassert på den amerikanske vestkysten er det ikkje tid eller plass til å diskutere her. Schayer var trommis i Bad Religion i ti år, frå 1991 til 2001, men måtte diverre forlate bandet på grunn av ei skada skulder. Sjølv om musikarkarriera fekk ein lei slutt, kan Schayer sitt trommespelet høyrast på platene Stanger Than Fiction (1994) og No Substance, som kom på marknaden i 1998. I 1979 kom Toy Dolls til Boiler Makers Club i Sunderland. I 1983 spela Toy Dolls på Noresman i Amble. I 1998 markerte The Cranberrie at det snart var jul med å gje ut singelen I Just Shot John Lennon.

22.12.2010

Tjueandre desember

Tjueandre desember 1946 vart den energiske Cheap Trick-gitaristen Rick Nielsen fødd i Rockford i Illinoise. Eg var så heldig at eg plukka opp konsertplata Live At Budokan ein gong tidleg på åttitalet og sidan har eg vore heilfrelst Cheap Trick-fan. I CD-hylla mi står, i tillegg til den omtala liveplata, den doble samleplate The Essential Cheap Tric, som dekkar det meste av det beste dei har gjort. Og i det siste har også den nyaste plata, The Latest, distribuert gjennom Classic Rock Magazine, dukka opp. I 1957 kom Richard Alexander Ross til verda i den ikkje altfor store skotske byen Dundee. Ricky Ross er best kjend som vokalist og gitarist i bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown og Fellow Hoodlums. I 1967 kom Manic Street Preachers gitaristen Richey James Edwards til verda i walisiske Blackwood. Edwards forsvann i 1995 og er antatt daud. I 1979 spela Toy Dolls i Football Club i Peterlee. I 1986 dundra Iron Maiden inn på hitlistene med Stranger In A Strange Land. Topplasseringa vart tjueandreplass. I 2002 døyde Joe Strummer.

20.12.2010

Tjuande desember

Tjuande desember 1945 vart tidlegare Kiss-trommis Peter Criss fødd med det lyriske døypenamnet George Peter John Criscoula. Criss var ein av dei fire originale medlemmene av Kiss, men slutta så tidleg som 1980 og bidrog minimalt på plata Dynasty, sjølv om han var avbilda på omslaget og har hausta det meste av æra for trommespelet på plata. Criss har seinare dukka opp på diverse gjenforeiningar av Kiss. I 1964 var dette dagen Johnny Cash var i studio og spela inn Danny Boy, All Of Gods Children Are Free, Orange Blossom Special og Engine 143 medan andre var ute og kjøpte julepresangar. Songane kan høyrast på plata Orange Blossom Spceial som kom på marknaden året etter. I 1967 fekk Jimi Hendrix Experience foreviga Crosstown Traffic i Olympic Studios i London. I 1970 hjelpte Black Sabbath til med å ringe jula inn på Olympia i Paris. Dei frammøtte fekk høyra mellom anna War Pigs og N.I.B som kan høyrast og sjåast på DVDen undead and alive. I 1979 var Toy Dolls i Ferryhill for å spele i Station Workmen Club. I 1981 let AC/DC Hells Bells ringe i øyro på konsertgjengarane i Largo. I 1983 var det Toy Dolls som sikra høg førjulsstemning frå scenen på 100 Club i London.

19.12.2010

Nittande desember

Nittande desember 1915 kom spurven Edith Piaff til verda som Edith Giovanna Gassion. Unge Piaf skal ha vokse opp i ein bordell i Normandie, før ho som femtanåring drog til Paris og hovdsakleg livnærte seg som gatesongerske før ho vart oppdaga og fekk platekontrakt. Piaf døyde i 1963. I 1947 kom den skotske bassisten Jimmy Bain til verda i Newtonmore. Bain har spela med Phil Lynnot i Thin Lizzy, men er mest kjend for å ha spelt i Rainbow og Dio og hjå meg kan han høyrast på platene Holy Diver (1983) og Dream Evil (1987) frå bandet til metallgnomen Ronnie James Dio. I 1951 fekk verda den nordirske bassisten Gerry McAvoy. McAvoy er best kjend for samarbeidet med den irske gitaristen Rorry Gallagher og basspelet hans kan hjå meg høyrast på plata Calling Card frå 1976. I 1958 var Count Basie og bandet hans i studio og spela inn sin versjon av Quincy Jones sin The Midnite Sun Never Sets. Komponisten sjølv var arrangør og solist var Marshall Royal på altsaxofon. I 1982 var det Legions Club i South Shields som var verskap for Toy Dolls.