30.11.2010
Trettiande november
Trettiande november 1945 kom den walisiske musikaren Roger David Glover til verda. Roger Glover har tatt plass i mi platehylle på Deep Purple-plata Machine Head frå 1972, samt liveplata Power House, som kom i 1977. I 1980 var Toy Dolls attende i Durham og kunne opplevast frå scenen i West Cornfort Club. I 1981 rocka AC/DC dei frammøtte i Ruff Arena i Lexington. I 1985 kunne universitetet i Nottingham helse Toy Dolls velkomen. I 1989 hadde Toy Dolls teke turen til Spania der dei stod på scenen i Chinatown i Madrid.
29.11.2010
Tjueniande november
Tjueniande november 1975 fekk Neil Young hjelp av kompisane sine i Crazy Horse til å forevige godlyden som enda opp som songen Like A Hurrican. Dette skal ha skjedd på Broken Arrow Ranch. Plata American Stars’n Bars frå 1977 byr på denne perla. I tillegg kan ein sjølvsagt kjøpe plata Greatest Hits. I 1981 stod AC/DC på scenen i Richfield Coliseum i Cleveland. I 1986 gav tidlegare Blondie-vokalist Debbie Harry ut den andre soloplata si, Rockbird, som var fyrste plate etter at Blondie skilte lag i 1982. I 1988 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Guns n’ Roses si plate G N’ R Lies som var bandet si andre plate og inneheld fire tidlegare utgjevne livespor frå EP Live ?!*@ Like A Suicide og fire akustiske spor eigentleg meint for Appetite For Destruction. Same dato i 1989 spela Toy Dolls i Chinatown i Madrid.
27.11.2010
Tjuesjuande november
Tjuesjuande november 1942 vart Jimi Hendrix fødd i Seatle i delstaten Washington på den amerikanske vestkysten. I 1962 vart Charlie Benante fødd i The Bronx i New York. Benante er hardtarbeidane trommeslagar i det amerikanske hardrockbandet Anthrax. I 1979 hadde One Step Beyond sjuandeplass på listene. Bandet bak perla var Madness. I 1982 stod Our House for ein femteplass på listene. Det var Madness som fortalte om huset in the middle of our street. I 1987 var familien Timmins i spissen det lågmælte kanadiske bandet Cowboy Junkies i Church Of Holy Trinity i Toronto og spelte inn det som vart til plata The Trinity Sessions. I 1988 la Iron Maiden ut på ein englandsturne som inkluderte to utselde konsertar på Wembley Arena og tre i utskjelde Hammersmith Odeon.
26.11.2010
Tjuesjette november
Tjuesjette november 1939 såg Tina Turner dagsens ljos som Anna Mae Bullock. Rocken si bestemor er for dei fleste best kjend for solokarriera si, som vart revitalisert med hjelp av alltid like velkledde David Bowie på slutten av det dekadente åttitalet. Turner sin best kjende song, Nutbush City Limits, har fått ei gate oppkalla etter seg i fødebyen hennar, slå den. Turner har også spela i filmar som Mad Max III og Tommy, men hjå meg er ho, enn så lenge, representert med ei samling som oppummerar det beste ho gjorde saman med mannen som banka ho til topps på listene med duoen Ike & Tina Turner i fyrste del av karriera, den valdelege eksmannen Ike Turner. I 1981 heldt AC/DC konsert i Checkerdome i den tidlegare OL-byen St. Louis. I 1982 var turen komen for Annabels i Sunderland til i få ei vitjing av Toy Dolls. I 1985 sigla oktetten Madnesss over havet for å helse på Uncle Sam. Det vart løna med ein tjuefyrsteplass på singellistene.
25.11.2010
Tjuefemte november
Tjuefemte november 1927 kom Dick Wellstood til verda som Richard MacQueen Wellstood. Wellstood sitt pianospel kan i mi platesamling høyrast på plata The Freewhellin’ Bob Dylan frå 1963. I 1965 vart Timothy Lockwood Armstrong fødd i universitetsbyen Berkeley i California. Tim Armstrong er sjefen for Hellcat Records og har også tent til livets opphald i punkbandet Rancid. Armstrong kan i mi platehylle høyrast medan han syng og spelar gitar på Rancid-plata Life Won’t Wait frå 1998. han yt også vokalske bidrag på songen Television frå Bad Religion si plate Stranger Than Fiction frå 1994. I 1974 døyde ein altfor ung Nick Drake av ein altfor stor dose antidepresiva. I 1979 var Conservative Club i Thornaby vertskap for Toy Dolls, dette var, i følgje sikre kjelder, gitaristen Hud sin einaste konsert med bandet. I 1981 var AC/DC i Ohio og spelte i Riverfront Coliseum i Cincinnati. I 1983 kunne Toy Dolls opplevast frå scenen i Henderson Hall i Newcastle. I 2003 gav Johnny Cash sitt overivrige og grådige dødsbu ut CD-boxen Unearthed, som, tross mine motførestillingar mot grådige Cash-arvingar, toppa ynskjelista til jul det året.
24.11.2010
Tjuefjerde november
Tjuefjerde november 1941 fekk verda for fyrste gong stifte kjennskap med superbassisten Donald Dunn. Dette skal han hendt i den musikalsk belasta byen Memphis i Tennessee. Dunn kan hjå meg høyrast på plate med dei legendariske banda Blues Brothers og Booker T & The MGs. I 1946 kom Anthony Michael Clarkin til verda i Birmingham. Tony Clarkin la i ungdomen frisørsaksa på hylla for å spele gitar i bandet Magnum. Clarkin har skrive alle songane på dei tre platene som står i mi platehylle, Kingdom Of Madness frå 1978, Magnum II, som kom i 1979 og konsertplata Marauder frå 1980, alle på plateselskapet Jet Records. I 1954 vart trommeslagaren Clem Burke fødd i Bayonne, New Jersey. Burke fekk fødenamnet Clement Anthony Bozewski og er best kjend som trommeslagar i new-wave bandet Blondie. Han har også tromma for stjerner som Joan Jett. Burke har også gjort seg merka som Elvis Ramone etter at han heldt takten for dei skinnkledde i to show i august 1987. I 1960 vart familien Meyer i Oak Ridge i Tennessee lykkelege foreldre til jazzbassisten Edgar Meyer. Saman med resten av bandet Telluride kan Meyer hjå meg høyrast på Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1991 døyde Eric Carr av kreft, førtiein år gamal, same dag som Freddie Mercury sa takk for seg etter å ha levd med diagnosen HIV i fire år. I 1999 slepte Luca Turilli plata King Of The Nordic Twilight. Plata var den fyrste i ein triologi.
23.11.2010
Tjuetredje november
Tjuetredje november 1956 fekk verda for fyrste gong stifte kjennskap med ein av grunnleggarane av Iron Maiden, gitaristen Dave Murray. I 1960 kom jazzgitaristen Jean-Paul Bourelly til verda i Chicago. Ein far frå Haiti er med å forklare det franskklingande namnet på mannen som hjå meg kan høyras medan han leikar med strengane på plata Amandala, som trompelegenda Miles Davis gav ut i 1989. I 1981 spelte AC/DC for dei frammøtte i Met Centre i Minneapolis, same dag som dei gav ut plata For Those About To Rock (We Salute You). I 1993 gav Anthrax ut samleplata Return Of The Killer A’s. I 1999 fekk verda for fyrste gong høve til å stifte kjennskap til plata Midnite Vultures, artisten bak meisterverket var sjølvsagt Beck. I 2004 gav No Doubt-vokalist Gwen Stefani ut soloplata Love. Angel. Music. Baby.
22.11.2010
Tjueandre november
Tjueandre november 1925 kom jazzmusikaren Gunther Schuller til verda. Schuller er i mi platesamling representert medan han spelar franskhorn på Miles Davis si plate Birt Of The Cool frå 1957. I 1980 kom Motörhead med plata The Beer Drinkers EP. I 1981 var Toy Dolls i West Road Club i Loftus og AC/DC møtte den etter kvart trufaste fansen i Met Centre i norskamerikanske Minneapolis. I 1988 gav Gipsy Kings ut si tredje studioplate, den hadde same namn som orkesteret og inneheldt slagaren Bamboleo. I 1993 var dette dagen Jethro Tull gav ut samleplata Nightcap. The Unreleased Masters som inneheldt ei rekkje tidlegare uutgjevne innspelingar som vart gjort tidleg i bandet si karriere.
21.11.2010
Tjuefyrste november
Tjuefyrste november 1948 vart keybordisten John Douglas Bundrick fødd i Houston. Bundrick sin CV tel namn som The Who, Eric Burdon og Johnny Nash, men hjå meg er det på Sleeping With The Dog frå Jethro Tull-plata Catfish Rising arbeidet hans kan høyrast. I 1960 fekk verda bassisten Brian Ritchie. Ritchie har ytt sitt bidrag til musikken si verd gjennom fleire plateinnspelingar med Violent Femmes. I 1961 kom Elvis Presley med singelen Can’t Help Falling In Love. Songen er henta frå filmen Blue Hawaii og låg fire veker på toppen av dei engelske listene. I USA var andreplass høgaste notering. I 1965 fekk verda den islandske songerinna Björk Guðmundsdóttir, som hjå meg både har fått plass til soloplata Debut frå 1993 og plata Stick Around For Joy som ho gav ut i 1992 som ein del av det fantastiske bandet Sugarcubes. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm og spelte inn Wearing And Tearing. Det ferdige resulultatet kan høyrasat på samleplata Coda frå 1982. I 1980 la Iron Maiden ut på ein ti dagar turne i England, for å introdusere den nye gitaristen Adrian Smith for den voksande tilhengjarskaren. I 1979 gav plateselskapet CBS ut Gasolin’ si debutplate Gasolin’, i ettertid gjerne kalla Gas 1. Plata vart spela inn i Rosenberg Studios i København tidlegare same år og produsent var Sture Lindén. I 1981 spelter AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago. I 1986 gav det amerikanske alternativbandet Soul Asylum ut den tredje plata si, While You Were Out. I 1995 underheldt Ozzy Osbourne gordiane i Newcastle City Hall. I 2000 gav Nine Inch Nails ut plata Things Falling Apart, som var ei samling remiksar frå andre studioplater og som ikkje fekk noko god mottaking i kritikarkrinsar. I 2007 tapte tidlegare Magnum-trommis Kevin ”Kex” Gorin kampen mot kreften. Gorin heldt takten på Magnum sine fire fyrste studioplater, eg har berre sikra meg to av dei, Kingdom Of Madeness (1978) og Magnum II (1979), i tillegg til liveplata Marauder som kom i 1980.
20.11.2010
Tjuande november
Tjuande november 1949 kom Ulf Gerhardt Lundell til verda på Söder i grannelandet sin vakre hovudstad Stockholm. Rockepoeten Uffe er ein skandinavisk blanding av Bob Dylan og Bruce Springsteen og rockar skjorta av dei fleste nolevande svenskar. Best kjend, frå ein rikhaldig katalog, er nok klassikaren Öpna Landskap. Lundell har også gjort seg merkt som forfattar og biletkunstnar. I mi platehylle finn du plata Män Utan Kvinnor frå 1997. I 1949 vart også William “Bill” Reichenbach Jr. Fødd i Tacoma Park i Merryland. Reichenbach spelar trombone på songen Trouble’s Braids på Tom Waitz si plate Swordfishtrombones frå 1983. I 1981 spelte AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago. I 1982 hoppa Olga og dei andre i Toy Dolls på Scenen i Framwellgate Moor Club i Durham. I 1986 var Tsubaki House i Tokyo vertskap for Toy Dolls. I 1995 spelte Ozzy Osbourne live i Ballroom Barrowlands i Glasgow. Dei frammøtte fekk mellom anna høyre klassikarar som Paranoid, No More Tears, I Don't Want To Change The World, Suicide Solution, Sabbath Bloddy Sabbath, Mama, I'm Coming Home og Bark At The Moon, som alle kan høyrast på liveplata Master Of Madness som kom på marknaden i 1996.
18.11.2010
Attande november
Attende november 1983 avslutta AC/DC innspelinga av For Those About To Rock (We Salute You). Regisør var Derek Burbridge. I 1986 spela Toy Dolls på Big Ban i Kyoto. I 1993 var Nirvana i Sony Studios i New York og spela inn konserten som skulle ende opp som plata Unplugged In New York. Oppdragsgjvevar var fjernsynskanalen MTV. I 1995 hadde Brixton Academy i London vitjing av Ozzy Osbourne med følgje. I 1997 gav AC/DC ut ein CD-Box med fem plater til minne om den avdøyde vokalisten Bon Scott. Boksen inneheld liveopptak og raritetar frå starten tidleg på syttitalet og fram til Scott døyde i 1980. I 1999 døyde tex-mex songaren Doug Sahm.
17.11.2010
Syttande november
Syttande november 1946 vart gitaristen Martin Barre fødd og tildelt det flotte mellomnamnet Lancelot. Barre har spelt i Jethro Tull sidan 1969 og har vore med på alle platene bandet har slept etter This Was som kom i 1968. I 1969 hadde Jimi Hendrix med seg Band Of Gypsies, Buddie Miles på trommer og Billy Cox på bass, og spelte inn Room Full Of Mirrors på Reccord Plant i New York. I 1979, på bandkollega Martin Barre sin gebursdag, døyde bassisten John Glascock. I 1981 spelte Ebba Grön på Kulturama i Stockholm og songen Mental Istid kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. Same dag spelte AC/DC i Milwaukee Arena i Milwaukee. I 1983 starta AC/DC innspelinga av videoen til For Those About To Rock (We Salute You). I 1986 fekk dei frammøtte i Candy Hall i Osaka høve til å nyte Toy Dolls. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i L’usine i Reims. I 1995 var det Centre i Newport sin tur til å vere vertskap for ein snart pensjonert Ozzy Osbourne.
Abonner på:
Innlegg (Atom)