12.12.2016

Tolvte desember

Tolvte desember 1915 vart Francis Albert Sinatra fødd i Hoboken i New Jersey. Songaren Frank Sinatra var kjend som Ol’ Blue Eyes og kunne fronte eit kvart storband med stor suksess. I mi platehylle finn du den uautoriserte samleplata The Original Sessions Vol. 2. Sinatra døyde i 1998. I 1936 kom Reggie Young til verda i Caruthersville i Missouri. Gitaristen Young er best kjend som studiomusikar, og hjå meg kan han høyrast på studioplata Attempted Mustache, som var Loudon Wainwright III sitt bidrag til platehyllene i 1973, Waylon Jennings si plate Ol’ Waylon frå 1977, og på countrylegenda George Jones si sekstiande studioplate Walls Can Fall, som kom på marknaden i 1992. I 1941 vart Tim Hauser fødd i Troy i delstaten New York. Songaren Hauser var ein av grunnleggjarane, og einaste gjenværande originalmedlem, av vokalgruppa The Manhattan Transfer, og hjå meg kan han høyrast på plata The Offbeat Of Avenues frå 1991. Hauser døyde i 2014. I 1943 vart Forrest Richard Betts fødd i West Palm Beach i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Dickey Betts var ein av grunnleggjarane av The Allman Brothers Band og held ut saman med resten av bandet enno. Hjå meg kan Betts sitt gitarspel høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set frå 1992. I 1944 kom Alejandro Neciosup Acuña til verda i Pativilca i Peru. Trommisen Alex Acuña sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på plata Storyville, som var den tidlegare The Band-nestoren Robbie Roberson si andre soloplate og kom på marknaden i 1991. Same fødselsdag er kreditert Robert Derminer. Rob Tyner er best kjend som vokalisten med det store håret i det amerikanske punk/hardrock-bandet MC5, som inspirerte ein heil generasjon unge punkarar og hardrockarar på slutten av sekstitalet. MC5 sitt bidrag til mi platesamling heiter Back In The USA og kom på marknaden i 1970. Tyner døyde av hjerteinfarkt i 1991. I 1945 kom Anthony Tillmon Williams til verda i Chicago i Illinois. Trommeslagaren Tony Williams kan hjå meg høyrast medan han held takten for Miles Davis på platene In A Silent Way frå 1969, og Water Babies frå 1976. Williams døyde i 1997. I 1946 vart Dennis Dias fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Gitaristen Denny Dias var ein av grunnleggjarane av Steely Dan og kan hjå meg høyrast på utvalde spor på Steely Dan-kompiane Becker & Fagen si samleplate The Masters. I 1948 vart Lindsay Raymond Jackson fødd i engelske Newcastle upon Tyne. Mandolinvirtousen Ray Jackson har ei fortid i Lindsifarne, hjå meg kan han høyrast på Rod Stewart si plate Smiler frå 1974. I 1953 kom Bruce Kullick til verda i Brooklyn i New York City. Gitaristen Kullick spelar i dag i Grand Funk Railroad, men er kan hende best kjend for at han spelte i Kiss i ei årrekkje, og han kan hjå meg høyrast på platene Crazy Nights frå 1987 og Alive III frå 1993. Same dag gav liv til den tidlegare Georgia Satellites-vokalisten Daniel John Baird. Dan Baird, vart fødd i San Diego i California og vert rekna som ein av pionerane i Cow/Country-punk genren og er i dag sjef i eige hus i bandet Homemade Sin, i tillegg til arbeidet han gjer med moderbandet The Georgia Satellites. Hjå meg kan Baird høyrast på plata In The Land Of Salvation And Sin, som moderbandet gav ut i 1989. I 1956 vart Geir Holmsen fødd i Oslo. Bassisten Holmsen er høgskuleutdanna i faget sitt og kan skilte med fleire fjernsynsseriar på CV’en. Hjå meg kan Holmsen høyrast på utvalde spor på samleplatene Absolute Prima Vera (1994), og 21 Beste, som var Olav Stedje sitt bidrag til populærkulturen i 1998. I 1965 kom David Russel Batiste Jr til verda i New Orleans i Louisiana. Trommisen Russel Batiste Jr sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1971 vart Hans Petter Åserud fødd. Åserud var med å starte Trang Fødsel i 1992 og kan hjå meg høyrast på studioplatene Hybel (1997) og Feber (1998). I 1972 vart Hank Williams III fødd i countrybyen Nashville i Tennessee. Barnebarnet til den legendariske hulkecountrystjerna Hank Williams har markert seg i den diffuse countrypunksjangeren, og står på ingen måte tilbake for korkje bestefar eller far, den nesten like vidgjetne countryartisten Hank Williams Jr. I 1973 kom Paz Lenchantin til verda i Mar Del Plata i Argentina. Bassisten Lenchantin er systera til cellisten Ana Lenchantin, og saman flytta dei til Los Angeles i California i ung alder, og ho kan i mi platehylle høyrast som gjestemusikar på Queens Of The Stone Age si plate Song For The Deaf frå 2002. I 1976 kom Daniel Francis Hawkins til verda i Surrey. Dan Hawkins er bror av meir kjende Justin Hawkins og spelar gitar i bandet The Darkness, som hjå meg er representert med med debutplata Permission To Land frå 2003. Same kveld gjorde AC/DC opptak for australsk fjernsyn og spelte eit seksten minuttar langt sett der ein får høyre Baby, Please Don’t Go og Problem Child. For dei som gjekk glipp av denne sendinga då ho gjekk på australsk fjernsyn er det høve til å sjå dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock. I 1977 spelte Willie Nelson inn Stardus, Georgia On My Mind, Blue Skies, All Of Me og Moonlight In Vermont, som alle endte opp på plata Stardust. I 1981 var AC/DC og spela i Forum i den kanadiske olympiabyen Montreal. I 1982 var Toy Dolls å finne i Shineyrow Club i Sunderland. I 1983 var Toy Dolls framleis å finne i Sunderland, på Old Twenty Nine denne gongen. Same dag var AC/DC attende i Capital Center i Largo/Landover der publikum fekk høyre Flick Of The Switch og Bedlam In Belgium. Eit tidlegare uutgjeve opptak frå denne konserten er å finne på DVD-samlinga Plug Me In. I 1985 døyde Ian Stewart. I 1986 vitja Toy Dolls Sala Txibisto i Begara. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Les Confert Modern i Pottiers. I 1991 døyde saksofonisten Ronnie Ross. I 2007 var dette dagen gitaristen Ike Turner gjekk bort.

11.12.2016

Ellevte desember

Ellevte desember 1938 kom Alfred McCoy Tyner til verda i Philadelphia i Pennsylvania. McCoy Tyner er ein jazzpianist som er best kjend for arbeidet han har gjort saman med John Coltrane, og hjå meg er det på Coltrane sine plater Olé Coltrane frå 1962 og Cresent frå 1964, det elegante pianospelet hans kan høyrast. McCoy Tyner sitt pianospel kan også høyrast på Wayne Shorter si femte studioplate Juju frå 1964. I 1939 vart André Brasseur fødd i belgiske Ham-sur-Sambre. Tangentmannen Brasseur sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på Vaya Con Dios si plate Time Flies frå 1992. I 1954 vart Jermaine LaJuane Jackson fødd i Gary i Indiana. Jermaine Jackson er ein av fleire storebrør av betre kjende Michael Jackson og hjå meg høyrer du han på samleplata The Ultimate Collection, som Jackson 5 slepte i 1995. I 1958 vart Frank Carlton Serafino Ferrana Jr fødd i San Diego i California. Nicky Sixx tenar til sitt daglege brød som bassist i glamrockbandet Mötley Crue. Hjå meg kan Sixx sitt basspel høyrast på Mötley Crüe sine tre fyrste studioplater Too Fast For Love (1981), Shout At The Devil (1983) og Theatre Of Pain (1985). I 1961 gav Miles Davis ut plata Someday My Prince Will Come. I Illinois-storbyen Chicago kom Darryl Jones til verda. Jones er best kjend for å ha avløyst Bill Wyman som bassist i Rolling Stones, men i mi platesamling han han nytast som ein del av Miles Davis sin stødige rytmeseksjon hjå på plata Decoy frå 1984. I 1963 kom Jon Brion til verda i Glen Ridge i New Jersey. Multiinstrumentalisten Brion sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar vibrafon på Grant Lee Buffalo si plate Jubilee frå 1998, og på Rufus Wainwright si sjølvtitulerte debutplate, også den frå 1998. I 1970 vart Anouk Khelifa-Pascal fødd i Frankrike. Songerinna Anouk er i mi platehylle kreditert for å syngje på Mano Negra si plate America Perdida frå 1991. I 1974 vart Laust Sonne fødd på Fredriksberg i Danmark. Trommeslagaren Sonne er best kjend for arbeidet han gjer med bandet D-A-D og heime hjå meg høyrer du han på plata Soft Dogs frå 2002. I 1975 kom Samantha Maloney til verda i byen som vert kalla The Big Apple. Maloney steppa inn som trommis i Mötley Crüe då den faste trommisen, Tommy Lee, var innom kasjotten, ho skal også ha spelt trommer på Hole si tredje studioplate, Celbrity Skin frå 1998, sjølv om ho ikkje er kreditert for den jobben. I 1981 spela AC/DC for andre kveld på rad i ishokeyarenaen Maple Leaf Gardens i Toronto. I 1982 var Toy Dolls på plass i Peterlee Comunity Centre. På same dag gav Slade ut konsertplata Slade On Stage, som også står trygt plassert i mi platehylle. I 1986 vart den katalanske hovudstaden, Barcelona, invadert av punkarar frå Nordaust-England, nærare bestemt Toy Dolls, og invasjonen enda på Zeleste. I 1989 var det Club Nuit i Auch som fekk vitjing av Toy Dolls. I 2001 slepte No Doubt si femte studioplate, Rock Steady. I 2012 døyde Ravi Shankar.

10.12.2016

Tiande desember

Tiande desember 1948 kom Jessica Marguerite Cleaves til verda i Los Angeles i California. Songerinna Jessica Cleaves var ei tid fast innventar i Earth, Wind & Fire, før ho slo seg saman med funklegenda George Clinton. Hjå meg kan Cleaves si røyst høyrast på samleplatene Greatest Hits, som George Clinton slepte i 2000, og You Got The Funk, We Got The Funk, som Funcadelics, også det eit George Clinton-prosjekt, slepte laus på uskuldige platekjøparar i 2011. Cleaves døyde av komplikasjonar i samband med eit hjerneslag i 2014. I 1959 vart Wolf Hoffmann fødd i tyske Mainz. Gitaristen Hoffmann kan hjå meg høyrast på Accept si femte studioplate Balls To The Wall frå 1983, i tillegg til samleplata No Substitute. I 1963 kom Ole Amund Gjersvik til verda. Bassisten og grunnleggjaren av Acoustic Records er i mi platehylle representert med soloplata Milonga Triste frå 1999, i tillegg til på Tødsel sine to studioplater Hybel (1997) og Feber (1998). I 1966 vart Colm O’Maonlai fødd i Irland. Skodespelaren O’Maonla er best kjend for å spele i den engelske såpeserien Eastenders, men er også ein talentfull komponist og musikar. I mi platehylle er O’Maonla kreditert for å spele fløyter på Shane MacGowan And The Popes si plate The Snake frå 1994. I 1972 kom Odd Nordstoga til verda i Vinje i Telemark. Nordstoga plaga for ei tid tilbake livet av norske radiolyttarar med songen om ein slakteferdig gris som ular i sumarnatta. Hjå meg kan Nordstoga høyrast medan han spelar accordion på Katzenjammer si plate Le Pop frå 2008. I 1974 vart Megan Martha White fødd i Grosse Point Farms i Michigan. Meg White spelte trommer i The White Stripes gjennom heile bandet si karriere og kan hjå meg høyrast med stødige taktslag på plata White Blood Cells frå 2001. I 1981 hadde AC/DC teke turen over grensa til Canada og spelte fyrste konsert av to i Maple Leaf Gardens i Toronto. I 1982 var Toy Dolls i 101 Club i Ferryhill. I 1985 platedebuterte Fine Young Cannibals med ei sjølvtituelert plate som inneheldt ein fantastisk versjon av sjølvaste kongen, Elvis Presley, sin slagar Suspicious Minds. I 1999 døyde Rick Danko. I 2003 kom Offspring si sjuande studioplate ut akkurat i tide for julehandelen, den fekk tittelen Splinter.

Niande desember

Niande desember 1946 vart William Church fødd i Faribury i Nebraska. Bassisten Bill Church sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på to spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I Cottage Grove i Orekon kom Dennis Dunaway til verda. Bassisten Dunaway spelte i tidlegare tider i Alice Cooper Group og han er også kreditert som medkomponist på fleire av bandet sine store slagarar frå tidleg på syttitalet. Hjå meg kan Dunaway høyrast på platene Schools Out, som kom på marknaden i 1972, og på Billon Dollar Babies frå 1973. I 1950 vart Joan Anita Barbara Armatrading fødd i Basseterre, hovudstaden i den karibiske øystaten St. Kitts & Nevis. Songarinna og gitaristen Joan Armatrading har fleire Grammy- og Brit Awards-nominasjonar og er tildelt den engelske ordenen MBE for arbeidet sitt. Hjå meg finn du Armatrading si tredje studioplate, med same namn som artisten sjølv, og som kom på marknaden i september 1976. I 1955 kom Einar Mjåland til verda i Kristiansand. Bassisten Wallen er best kjend for å spele i Son Of Sam og New Jordal Swingers, i mi platehylle kan han høyrast på utvalde spor på samleplata 21 Beste, som Olav Stedje slepte i 1998. I 1958 kom Nicholas More Seymour til verda i Benalla i australske Victoria. Bassisten Nick Seymour spelar til dagleg i Crowded House og kan hjå meg høyrast på plata Together Alone frå 1993. I 1964 kom Heiko Paul Hiersche til verda i Berlin i DDR. Paul Landers spelar gitar og spyttar flammer i Rammstein og kan hjå meg høyrast på plata Sensucht (1997). I 1966 slepte The Who plata A Quick One på den britiske marknaden. USA måtte vente til mai året etter. I 1969 kom Brian Bell til verda i Iowa City i Iowa. Bell er til dagleg gitarist i Weezer og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Weezer (The Blue Album) (1994), Pinkerton (1996) og Weezer (The Green Album) frå 2001. I 1971 vart Geoff Barrow fødd i engelske Walton In Gordano. Barrow er medlem av den engelske elektronikatrioen Portishead og om du kjem innom kan du få høyre bandet sine to fyrste studioplater, Dummy (1994) og Portishead (1997). Du kan også få høyre Barrow medan Portishead hjelp til på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1972 vart Frank Edwin Wright III fødd i tyske Frankfurt. Frå 1990 har Tré Cool okkupert trommestolen i Green Day og mi platesamling byr på platene Dookie frå 1994 og Nimrod, som kom i 1997, i tillegg til konsertplata Bullet In A Bible. I 1979 var AC/DC sin Highway To Hell-turné komen til Paris, der dei spelte på Pavillion De Paris. Eit opptak av denne konserten vart tilgjengeleg på dobbel CD i 1997 og var ein del av CD-boxen Bonfire. I 1989 fekk dei frammøtte i Youth Hall i Renteria sjå og høyre den muntre gjengen i Toy Dolls spele.

08.12.2016

Åttande desember

Åttande desember 1938 kom Bernhard L. Krause til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Bernie Krause er den eine halvleiken av duoen Beaver & Krause, og i mi platehylle kan han høyrast medan han trakterar Moog Syntheziser på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1941 kom Robert Hartley Elliot til verda i engelske Burnley. Trommisen Bobby Elliot er best kjend for å halde takten for The Hollies og hjå meg høyrer du arbeidet hans på samleplata 20 Great Love Songs. I 1942 vart Frederick Nathaniel Hibbert fødd i May Pen i Jamaica. Toots Hibbert har leia regggea- og skabandet Toots & The Maytals sidan starten og kan i mi platehylle høyrast på plata Light A Light frå 2005. I 1943 vart middelklasseguten James Douglas Morrison fødd av millitærforeldre tilknytt US Navy, det skal ha hendt i Melbourne i pensjoniststaten Florida. Under namnet Jim Morrison gjorde han suksess som låtskrivar og songar i hippiebandet The Doors. Han gav i tillegg ut fleire diktsamlingar. Hjå meg kan Morrison sitt arbeid høyrast på samleplata Greatest Hits. Morrison vart funnen daud i eit badekar på eit hotellrom i Paris i 1971. I 1947 kom Gregory Lenoir Allman til verda i country hovudstaden Nashville i Tennessee. Gitaristen Gregg Allman var saman med broren Duane med å starte bandet The Allman Brothers Band i 1969 og med det skape grunnlaget for omgrepet sørstatsrock. Rus og sjukdom har lagt ein dempar på det som kunne vore ei soge om eit superband, men om du kjenner for å ha An Evening With The Allman Brothers Band (1992), så kan den fyrste delen av konsertplata med den tittelen høyrast hjå meg. I 1950 vart Daniel Earl Hartman fødd i Harrisburg i Pennsylvania. Dan Hartman er i mi platehylle kreditert for å spele bass på Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989. Hartman døyde i 1994. I 1951 kom den norske visesongaren Jan Eggum til verda i Bergen. Sidan debuten i 1975 har melankolikaren Eggum jamleg forsynt det norske folk med visesong av høgaste klasse. Hjå meg kan du høyra plata Dingli Bang frå 1997. I 1953 vart skodespelarinna Kim Basinger fødd som Kimila Ann Basinger i universitetsbyen Athens i Georgia. Grunnen til at sexsymbolet med filmar som mellom anna 9 1/2 Weeks på merittlista er nemnt her, er at dama faktisk har sunge duett med Ozzy Osbourne. Det skjedde på songen Shake Your Head som kan høyrast på plata One Up The B-Side som kom på marknaden i Sør-Afrika i 1997. Saksofonisten Stan Harrison kom også til verda på denne dagen. Harrison sitt saksofonspel kan hjå meg høyrast på David Bowie si studioplate Never Let Me Down (1987), samt på utvalde spor på samleplatene Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads (1982) og Sister Sledge, som Sister Sledge slepte i 1996. I 1955 kom Nathan Harrell East til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Nathan East kan hjå meg høyrast på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, gitarguden Eric Clapton si akustiske konsertplate Unplugged frå 1992, plata Riding With The King, som same Clapton slepte i samarbeid med B.B. King i 2000, i tillegg til Boz Scaggs si plate Dig frå 2001, og Justin Timberlake Justified (2002). I 1957 vart John Tumminello fødd i St. Louis i Missouri. Bassisten Johnny Rod spelte i W.A.S.P. i to periodar, frå 1986 til 1989 og 1992 til 1993 og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1994. På Staten Island i New York City vart Kasim Anthony Sulton fødd. Bassisten Kasim Sulton spelar gjerne saman med Todd Rundgren, hjå meg kan han høyrast med bass og bakgrunnsvokal på Meat Loaf si plat Bat Out Of Hell (1977), og med bakgrunnsvokal på oppfølgjarane Bat Out Of Hell II: Back Into Hell (1993), og Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1962 fekk Elvis Presley sin femtiande listeplassering i England med Return To Sender. Songen debuterte med ein andreplass, berre slått av Frank Ifield sin Lovesick Blues. Dette hendte samstundes med at Martin Adam Friedman kom til verda i Laurel i Marryland. Gitaristen Marty Friedman slo seg saman med Megadeth i 1990 og heldt ut med bandet til 1999, då han emigrerte til soloppgangens land, Japan. Hjå meg kan Friedman høyrast på plata Rust In Peace frå 1990. I 1966 vart Sinead Marie Bernadette O’Connor fødd i irske County Dublin. Samfunnsengasjerte Sinead O’Connor har skapt overskrifter med meiningane sine åttitalet og er best kjend for sin versjon av det lille lilla rockegeniet Prince sin Nothing Compares 2 U. Hjå meg kan Sinead O’Connor høyrast på plata I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990, og som hjelpevokalist på eit spor på Willie Nelson si studioplate Across The BOrderline frå 1993. I 1972 gav Lou Reed ut si andre studioplate, Transformer, som vart produsert av radarparet David Bowie og Mick Ronson. Plata inneheld somme av dei best kjende songane til Reed og produserte singlar som Walk On The Wild Side, Satellite Of Love og Perfect Day. I 1974 vart Nicholas Joseph Zinner fødd i Sharon i Massachusetts. Nick Zinner spelar ei rekkje instrument i bandet Yeah Yeah Yeahs og vert i tillegg rekna som ein habil fotograf. Hjå meg kan Zinner høyrast på bandet si debutplate Fever To Tell frå 2003. I 1975 døyde Gary Thain. I 1976 slepte Uriah Heep High And Mighty, bandet si niande studioplate. I 1979 stod Motörhead si plate On Parole ut i platehyllene. Seinare same dag var Toy Dolls underhaldning i Central Club i Darlington. I 1980 vart John Lennon skoten og drepen utanfor Dakota-bygningen i New York City. I 1981 var det klart for konsert med Toy Dolls i Newton Park Hotel i Newcastle og AC/DC sin Nord-Amerika-turné var komen til Spectrum i Philadelphia. I 1984 døyde Gene Ramey. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Sala Ilargi i Lacunza.

07.12.2016

Sjuande desember

Sjuande desember 1943 kom David Madden til verda i Kingston på Jamaica. Trompetisten Madden har spelt med dei fleste store reggeastjernene og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Bob Marley på utvalte spor på samleplata Legend frå 1984, og for Peter Tosh på samlplata The Toughest frå 1998. I 1949 vart Thomas Alan Waits fødd i Pomona i California. Tom Waits har skrive skeiv og rufsete musikk sidan han signerte for Asylum Records i 1972. Mi platesamling byr så langt på titlane Small Change (1976), Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variation (1999), noko som sjølvsagt er altfor lite når ein tenkjer på Waits sin produksjon. I 1956 kom Carlos Vega til verda på Cuba. Trommisen Vega kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Bette Midler på plata Some Peoples Lives, og for Madonna på I’m Breathless, begge frå 1990. Vega døyde for eiga hand i 1998. I 1966 kom Collin Murray Archer til verda i engelske Durham. Gitaristen Collin Archer slo seg saman med Oasis i 1999 og kan i mi platehylle høyrast på konsertplata Familliar To Millions frå 2000. I 1977 var AC/DC og spelte i levande live i myteomspunne Atlantic Studios i like myteomspunne New York City. Eit opptak frå denne konserten var gjeven ut tjue år seinare, i 1997, og fekk plass i CD-boxen Bonfire. I 1978 kom Denaun Porter til verda i bilbyen Detroit i Micigan. Rapparen Mr. Porter var ein del av rapkollektivet D12 (Dirty Dozen) og hjå meg høyrer du han på plata Devil’s Night frå 2001. I 1979 slepte The Clash singelen London Calling, som nådde ellevteplassen på dei engelske singellistene. I 1980 nytta AC/DC dagen til å spele i Festhalle i Frankfurt, oppvarmar var evigunge Whitesnake med den framtidige botoxkongen David Coverdale i spissen. Same dato eit år seinare, i 1981, hadde AC/DC enno ein gong teke turen over Atlanteren og spela i Spectrum i Philadelphia i Pennsylvania. I 1982 døyde Tommy Cogbill, og Toy Dolls var på ny på plass på scenen i 100 Club i London. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på University of Bangor. I 1989 var sporty engelskmenn i Toy Dolls på scenen i Sports Arena i Elorrio. I 2004 spela Motörhead i Philipshalle i tyske Düsseldorf, ein konsert som er tilgjengeleg for alle på DVD-plata Stage Fright som eg var heldig og fekk til jul eit år.

06.12.2016

Sjette desember

Sjette desember 1925 Bob Cooper til verda i Pittsburgh i Pennylvania. Saksofonspelande Cooper har delteke på ei rekkje store innspelingar i jazzsgmentet, i mi platehylle kan han høyrast på Madonna si plate I’m Breathless frå 1990. Cooper døyde i 1993. I 1949 døyde Leadbelly. I 1955 vart Edward Tudor-Pole fødd i London-bydelen Lambeth. Skodespelaren og artisten Tudor-Pole, også kjend som Eddie Tenpole, vart tiltenkt rolla som Johnny Rotten sin erstattar i Sex Pistols og er i mi platehylle kreditert for å syngje på eitt spor på samleplata Floggin A Dead Horse frå 1980. I San Antonio i skytegale Texas kom Leticia Hinojosa til verda. Songerinna Tish Hinojosa er ein prisløna artist med mexicanske røter og stort samfunnsengasjement, mellom anna for psykisk utviklingshemma. Mi platesamling byr på studioplatene Homeland (1989) og Sign Of Truth (2000). I engelske Woking kom Paul Richard Buckler til verda. Trommeslagaren Rick Buckler er best kjend som den stødige rytmeseksjonen i Mod-bandet The Jam og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Beat Surrender frå 1993. I 1956 vart Randall William Rhoads fødd på St. John’s Hospital i Santa Monica i solrike California. Gitaristen Randy Rhoads var med å starte hardrockbandet Quiet Riot på slutten av 1970-talet, men er best kjent for å ha spelt gitar på dei to fyrste studioplatene til skrekkrockaren, fjernsynsstjerna og familiefaren Ozzy Osbourne. Rhoads sin visjon var å foreine hardrock og klassisk musikk, noko som kan høyrast på konsertplata Tribute, som Ozzy Osbourne gav ut som ei hylling fem år etter at kompisen gjekk bort, i 1987. Rhoads omkom då han var passasjer i eit småfly som styrta i pensjoniststaten Florida i 1982. I Berkley i California kom Peter Lawrence Buck til verda. Pete Buck er ein av grunnleggjarane av R.E.M., som etter kvart er med å setje preg på platesamlinga mi med så mange som ni ulike titlar, studioplatene Fables Of Reconstruction (1985), Document (1987), Green (1988), Out Of Time (1991), Monster (1994), New Adventures In Hi-Fi (1996), Up (1998) og Reveal (2001), i tillegg til samleplata The Best Of R.E.M (1991). Buck har ei rekkje sideprosjekt på gang og kan også høyrast på plata Trading With The Enemy (1998), som han slepte med bandet Tuatara. Og som om det ikkje er nok, er han i tillegg kreditert for gitarspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1961 kom David Lovering til verda i Burlington i Massachutsetts. Trommeslagaren Lovering slo seg saman med The Pixies i 1986 og kan i mi platehyhylle høyrast på studioplatene Bossanova (1989) og Doolittle (1990). I 1971 vart Anne Marie Almedal fødd. Almedal har ei fortid som songar i Velvet Belly og kan hjå meg høyrast på plata The Landing frå 1996. Same dag gjekk Deep Purple i studio i den sveitsiske festivalbyen Montreaux. Her byrja dei innspelinga av det som skulle ende opp som albumet Machine Head, der ein blant alle godbitane finn songen som er å rekne som bandet sin kjenningsmelodi, Smoke On The Water. I 1977 vart gitaristen Kjetil Grande fødd. Grande har ei fortid som gitarist i bandet Good Time Charlie og hjå meg kan han høyrast på plata Oochie Coochie! Frå 1999. I 1980 kunne Toy Dolls høyrast i East Stanley i Stanley. I 1981 spela AC/DC i Byrne Meadowlands Arena i Meadowlands. I 1985 var New College i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1988 døyde Roy Orbison. I 1990 filma AC/DC ein promovideo av Moneytalks. Trufaste David Mallet var regissør. I 1994 kom Pearl Jam si tredje studioplate Vitalogy. I 1999 slepte Kent plata Hagnesta Hill.

05.12.2016

Femte desember

Femte desember 1934 kom Art Davis til verda i den historiske byen Harrisburg i Pennsylvania. Bassisten og psykologen Davis kan hjå meg høyrast medan han spelar for John Coltrane på plata Olé Coltrane frå 1962. Davis døyde i 2007. I 1938 vart John Weldon Cale fødd i præriebyen Oklahoma City i Oklahoma. J.J. Cale er godt kjend for å ha si eiga karriere i countryverda, og har i mi platesamling lurt inn ei samleplate med tittelen Classic, i tillegg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Neil Young si plate Comes A Time frå 1978. Cale døyde i 2013. I 1962 kom Kevin Graham Ogilvie til verda i den kanadiske olympiabyen Calgary. Tangentmannen Nivek Ogre er ein av grunnleggjarane av Skinny Puppy, hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Ministry på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1973 vart Neil John Codling fødd i engelske Tiddington. Tangentmannen Neil Codling slo seg saman med Suede og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til utvalde spor på samleplata Sci-Fi Lullabies frå 1997. I 1976 spelte AC/DC live på programmet Countdown på ABC, Dirty Deeds Done Dirt Cheap kan sjåast på DVD’en Family Jewels. Same dag var dei unge rockarane på scenen i Sidney Meyer Music Bowl i den australske olympiabyen Melbourne. Songen Problem Child frå denne konserten finn du på den doble DVD’en Plug Me In. I 1977 var Willie Nelson i studio. Han hadde selskap av pianisten Bobbie Nelson, trommeslagarane Paul English og Rex Ludwig, gitarist Jody Payne, bassistane Bee Spears og Chris Ethridge, munnspelar Michey Raphael og pianist og produsent Booker T. Jones. Saman arbeida dei fram det som skulle bli til den prisløna studioplata Stardust. Don’t Get Around Much Anymore og Someone To Watch Over Me vart resultatet av denne dagens arbeid. I 1989 stod Club i Leon på Toy Dolls sin turneplan. I 1994 kom The Stone Roses si andre og, så langt, siste plate, The Second Coming. I 2000 slepte Rage Against The Machine si fjerde studioplate, Renegades, som inneheld utelukkande bandet sine eigne versjonar av andre artistar sine låtar.

04.12.2016

Fjerde desember

Fjerde desember 1944 vart Dennis Carl Wilson fødd i Marina Del Rey i solrike California. Dennis Wilson spelte trommer i The Beach Boys, eit band han var med å starte saman med brørne sine Carl og Brian, han var også husvert for The Manson Family i tida før drapet på Sharon Tate. Hjå meg kan Wilson sitt trommespel høyrast på studioplata 15 Big Ones (1976), og samleplatene Summer Dreams og Super Hits. Dennis Wilson døyde i 1983. Same dag, i same by, kom Christopher Hillman til verda. Bassisten Chris Hillman var ein av originalmedlemmane av The Byrds og kan hjå meg høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1947 kom Terry Woods til verda i Dublin. Allsidige Woods spelar til vanleg mandolin i The Pogues. Hjå meg kan Woods sitt arbeid høyrast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Woods kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1951 vart Gary Robert Rossington fødd i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Gary Rossington er ein av grunnleggjarane av sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd og kan hjå meg høyrast på studioplatene Lynyrd Skynyrd 1991 og Twenty (1997), i tillegg til den doble samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd frå 1998. I 1956 spela Johnny Cash, Elvis Presley, Jerry Lee Lewis og Carl Perkins inn det som i ettertid er påstått å vere tidenes beste uutgjeve innspeling. Denne er etter kvart gjeve ut i eit heller rustent opptak som er kjekt å høyre for personar med sære interesser. I 1964 spelte Cornelis Vreeswijk i Stockholms Konserthus saman med Ann-Louise Hansson og Fred Åkerström. Brev Från Kolonien og I Natt Jag Drömde Nogot Som kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1969 kom Shawn Corey Carter til verda i Brooklyn i New York City. Rapartisten Jay-Z vert rekna som ein av verdas framste artistar og hjå meg høyrer du han på Missy Elliott sine plater Miss E…So Addictive frå 2001 og Under Construction frå 2002, i tillegg til Snoop Dogg si plate Paid Tha Cost To Be Da Boss, også den frå 2002. I 1976 døyde Tommy Bolin. I 1977 var det andre innspelingsdag til det som skulle bli Willie Nelson si Stardust-plate. Med hjelp av Booker T. Jones på tangentar og i kontrollrommet vart September Song festa til rullane. I 1979 var Toy Dolls innom og underheldt på Wine Loft i Sunderland. I 1981 stod eit AC/DC på Nord-Amerikaturné på scenen i Civic Centre i Providence. I 1987 var andre og siste innspelingsdag for AC/DC sin promovideo for Heatseeker. I 1993 døyde Frank Zappa. I 1998 døyde Egil Johansen. I 2001 slepte Limp Bizkit samleplata New Old Songs, som inneheld spanandes remixar av tidlegare innspelingar. I 2008 døyde Anna Parchel. I 2009 slepte Charlotte Gainsbourg si tredje studioplate, eit produkt som fekk tittelen IRM.

03.12.2016

Tredje desember

Tredje desember 1946 vart Albert Victor Malcolm fødd i engelske Newcastle Upon Tyne. Gitaristen Vic Malcolm spelte i Geordie, og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på samleplata Can You Do It, som kom på marknaden i 1997. I 1948 vart The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, fødd som John Michael Osbourne i den fattigslege bydelen Aston i den engelske storbyen Birmingham. Industriarbeidarsonen med den spesielle røysta slo på slutten av sekstitalet, og gjennom dei harde syttiåra, seg opp som songar saman med dei langhåra heltane i Black Sabbath, før han, i samarbeid med kona Sharon Osbourne (f. Arden) starta ei solokarriere som har sementert legendestatusen med sal av millionar av plater verda over. Hjå meg finn du Ozzy sine soloplater No Rest For The Wicked (1988), No More Tears (1991) og Ozmosis (1995), og konsertplatene Speak Of The Devil (1982), Tribute (1987) og Live & Loud (1993). I 1953 kom Duane Roland til verda i Jeffersonville i Indiana. Gitaristen Roland var ein av grunnleggjarane av Molly Hatchet og spelte med bandet fram til 1990. Hjå meg kan Roland høyrast på studioplata Flirtin’ With Disaster frå 1979 og konsertplata Double Trouble Live frå 1985. Roland døyde i 2006. I 1966 kom The Who singelen Happy Jack om mannen som budde i sanden på den tidlegare vikingkolonien Isle Of Man i Irskesjøen, og som nådde tredjeplassen på listene i førjulstida. I 1977 var Willie Nelson i studioet Enactron Truck og spelte gjorde innspelingar til albumet Stardust. Resultatet av arbeidet denne dagen var Unchained Melody og On The Sunny Side Of The Street. Produsent var Booker T. Jones. I 1980 var det dei frammøtte i New Shildon W.M.C i Shildon som fekk høyre Toy Dolls. I 1981 var AC/DC sin turné omsider nådd fram til Civic Centre i Hartford. I 1987 fekk AC/DC hjelp av regissøren David Mallet for å spele inn ein promovideo til låta Heatseeker. I 1989 vitja Toy Dolls Hippo i Valladolild. I 2001 døyde Grady Martin. I 2002 slepte EMI Europe samlinga 18 Classic Tracks på vegne av Ike & Tina Turner. I 2014 døyde Ian McLagan. I 2015 døyde Scott Weiland.

02.12.2016

Andre desember

Andre desember 1931 vart Wynton Kelly fødd i Brooklyn i New York City. I mi platehylle kan pianomannen Kelly høyrast medan han trakterar tangentane for trompetlegenda Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961, og på songen Freddie Freeloader på plata Kind Of Blue, som same Davis slepte i 1959. Kelly døyde i 1971. I 1941 kom Tom McGuinness til verda i tennismetropolen Wimbledon. McGuinness, som også har ei fortid i Manfred Mann’s Earth Band, var med å starte The Blues Band i 1979 og kan i mi platehylle høyrast på platene Official Blues Band Bootleg Album frå 1979, Ready, som kom på marknaden i 1980, Itchy Feet, som stogga så langt nede som på sekstiandeplass på dei engelske listene i 1981, og Brand Loyality frå 1982. I 1952 kom Rob Mounsey til verda i Berea i Ohio. I mi plathylle kan tangentmannen Mounsey høyrast på Paul Simon si plat Graceland frå 1986. I 1960 vart Ulf Risnes fødd i Trondheim. Risnes slo gjennom med bandet Tre Små Kinesere og kan hjå meg høyrast på plata Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1968 vart Nathan Gregor Mendel fødd i Richland i Washington. Bassisten Nate Mendel spelar til dagleg i Foo Fighters og kan hjå meg høyrast på plata The Colour And The Shape frå 1997. I 1971 gav Led Zeppelin ut singelen Black Dog med Misty Mountain Hop på B-Sida. Plata klatra til femtande plassen på dei amerikanske listene. I 1978 vart Brian Chase fødd på Long Island i New York. Chase spelar til dagleg trommer i bandet Yeah Yeah Yeahs, som i mi platehylle er representert med plata Fever To Tell. I 1980 la Madness seg inn på ein fin fjerdeplass på listene med Embarresment. Den legendariske arenaen Madison Square Garden i New York er kan hende mest kjend for boksekampar med avtalt utfall, men i 1981 var det AC/DC som var hovudattraksjonen då scenelysa kom på. I 1989 stod Toy Dolls for larm og lyd i Sala Rancho Bill i Burgos. I 2009 døyde Eric Woolfson. I 2014 døyde Bobby Keys.

01.12.2016

Fyrste desember

Fyrste desember 1944 kom Eric Bloom til verda i New York City. Blom er vokalist og gitarist i Blue Öyster Cult og kan hjå meg høyrast på plata Spectres frå 1977. I Los Angeles i California vart John Paul Densmore fødd. Trommisen John Densmore var ein av grunnleggjarane av The Doors, men har seinare vendt musikkbransjen ryggen. Hjå meg kan Densmore sitt taktfaste spel høyrast på samleplata Greatest Hits. I 1945 vart den amerikanske skodespelaren og songarinna Bette Midler fødd i den største og best kjende byen i stillehavsparadiset Hawaii, Honolulu. Midler skapte seg legendestatus for hovudrolla i filmen The Rose, som uoffisielt handlar om livet til Janis Joplin. Midler sitt bidrag til mi platehylle heiter Some People’s Lives og kom på marknaden i 1990. I 1951 kom John Francis Anthony Pastorius til verda i Norristown i Pennsylvania. Jaco Pastorius vert rekna som ein av tidenes beste jazz- og rockebassistar og vert gjerne hugsa frå tida med bandet Weather Report. I mi platesamling kan Pastorius sitt eminente basspel høyrast på Ian Hunter si plate All American Alian Boy frå 1976, og plata Hejira, som Joni Mitchell slepte i 1976. Bipolare Pastorius sleit etter kvart med store rusproblem og døyde etter å ha blitt sparka rått og brutalt ihjel av ein dørvakt i Fort Lauderdale i pensjoniststaten Florida i 1987. I 1963 vart Alberto Tafuri Lupinacci fødd i den italienske olympiabyen Torino. Pianisten Alberto Fafuri kan hjå meg høyrast medan han spelar for Fiorella Mannoia på plata Belle Speranza frå 1998. I 1965 spelte Johnny Cash inn Happines Is You, som etter kvart vart gjeven ut på eit album med same namn. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000, som prydar mi platehylle. I 1975 kom Isaiah Randolph Owens til verda i Long Beach i California. Tangentmannen Isaiah Owens spelar til dagleg i The Mars Volta og hjå meg høyrer du han på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1977 vart Bradford Phillip Delson fødd i Agoura i California. Gitaristen Brad Delson er ein av grunnleggjarane av Linkin Park og hjå meg kan han høyrast på studioplata Meteora, og på konsertplata Live In Texas, begge frå 2003. Same dag gav Aerosmith ut plata Draw The Line. I 1989 var Salamanca vertar for Toy Dolls.