08.12.2016

Åttande desember

Åttande desember 1938 kom Bernhard L. Krause til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Bernie Krause er den eine halvleiken av duoen Beaver & Krause, og i mi platehylle kan han høyrast medan han trakterar Moog Syntheziser på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1941 kom Robert Hartley Elliot til verda i engelske Burnley. Trommisen Bobby Elliot er best kjend for å halde takten for The Hollies og hjå meg høyrer du arbeidet hans på samleplata 20 Great Love Songs. I 1942 vart Frederick Nathaniel Hibbert fødd i May Pen i Jamaica. Toots Hibbert har leia regggea- og skabandet Toots & The Maytals sidan starten og kan i mi platehylle høyrast på plata Light A Light frå 2005. I 1943 vart middelklasseguten James Douglas Morrison fødd av millitærforeldre tilknytt US Navy, det skal ha hendt i Melbourne i pensjoniststaten Florida. Under namnet Jim Morrison gjorde han suksess som låtskrivar og songar i hippiebandet The Doors. Han gav i tillegg ut fleire diktsamlingar. Hjå meg kan Morrison sitt arbeid høyrast på samleplata Greatest Hits. Morrison vart funnen daud i eit badekar på eit hotellrom i Paris i 1971. I 1947 kom Gregory Lenoir Allman til verda i country hovudstaden Nashville i Tennessee. Gitaristen Gregg Allman var saman med broren Duane med å starte bandet The Allman Brothers Band i 1969 og med det skape grunnlaget for omgrepet sørstatsrock. Rus og sjukdom har lagt ein dempar på det som kunne vore ei soge om eit superband, men om du kjenner for å ha An Evening With The Allman Brothers Band (1992), så kan den fyrste delen av konsertplata med den tittelen høyrast hjå meg. I 1950 vart Daniel Earl Hartman fødd i Harrisburg i Pennsylvania. Dan Hartman er i mi platehylle kreditert for å spele bass på Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989. Hartman døyde i 1994. I 1951 kom den norske visesongaren Jan Eggum til verda i Bergen. Sidan debuten i 1975 har melankolikaren Eggum jamleg forsynt det norske folk med visesong av høgaste klasse. Hjå meg kan du høyra plata Dingli Bang frå 1997. I 1953 vart skodespelarinna Kim Basinger fødd som Kimila Ann Basinger i universitetsbyen Athens i Georgia. Grunnen til at sexsymbolet med filmar som mellom anna 9 1/2 Weeks på merittlista er nemnt her, er at dama faktisk har sunge duett med Ozzy Osbourne. Det skjedde på songen Shake Your Head som kan høyrast på plata One Up The B-Side som kom på marknaden i Sør-Afrika i 1997. Saksofonisten Stan Harrison kom også til verda på denne dagen. Harrison sitt saksofonspel kan hjå meg høyrast på David Bowie si studioplate Never Let Me Down (1987), samt på utvalde spor på samleplatene Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads (1982) og Sister Sledge, som Sister Sledge slepte i 1996. I 1955 kom Nathan Harrell East til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Nathan East kan hjå meg høyrast på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, gitarguden Eric Clapton si akustiske konsertplate Unplugged frå 1992, plata Riding With The King, som same Clapton slepte i samarbeid med B.B. King i 2000, i tillegg til Boz Scaggs si plate Dig frå 2001, og Justin Timberlake Justified (2002). I 1957 vart John Tumminello fødd i St. Louis i Missouri. Bassisten Johnny Rod spelte i W.A.S.P. i to periodar, frå 1986 til 1989 og 1992 til 1993 og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1994. På Staten Island i New York City vart Kasim Anthony Sulton fødd. Bassisten Kasim Sulton spelar gjerne saman med Todd Rundgren, hjå meg kan han høyrast med bass og bakgrunnsvokal på Meat Loaf si plat Bat Out Of Hell (1977), og med bakgrunnsvokal på oppfølgjarane Bat Out Of Hell II: Back Into Hell (1993), og Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1962 fekk Elvis Presley sin femtiande listeplassering i England med Return To Sender. Songen debuterte med ein andreplass, berre slått av Frank Ifield sin Lovesick Blues. Dette hendte samstundes med at Martin Adam Friedman kom til verda i Laurel i Marryland. Gitaristen Marty Friedman slo seg saman med Megadeth i 1990 og heldt ut med bandet til 1999, då han emigrerte til soloppgangens land, Japan. Hjå meg kan Friedman høyrast på plata Rust In Peace frå 1990. I 1966 vart Sinead Marie Bernadette O’Connor fødd i irske County Dublin. Samfunnsengasjerte Sinead O’Connor har skapt overskrifter med meiningane sine åttitalet og er best kjend for sin versjon av det lille lilla rockegeniet Prince sin Nothing Compares 2 U. Hjå meg kan Sinead O’Connor høyrast på plata I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990, og som hjelpevokalist på eit spor på Willie Nelson si studioplate Across The BOrderline frå 1993. I 1972 gav Lou Reed ut si andre studioplate, Transformer, som vart produsert av radarparet David Bowie og Mick Ronson. Plata inneheld somme av dei best kjende songane til Reed og produserte singlar som Walk On The Wild Side, Satellite Of Love og Perfect Day. I 1974 vart Nicholas Joseph Zinner fødd i Sharon i Massachusetts. Nick Zinner spelar ei rekkje instrument i bandet Yeah Yeah Yeahs og vert i tillegg rekna som ein habil fotograf. Hjå meg kan Zinner høyrast på bandet si debutplate Fever To Tell frå 2003. I 1975 døyde Gary Thain. I 1976 slepte Uriah Heep High And Mighty, bandet si niande studioplate. I 1979 stod Motörhead si plate On Parole ut i platehyllene. Seinare same dag var Toy Dolls underhaldning i Central Club i Darlington. I 1980 vart John Lennon skoten og drepen utanfor Dakota-bygningen i New York City. I 1981 var det klart for konsert med Toy Dolls i Newton Park Hotel i Newcastle og AC/DC sin Nord-Amerika-turné var komen til Spectrum i Philadelphia. I 1984 døyde Gene Ramey. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Sala Ilargi i Lacunza.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar