12.08.2015
Tolvte august
Tolvte august 1929 kom Alvis Edgar Owens Jr til verda i Sherman i skytegale Texas. Countrysongaren Buck Owens flytta til Bakersfield i California på slutten av 1950-talet og hadde fleire hits som ikkje berre klatra til topps på countrylistene, men også plasserte seg høgt på dei vanlege poplistene. Eg hugsar Owens best frå far min sine gamle langspelplater, men då eg for ei tid tilbake kom over ei CD-plate på Fretex, vart eg hard gripen av nostalgi og investerte halvanna sneis i eit eksemplar av Act Naturally-Greatest Hits. Owens døyde i 2006. I 1943 vart Leslie Duncan fødd i engelske Stockton-On-Tees. Songerinna Leslie Duncan nådde aldri den store komersielle suksessen, noko som skal skyldast stor grad av sceneskrekk. Hjå meg kan Duncan høyrast med bakgrunnsvokal på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973. Duncan døyde i 2010. I 1947 kom Ian William Rilen til verda i australske Bendigo. Bassisten Ian Rilen er best kjend for å spele med Rose Tattoo og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Rose Tattoo frå 2005. Rilen døyde i 2006. I 1949 vart Louis Martin fødd i nordirske Belfast. I mi platesamling kan pianisten og keybordisten Lou Martin høyrast medan han held orden på tangentane for Rory Gallagher på plata Calling Card frå 1976. I Glasgow kom Mark Freud Knopfler til verda. Gitaristen Mark Knopfler sitt arbeid for bandet Dire Straits har gjort at han i dag vert rekna som ein av verdas beste gitaristar. Hjå meg kan Knopfler sitt gitarspel nytast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982, og på Tina Turner si plate Foreign Affair, som kom på markanden i 1989, i tillegg til låta I Think I Love You Too Much frå Jeff Healey Band si plate Hell To Pay frå 1990. I 1951 vart Herman Ernest III fødd i New Orleans i Louisiana. Trommeslagaren med tilnamnet Roscoe er best kjend for å spele i Dr. John sitt band og kan i mi platehylle høyrast i taktfast arbeid på studioplata Anutha Zone frå 1998. I 1953 kom den Peter Ostroushko til verda i Minneapolis i Minnesota. Felespelande Ostroushko platedebuterte på Bob Dylan si plate Blood On The Tracks i 1975, som også er bidraget hans til mi platesamling. Seinare har Ostroushko spelt for mellom anna Emmylou Harris og Willie Nelson. I 1960 vart Morten Skaget fødd i Trondheim. Bassisten Morty Black er best kjend for å spele i TNT og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjuande studioplate, Transistor, frå 1999. I 1967 platedebuterte Big Brother & The Holding Company med ei plate med same namn som bandet, vokalist var legendariske Janis Joplin. I 1975 vart Robert Solli Burås fødd i Narvik. Gitaristen Robert Burås slo gjennom med Mardrugada i 1999, eit band han slepte fire studioplater, Industrial Silence (1999), The Nightly Desease (2001), Grit (2002) og The Deep End (2005), og ei konsertplate, Live At Tralfamadore (2005), med før han døyde i 2007. I 1976 spelte Ramones live på The Roxy i Hollywood. Hendinga vart festa til band og seksten tidlegare uutgjevne songar inkludert Blitzkrieg Bop og Now I Wanna Sniff Some Glue kan høyrast som tilleggsmateriale på plata Leave Home. I 1986 slepte Paul Simon den kritikarroste plata Graceland, som var hans sjuande soloplate etter at samarbeidet med Art Garfunkel vart lagt på is for ei stund. I 1995 gjorde Doug Stegmeyer sjølvmord, og også Marty Paich drog eit siste sukk. I 2005 døyde Rufus Thibodeaux. I 2010 døyde Richie Hayward.
11.08.2015
Ellevte august
Ellevte august 1941 kom John Simon til verda i Norwalk i Connecticut. Plateprodusenten Simon kan i mi platehylle høyrast medan han spelar altsaksofon på The Band si plate Islands frå 1977. I 1944 vart David Payne fødd i London. Davey Payne spelte saksofon for Ian Dury & The Blockheads og var ein viktig del av bandet sitt lydbilete. Hjå meg kan Payne høyrast på platene New Boots & Panites (1977) og Do It Yourself (1979). I 1952 kom Hans Løkken til verda i Sør-Fron. Løkken spelar rolla som Konrad Vømmølbakken i Vømmøl Spelemannslag og kan i mi platehylle høyrast på bandet sine to fyrste studioplater Vömmöl’n (1974) og Vömlingen (1975). I 1958 kom John Joseph Wardle til verda i London. Jah Wobble var originalbassisten i Public Image Ltd, og hjå meg kan han høyrast på plata Metal Box (Second Edition) frå 1979. I tillegg kan basspelet hans nytast på Sinead O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990, Woble er også kreditert som gjest hos Primal Scream på plata Screamadelica frå 1991. I 1962 vart Bragi Ólafsson fødd i Reykjavik. Bassisten Ólafsson er best kjend for arbeidet han gjorde med Sugarcubes og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Life’s Too Good (1988) og Stick Around For Joy (1992). I 1968 vart gitaristen Charles Wayne Sexton fødd i San Antonio i skytegale Texas. Gitaristen Charlie Sexton vart i sin ungdom spådd ei fantastiske solokarriere, men han fann etter kvart sin plass i hierarkiet då han valde å gå inn i Bob Dylan sitt faste band. Sexton har vore sjefsgitarist i Dylan sitt band på begge dei konsertane eg har fått med meg med legenda. Sexton sitt gitarspel kan i mi platehylle høyrast på Bob Dylan si plate Love And Theft frå 2001. Sexton er i tillegg kreditert for å spele på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road (1998), og på Rufus Wainwright si tredje studioplate Want One frå 2003. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Mecca i Sunderland. I 1984 fekk verda stifte kjennskap med Iron Maiden sin singel 2 Minutes To Midnight. I 2008 døyde Don Helms.
10.08.2015
Tiande august
Tiande august 1918 vart Arnett Cleophus Cobb fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Saksofonisten Arnett Cobb var kjend som The Wild Man Of Tenor Sax og skreiv songar Ella Fitzgerald hadde suksess med, og var arrogant nok til å avslå eit tilbod frå sjølvaste Count Basie. I mi platehylle kan Cobb høyrast i godt driv på utvalde spor på Asleep At The Wheel si samleplate Route 66 frå 1992. Cobb døyde i 1989. I 1940 kom Jerry Glenn Kennedy til verda i Shreveport i Louisiana. Gitaristen Jerry Kennedy spelte for Bob Dylan på plata Blonde On Blonde frå 1966. I 1947 vart Ian Scott Anderson fødd i Dunfermline i Fife i Skotland. Kommunisten Ian Anderson har vore leiar av Jethro Tull sidan den spede starten på slutten av 1960-talet. Underteikna var så uheldig å sjå Anderson og Jethro Tull i Grieghallen i Bergen i 2009, men røysta til Anderson var så dårleg at det heile var ganske så skuffande. Då er det betre å hygge seg med dei platene som står i hylla heime, studioplatene This Was (1968), Aqualung (1971), Thick As A Brick (1972), Too Old To Rock & Roll; Too Young To Die (1976), Heavy Horses (1978), Catfish Rising (1991) og konsertplata A Little Light Music (1992). I tillegg til samleplatene M.U. The Best Of Jethro Tull (1976), Repeat. The Best Of Jethro Tull Vol II (1977) og Nightcap (1993). I 1950 kom Patti Austin til verda i Harlem i New York City. Songerinna Austin fekk gleda av å syngje på Michael Jackson si debut soloplate Off The Wall frå 1979, og så langt er det det som er hennar bidrag til mi platehylle. I 1956 kom Lars Martin Myhre til verda i Noregs eldste by, Tønsberg. Myhre sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Odd Børretzen si plate Noen Ganger Er Det Alright (1995), der Myhre både har komponert og står for lunt gitarspel. I 1960 vart Terje Storli fødd. Bassisten Storli var ein av grunnleggjarane av Stage Dolls og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Commandos frå 1986. I 1961 vart Jonathon James Farriss fødd i Perth på den australske vestkysten. Jon Farriss har traktert trommene i bandet INXS sidan starten i 1977. Hjå meg kan Farriss høyrast på platene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I 1964 kom Kåre Kolve til verda på Voss. Saksofonisten Kolve er kjend for å spele saman med dei islandske jazzlegendene Mezzoforte, hjå meg kan han høyrast med grom lyd på spor tre på Tre Små Kinesere si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1978 kunne ein høyre Gasolin i Tigerstaden. Dei heldige frammøtte fekk mellom anna høyre Det Bedste Til Mig Og Mine Venner, Hvad Gør Vi Nu, Lille Du, Kattemor og Kloden Dreier Stille Rundt. Dette er songar som alle er å høyre på samleplata Derudaf – Forever frå 1993, eit godt alternativ for oss som ikkje hadde høve til å vere tilstades når opptaka vart gjort. I 1979 slepte Michael Jackson plata Off The Wall, som vart hans fyrste store gjennombrott med millionsal på heimemarknaden. I 1981 gav Bob Dylan ut si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love. I 1984 platedebuterte Red Hot Chili Peppers med ei plate med same namn som bandet.
09.08.2015
Niande august
Niande august 1954 vart Pete Thomas fødd i den engelske stålbyen Sheffield. Trommeslagaren Thomas har samarbeida med Elvis Costello i ei årrekkje og kan hjå meg høyrast på plata Mighty Like A Rose frå 1991, i tillegg til utvalde spor på samleplata Tried And True, som Suzanne Vega slepte i 1998. I 1955 vart John Charles Morgan fødd i London. Trommeslagaren Charlie Morgan gjekk inn i rekkja av profesjonell musikarar allereie som attenåring, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978, i tillegg til tittelsporet til Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. Morgan har også vore innom Tom Robinson Band og den som høyrer godt etter kan få med seg at han held takten på utvalde spor på samleplata The Best Of Tom Robinson Band. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Steels Club i Sunderland. I 1983 var Toy Dolls attende i i London for å spele på legendariske 100 Club. I 1984 starta Iron Maiden sin World Slavery Tour. Det var i seg sjølv ei stor hending, og i og med at det hendte i Polen, som den gong var trygt plassert på den andre sida av jernteppet i eit delt Europa, vart det ei historisk hending. I 1986 var det plateslepp frå Motörhead og produktet fekk namnet Orgasmatron. Sjølv må eg innrømme at eg venta nokre år før eg skaffa meg denne skatten, men no er plata trygt på plass i hylla. I 1987 kunne ein oppleve Toy Dolls på festival i Gronningen. I 1995 døyde Jerry Garcia. I 2003 døyde Bill Perkins.
08.08.2015
Åttande august
Åttande august 1937 vart Cornelis Vreeswijk fødd i nederlandske Ijmuiden. Gjennom eit hardt liv sette den svensk-hollandske visesongaren Vreeswijk sitt preg på skandinavisk visesong. Han har skrive eit utal viser og gjendikta fleire kjende framandspråklege tekstar, ofte med ein humoristisk og samfunnsrefsande synsvinkel. Hjå meg finn du to samlingar av Vreeswijk sine songar, Guldkorn (Samhällskritikarn) (2001) og Guldkorn Frå Master Cees Memoarer (1996), og eg ser ikkje bort frå at det vert fleire. Vreeswijk døyde i 1987. I 1942 kom bassisten John Gustafson til verda i engelske Liverpool. Gustafson har ei allsidig karriere som omfattar mellom anna The Merseybeats, Roxy Music og Ian Gillan Band. Hjå meg kan han, så langt, høyrast på Roxy Music si samleplate More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995, og medan han spelar bass på songen Lounge Lizzard på Ian Hunter si sjølvtitulerte soloplate frå 1975. I 1950 vart Liberty DeVitto fødd i Brooklyn i New York City. Trommeslagaren DeVitto var fram til 2006 fast medlem med meir enn tretti års fartstid i Billy Joel sitt band og kan hjå meg høyrast på studioplatene Glass Houses (1980) og Storm Front frå 1989, i tillegg til konsertplata Kohuept frå 1987. I 1952 kom Anton Fig til verda i Cape Town i Sør-Afrika. Trommisen, som ofte vert kalla The Thunder From Down Under, er best kjend for arbeidet han har gjort i CBS Orchestra, som spelar på Dave Letterman sitt Late Show. Hjå meg kan Fig høyrast medan han vikarierar for ein kollisjonsskadd Peter Criss på Kiss-plata Dynasty frå 1979, og på Gary Moore si plate After Hours frå 1992. I 1953 kom Bianca Thornton til verda i Kansas City i Missouri. Songerinna Lady Bianca kan i mi platesamling høyrast på plata No Guru No Method No Teacher, som Van Morrison slepte i 1986, samt på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone, som den same Van «The Man» Morrison slepte i 1998. I 1956 vart Christopher John Foreman fødd i London. Gitaristen Chris Foreman var ein av grunnleggjarane av Madness og i mi platehylle kan du høyre godlyden frå gitaren hans på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1957 kom Dennis Drew til verda i Jamestown i den amerikanske delstaten New York. Tangentmannen Drew var ein av grunnleggjarane av 10 000 Maniacs. I 1961 kom David Howell Evans til verda i Barking i London. The Edge har skaffa seg eit levebrød som gitarist i U2 og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate, War, frå 1983. Same dag kunne Elvis Presley fortelje at (Marie’s The Name) His Latest Flame og fekk med det fire veker på fyrsteplass på hitlistene i England. I USA klatra plata til fjerdeplass som høgaste plassering. I 1968 spelte Johnny Cash inn Oh, What A Dream og All Over Again som begge kan høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1969 vart Brad Pemberton fødd. Perkusjonisten Pemberton er fast innslag i The Cardinals, eit band som er kjend for å støtte Ryan Adams i tjukt og tynt. I mi platehylle høyrer du Pemberton sitt arbeid på Adams si plate Easy Tiger frå 2007. I 1973 vart Anthony Scott Flippen fødd i Goldsboro i North Carolina. Nykristne Scott Stapp var vokalist i Creed og påstår han har klart å plassere flaska på hylla for godt. Stapp påstår også at han er så fattig at han i periodar bur i bilen og ikkje har pengar til mat. I gamle dagar hausta Stapp fleire Grammy-utmerkjingar for arbeidet med Creed, og hjå meg kan røysta hans høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 1975 døyde Cannonball Adderley. I 1976 kom Olaf Olsen til verda i Oslo. Olsen er trommeslagar i Bigbang og den av medlemmene som har vore lengst med i bandet, etter sjefen sjølv, Øystein Greni. I 1977 vart Marsha Ambrosius fødd i den engelske hamnebyen Liverpool. Songerinna Ambrosius har ei fortid i bandet Floetry og solodebuterte så seint som i 2011. Hjå meg kan Ambrosius høyrast på Justin Timberlake si debutplate Justified frå 2002. I 1979 fekk nederlandske fjernsynssjåarar servert eit ungt og vitalt AC/DC. Programmet Veronica-Countdown bydde på eit opptak gjort i Rijnhall i Arnhem i juli same år. For dei som kjenner for å mimre kan det vere lurt å sjekke DVD’ane Plug Me In eller Let There Be Rock. I 1980 slepte The Clash singelen Bankrobber, som klatra til tolvteplass på dei engelske singellistene. I 1984 gav W.A.S.P. ut den sjølvtitulerte debutplata si og rocken vart aldri den same. Sjefen Blackie Lawless trakterte bassen og hadde med seg gitaristane Randy Piper og Chris Holmes i tillegg til trommeslagaren Tony Richards. L.O.V.E. Machine, I Wanna Be Somebody og On Your Knees kan i tillegg høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 var Toy Dolls på plass på Dollys i Oxford. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Sneekwave i Sneek. I 2006 slepte Slayer plata Christ Illution, dette var bandet si niande studioplate.
07.08.2015
Sjuande august
Sjuande august 1949 vart Timothy John Pearson Renwick fødd i den kjende engelske universitetsbyen Cambridge. Gitaristen Tim Renwick har spelt for eit utal kjende engelske artistar og er i mi platesamling representert med gitarspel på på David Bowie si studioplata Space Oddity frå 1969, Mike + The Mechanics si plate Word Of Mouth frå 1991, og på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997. I 1951 kom Peter Frederick Way til verda i engelske Enfield. Bassisten Pete Way har spelt med Ozzy Osbourne og Fastway, men er best kjend for arbeidet han har gjort med UFO. Hjå meg kan Way høyrast på studioplata Obsession, som sistnemnde slepte i 1978. I 1958 vart Bruce Dickinson fødd i engelske Worksop. Dickinson er kjend som den høgtflygande vokalisten i tungrocklegendene Iron Maiden. Han har også gjeve ut fleire soloplater og har ei fortid i fleire grupper, mellom anna meritterte Samson. I mi platehylle kan Dickinson si kraftige røyst høyrast på studioplatene The Number Of The Beast (1982), Peace Of Mind (1983), Powerslave (1984), Somewhere In Time (1986), Seventh Son Of A Seventh Son (1988), No Prayer For The Dying (1990), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Matter Of Life And Death (2006) og The Final Frontiere (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo, som kom på marknaden i 2012. I 1962 kom Alison Brown til verda i den tidlegare så stolte hockeybyen Hartford i Connecticut. Banjospelande Brown har hausta Grammy-prisar for den utradisjonelle spelemåten sin, har samarbeida med Alison Krauss i Union Station, og kan i mi platehylle høyrast på utradisjonelle Michelle Shocked si studioplate Arkansas Traveller frå 1992. I 1964 kom Aslak Dørum til verda. Bassisten Dørum spelar til dagleg i trønderbandet DumDumBoys og kan hjå meg høyrast på samleplata Schlägers frå 2001. I 2011 døyde Marshall Grant.
06.08.2015
Sjette august
Sjette august 1937 kom Paul Griffin til verda i Harlem i New York City. Pianisten Griffin kan hjå meg høyrast på Bob Dylan sine plater Bring It All Back Home frå 1963, Highway 61 Revisited, som kom på marknaden i 1965, og Blood On The Tracks frå 1975. Griffin spelar også på Don McLean plata med same namn som den udødelege klassikaren American Pie frå 1971, og på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. Griffin døyde i 2000. I 1949 vart Leiv Prestvik fødd. Bassisten Presvik spelar rolla som Birger Skruddusvingen i Vømmøl Spelemannslag og kan i mi platehylle høyrast på bandet sine to fyrste studioplater Vömmöl’n (1974) og Vömlingen (1975). I 1952 fekk Green Bay i Wisconsin (home of the Packers) gitaristen og komponisten Pat MacDonald. MacDonald er best kjend som medlem av den alternative duoen Timbuk 3 som fekk debutplata si nominert til Grammy i 1987. Etter at bandet slutta å spele saman i 1995 har MacDonald gjeve ut fleire plater på uavhengige selskap utan den store salssuksessen. Han har derimot tent gode pengar på å skrive songar for andre artistar. Hjå meg høyrer du MacDonald på plata Greetings From Timbuk3 frå 1986. I 1955 kom Earl Smith til verda i Kingston på Jamaica. Gitaristen Chinna Smith er ei legende i reggeamiljøe, hjå meg høyrer du han på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1964 vart John Metcalfe fødd i New Zealand sin hovudstad, Wellington. Plateprodusenten Metcalfe er hjå meg kreditert for å spele fiolin for The Pretenders på den akustiske konsertplata The Isle Of View frå 1995. I 1967 var The Who i Mirasound Studios i New York og spelte inn tredje versjon av Mary Anne With The Shaky Hand. Songen kom med på plata The Who Sell Out, og Al Kooper spelte orgel. I 1986 hadde Warehouse i Dunfermline vitjing av Toy Dolls. I 2009 døyde Willy DeVille.
05.08.2015
Femte august
Femte august 1941 kom Airto Moreira til verda i brasilianse Itaíopolis. Perkusonisten Moreira er kjend for å spele med store namn på jazz-scena, hjå meg kan han høyrast på Bitches Brew, som Miles Davis slepte i 1970, og utvalde spor på Weather Report si samleplate Collection, som kom på marknaden i 2008. I 1947 vart Richard Zehringer fødd i Fort Recovery i Ohio. Gitaristen Rick Derringer slo gjennom i gruppa McCoys, som er fint plassert i kategorien ”one-hit-wonders” etter at dei opplevde kjempesuksess med Hang On Sloopy i 1965, men i mi platehylle kan han høyrast medan han gjer han jobben som hjelpegitarist og produsent for Johnny Winter på konsertplata And Live frå 1971, samt på utvalde spor på samleplata A Rock ‘n Roll Collection. I den australske olympiabyen Melbourne kom Gary Stephen Anderson til verda. Songaren Angry Anderson er originalmedlem og frontmann i Rose Tattoo og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Rose Tattoo frå 2005. I 1948 kom David Hungate til verda i skytegale Texas. Bassisten Hungate, med ei fortid i Toto, kan hjå meg høyrast medan han spelar for Alice Cooper på studioplata From The Inside frå 1978, og på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984. I 1955 vart Eddie Ojeda fødd i New York City. Ojeda, med kallenamnet Fingers, er gitarist i Twisted Sister og kan hjå meg høyrast på samleplata Big Hits And Nasty Cuts frå 1992. I 1959 kom George Ruthenberg til verda i Los Angeles i California. Gitaristen Pat Smear spelar til dagleg i Foo Fighters og kan hjå meg høyrast på plata The Colour And The Shape frå 1997. Smear er også kreditert for akustisk gitar på Nirvana sine plater MTV Unplugged In New York (1995) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996). I 1961 kom fiolinisten Mark O’Connor til verda i Seattle i Washinton. O’Connor kan hjå meg høyrast saman med bandet Telluride på Nothing But A Child på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988, og på plata Across The Borderline, som Willie Nelson slepte i 1993. I 1962 døyde Marilyn Monroe. I 1964 vart Adam Nathaniel Yauch fødd i bydelen Brooklyn i New York City. Adam «MCA» Yauch var ein av grunnleggjarane av rap-trioen Beastie Boys, som ærar platehylla mi med så mykje som sju titlar frå ei lang karriere. Budhisten Yauch vart diagnostisert med kreft i 2009 og døyde i 2012. I 1968 nytta gitaristen Luther Perkins dagen til å dra sitt siste sukk etter å ha røykt på sengjekanten. I 1977 kom Terje Winterstø Røthing til verda. Gitaristen Røthing spelar til dagleg i Kaizers Orchestra og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Ompa Til Du Dør, Evig Pint og Violetta Violetta vol. 1 (2011). I 1986 var Toy Dolls i skotske Ayr for å spele på Darlington Hotel. I 1992 døyde Jeff Porcaro. I 1993 døyde Randy Jo Hobbs og Bob Cooper. I 1998 døyde Eldon Shamblin.
04.08.2015
Fjerde august
Fjerde august 1901 vart jazztrompetisten og songaren Louis Daniel Armstrong fødd i jazzbyen framfor nokon, New Orleans i Louisiana. Frå fattigstroka ved Mississippi-elva sine bredder gjekk turen til storbyane Chicago og New York, og seinare tusenvis av konsertar verda over. Etter kvart voks Armstrong si stjerne seg så stor at han i dag har si eiga stjerne på den berømte Hollywood Walk Of Fame. Hjå meg er Armstrong representert med samleplata Supergold, i tillegg til Ella & Louis Again, som han gav ut saman med Ella Fitzgerald i 1957. Armstrong døyde i 1971. I 1921 kom Mitchell Herbert Ellis til verda i Farmersville i skytegale Texas. Gitaristen Herb Ellis kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på plata Ella & Louis Again, som Ella Fitzgerald og Louis Armstrong gav ut i 1957. Ellis døyde i 2010. I 1940 kom Lawrence William Knechtel til verda i Bell i California. Larry Knechtel dreiv vekselbruk mellom bass og keyboard og fekk spele med store namn som Simon & Garfunkel og The Doors. Hjå meg kan Knechtel høyrast som tangentmann på plata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968, Joan Baez si plate Diamond & Rust (1975), og på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. Knechtel døyde i 2009. I 1957 vart Dean Ivanhoe Fraser fødd i Kingston på Jamaica. Saksofonisten Dean Fraser har deltatt på meir enn hundre plater i reggeasjangeren. Hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Peter Tosh på studioplata Wanted Dread Or Alive (1981), samt samleplatene The Toughest (1998) og The Best Of Peter Tosh (1999). I 1960 vart Stefan Kaufmann fødd i tyske Solingen. Trommeslagaren Kaufmann har heldt takten på ni av gay-metal-legendene Accept sine studioplater og kan hjå meg høyrast på legendariske Balls To The Wall frå 1983, samt på dei fleste spora på samleplata No Substitutes (1995). I 1967 slepte Aretha Franklin plata Aretha Arrives, produsent var Jerry Wexler. I 1969 vart Massimiliano Antonio Cavalera fødd i brasilianske Belo Horizonte. Gitaristen og vokalisten Max Cavalera er, saman med broren Igor, ein av grunnleggjarane av Sepultura og heldt med det ut med bandet frå 1982 til 1996. Hjå meg kan Cavalera høyrast på studioplata Arise frå 1991. I 1986 kunne Toy Dolls høyrast på Roof Tops i den skotske storbyen Glasgow.
03.08.2015
Tredje august
Tredje august 1925 vart Dom Um Romão fødd i brasilianske Rio de Janeiro. Perkusjonisten Romão spelte med ei rekkje amerikanske artistar, men er best kjend for å spele med Weather Report. Hjå meg kan Romão sitt trommespel høyrast på samleplata Collection frå 2008. Romão døyde i 2005. I1946 kom John Foley York til verda i White Plains i delstaten New York. Bassisten John York er kreditert for å spele på eit spor på studioplata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968. I 1947 vart John Tyler fødd i engelske Barlow. Gitaristen Sean Tyla var ein av dei som hjelpte The Blackhearts med gitarspel for Joan Jett på plata I Love Rock’n Roll frå 1981. I 1953 kom Ian Bairnson til verda i Lerwick på hovudøya på idylliske Shetland. Gitaristen Bairnson er best kjend for å spele i The Alan Parsons Project, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I Nashville i Tennessee vart Randy Scruggs fødd. Musikaren Randy Scruggs er son av banjolegenda Earl Scruggs. I mi platehylle kan Scruggs jr. høyrast medan han spelar gitar for Johnny Cash på tre ulike studioplater i American-serien: Solitary Man (2000), The Man Comes Around (2002) og A Hundred Highways (2006), i tillegg til eitt spor på Dwight Yoakam si samleplate In Others Words frå 2003. I 1959 vart Martin Clive Atkins fødd i engelske Coventry. Trommisen Martin Atkins har vore innom band som Killing Joke og Pigface, men er betre kjend for arbeiet han gjorde i Public Image Ldt. Hjå meg høyrer du Atkins på PIL sine studioplater Metal Box (Second Edition) frå 1979, og This Is What You Want…This Is What You Get (1984), i tillegg til konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up, som Ministry slepte i 1990. I 1961 kom Leon Drucker til verda i Massapequa i delstaten New York. Drucker er til vanleg kjend som den hårfine bassisten Lee Rocker i det fantastiske rockabillybandet Stray Cats og kan hjå meg høyrast på platene Gonna Ball frå 1981 og Choo Choo Hot Fish frå 1992, i tillegg til samleplata The Best Of The Stray Cats (1996) som oppsummerar den fyrste, og viktigaste, delen av rockabillylegendene si karriere på strålande vis. I 1963 vart James Alan Hetfield fødd i Downey i California. James Hetfield er ein av grunnleggjarane av Metallica, han er både gitarist og songar, og hjå meg kan han høyrast på platene Ride The Lightning (1984), Master Of Puppets (1986), …And Justice For All (1988), Metallica (1991), Load (1996) og St. Anger (2003). I 1964 vart Amery Smith fødd i Los Angeles i California. Den trommeslagande artisten kjend som AWOL har vore innom ei rekkje band og kan hjå meg høyrast på Beastie Boys si plate Ill Communication frå 1994. I 1967 kom Deborah Ann Dyer til verda i innvandrarbydelen Brixton i London. Skin tok verda med storm midt på 1990-talet som ein del av bandet Skunk Anansie og kan hjå meg høyrast på platene Stoosh frå 1996, og Post Orgasmic Chil (1999). I 1971 vart Deidra Muriel Roper fødd i Brooklyn i New York City. DJ Spinderella var den som snurra plater for raptrioen Salt’n Pepa og kan i mi platehylle høyrast på plata Very Necessary frå 1993. I 1979 kom Chevon Young til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Ms. Jade har slept plater på eiga hand, i mi platehyllek kan ho høyrast med vokalhjelp på Missy Elliot sine plater Miss E…So Addictive (2001) og Under Construction frå 2002. I 1992 slepte INXS plata Welcome To Wherever You Are, bandet si åttande studioplate. I 1993 platedebuterte Sheryl Crow med Tuesday Night Music Club. I 1999 døyde Leroy Vinnegar. I 2003 stod Linkin Park på scena i Texas Stadium i Irvin i skytegale Texas. Delar av konserten kan høyrast på konsertplata Live In Texas, som kom på marknaden seinare same året.
02.08.2015
Andre august
Andre august 1937 vart Eric Garth Hudson fødd i Windsor i kanadiske Ontario. Multiinstrumentalisten Garth Hudson vert rekna som mannen bak The Band sitt unike lydbilete og hjå meg kan tangentspelet hans høyrast på plata Islands frå 1977, bandet si siste studioplate med originalbestninga. Hudson er også kreditert for tangentspel på tre spor på tidlegare The Band-kollega Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1941 kom Ray Malcolm Steele til verda i Hendon, nord vest i London. Trommisen Andrew Steele har ei fortid i The Herd, saman med mellom anna Andy Bown og Peter Frampton, hjå meg kan han høyrast som ein del av Gerry Rafferty sitt band på samleplata Early Collection frå 1988. Steele døyde i 2005. I 1944 vart Naná Vasconcelos fødd i brazilianske Recife. Hjå meg kan perkusjonisten Vasconcelos høyrast på Jan Garbarek si plate Legend Of The Seven Dreams frå 1988. I Minneapolis i Minnesota kom Mark Naftalin til verda. Tangentmannen Naftalin sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1948 kom Andrew Fairweather Low til verda i Ystrad Mynach i Wales. Grunnleggjaren av Amen Corner kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar både gitar og munnspel på Eric Clapton si akustiske konsertplate Unplugged frå 1992, på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death, også den frå 1992, og i tillegg samarbeidsplata Riding With The King, som Clapton slepte saman med B.B. King i 2000. I 1951 vart Andrew Maurice Gold fødd i Burbank i California. Multiinstrumentalisten Andrew Gold kan i mi platehyhylle høyrast medan han spelar gitar og trommer for Carly Simon på samleplata The Best Of Carly Simon, som Simon slepte i 1975, og gitar for Bette Midler på plata Some People’s Lives frå 1990. Gold døyde i 2011. I 1953 kom Donnie Munro til verda på den skotske øya Skye, best kjend for wiskeyproduksjon. Munro song i Runrig frå 1974 til 1997 og hjå meg kan han høyrast på studioplatene The Highland Connection (1979), The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime. I 1955 vart Bryan David Vig fødd i Viroqua i Wisconsin. Plateprodusenten Butch Vig sper på inntektene som trommeslagar for bandet Garbage og hjå meg kan han høyrast på studioplatene Garbage (1995) og Version 2.0 (1998). I 1957 døyde Joe Shulman. I 1972 spela Johnny Cash inn Little Green Fountain heime i Hendersonville. Resultatet kan høyrast på plata The Johnny Cash Childrens Album som kom på marknaden i 1975. I 1983 gav Jackson Browne ut si sjuande studioplate, Lawyers In Love. I 2003 spelte Linkin Park på Reliant Stadium i oljebyen Houston i skytegale Texas. Godlyd frå denne konserten finn du på konsertplata Live In Texas, som kom på marknaden seinare same året.
01.08.2015
Fyrste august
Fyrste august 1936 kom Uziah Thompson til verda i Mannings Mountain på Jamaica. Trommisen Sticky Thompson kan i mi platehylle høyrast på plata Wanted Dread And Alive, som Peter Tosh slepte i 1981, samt på samleplata The Best Of Peter Tosh frå 1999. I 1942 vart Jerome John Garcia fødd i stillehavsbyen San Francisco i California. Jerry Garcia var ein av grunnleggarane av kulthippiebandet Grateful Dead og vart rekna som talsmann for bandet fram til han døyde i 1995. Garcia hadde i tillegg sitt eige band, Jerry Garcia Band i tillegg til ei rekkje andre samarbeidsprosjekt. I tillegg til ei Grateful Dead konsertplate frå 1964 kan Garcia i mi platesamling høyrast på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. Garcia er også kreditert for gitarspel og ymse anna på David Crosby si debutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1943 kom Geoffrey Britton til verda i London. Trommeslagaren Geoff Britton var innom Manfred Mann’s Earth band ein kort periode på slutten av 1970-talet og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på plata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered frå 1999. I 1946 kom Raymond Burrell til verda i engelske Lincoln. Bassisten Boz Burrell si merittliste inneheld, mellom anna det legendariske bandet King Crimson, men hjå meg er det på supergruppa Bad Company si plate Straight Shooter frå 1975 han kan høyrast. Burrell døyde i 2006. I 1949 vart James Dennis Carroll fødd i New York City. Poeten og musikaren Jim Carroll er i mi platehylle kreditert for å synge bakgrunnsvokal på Lou Reed si plate Mistral frå 1986. Carroll døyde i 2009. I 1951 vart Thomas Richard Bolin fødd i Sioux City i Iowa. Gitaristen Tommy Bolin fekk i løpet av si korte karriere høve til å erstatte supergitaristen Richie Blackmore i Deep Purple, men det vart med plata Come Taste The Band frå 1975. Bolin døyde av ein overdose heroin i 1976. I kanadiske Winnipeg kom Timothy Gregg Bachman til verda. Gitaristen Tim Bachman var ein av grunnleggjarane av Bachman-Turner Overdrive, eit band som har lurt ei samleplate kalla Best Of Bachmann-Turner Overdrive (1998) inn i mi platesamling. I 1958 vart Robert N. Buck fødd i Jamestown i New York. Rob Buck var ein av grunnlegggjarane av 10 000 Maniacs og var eit sentralt medlem av bandet fram til han døyde i desember 2000. Hjå meg kan Buck høyrast på studioplatene The Wishing Chair (1985) og Blind Mans Zoo (1989), i tillegg til konsertplata MTV Unplugged frå 1993. I 1964 kom Adam Frederick Duritz til verda i Baltimore i Maryland. Oscar-nominerte Adam Duritz (beste song) er best kjend som grunnleggjar av Counting Crows, i mi platehylle kan røysta hans nytast på studioplata Gold, som Ryan Adams slepte i 2001. I 1966 var The Who i IBC Studios i London og spelte inn I’m A Boy. Produsent var Kit Lambert. I 1972 var dagen Elvis Presley slepte singelen Burning Love. Songen var Elvis sin siste rockehitt og fekk ei veke på listetoppen i USA. I England var sjuandeplassen beste plassering. I 1973 kom John Vinge til verda. Vinge spelte tangentar i Trang Fødsel frå 1995 til 2009 og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Hybel (1997) og Feber (1998). I 1982 køyrde Madness bil inn på listene. Drivin’ In My Car la seg inn på ein fjerdeplass. I 2000 gav The Dandy Warhols ut plata Thirteen Tales From Urban Bohemia. I 2014 døyde Rod de’Ath.
Abonner på:
Innlegg (Atom)