11.03.2015

Ellevte mars

Ellevte mars 1939 kom Leonardo Jimenez til verda i San Antonio i skytegale Texas. Accordionspelaren Flaco Jimenez har hatt ei sjølvstendig karriere i Tex-Mex-segmentet og har henta heim fleire høgthengande Grammy-prisar, men hjå meg høyrest han best som medlem av supergruppa Texas Tornados på studioplata Hangin’ On By A Tread (1992), og samleplata The Best Of Texas Tornados, samt på Tish Hinojosa si plate Homeland, som kom på marknaden i 1989, og samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. Jimenez har også spela med ein annan kjenning frå country-verda, Buck Owens, som også er å finne i mi platehylle. I 1944 vart Graham Hamilton Lyle fødd i engelske Bellshill. Graham Lyle vart hyra inn som låtskrivar for The Beatles sin Apple Records så tidleg som 1968 og har sidan gjort seg merkt på ulikt vis i musikkindustrien. Hjå meg kan Graham Lyle høyrast med bakgrunnsvokal på Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989, og med gitarspel på Joan Armatradig si sjølvtittulerte studioplate frå 1976, og Joe Cocker si plate Across From Midnight (1997). I 1945 kom Harvey Mandel til verda i Detriot i Michigan. Den eksentriske gitaristen Harvey Mandel flytta i ung alder til traktene rundt Chicago og utvikla seg til å bli ein framragande gitarist som har vore med å prega Canned Heat sitt lydbilde i fleire periodar. Hjå meg kan Mandel Høyrast på plata House Of Blue Light frå 1998, samt på utvalde spor på Rolling Stones si samleplate Jump Back – The Best Of The Rolling Stones, som kom på marknaden i 1993. I 1951 vart Kathrine Farthing fødd i Port Of Spain på Trinidad. Katie Kissoon hadde fleire hits saman med broren Mac på syttitalet, men har dei siste åra livnært seg som korist for andre artistar. I mi platehylle kan røysta hennar høyrast på Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992, og på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992, samt Van Morrison sine studioplater Into The Music (1979) og Avalon Sunset (1989). I 1955 vart Catharina Hagen fødd i Berlin i det dåverande DDR. Kunstpunkdronninga Nina Hagen har seinare gjeve oss ei mengd plater og hjå meg kan ein finne Nina Hagen Band si andre studioplate Unbehagen frå 1979, i tillegg til at dronninga har samla det beste av det beste på samleplata The Very Best Of Nina Hagen (1990). Nina Hagen er i dag, for det meste oppteken med å låne bort røysta si til fleire tyskspråklege versjonar av amerikanske teiknefilmar. I 1957 kom Cameron Andrew McVey til verda i England. Plateprodusenten Cameron McVey, også kjend som Booga Bear, har jobba med Portishead og Massive Attac, hjå meg kan han høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. I 1961 kom Bruce William Watson til verda i Timmins i den kanadiske provinsen Ontario. Gitaristen Bruce Watson er best kjend for arbeidet han har gjort med skotske Big Country, eit band han i si tid var med å grunnleggje, og i mi platesamling kan han høyrast på bandet si tredje studioplate The Seer frå 1986. I 1965 spela Johnny Cash inn, i mono, Hardin Wouldn't Run, som vart gjeven ut på albumet Johnny Cash Sings The Ballads Of The True West. Songen kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1968 vart Jon Alexander Rosén fødd i Oslo. Alex Rosén lét seg korsfeste for plateomslaget på ei kontroversiell plate med bandet Go Go Gorilla og det er ein singel frå dette prosjektet som tek plass i mi platehylle. I 1969 kom Rami Jaffee til verda i Los Angeles i California. Tangentmannen Jaffee sitt bidrag til mi platehylle finn du på plata Jubilee, som Grant Lee Buffalo slepte i 1998. I 1984 kunne frammøtte på Shineyrow Club i Sunderland oppleve eit møte med Toy Dolls. I 1992 spelte The Allman Brothers Band andre av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året.

09.03.2015

Niande mars

Niande mars 1942 kom den walisiske musikaren John Davies Cale til verda i Garnant. John Cale var, saman med Lou Reed, grunnsteinen i det eksentriske amerikanske kunstrockbandet The Velvet Underground, eit band som oppstod i miljøet rundt den like eksentriske kunstnaren Andy Warhol sin kunstfabrikk i New York City på slutten av sekstitalet, og som var ei av dei viktigaste inspirasjonskjeldene for den amerikanske punkrøyrsla. Hjå meg kan Cale høyrast på samleplata The Best Of Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed. I 1946 kom James Cregan til verda i Yeovil i engelske Somerset. Gitaristen Jim Cregan er best kjend for arbeidet han gjord i Family og Steve Harley sitt faste band, Cockney Rebel, hjå meg finn du Cregan sitt arbeid på plata Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991. I 1947 vart Christopher Hamlet Thompson fødd i engelske Ashford. Songaren og gitaristen Chris Thompson er best kjend for arbeidet han har gjort med Manfred Mann’s Earth Band og hjå meg kan han høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band frå 1999. I 1950 var Miles Davis på plass i New York og spelte inn songane Moon Dreams, Deception, Rocker og Darn That Dream. Med seg i studio hadde han stjernelaget J.J Johnson på trombone, Gunther Schuller på fransk horn, John Barber, som spelte tuba, Lee Konitz, som var mannen som spelte altsaksofon, Gerry Mulligan, som stod for barytonsaksofon, medan Al McKibbon spelte bass. Max Roach var mannen som sat bak trommene og held takten, og Kenny Hagood stod for vokalen på Darn That Dream. Alle songane kan høyrast på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. I 1962 kom Peter Wishart til verda i skotske Dunfermline. Wishart er medlem av det skotske nasjonalistpartiet og har hatt sete i nasjonalforsamlinga. Wishart spelte tidlegare keyboard for Runrig (frå 1986 til 2001) og kan hjå meg høyrast på studioplatene The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), samt konsertplata Once In A Liftime frå 1987. I 1963 vart Ian Kirkham fødd i engelske Preston. Saksofonisten Kirkham kan hjå meg høyrast på Simply Red si fjerde studioplate Stars frå 1991. Kirkham var også med då Simply Red hjelpte Tom Jones med eit spor på hans studioplate Reload frå 1999. I 1974 vart kontrabassisten Øyvind Storesund fødd i landlege Bø i Telemark. Storesund sitt arbeid kan hjå meg høyrast på Kaizers Orchestra sine plater Ompa Til Du Dør, Evig Pint og Violetta Violetta Volume 1 (2011). I 1982 kom Gunnar Greve Pettersen til verda i den sjarmerande småbyen Bergen. Idoldommaren Gest var i hine hårde dagar ein av fleire rapparar i Spetakkel og kan i mi platesamling høyrast på bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 2003. I 1999 gav Wilco ut plata Summerteeth, dette var det Chicago-baserte alternativbandet si tredje studioplate. Også Van Morrison var moden for plateslepp denne dagen, Back On Top var hans bidrag og dette var The Belfast Cowboy si tjuesjuande studioplate, imponerande. I 2009 slepte Bigbang si sjuande studioplate, Edendale.

08.03.2015

Tiande mars

Tiande mars 1938 vart Norman Blake fødd i Chattanooga i Tennessee. Musikaren Blake si merittliste tel eit utal av country- og bluegrasband opp gjennom åra og i mi platesamling kan han høyrast som gitarist på Johnny Cash sine plater Orange Blossom Special frå 1965, America – A 200-Year Salute In Story And Song frå 1972, og American III: Solitary Man, som kom på marknaden i 2000. Blake er også kreditert for å spele på Bob Dylan si plate Nashville Skyline frå 1967, samt på Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. I 1948 kom Hans Rotmo til verda i Verdal. Rotmo spelar rolla som Kristian Schravlevold i Vømmøl Spelemannslag og kan i mi platehylle høyrast på bandet sine to fyrste studioplater Vömmöl’n (1974) og Vömlingen (1975). Også Erik Stenstadvold kom til verda denne dagen. Stenstadvold er professor ved Norges Musikkhøgskole og spelar for det meste gitar. Hjå meg kan han høyrast medan han trakterar stengeinstrumentet lutt for Cornelis Vreeswijk på utvalde spor på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer frå 1996. I 1955 kom Gary Louris til verda i Toledo i Ohio. Louris er best kjend for å spele i The Jayhawks og kan hjå meg høyrast på studioplata Tomorrow The Green Gras frå 1992. Hjå meg kan Louris også høyrast medan han syng bakgrunnsvokal for Soul Asylum på plata Grave Dancers Union frå 1992. I 1957 vart Graham Broad fødd i London. Trommisen Broad kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. På Broad sin fødselsdag tilstod Elvis Presley at (Now And Then There’s) A Fool Such As I. Kresne amerikanarar aksepterte denne tilståinga godt nok til at det vart ein andreplass på platelistene, i England vart det tre veker på topp. I 1963 vart Jeffrey Allen Ament fødd i Havre i fjellstaten Montana. Bassisten Jeff Ament har vore med i grungepionerane Pearl Jam sidan starten i 1990 og kan hjå meg høyrast på to studioplater, debutplata Ten (1991), og Vitaology (1994). Ament var også med i tributebandet Temple Of The Dog, som gav ut ei sjølvtituelert plate i 1991. I 1964 kom Neneh Mariann Karlsson til verda i Stockholm. I mi platehylle står Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. Neneh Cherry kan også høyrast medan ho syng på songen Kids With Guns på Gorillaz si plate Demon Days frå 2005. I 1966 vart Dave Krusen fødd i Tacoma i delstaten Washington. Krusen var originaltrommisen i Pearl Jam og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate Ten frå 1991. I 1967 gav souldronninga Aretha Franklin ut plata I Never Loved A Man The Way I Love You. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick, med ulike versjonar av tittelsporet på kvar side av vinylskiva. Same dag vart Timothy Zachery Mosley fødd Norfolk i Virginia. Rapartisten Timbaland sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Missy Elliott si plate Miss E…So Addictive frå 2001. I 1976 kom Johan Wohlert fødd. Wohlert var bassist i Mew fram til 2006, akkurat lenge nok til vere med på plata And The Glass Handed Kites frå 2005, som er bandet sitt bidrag til mi platehylle. I 2014 vart det kjend at Wohlert var attende i bandet, gode nyhende. I 1980 stod Wine Loft i Sunderland som vertar for Toy Dolls for andre gong. I 1989 rocka Neil Young laus i studioet The Barn i Woodside i California. Resultatet vart Rockin’ In The Free World, som revitaliserte karrieren hans og kan høyrast på plata Freedom frå 1989, i tillegg til mellom anna samleplata Greatest Hits. I 1992 spelte The Allman Brothers Band fyrste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 1997 slepte engelske Death In Vegas debutplata si, Dead Elvis, og verda vart aldri den same. I 1998 slepte Johnny Winter konsertplata Live In NYC ’97, ei konsertplate der Winter sitt trufaste publikum sjølv hadde fått velje låtutvalet. I 2005 døyde Danny Joe Brown. I 2009 slepte Chris Cornell si tredje soloplate, Scream.

Åttande mars

Åttande mars 1957 vart Clive Burr fødd i London. Trommeslagaren Burr er best kjend for tida han heldt takten for Iron Maiden og han kan i mi platehylle høyrast på bandet sine tre fyrste studioplater, Iron Maiden (1980), Killers (1981) og The Number Of The Beast (1982). Burr fekk sparken frå Iron Maiden under turnéen som skulle promotere bandet si gjennombrottsplate, The Number Of The Beast. Burr døyde i 2013. I 1959 kom Brian McGee til verda i skotske Gorbals. Trommisen Gorbals var ein av grunnleggjarane av Simple Minds, men hoppa av trommestolen så tidleg som i 1981, hjå meg kan han høyrast med bakgrunnsvokal på Iggy Pop si plate Soldier frå 1980. I 1962 var ein ung Johnny Cash i studio og spelte inn A Little At A Time. Songen fekk fyrst berre plass som B-side på ein single, men i dag kan han også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1971 slepte Uriah Heep den vanskelege andreplata, Salisbury. I 1986 kunne Toy Dolls både høyrast og sjåast i kongens by, København, dei frammøtte på Barbui var dei heldige denne kvelden. I 1991 slepte R.E.M. plata Out Of Time, som, mellom anna, bydde på landeplaga Losing My Religion. Slayer nytta dagen til å spele i Orange Pavilion i San Bernadino i California, opptak frå konserten kan høyrast på den doble konsertplata Decade Of Aggression, som kom på marknaden seinare same året. I 1994 nytta Soundgarden dagen til å sleppe si fjerde studioplate, Superunknown. Plate selde til fem gongar platina i USA og vert rekna som bandet si sterkaste plate. I 1999 slepte Kula Shaker si andre studioplate Peasants, Pigs & Astronauts. I 2005 døyde Larry Bunker. I 2011 døyde Mike Starr.

07.03.2015

Sekstande mars

Sekstande mars 1948 vart Michael Owen Bruce fødd i Arizona. Michael Bruce var gitarist og bakgrunnsvokalist i Alice Cooper Group og kan hjå meg høyrast på platene Schools Out frå 1972 og Billion Dollar Babies, som kom på marknaden i 1973. I 1954 vart Stephen J. Lipson fødd i England. Plateprodusenten Stephen Lipson er i mi platehylle kreditert for å spele både bass og keyboards på Simple Minds si plate Real Life frå 1991. I San Fransisco kom Nancy Lamoureux Wilson til verda. Gitaristen og vokalisten Nancy Wilson var, saman med systera Ann, kjernen i det amerikanske rockebandet Heart og kan hjå meg høyrast på studioplata Little Queen frå 1977, i tillegg til konsertplata Rock The House! Live som kom på marknaden i 1991. I 1965 vart Damian LeGasssick fødd i skotske Glasgow. Komponisten og produsenten LeGassick er i mi platehylle kreditert for å spele både gitar og tangentar på Sopie Ellis-Bextor si plate Read My Lips frå 2001. I 1970 kom Herbert Joakim Berg til verda i svenske Eskilstuna. Joakim Berg er vokalist og gitarist i det svenske bandet Kent og kan hjå meg høyrast på platene Kent (1995), Hagnesta Hill (1999), Du Och Jag Döden (2005), og Tillbaka Til Samtiden, som kom på marknaden i 2007. I 1971 var Pete Townshend og dei tre andre i The Who i studio og spelte inn det som er blitt ein av fleire signaturlåtar for gruppa, Won’t Get Fooled Again, som i tillegg til ei røys med samleplater kan høyrast på Who’s Next. I 1972 vart Andrew Dunlop fødd i skotske Lenzie. Gitaristen Andy Dunlop spelar til dagleg i Travis og kan hjå meg høyarst på bandet si tredje studioplate, The Invisible Band, frå 2001. I 1976 slepte Marvin Gaye si trettande studioplate, I Want You, der dei sterkt erotiske tekstane skal vere inspirert av Gaye sitt forhold til si andre kone, Janis Hunter. I 1982 fekk den alltid like velkledde oktetten Madness notert ein fjortandeplass på listene for singelen Cardiac Arrest og i 1985 var Iron Maiden på scenen i Long Beach Arena i California og spelte sin tredje utselde konsert på like mange kveldar. I 1999 slepte supergitaristen Jeff Beck plata Who Else. I 2005 døyde Jackson ”Thunderfoot” Spires.

Sjuande mars

Sjuande mars 1946 vart Peter W. Blankfield fødd i bydelen The Bronx i New York City. Songaren Peter Wolf er best kjend for å synge i J. Geils Band, og har i tillegg markert seg som låtskrivar, men i mi platehylle er han kreditert for å bidra med perkusjon på Ted Nugent si plate Penetrator frå 1984. I 1952 kom Ernest Isley til verda i Cinncinnati i Ohio. Multiinstrumentalisten Ernie Isley er ein viktig komponent i familiebandet The Isley Brothers og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar ulike instrument på studioplata Tracks Of Life frå 1991. I 1953 kom Kenny Aronoff til verda i Massachusetts. Trommeslagaren Aronoff er ein høgt skatta studiomusikar og CV’en inneheld namn som Alice Cooper og Johnny Cash. Hjå meg kan Aronoff sitt stødige arbeid høyrast på platene Big Daddy, som var John Mellencamp sitt bidrag til populærkulturen i 1989, The Fire Inside, som Bob Seger & The Silver Bullet Band slepte på marknaden i 1991, Bat Out Of Hell II: Back Into Hell og Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som var Meat Loaf sine bidrag til platemarknaden i 1993 og 2006, Your Little Secret, Skin og Lucky, som Melissa Etheridge slepte høvesvis i 1995, 2001 og 2004, Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997, og Alanis Morissette si plate So-Called Chaos frå 2004. I 1961 var Miles Davis på plass i Columbia 30th Street Studio i storbyen New York. Der spela han inn songane Pfrancing og Drad Dog for plata Someday My Prince Will Come, som kom ut seinare same året. Med seg i studio denne dagen hadde trompetlegenda Hank Mobley på tenorsaksofon, Wynton Kelly på piano og Paul Chambers på bass, medan Jimmy Cobb trakterte trommene. I 1969 gav The Who ut singelen om den døve, dumme og blinde guten som var ein djevel til å spele flipperspel. Pinball Wizard er kan hende den best kjende låten frå rockeoperaen Tommy og klatra til ein fjerdeplass på listene. I 1986 var Toy Dolls komen til Danmark og Helsingør for å spele, Toldkanneren var namnet på staden der denne underhaldninga gjekk føre seg. I 1988 vart det spelt inn ein promovideo for That’s The Way I Wanna Rock’n Roll. Artistane var AC/DC. I 2005 platedebuterte Kaizer Chiefs med Employment.

06.03.2015

Sjette mars

Sjette mars 1937 kom den vetle Kansas-byen Forth Riley sin største son, Benneth Keith Schaufele, til verda. Ben Keith tente til levebrødet sitt ved å spele steel-guitar og dobro, og han var med setje preg på den amerikanske Country & Western-scena på femti- og sekstitalet. Keith gav ut to soloplater og spelte med artistar som mellom anna The Band, David Crosby, Warren Zevon og Todd Rundgren. Best kjend er Keith likevel for å vere ein del av Neil Young sitt faste husband, og han har spelt på meir enn eit dusin av Young sine soloplater. Keith kan i mi platesamling høyrast på Neil Young-platene Tonight’s The Night (1975), American Stars’n Bars (1977), Comes A Time (1978), Hawks & Doves (1980), This Note’s For You, frå 1988, utvalde spor på samleplata Greatest Hits (1998), i tillegg til Young si tjuefemte studioplate Silver And Gold frå 2000. Om denne handfullen frå Neil Young ikkje skulle vere nok, kan Keith også høyrast medan han spelar på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975, og på utvalde spor på den triple samleplata The Bootleg Series Vol 1-3, som Bob Dylan slepte i 1991. Keith døyde i 2010. I 1946 vart David Jon Gilmour fødd i engelske Cambridge. Gitaristen David Gilmour slo seg saman med Pink Floyd i 1967 og vert rekna som ein av verdas framste gitaristar. Hjå meg høyrer du Gilmour sitt gitarspel på ei av verdas mestselgjande plater, Dark Side Of The Moon, som moderbandet Pink Floyd slepte i 1973, samt på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som kom på marknaden i 1995. I 1951 vart Brian Gibson fødd i den Nord-aust-engelske Nordsjø-hamna Newcastle upon Tyne. Trommeslagaren Gibbons kan hjå meg høyrast medan han held takten for gamlebandet til AC/DC-songaren Brian Johnson, Geordie, på samleplata Can You Do It frå 1997. I 1964 kom Stephen Gregory Bier Jr til verda i pensjonistbyen Fort Lauderdale i pensjoniststaten Florida. Tangentmannen Madonna Wayne Gacy heldt ut med Marilyn Manson frå 1989 til 2007 og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Mechanical Animals frå 1998, og konsertplata The Last Tour On Earth, som kom på marknaden i 1999. I 1969 vart Aslag Guttormsgard fødd. Guttormsgard er ein del av det kreative kunstnerfellesskapet Duplex og er sentral i band som Black Debatt og Hurra Torpedo. Hjå meg høyrer du Guttormsgard medan han spelar bass på kompisen Egil Hegerberg sitt prosjekt Bare Egil Band si debutplate Absolutt Ikke Bare Egil Band frå 1996. I 1977 vart Warren Anderson Mathis fødd i Virginia Beach i Virginia. Rapparan Bubba Sparxxx kan i mi platehylle høyrast på Justin Timberlake si solodebutplate Justified frå 2002. I 1980 var det (She Goes La La La To) Finos i Sunderland som fekk si andre vitjing av Toy Dolls. I 1983 spela Toy Dolls i Bowes Lyon House i Stevenage. I 1986 fekk folk i Borås høve til å nyte Toy Dolls, det var mogleg på Rockborgen. I 1990 gav Bel Canto ut andreplata si, Birds Of Passage, på den amerikanske marknaden, då hadde, heldigvis, plata allereie vore tilgjengeleg for oss europearar ei stund. I 1997 døyde Bobby Dyson. I 2001 nytta den bergenske duoen Kings Of Convenience dagen til å få platedebuten Quiet Is The New Loud ut i butikkhyllene. I 2009 døyde David Williams. I 2011 døyde Herman Ernest III. I 2013 døyde Alvin Lee.

05.03.2015

Femte mars

Femte mars 1946 vart Richard Bell fødd i kanadiske Toronto. Pianisten Bell er best kjend som å ha spelt i Janis Joplin sitt Full Tilt Boogie Band og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på den doble samleplata Janis/Early Recordings (1975, og på Farewell Song, som dødsbuet etter Janis Joplin slepte i 1982. Bell døyde i 2007. I 1948 kom Richie Cannata til verda på Long Island i New York. Studioeigaren Cannata er kjend for å ha spelt saksofon i Billy Joel sitt band og kan hjå meg høyrast på plata Glass Houses frå 1980, samt på utvalde spor på samleplata The Best Of Lita Ford, som Carmelita slepte i 1992. I Plaisance i Guyana vart Edmond Montague Grant fødd. Songaren Eddy Grant slo gjennom med det engelske reggea-bandet The Equals i 1968 og har klatra til ujamne høgder på platelistene sidan. Grant driv i dag sitt eige plateselskap og produserar for andre artistar. Hjå meg finn du Grant si fjerde soloplate, Can’t Get Enought frå 1981. I 1952 kom Alan Clark til verda i engelske Great Lumley. Tangentmannen Clark er best kjend for å spele i Dire Straits, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på Bob Dylan si samleplate The Bootleg Series, som kom på marknaden i 1992. I 1957 vart Mark Edward Smith fødd i engelske Broughton. Den tidlegare hamnearbeidaren Mark E. Smith er vokalist og tekstforfattar, og for tida, den einaste originalmedlemen som er att i det kritikarroste britiske punkbandet The Fall. Smith sitt bidrag til mi platehylle finn du på The Fall-plata som har fått tittelen 2G+2 og er ei fin blanding av studioinnspelingar og konsertopptak. I 1962 kom John Matthew Shanks til verda i New York City. Gitaristen og produsenten John Shanks kan hjå meg høyrast på Melissa Etheridge sine plater Your Little Secret frå 1995, og Lucky, som kom på marknaden i 2004, og på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1963 døyde Patsy Cline. I 1964 kom Bertrand Lucien Bruno Cantat til verda i Pau i dei franske Pyreneane. Songaren Bertrand Cantat var frontfigur for det franske bandet Noir Desir. Cantat sat fengsla for drapet på skodespelarkjærasten sin i Vilnius i 2003, men slapp ut på prøve i 2007. Hjå meg kan Cantat høyrast på plata Tostaky frå 1992. I 1970 vart den eminente gitaristen John Anthony Frusciante fødd i New York City. I mi platesamling kan John Frusciante sitt gitarspel høyrast på studioplatene Mothers Milk (1989), Blood Sugar Sex Magic (1991), Californication (1999) og By The Way (2002) med Red Hot Chili Peppers og The Bedlam In Goliath, som The Mars Volta slepte i 2008, på Johnny Cash sine plater American IV: The Man Comes Around (1992) og Unearthed (samling 1993), i tillegg til hans eiga soloplate To Record Only Water For Ten Days frå 2001. I 1972 kom den italienske gitaristen og komponisten Luca Turilli til verda i grensebyen Trieste. Turilli sitt bidrag til mi platehylle heiter King Of The Nordic Twilight og kom på marknaden i 1999. I 1975 vart Olav Bergene fødd. Bergene er kjend som songar i bandet 1349 der han nyttar kunstnarnamnet Ravn. Hjå meg kan Ravn høyrast på plata Demonoir frå 2010. I franske Nogent-sur-Seine kom Nicolas Jean-Pierre Dresti til verda. Dresti skapte seg eit namn i musikkverda som DJ Supreme, men har sidan 2002 jobba under aliaset Space Cowboy. DJ Supreme er i mi platehylle kreditert for å vere DJ på eitt spor på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1982 kom Toy Dolls for å spele i Legion Club i South Shields. Same kveld døyde John Belushi. I 1983 var dei alltid like sporty karane i Toy Dolls og spela i Nottingham Rowing Club. I 1986 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Rockmagasinet i Örebro.

04.03.2015

Fjerde mars

Fjerde mars 1932 vart Miriam Zenzi Makeba fødd i Johannesburg. Den sørafrikanske songaren og menneskerettsforkjemparen Miriam Makeba sine merittar let seg ikkje summere i kortform, men stikkorda er Grammy, gullplater, President Kennedy og Nelson Mandela. Hjå meg kan du høyre Mama Africa på samleplata The Best Of Miriam Makeba And The Skylarks frå 1994. Makeba døyde i 2008. I 1941 kom Bobby Shew til verda. Trompetisten Shew kan i mi platehylle høyrast på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1945 var dette den fyrste dagen i Dieter Meier sitt liv. Meier vart fødd i Zurich og er kjend som stemma i det sveitsiske syntbandet Yello. Hjå meg kan Meier høyrast på studioplatene You Gotta Say Yes To Another Excess (1983), Stella (1985), One Second (1987), Flag (1988), Baby (1991) og Zebra (1994). I 1947 kom den norske jazzsaksofonisten Jan Garbarek til verda på Mysen, eit vegkryss rundt ein travbane i Østfold, og som elles berre er kjend for å arrangere tivoli og marknad ein gong i året. I mi platehylle er Garbarek representert med plata Legend Of The Seven Dreams frå 1988. Garbarek sitt mjuke saksofonspel kan også nytast på Keith Jarrett si plate My Song frå 1978. I 1948 vart Christopher Russel Edward Squire fødd i London. Bassisten Chris Squire er den einaste musikaren som spelar på alle Yes sine album og hjå meg kan han høyrast på plata Going For The One frå 1977. I 1951 kom Robert Allen Deal til verda i Huntington i Indiana. Gitaristen Mick Mars spelar til dagleg i Mötley Crüe. Mars har i mange år slitt med skranglande helse, men stilte med ny hofte til konserten i Bergenshallen i 2009 og overbeviste med glitrande gitarspel. Hjå meg kan Mars høyrast på studioplatene Too Fast For Love (1981), Shout At The Devil (1983) og Theatre Of Pain frå 1985, i tillegg til samleplata Classic Mötley Crue. I engelske Middlesbrough vart Christopher Anton Rea fødd. Gitaristen Chris Rea er best kjend for at han skal ha nytta vegen til Helvete for å kome seg heim til jul, i mi platehylle høyrer du arbeidet hans medan han spelar slide guitar på Dacon Blue si plate Raintown frå 1987. I 1963 vart Jason Curtis Newsted fødd i Battle Creek i Michigan. Bassisten Jason Newsted erstatta Cliff Burton i Metallica og forlet bandet av eiga vilje i 2001. Hjå meg kan Newstedt høyrast på platene …And Justice For All (1988), Metallica (1991) og Load (1996). I 1968 vart Evan Griffin Dando fødd i Boston i Massachusetts. Evan Dando er einaste gjenværande originalmedlemmen i Lemonheads og i mi platehylle kan han høyrast på debutplata Hate Your Friends frå 1987, samt studioplata Car Button Cloth.I 1971 kom Fergal Patrick Lawler til verda i irske Limerick. Trommeslagaren Fergal Lawler har hand om trommestolen i The Cranberries og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Everybody Else Is Doing It, So Why Can’t We? Frå 1993, samt den tredje studioplata To The Faithful Departet frå 1996. I 1981 var Toy Dolls i Newcastle og spelte på Cooperage, det er grunn til å tru at det var stor stemning. I 1983 var det Feltham Football Club i London som var vertskap når gladpønkarane i Toy Dolls spelte opp til dans. I 1986 døyde Richard Manuel. Same dag kunne Toy Dolls opplevast i den svenske hovudstaden, Birkegarden var namnet på Stockholm-scenen der det hendte. I 1992 spelte The Allman Brothers Band andre og siste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 2004 døyde John McGeoch.

03.03.2015

Tredje mars

Tredje mars 1923 kom Arthel Lane Watson til verda i Deep Gap i North Carolina. Gitaristen Doc Watson mista syne før han var året gamal, men det hindra han ikkje i å spele dugande bluegras-musikk heile livet. Hjå meg kan Watson sitt gitarspel høyrast på studioplata Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. Watson døyde i 2012. I 1933 vart Jimmy Garrison fødd i Miami i pensjoniststaten Florida. Bassisten Garrison er best kjend for arbeidet han gjorde saman med John Coltrane i og mi platehylle er det på sistnemnde sine plater Live At Birdland 1962 (1963), og Cresent frå 1964 arbeidet hans kan høyrast. Garrison døyde i 1976. I 1947 kom Jennifer Jean Warnes til verda i Seattle i delstaten Washington. Jennifer Warnes har sopt med seg fleire Oscars for filmmusikken sin og kan hjå meg høyrast medan ho syng for Warren Zevon på plata Sentimental Hygiene frå 1987. Warnes er også kreditert for å syngje på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol.1-3, som Bob Dylan slepte i 1991. I 1948 vart Terence Charles White fødd i engelske Barnstaple. Gitaristen Snowy White er best kjend for å spele med Thin Lizzy og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata Dedications frå 1991. I 1953 vart Robyn Rowan Hitchcock fødd i London. Robyn Hitchcock er i mi platehylle kreditert for hjelpevokal på Grant Lee Buffalo si studioplate Jubilee frå 1998. I 1954 kom John Lilley til verda i West Chester i Pennsylvania. Gitaristen Lilley slo seg saman med resten av The Hooters så tidleg som i 1983 og kan hjå meg høyrast på studioplatene Zig Zag (1989) og Out Of Body frå 1993. Også plateprodusenten Christopher Merrick Hughes kom til verda denne dagen, og det hendte i London. Chris Hughes var trommeslagar i den andre utgåva av Adam & The Ants og kan hjå meg høyrast medan han held takten på utvalde spor på den doble samleplata Dandy Highwaymen frå 2007. I 1966 kom Timo Tapio Tolkki til verda i finske Nurmijärvi. Gitaristen Timo Tolkki er høgt plassert på Guitar World si liste over verdas snøggaste gitaristar. Til dagleg spelar Tolkki i Stratovarius, der han også bekler vokalistrolla. Hjå meg høyrer du Tolkki på bandet si tredje studioplate, Dreamspace, frå 1994. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick, som berre hadde to songar, ein på kvar side av ei gamaldags langspelplate av vinyl. Dei av oss som har dette verket i kompaktplateversjon, slepp å snu plata mellom songane som har begge har same tittel som plata. I 1976 var AC/DC i St. Albans i den australske delstaten Victoria. DVD-samlinga Plug Me In byr på eit opptak av songane School Days og T.N.T., og dette er ein ekte godbit, for dei er ikkje gjeve ut tidlegare. I 1978 gav Patti Smith Group ut plata Easter. Denne skiva inneheld min favorittlåt med dama, Because The Night, som ho skreiv saman med ein ikkje like stor favoritt, Bruce Springsteen. I 1982 kom Toy Dolls for å spele i Arts Centre i Washington. I 1986 kom Metallica si tredje studioplate, Master Of Puppets, som var spela inn i Sweet Silence Studios i danske København. Same studio som dei danske rockelegendene i Gasolin brukte til mange av sine innspelingar. I 1992 spelte The Allman Brothers Band fyrste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 1997 slepte Nick Cave And The Bad Seeds si tiande studioplate, The Boatman’s Call. Plata vart straks Nick Cave sitt mest kritikarroste arbeid til då, og i skrivande stund har han ikkje overgått seg sjølv, men me ventar i spenning. I 2009 døyde David Williams. I 2012 døyde Ronnie Montrose.

02.03.2015

Andre mars

Andre mars 1922 vart Eddie Davis fødd i New York City. I mi platehylle er Lockjaw kreditert for å traktere tenorsaksofon for Count Basie på samleplata Atomic Swing frå 1999. Lockjaw Davis døyde i 1986. I 1936 kom Buell Neidlinger til verda i Westport i konservative Connecticut. Cellisten Neidlinger kan hjå meg høyrast medan hans stryk strengane på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1942 vart Lewis Allan Reed fødd i Brooklyn i New York City. Samuraien Lou Reed vart rekna som ein av rocken sine meir eksentriske innslag, og vart kjent for det platekjøpande publikum gjennom kultbandet The Velvet Underground, som på si side kan takke kunstnaren Andy Warhol for det meste av sin suksess. Reed har sidan 1971 hatt ei solokarriere som har resultert i ei rekkje plater og i mi platehylle finn ein, forutan den nesten obligatoriske samleplata frå tida i The Velvet Underground, The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed, i tillegg til soloplatene, med klassikaren Transformer (1972) i spissen, i tillegg til interessante, men ikkje like sterke Mistral (1986), Magic And Loss (1992), og konsertplata Live In Concert (1984). Og det heile er sjølvsagt oppsummert med ei samleplate, The Very Best Of Lou Reed (1989). I 1945 kom Derek Roy Watkins til verda i engelske Reading. Trompetisten Derek Watkins er best kjend for å ha spelt på tittlesporet til alle James Bond-filmane frå Dr. No i 1962 til Skyfall, som traff kinolerreta i 2012. I mi platehylle kan Watkins sin trompet høyrast på eitt av spora på Tom Jones si studioplate Reload frå 1999. Watkins døyde i 2013. I 1948 vart William Rory Gallagher fødd i irske Ballyshannon. Gitaristen Rory Gallagher vart rekna som ein av Europa sine mest talentfulle gitaristar og har inspirert utallige unge kvinner og menn til å leika med strengane. Mi platehylle inneheld studioplata Calling Card frå 1976, og samleplata Big Guns. The Very Best Of, som vart kom på marknaden i 2005. Gallagher døyde av skrumplever i 1995. I Torrance i California kom Larry Eugene Carlton til verda. Gitaristen Larry Carlton, med fleire ettertrakta Grammy-statuettar, sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på platene Diamonds & Rust, som var Joan Baez sitt bidrag til platemarknaden i 1975, Hejira, som Joni Mitchell slepte i 1976, og Off The Wall som Michael Jackson slepte i 1979, samt utvalde spor på Dolly Parton si samleplate Greatest Hits som kom på marknaden fyrste gongen i 1982. I 1956 vart Mark Whitmore Evans fødd i olympiabyen Melbourne i Australia. Bassisten Mark Evans spelte i AC/DC frå 1975 til 1977. Hjå meg kan Evans høyrast på platene High Voltage frå 1975 og Dirty Deeds Done Dirt Cheap frå 1976, samt hyllinga av Bon Scott, 74 Jailbreak frå 1984, og utvalde spor på samleplata Volts, som kom på markanden i 1997. I 1961 kom Leif-Arne Bergvin Nilsen til verda i Stavanger. Gitaristen Leif Nilsen er i dag Leif i bandet Leif & Komponistane, hjå meg høyrer du han som trommis for Mods på plata Originaler, som er ei dobbel samling av platene Revansj (1981) og Amerika (1982). I 1962 kom John Francis Bongiovi Jr. til verda i New Jersey. Jon Bon Jovi er sjef i eige band og har selt mange millionar plater verda over. I 1977 vart Christopher Anthony John Martin til verda i Exeter. Chris Martin er songar og multiinstrumentalist i Coldplay. I mi platehylle står plata X&Y frå 2005. I 1980 sa T.V.C Club i Middlesbrough velkomen til Toy Dolls. I 1982 var det gruvebyen Durham og Brewers Arm som husa Toy Dolls. I 1983 var turen komen for Golden Eagle i Birmingham for å vere vertskap for Toy Dolls. I 1986 spelte Toy Dolls for dei frammøtte på Stadshotellet i Mariestad i Sverige. I 1991 døyde Serge Gainsbourg. I 1993 Living Colour si tredje studioplate, Stain. I 2004 slepte Cheap Trick den doble samleplata The Essential Cheap Trick. I 2008 døyde Jeff Healey.

01.03.2015

Fyrste mars

Fyrste mars 1929 kom Eddie Jones til verda i Greenwood i Mississippi. Bassisten Jones fekk innpass i Count Basie sitt orkester i 1953, men sa takk for seg i musikkindustrien så tidleg som i 1962. I mi platehylle kan Jones sitt arbeid høyrast på Count Basie si plate Atomic Swing, som kom på marknaden i 1999. Jones døyde i 1997. I 1930 vart Benny Powell fødd i ved Mississippi-elva sin munning i New Orleans i Louisiana. Trombonisten Powell kan i mi platehylle høyrast som ein del av Count Basie sitt band på samleplata Atomic Swing frå 1999. Benny Powell døyde i 2010. I 1941 kom Alice Preves til verda i Louisville i Kentucky. Violinisten Preves spelte fast med St. Paul Chamber Orchestra i meir enn førti år, hjå meg kan fiolinspelet hennar høyrast på Janet Jackson si studioplate The Velvet Rope frå 1997. Preves døyde i 2006. I 1944 kom Roger Harry Daltrey til verda i eit London som levde i konstant frykt for hardt bomberegn frå tyske bombefly. Songaren Roger Daltrey har vore frontfigur for The Who sidan byrjinga på fyrste halvleik av sekstitalet. Mod-ikona i The Who var med å setje ord på etterkrigstidas urbane arbeidarklasseungdom sine frustrasjonar og det var røysta til Daltrey som var best eigna til å framføre gitarist Pete Townsend sine smått surrealistiske metaforar. Hjå meg kan Daltrey høyrast på studioplatene A Quick One (1966), Tommy (1969), Who’s Next (1971), og Who Are You (1978), filmusikken The Kids Are Alright (1979), og samleplatene Odds & Sods (1974), The Who og My Generation The Very Best Of The Who (1996). I 1952 vart Bernhard Potschka fødd i tyske Würzburg. Gitaristen Potschka er best kjend for å spele med Nina Hagen og kan i mi platehylle høyrast på plata Unbehagen frå 1979. I 1957 signerte Buck Owens for Capitol Records, og grunnlaget var lagt for eit fruktbart samarbeid. I 1963 vart Berndt Weidung fødd i tyske Koblenz. Songaren Thomas Anders var frontmann i Modern Talking og hjå meg kan han høyrast på den berykta studioplata som lova at dei var attende for godt, Back For Good frå 1998. I 1968 spelte Janis Joplin saman med Big Brother And The Holding Company i Grande Ballroom i bilbyen Detroit i Michigan. Songen Magic Of Love kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. Produsent var John Simon. I 1969 vart Dafydd Ieuan fødd i Bangor i Wales. Dafydd Ieuan tenar til vanleg til livets opphald som trommeslagar i det walisiske bandet Super Furry Animals. Ieuan kan i mi platehylle høyrast på studioplata Love Kraft (2005) og på samleplata Songbook: The Singles Vol. 1 (2004). I 1972 gav Deep Purple ut si sjette studioplate, Machine Head. Plata vert rekna som bandet si mest suksessfulle, inneheld klassikaren Smoke On The Water, og har inspirert generasjonar av hardrockarar og luftgitaristar over heile verda. I 1974 døyde Bobby Timmons. I 1976 kom Andreas Mjøs til verda i Noregs eldste by, Tønsberg. Plateprodusenten Mjøs er i mi platehylle kreditert for å traktere ei rekkje instrument på Anne Grete Preus si plate Alfabet frå 2001. I 1982 var karane i Toy Dolls attende i London og spelte på Old Twenty Nine. I 1985 nytta Toy Dolls dagen til å spele to konsertar på Mayfair i Newcastle, ein for dei under atten år og ein for dei med stemmerett og lovleg tilgjenge til alkoholservering. To konsertar på ein kveld må ha vore tungt for Pete Zulu, for etter dette forlèt han bandet for andre gong og denne gongen for godt. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Kulturs i Jönköping. I 1993 platedebuterte The Cranberries med ein platetittel formulert som spørsmålet Everybody Else Is Doing It, So Why Can’t We? I 2001 kom Madrugada si andre studioplate, The Nightly Disease, og nok ein gong gjekk bandet frå Stokkmarknes til topps på dei norske platelistene.