12.11.2011

Tolvte november

Tolvte november 1944 kom Booker T. Jones til verda. Jones er kjent som både musikar og produsent og har arbeidd med alle dei store namna i bransjen. Hjå meg kan Booker T. høyrast både som sjef for eige band, det legendariske instrumentalbandet Booker T & The MGs, og som musikar for stjerner som Willie Nelson og Bob Dylan. I 1945 vart den kanadiske superstjerna Neil Young fødd i Toronta, og utstyrt med mellomnamnet Percival. Young har, aleine og saman med bandet Crazy Horse gjeve ei rekkje bidrag til mi platehylle, og Young er også kreditert for gitarspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. Sjølv var eg så heldig at eg fekk oppleve Neil Percival Young på Koengen i Bergen i 2008. I 1953 vart Malcolm Macdonald fødd Lochmaddy i Skotland. Calum Macdonald har vore perkusjonist for Runrig sidan starten i 1973. I 1955 kom Leslie Richard McKeown til verda i Edinburgh. Les McKeown var songar i Bay City Rollers. I 1957 var Johnny Cash i Memphis og spela inn songen Big River, produsent var Jack Clement. I 1964 vart bassisten David Ellefson fødd i den skandinaviske delstaten Minnesota. Ellefson slo seg saman med Dave Mustain og starta Megadeth i 1983, og det er på plata Rust In Peace han kan høyrast i mi platesamling. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i storbyen New York for å spele inn songen Splash, som eigentleg var med på plata Circle In The Round frå 1979, men som i mi platesamling har fått plass som bonusspor på plata Water Babies. I 1987 var Toy Dolls i Sneeke for å spele på Bolwerk same dag som Cornelis Vreeswijk døyde. I 1991 kunne ihuga fans kjøpe ein Lynyrd Skynyrd-box med same namn som bandet. I 1995 var Rock City i fotballbyen Nottingham vertskap for Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turné. I 1999 slepte Marilyn Manson liveplata The Last Tour On Earth. I 2000 spelte ein Steve Earle i storform med fullt band i levande live på fjernsynsprogrammet Austin City Limits. Denne konserten er tilgjengeleg som DVD-plata Live From Austin TX. I 2001 kunne trufaste The Cure-fans kjøpe samleplata Greatest Hits, som var ein dobbel CD med det meste av det beste frå bandet. I 2002 var det plateslepp for Missy Elliot si fjerde plate, produktet fekk tittelen Under Construction og vart seinare nominert til Grammy-pris. I 2004 slepte No Doubt-vokalist Gwen Stefani soloplata Love. Angel. Music. Baby.

11.11.2011

Ellevte november

Ellevte november 1930 kom gitaristen Walter Louis Garland til verda i South Carolina. Hank Garland spelte med store amerikanske country-artistar som Patsy Cline og Roy Orbison, men hjå meg er det hjå sjølvaste kongen, Elvis Presley, gitarspelet hans kan nytast. Garland døyde i 2007. I 1953 såg Andrew John Partridge dagens lys på Malta. Andy Partridge si merittliste er vokalist og gitarist, i tillegg til kunstnarisk leiar for det britiske New Wave-bandet XTC, som hadde utspringet sitt i Swindon. Hjå meg kan Partridge høyrast på plata Black Sea frå 1980. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i New York for å spele inn Two Faced og Dual Mr. Anthony Tillmon Williams Proces. Begge songane kan høyrast på samleplata Water Babies frå 1975, og med i studio var Wayne Shorter, Chick Correa, Herbie Hancock, Dave Holland og Tony Williams. I 1977 kunne Gasolin’ si sjuande studioplate, Gør Det Noget, kjøpast for pengar, i og med at plata var tilgjengeleg i butikken, kunne ho også stelast, men det var ikkje så populært. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på Wilhelm II i Den Bosch. I 1991 slepte Genisis si fjortande studioplate, We Can’t Dance. I 1995 kunne Ozzy Osbourne opplevast i levande live i Civic Hall i Wolverhampton. I 1997 slepte Ozzy Osbourne samleplata The Ozzman Cometh, som hadde fleire tidlegare uutgjevne spor frå Black Sabbath-tida. Skikkeleg mat for fansen med andre ord.

10.11.2011

Tiande november

Tiande november 1966 var The Who i CBS Studios i London og spelte inn Happy Jack, også denne gongen med Kit Lambert som produsent. I 1967 kunne ein treffe The Who i De Lande Lea Studios i London der dei var i ferd med å spele inn sin eigen versjon av Eddie Cochran sin låt May Way. I 1973 kom den kvinnelege vokalisten i The Beautiful Sout, Jacqui Abbot, til verda i nordvest-England. Dama med døypenamnet Jaqueline Abbot forlèt bandet etter at plata Painting It Red kom på marknaden i 2000. I 1975 nytta Neil Young dagen til å gje ut plata Zuma, som han hadde spelt inn saman med dei hardtrockande kompisane sine i Crazy Horse. I 1978 vart Drew McConnell fødd i Dublin. McConnell er bassist i Babyshmables og i mi platehylle kan han høyrast på plata Down In Albion. Same dag fekk BBC One sine entusiastiske sjåarar oppleve AC/DC i eit opptak frå University Of Essex. Musikkelskande fjernsynssjåarar kunne nyte dei framtidige slagarane Problem Child, Sin City og Bad Boy Boogie. For dei som måtte kjenne for å gjennoppleve denne hendinga er det berre å gå til innkjøp av DVD-samlinga Plug Me In. I 1981 inntok Toy Dolls East Stanley Club i Stanley, same dag som den hårfine gjengen i Mötley Crüe platedebuterte med Too Fast For Love. I 1987 bydde dagen på Toy Dolls-konsert på Paradiso i Amsterdam. I 1989 var Toy Dolls på tur til Toulouse der dei spelte på Bikini. I 2008 døyde Miriam Makeba.

09.11.2011

Niande november

Niande november kom 1941 kom Thomas Richard Fogerty til verda i Berkeley i California. Tom Fogerty er storebroren til meir kjende John Fogerty og var den fantastiske gitaristen i Creedence Clearwater Revival, som herja platelistene for eit par generasjonar sidan. Fogerty døyde i 1990. I 1954 vart den engelske gitaristen Dennis Stratton fødd i Canning Town. Stratton spelte i Iron Maiden frå 1979 til 1980 og deltok på innspelinga av bandet si debutplate. I 1985 kom den andre plata frå W.A.S.P., The Last Command. Steve Riley hadde erstatta Tony Richards på trommene. Blind In Texas og Wild Child kan i tillegg høyrast i remixa versjonar på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 fekk Paradiso i Amsterdam vitjing av Toy Dolls. I 1987 spelte Toy Dolls på Bisqethalle i Bonn. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Rockstore i Montpellier. Same dag døyde den amerikanske jazzsongaren Kenny Hagood. ”Pancho” Hagood, som var fødd i bilbyen Detroit i 1926, kan hjå meg høyrast som hjelpevokalist for Miles Davis på plata Birth Of The Cool. I 1992 gav Mano Negra ut liveplata In The Hell Of Patchinko. I 1995 stod Ozzy Osbourne på scenen i Guildhall i Portsmouth.

Åttande november

Åttande november 1954 vart den amerikanske artisten Richie Lee Jones fødd i Chicago. Den allsidige songarinna var i mange år betre kjend for å vere dama til Tom Waitz enn for eigne prestasjonar, men står seg godt på eiga hand. Jones er i mi platehylle representert med plata The Magazine frå 1984. I 1968 kom den amerikanske skodespelaren Parker Christian Posey til verda i Baltimore. Parker Posey lærte seg å spele mandolin i samband med ei rolle i filmen A Mighty Wind frå 2003, noko The Dandy Warhols sørgja for å utnytte, Posey spelar mandolin på songen I Am Sound frå plata Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1970 kom reggeaartisten Diana King til verda i Jamaica. King platedebuterte med Tougher Than Love i 1995, ei plate som også har fått heim hjå meg. I 1971 fekk platekjøparane høve til å sikre seg Led Zeppelin si fjerde studioplate, Led Zeppelin IV. Plata inneheld klassikaren Stairway To Heaven, gruppa sin best kjende song, som utruleg nok aldri vart gjeven ut som singel. I 1980 fekk platekjøparane høve til å hente heim Motörhead si etter kvart udødlege Ace Of Spades plate. I 1986 venta Madness på toget. Singelen Waiting For The Ghost Train stogga på ein åttandeplass på platelistene. Gutane i Toy Dolls nytta dagen til å spele på De Koog i Noordesharwoude. Same dag slepte W.A.S.P. den tredje plata si, Inside The Electric Circus. Etter at Randy Piper forlèt bandet har Blackie Lawless gått over til gitar og bassisten Johnny Rod er på plass. Ein remixa versjon av I Don’t Need No Doctor kan høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1989 såg dei frammøtte på Ferrand Maison du People i Clermont Toy Dolls gjere sitt frå scenen. I 1990 var Violent Femmes på vitjing til Australia og spelte live på The Palace i Melbourne. Songen Kiss Of kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1995 var Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turne komen til Regent Theatre i Ipswich. Fear Factory varma opp for The Mad Man.

07.11.2011

Sjuande november

Sjuande november 1943 vart Roberta Joan Andreson fødd i Fort McLeod i canadiske Alberta. Joni Mitchell var med å setje sitt preg på den nordamerikanske folkrock-scena på sekstitalet og har samarbeida med dei fleste av dei store artistane frå den tida. I mi platehylle finn du Mitchell sine bidrag til musikkhistoria på plata Hejira frå november 1976. I 1963 kom bassisten Petter Taranger til verda i Bodø. Petter Pogo har vore innom ei rekkje punkband i både heimbyen Bodø og i Oslo, men har gjort størst suksess i Jokke & Valentinerne, der han fekk med seg ein spelemannspris for plata Frelst i 1991. I 1964 vart Liam Ó Maonlaí fødd i Irland. Maonlaí var ein av grunnleggjarane av Hothouse Flowers i 1985 og kan hjå meg høyrast på plata Songs From The Rain frå 1993. I 1969 spela Crosby, Stills, Nash & Young inn nydelege Helpless i Wally Heider studios. For dei som ikkje vil investere i Neil Young Greatest Hits er Crosby, Stills, Nash & Young-plata Deja Vu ein grei stad å leite etter denne perla. Same dag gav ein ung og framstormande David Bowie ut plata Space Odity. I 1974 kom Tom Cato Visnes til verda. King ov Hell er best kjend for tida han spelte i Gorgoroth, men hjå meg er det med bandet Sahg han kan høyrast. Plata har fått tittelen III og er bandet si tredje studioplate. Visnes spelte også bass på Audrey Horne si spellemannsvinnande plate No Hay Banda frå 2005. Same dag vart Christer Engen fødd. Engen, som også nyttar scenenamnet Chris Summers kan høyrast både i Turboneger og Euroboys. I 1981 hadde Le-Metro i Sunderland gleda av å presenterer Toy Dolls som den lokale haustunderhaldninga. I 1982 var dette datoen Iron Maiden opna sin fyrste Australia-turné og ti konsertar venta dei ”down under”. I 1986 døyde Tracy Pew, same dag som ein kunne oppleve Toy Dolls i Youth Hall i Den Bosch. I 1987 bydde denne dagen på ein konsert med Toy Dolls i Waginingen Youth Club. I 1988 slepte Iron Maiden singelen The Clairvoyant, som tok seg til sjetteplass på listene. R.E.M. sitt bidrag til platemarknaden fekk tittelen Green. I 1989 var Toy Dolls på scenen og underheldt på Le Transbordeur i den franske mathovudstaden Lyon. I 1997 gav Ulf Lundell ut plata Män Utan Kvinnor.

06.11.2011

Sjette november

Sjette november 1941 kom ein av Tex-Mex musikken sine mest markante skapningar til verda i myteomspunne San Antonio i Texas. Douglas Wayne Sahm debuterte som musikar i ein alder av fem år, han spelte i ulike band fram til han starta Sir Douglas Quintett i 1965. SDQ hadde ei rekkje hits og gjorde stor suksess i Skandinavia. Saman med kompisen Freddy Fender og Augie Myers og Flaco Jimenez starta Sahm Texas Tornardos i 1990. Bandet gav ut fire plater og fekk med seg ein Grammy. Både SDQ og TT er representert i mi platehylle. Sahm døyde i 1999. I 1948 vart bassisten John Russel Morgan fødd. Morgan nytta artistnamnet Rushton Moreve då han spelte i legendariske Steppenwolf. Same dag kom George Redburn Young til verda i den einaste skotske storbyen, Glasgow. Seinare utvandra heile Young-familien til Australia og unge George toppa hitlistene verda over saman med resten av The Easybeats med hiten Friday On My Mind. Men kan hende er det som produsent for dei to brørne sine George Young har gjort seg best kjend, han har produsert dei tidlegaste AC/DC-platene, og kan i mi platesamling høyrast medan han spelar bass på Little Lover og She’s Got Balls på den internasjonale versjoen av plata High Voltage. I 1961 kom Craig Goldie til verda. Goldie har vore innom band som Venegance og Rough Cut, men i mi platehylle er det som gitarist på Dio-plata Dream Evil frå 1987 han kan høyrast. I 1964 kom geologiprofessoren og vokalisten i Bad Religion, Gregory Walter Graffin til verda. Greg Graffin er i dag einaste gjenværande originalmedlem av gruppa og kan i mi platehylle høyrast medan han gaular ut si vrede på platene Stranger Than Fiction frå 1994, og No Substance (1998). I 1978 nytta Blondie kvelden til å underhalde i The Walnut Theatre i Philadelphia. I Know But I Don’t Know kan høyrast som bonuskutt på plata Parallel Lines. I 1981 var det punkrock på programmet i Brewers Arm i Durham, underhaldninga var det Toy Dolls som stod for. I 1986 var endeleg Toy Dolls attende på Bolverk i hollandske Sneek. I 1987 hadde Toy Dolls teke turen til Hamburg for å spele på Markthalle. I 1988 var Iron Maiden-singelen Infinite Dreams til sals, det same var videoen Maiden England. I 1990 gav The Pogues ut plata Hells Ditch, og Scorpions slepte plata Crazy World, som var deira ellevte studioplate og byr på den særs plagsame Wind Of Changes. I 1992 platedebuterte Rage Against The Machine med ei sjølvtittelert plate. I 2004 døyde Pete Jolly.

Femte november

Femte november 1931 er dagen Ike Turner kom til verda. Turner var gitaristen som stod for den drivande gode gitarlyden i duoen Ike & Tina Turner på slutten av sekstitalet, men vert gjerne hugsa for å ha brukt nevane til anna enn gitarspel. Turner skal ha banka kona Tina Turner ut av ektesenga og ned i rennesteinen, noko som har gjeve ein glitrande musikar eit slett ettermæle. Ike Turner døyde i 2007. I 1947 vart Peter Blair Denis Bernard Noon fødd. Peter Noon var vokalist og spela rolla som Herman i det engelske tyggegummipopbandet Herman’s Hermits, som produserte ei rekkje hits på sekstitalet. I 1959 kom den kanadiske rockesviskesongaren Bryan Guy Adams til verda i Ontario. Adams har herja listene med bidrag av ulik kvalitet dei siste åra, Waking Up The Neighbours frå 1991, som du finn i mi platehylle, er neppe det beste produktet hans. I 1965 gav The Who ut singelen My Generation, som også var titelen på debutplata som kom ut ein månad seinare. Singelen nådde andreplassen på listene. I 1973 kunne Lynyrd Skynyrd-singelen Gimme Three Steps kjøpast for pengar. I 1974 kom David Ryan Adams til verda i Jacksonville i North Carolina. Ryan Adams er ein utruleg produktiv og kreativ artist som diverre er tynt representert hjå meg. Love Is Hell frå 2004 er einaste bidrag, enn så lenge. I 1980 stod Coach and Eight i Durham som vertskap for Toy Dolls. I 1982 kom Toy Dolls til Central Club i Newbiggen. I 1983 var The Sun And The Rain tema for Madness sitt listebidrag. Publikum var såpass fornøgd at det vart ein femteplass. I 1986 kunne fastbuande og tilreisande i Köln gå på Luxor og sjå Toy Dolls spele. I 1987 spelte Toy Dolls på Batschlapp i Frankfurt. I 1996 gav Johnny Cash ut plata Unchained. Plata var nummer to i serien American Recordings og produsent var framleis Rick Rubin. I 2002 gav Johnny Cash ut plata American IV: The Man Comes Around. Plata resulterte i eit ras av nominasjonar og titlar på utdelingar som Grammy og MTV Awards. Dagen bydde også på plateslepp frå Justin Timberlake, debutplata selde i meir enn sju millionar eksemplar.

04.11.2011

Fjerde november

Fjerde november 1928 vart Lawrence Benjamin Bunker fødd i Long Beach. Trommeslagaren Larry Bunker har namn som Gerry Mulligan, Ella Fitzgerald og Billy Holiday på merittlista, men hjå meg er det på plata Best Of Chet Baker Plays trommespelet hans kan høyrast. Larry Bunker døyde i 2005. I 1976 kom Freddy Cricien til verda. Cricien tenar til vanleg til livets opphald som vokalist i det amerikanske punkbandet Madball, og den som stikk innom ein dag eg er i godlune, kan få høyre han skrike lungene sine ut på plata Hold It Down frå 2000. I 1977 var dagen Ramones kom med plata Rocket To Russia. Åstad for innspelinga av meisterverket var Media Sound, New York i august og september same år og produsentar var Tony Bongiovi og T. Erdelyi aka trommeslagar Tommy Ramone. Songane Rockaway Beach, Teenage Lobotomy, Cretin Hop og We’re A Happy Family kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1978 spelte Blondie live på The Paradise i Boston. Deira versjon av Marc Bolan sin Bang A Bong (Get It On) kan høyrast som bonuskutt på plata Parallel Lines. I 1980 var The Who i Odessey Studios i London og spelte inn You Better You Bet. Erstattar for trommeslagar Keith Moon var Kenny Jones. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Biddic Farm Centre i Washington. I 1986 fekk gjestane på Zeche oppleve ein konsert Toy Dolls. I 1987 var Toy Dolls i Freiburg for å spele på Cräsh. I 1989 var Toy Dolls og rocka Paris frå scenen i Elysee Montmartre. I 1991 kom My Bloody Valentine si andre studioplate Loveless. I 1992 enda Iron Maiden sin Fear Of The Dark Tour i Yoyogi Olympic Pool i Japan. I 1994 døyde Fred ”Sonic” Smith. I 2002 slepte Badly Drawn Boy plata Have You Fed The Fish?, som inneheld hans einaste topp ti single You Were Right.

Tredje november

Tredje november 1926 kom Billy Mitchell til verda i Kansas City. Billy Mitchell vert rekna som ei av drivkreftene i jazzmiljøet i Detroit under andre verdskrigen. Hjå meg kan Mitchell sin saksofon høyrast på Count Basie si samleplate Atomic Swing. Mitchell døyde i 2001. I 1952 vart Derek Peter Palmer. Del Palmer spelar bass på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978. I 1954 vart den amerikanske cellisten Melissa Hasin fødd i Newport Beach i California. Missy Hasin har ei imponerande merittliste som tel både Barbara Streisand, Page & Plant og Nathalie Cole, men i mi platesamling er det på platene Under The Pink, som Tori Amos slepte i 1994, og Tragic Kingdom, som No Doubt gav ut i 1995, ho kan høyrast. I 1960 kom tangentmannen i skotske Deacon Blue til verda. James Prime vart fødd i Kilmarnock og var med å starte bandet i 1985, men forlèt den glade forsamlinga i 1998. I 1963 kom den norske biletkunstnaren May Iren Aasen til verda. Aasen er for massane kjend for å spele trommer for Jokke & Valentinerne og kan i mi platesamling høyrast medan ho held takten på platene III (1990) og Frelst (1991). I 1964 fekk verda høve til å kjøpe Elvis Presley sin versjon av den tyske barnesongen Muss I Den. Wooden Heart var henta frå familiefilmen G.I. Blues, den fyrste filmen der ”Kongen” ikkje spela rolla som rebell, og låg seks veker på topp av dei engelske listene, men fekk ikkje notert listeplassering i USA. I 1980 slepte Neil Young plata Hawks & Doves, der Levon Helm frå The Band slepte til på trommer på eit av spora. I 1981 vitja Toy Dolls Casablanca i Newcastle. I 1982 kom Toy Dolls til Fandangos i Hexham. I 1984 kom Iron Maiden med singelen Aces High. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls frå scenen på Tor III i Düsseldorf. I 1987 var Toy Dolls attende på Theatre Fabrik i München. I 1989 døyde Eddie Davis, same dag Exil i den tidlegare romerske grensebyen Trier var åstad for ein konsert med Toy Dolls. I 1998 kom Alanis Morissette si plate Supposed Former Infatuation Junkie, og same dag vart Bee Gees sin konsert frå MGM Grand i Las Vegas året før tilgjengeleg på CD, produktet fekk namnet One Night Only. Plata vart fyrst slept på den engelske marknaden september same året.

Andre november

Andre november 1928 vart saksofonisten Herb Geller fødd i Los Angeles. Geller kan høyrast medan han spelar for Chet Baker på samleplata Best Of Chet Baker Plays. I 1938 kom den norske kunstnaren Oddvar Torsheim til verda på Herland i Askvoll kommune. Torsheim er betre kjend som målar enn som plateartist, men han har gjeve ut fleire soloplater og har delteke i talentkonkurransar. Mi platehylle byr på plata Tur-Retur Blues, som kom ut på plateselskapet Tylden i 2000. I 1947 vart David Pegg til verda. Dave Pegg har spelt med store folk-rock namn som Fairport Convention, og i mi platehylle kan han høyrast medan han speler med Jethro Tull på studioalbumet Catfish Rising frå 1991 og konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1961 kom Kathryn Dawn Lang til verda i canadiske Alberta. k.d lang har seld millionar av plater og er verdas best kjende lesbiske countryartist. I mi platehylle finn ein plata Watershed frå 2008. I 1976 gav Miles Davis ut plata Water Babies som inneheldt studioinnspelingar han hadde gjort saman med eit elitelag av musikarar på slutten av sekstitalet. Mi nyutgjevne CD-plate inneheld songen Splash, som ikkje var blant dei fem utvalde spora på den originale plata. I 1977 var Neil Young i Woodland Sound Studios i Nashville og spela inn songen Comes A Time som vart utgjeven på plata med same namn. Same dato i 1979 stod Toy Dolls på plakaten i Comrades Club i Horden. Etter den konserten forlèt Pete Zulu bandet for fyrste gong. I 1981 spela Toy Dolls sin konsert nummer hundre og det jubileet vart markert i Legions Park i South Shields, same dag gav Neil Young ut plata Re-Ac-Tor saman med husrockarane i Crazy Horse. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Salle De Faubourg i Genève. I 1989 fekk Luxor i Köln gleda av å høyre og sjå Toy Dolls. I 1991 spela Mano Negra live på Club Chitta i Kawasaki, ein konsert som er foreviga på plata In the Hell of Patchinko som sjølvsagt står trygt plassert i platehylla mi. I 1999 gav Rage Against The Machine ut plata The Battle Of Los Angeles.

Fyrste november

Fyrste november 1960 stilte Elvis Presley stilte Elvis Presley spørsmålet mange ungjenter vona å få. Are You Lonesome Tonight? begeistra platekjøparane nok til at det var seks veker på fyrsteplass i USA, fire i England. I 1962 kom Red Hot Chili Peppers-vokalisten Anthony Kiedis til verda i Grand Rapids i Michigan. I tillegg til Kiedis sitt musikalske innslag, vert han gjerne hugsa for ei rekkje dameaffærar, og i mi platesamling er det forholdet til den aust-tyske punkdronninga Nina Hagen som utmerkjer seg. I 1968 slepte souldronninga Aretha Franklin singelen See Saw. I 1972 gav Slade ut plata Slayed?, som inneheldt mange av dei store hitene dei vert hugsa for i dag. Mama, We’re All Crazy Now nådde fyrsteplassen på dei britiske singellistene, Gudbuy T’Jane kom aldri høgare enn nummer to, men det sikra dei plass i historiebøkene. I 1977 var det andre og siste innspelingsdag for Keith Jarrett si plate My Song. Plata vart spela inn i Talent Studios i Oslo og foruten Jarrett var det berre skandinaviske musikarar i bandet. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls på Meerhaus i den sveitsiske hovudstaden, Bern. I 1987 var Toy Dolls innom Graz for å spele på Haus der Jugend. Same dag gav Black Sabbath ut plata The Eternal Idol, den fyrste plata der vokalist Tony Martin fekk prøve seg som frontmann. I 1988 platedebuterte My Bloody Valentine med Isn’t Anything, som var bandet sitt fyrste studioalbum etter ei rekkje singlar. I 1989 var dette dagen då Cafe Europa i Bielefeld tok i mot Toy Dolls. I 1994 vart det høve til å kjøpe Nirvana sin akustiske MTV-konsert på plate, og hadde ein pengar og lyst stod også The Black Crows si tredje studioplate, Amorica, i platehyllene denne dagen. I 2004 slepte brørne Caleb og Nathan Followill og resten av Kings Of Leon plata Aha Shake Heartbreak i UK og Irland, resten av verda måtte vente nokre månader. Her heime var det plateslepp for Enslaved, deira produkt hadde tittelen Isa.