13.08.2011
Tolvte august
Tolvte august 1929 kom countrysongaren Buck Owens til verda som Alvis Edgar Owens Jr i Sherman, Texas. Owens flytta til Bakersfield i California på slutten av 1950-talet og hadde fleire hits som ikkje berre klatra til topps på countrylistene, men også plasserte seg høgt på dei vanlege poplistene. Eg hugsar Owens best frå far min sine gamle langspelplater, men då eg for ei tid tilbake kom over ei CD-plate på Fretex, vart eg hard gripen av nostalgi og investerte halvanna sneis i eit eksemplar av Act Naturally. Owens døyde i 2006. I 1949 vart pianisten og keybordisten Lou Martin fødd i Belfast. I mi platesamling kan Martin høyrast medan han held orden på tangentane for Rory Gallagher på plata Calling Card frå 1976. I 1953 kom den amerikanske fiolinisten Peter Ostroushko til verda. Ostroushko platedebuterte på Bob Dylan si plate Blood On The Tracks i 1975 og har ikkje hatt grunn til å angre på det. Seinare har han spelt for mellom anna Emmylou Harris og Willie Nelson. I 1967 platedebuterte Big Brother & The Holding Company med ei plate med same namn som bandet, vokalist var legendariske Janis Joplin. I 1976 spelte Ramones live på The Roxy i Hollywood. Hendinga vart festa til band og seksten tidlegare uutgjevne songar inkludert Blitzkrieg Bop og Now I Wanna Sniff Some Glue kan høyrast som tilleggsmateriale på plata Leave Home. I 1986 slepte Paul Simon plata Graceland, som var hans sjuande soloplate. I 1995 gjorde Doug Stegmeyer sjølvmord. I 2005 døyde Rufus Thibodeaux.
Ellevte august
Ellevte august 1941 kom plateprodusenten John Simon til verda i Connecticut. Simon kan høyrast medan han spelar altsaksofon på The Band si plate Islands frå 1977. I 1944 vart David Payne fødd i London. Davey Payne spelte saksofon for Ian Dury & The Blockheads og var ein viktig del av bandet sitt lydbilete. I 1958 kom John Joseph Wardle til verda i London. Jah Wobble var originalbassisten i Public Image Ltd, men hjå meg er det som gjest hos Primal Scream han kan høyrast på plata Screamadelica frå 1991. I 1968 vart gitaristen Charles Wayne Sexton fødd i San Antonio i Texas. Charlie Sexton vart spådd i fantastiske solokarriere, men fann etter kvart sin plass i hierarkiet då han valde å gå inn i Bob Dylan sitt faste band. Sexton sitt gitarspel kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate Love And Theft frå 2001. Sexton har også vore sjefsgitarist i Dylan sitt band på begge dei konsertane eg har fått med meg med legenda. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Mecca i Sunderland. I 1984 fekk verda stifte kjennskap med Iron Maiden sin singel 2 Minutes To Midnight.
Tiande august
Tiande august 1940 kom gitaristen Jerry Glenn Kennedy til verda i Shreveport, Louisiana. Kennedy spelar gitar for Bob Dylan på plata Blonde On Blonde. I 1947 vart Jethro Tull-sjefen Ian Scott Anderson fødd i Dunfermline i Fife i Skotland. Anderson har vore leiar av Jethro Tull sidan starten på slutten av 1960-talet. Underteikna var så uheldig å sjå Anderson og Jethro Tull i Grieghallen i Bergen i 2009, men røysta til Anderson var så dårleg at det heile var ganske så skuffande. Då er det betre å hygge seg med dei platene som står i hylla heime, This Was, Aqualung, Thick As A Brick, Too Old To Rock & Roll; Too Young To Die, Heavy Horses, Nightcap, Catfish Rising og liveplata A Little Light Music. I tillegg kjem sjølvsagt fleire samleplater. I 1961 vart Jonathon James Farriss fødd i Perth på den australske vestkysten. Jon Farriss har traktert trommene i bandet INXS sidan starten i 1977. I 1978 kunne ein høyre Gasolin i Tigerstaden. Dei heldige frammøtte fekk mellom anna høyre Det Bedste Til Mig Og Mine Venner, Hvad Gør Vi Nu, Lille Du, Kattemor og Kloden Dreier Stille Rundt som alle er å høyre på Derudaf - Forever. I 1981 gav Bob Dylan ut plata Shot Of Love. I 1984 platedebuterte Red Hot Chili Peppers med ei plate med same namn som bandet.
Niande august
Niande august 1955 vart trommeslagaren Charles Morgan fødd i London med fullt namn John Charles Morgan. Morgan sitt trommespel kan høyrast på tittelsporet til Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Steels Club i Sunderland. I 1983 var Toy Dolls attende i 100 Club i London for å spele. I 1984 er dette datoen for starten av Iron Maiden sin World Slavery Tour. Det var i seg sjølv ei stor hending, i og med at det hendte i Polen som den gong var trygt plassert i den kommunistiske delen av eit delt Europa. I 1986 var det plateslepp for Orgasmatron frå Motörhead. Sjølv venta eg nokre år før eg skaffa meg denne skatten, men no er plata trygt på plass i hylla. I 1987 kunne ein oppleve Toy Dolls på festival i Gronningen. I 1995 døyde Grateful Dead-gitaristen Jerry Garcia. I 2003 døyde Bill Perkins.
Åttande august
Åttande august 1937 vart den svensk-hollandske visesongaren Cornelis Vreeswijk fødd i Ijmuiden i Nederland. Gjennom eit hardt liv sette Vreeswijk sitt preg på skandinavisk visesong og han har skrive eit utal viser og gjendikta fleire kjende framandspråklege tekstar, ofte med ein humoristisk og samfunnsrefsande synsvinkel. Hjå meg finn du to samlingar av Vreeswijk sine songar, og eg ser ikkje bort frå at det vert fleire. Vreeswijk døyde i 1987. I 1942 kom bassisten John Gustafson til verda i Liverpool. Gustafson har ei allsidig karriere som omfattar mellom anna The Merseybeats og Ian Gillan Band, men hjå meg kan han, så langt, berre høyrast medan han spelar bass på songen Lounge Lizzard på Ian Hunter si sjølvtittelerte soloplate frå 1975. I 1950 vart den amerikanske trommeslagaren Liberty DeVitto fødd i New York. DeVitto var fram til 2006 fast medlem med meir enn tretti års fartstid i Billy Joel sitt band og kan hjå meg høyrast på konsertplata Kohuept frå 1987 og studioplata Storm Front frå 1989. I 1961 kunne Elvis Presley fortelje at (Marie’s The Name) His Latest Flame og fekk med det fire veker på fyrsteplass på hitlistene i England. I USA klatra plata til fjerdeplass som høgaste plassering. I 1968 spelte Johnny Cash inn Oh, What A Dream og All Over Again som begge kan høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1975 døyde Cannonball Adderley. I 1979 fekk nederlandske fjernsynssjåarar servert eit ungt og vitalt AC/DC. Programmet Veronica-Countdown bydde på eit opptak gjort i Rijnhall i Arnhem i juli same år. For dei som kjenner for å mimre kan det vere lurt å sjekke DVD’ane Plug Me In eller Let There Be Rock. I 1984 gav W.A.S.P. ut den sjølvtittelerte debutplata si og rocken vart aldri den same. Sjefen Blackie Lawless trakterte bassen og hadde med seg gitaristane Randy Piper og Chris Holmes i tillegg til trommeslagaren Tony Richards. L.O.V.E. Machine, I Wanna Be Somebody og On Your Knees kan i tillegg høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 er Toy Dolls på plass på Dollys i Oxford. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Sneekwave i Sneek.
Sjuande august
Sjuande august kom Peter Frederick Way til verda i Enfield. Bassisten Pete Way har spelt med Ozzy Osbourne og Fastway, men er best kjend for arbeidet han har gjort med UFO, der han kan høyrast på plata Obsession frå 1978. I 1958 vart Bruce Dickinson fødd i Worksop. Dickinson er kjend som den høgtflygande vokalisten i Iron Maiden. Han har også gjeve ut fleire soloplater og har ei fortid i fleire grupper, mellom anna meritterte Samson.
06.08.2011
Sjette august
Sjette august 1937 kom pianisten Paul Griffin til verda i Harlem i New York. Griffin kan mellom anna høyrast på Bob Dylan platene Bring It All Back Home frå 1963, Highway 61 Revisited, som kom på marknaden i 1965, og Blood On The Tracks frå 1975. Griffin spelar også på Don McLean plata med same namn som den udødelege klassikaren American Pie frå 1971. Griffin døyde i 2000. I 1952 fekk Green Bay i Wisconsin (home of the Packers) gitaristen og komponisten Pat MacDonald. MacDonald er best kjend som medlem av den alternative duoen Timbuk 3 som fekk debutplata si nominert til Grammy i 1987. Etter at bandet slutta å spele saman i 1995 har MacDonald gjeve ut fleire plater på uavhengige selskap utan den store salssuksessen. Han har derimot tent gode pengar på å skrive songar for andre artistar. I 1967 var The Who i Mirasound Studios i New York og spelte inn tredje versjon av Mary Anne With The Shaky Hand. Songen kom med på plata The Who Sell Out og Al Kooper spelte orgel. I 1986 hadde Warehouse i Dunfermline vitjing av Toy Dolls. I 2009 døyde Willie DeVille.
05.08.2011
Femte august
Femte august 1947 fekk verda gitaristen Rick Derringer kamuflert som Richard Zehringer. Derringer slo gjennom i gruppa McCoys som er fint plassert i kategorien ”one-hit-wonders” etter kjempesuksessen med Hang On Sloopy, men i mi platehylle gjer han jobben som hjelpegitarist og produsent for Johnny Winter på plata And Live frå 1971. I 1955 vart Eddie Ojeda fødd i New York City. Ojeda, med kallenamnet Fingers, er gitarist i Twisted Sister. I 1961 kom fiolinisten Mark O’Connor til verda i Seattle. O’Connor kan hjå meg høyrast saman med bandet Telluride på Nothing But A Child på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1964 vart Adam Nathaniel Yauch fødd i Brooklyn. Yauch er ein av grunnleggjarane av rap-trioen Beastie Boys, og nyttar ofte scenenamnet MCA. I 1968 nytta gitaristen Luther Perkins dagen til å dra sitt siste sukk etter ei tids sjukdom. I 1986 var Toy Dolls i skotske Ayr for å spele på Darlington Hotel. I 1992 døyde Jeff Porcaro.
04.08.2011
Fjerde august
Fjerde august 1901 vart jazztrompetisten og songaren Louis Daniel Armstrong fødd i jazzbyen framfor nokon, New Orleans. Frå fattigstroka ved Mississippi-elva sine bredder gjekk turen til Chicago og New York ,og seinare tusenvis av konsertar verda over. Etter kvart voks Armstrong si stjerne seg så stor at han i dag har si eiga stjerne på den berømte Hollywood Walk Of Fame. Armstrong døyde i 1971. I 1960 vart trommeslagaren Stefan Kaufmann fødd i Solingen. Kaufmann har heldt takten på ni av Accept sine plater og kan hjå meg høyrast på Balls To The Wall frå 1983. I 1967 slepte Aretha Franklin plata Aretha Arrives, produsent var Jerry Wexler. I 1986 kunne Toy Dolls høyrast på Roof Tops i den skotske storbyen Glasgow.
03.08.2011
Tredje august
Tredje august 1947 vart John Tyler fødd i Barlow. Sean Tyla hjelpte The Blackhearts med gitarspel for Joan Jett på plata I Love Rock’n Roll frå 1981. I 1961 kom Leon Drucker til verda. Drucker er til vanleg kjend som den hårfine bassisten Lee Rocker i det fantastiske rockabillybandet Stray Cats og kan hjå meg høyrast på platene Gonna Ball frå 1981 og Choo Choo Hot Fish frå 1992, i tillegg til samleplata The Best Of The Stray Cats (1996) som oppsummerar den fyrste delen av rockabillylegendene si karriere på strålande vis. I 1964 vart Amery Smith fødd i Los Angeles. Den trommeslagande artisten kjend som AWOL har vore innom ei rekkje band og kan hjå meg høyrast på Beastie Boys si plate Ill Communication frå 1994. I 1967 kom Deborah Ann Dyer til verda i innvandrarbydelen Brixton i London. Skin tok verda med storm midt på 1990-talet som ein del av bandet Skunk Anansie og kan hjå meg høyrast på platene Stoosh frå 1996, og Post Orgasmic Chil. I 1992 slepte INXS plata Welcome To Wherever You Are, bandet si åttande studioplate. I 1999 døyde Leroy Vinnegar.
02.08.2011
Andre august
Andre august 1937 vart Eric Garth Hudson fødd i Ontario. Garth Hudson vert rekna som mannen bak The Band sitt unike lydbilete og hjå meg kan tangentspelet hans høyrast på plata Islands frå 1977, bandet si siste studioplate med originalbestninga. I 1953 fekk musikaren Earl Scruggs ein son som etter kvart fekk namnet Randy. Randy Scruggs har ei sjølvstendig karriere som musikar og produsent, noko som har resultert i Grammypris. I mi platehylle kan Scruggs høyrast medan han spelar gitar for Johnny Cash på plata American III: Solitary Man frå 2000. I 1957 døyde Joe Shulman. I 1972 spela Johnny Cash inn Little Green Fountain i Hendersonville. Resultatet kan høyrast på plata The Johnny Cash Childrens Album frå same år. I 1983 gav Jackson Browne ut si sjuande studioplate, Lawyers In Love.
Fyrste august
Fyrste august 1942 vart Jerome John Garcia fødd. Jerry Garcia var ein av grunnleggarane av kulthippiebandet Grateful Dead og vart rekna som talsmann for bandet fram til han døyde i 1995. Garcia hadde i tillegg sitt eige band, Jerry Garcia Band i tillegg til ei rekkje andre samarbeidsprosjekt. I tillegg til ei Grateful Dead liveplate frå 1964 kan Garcia i mi platesamling høyrast på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. I 1946 kom Raymond Burrell til verda i Lincoln. Boz Burrell si merittliste inneheld legendariske band som King Crimson, men hjå meg er det som bassist for supergruppa Bad Company han kan høyrast. Burrell døyde i 2006. I 1951 vart Thomas Richard Bolin fødd i Sioux City i Iowa. Tommy Bolin fekk i løpet av si korte karriere høve til å erstatte supergitaristen Richie Blackmore i Deep Purple, men det vart med plata Come Taste The Band frå 1975. Bolin døyde av ein overdose heroin i 1976. I Winnipeg kom Timothy Gregg Bachman til verda. Gitaristen Tim Bachman var ein av grunnleggjarane av Bachman-Turner Overdrive I 1966 var The Who i IBC Studios i London og spelte inn I’m A Boy. Produsent var Kit Lambert. I 1972 var dagen Elvis Presley slepte singelen Burning Love. Songen var Elvis sin siste rockehitt og fekk ei veke på listetoppen i USA. I England var sjuandeplassen beste plassering. I 1982 køyrde Madness bil inn på listene. Drivin’ In My Car la seg inn på ein fjerdeplass. I 2000 gav The Dandy Warhols ut plata Thirteen Tales From Urban Bohemia.
Abonner på:
Innlegg (Atom)