16.04.2011

Tolvte april


Tolvte april 1940 kom jazzpianisten Herbert Jeffrey Hancock til verda i bluesbyen Chicago. Herbie Hancock var ein del av Miles Davis sin andre kvartett og kan i mi platesamling høyrast på fusionplata In A Silent Way frå 1969, samt samleplata Water Babies frå 1976. I 1944 fekk verda Joachim Fritz Krauledat. Mannen var utvilsamt Born To Be Wild, noko som gjer at gjorde unge Krauledat seinare gjorde seg kjend under namnet John Kay og tente til livets opphald som songar i sekstitalsikonbandet Steppenwolf. I 1951 kom trommisen Jackson Spires til verda. I mi platehylle er Spires å høyre på Blackfoot-platene Marauder og Highwaysong, sistnemnde er ei konsertplate som fangar stemninga frå bandet sin Englandsturné i 1982. Spires døyde i 2005. I 1965 vart bassisten Sean Welch fødd i Enfield. Welch spelte tidlegare i bandet The Beautiful South og kan hjå meg høyrast på plata Painting It Red frå 2000. I 1969 var Janis Joplin i Frankfurt i Tyskland for å spele inn Rais Your Hands. Musikken var ved Kozmic Blues Band. I 1971 døyde Wynton Kelly. Samstundes fullførde The Who innspelinga av Too Much Of Anything i Olympic Studios. Songen vart likevel ikkje tilgjengeleg før plata Odds & Sods i 1974. Dei driftige karane gjekk også i gang med innspelinga av låten Bargain som vart fullførd med tre studiodagar i juni (5., 18 - 19.) same året. I 1984 slepte Rush plata Grace Under Pressure. Dette var bandet si tiande studioplate.

Ellevte april


Ellevte april 1950 fekk verda ein bassist som lydde namnet Tom Hill. Newcastle-fødde Hill, som også har dubba stemma for den engelske versjonen av frukostblandinga Frosties, kan i mi platesamling høyrast på plata Can You Do It med Geordie. I 1962 kom skodespelaren Vincent Gallo til verda. Gallo har innimellom filminnspelingane teke seg tid til å spele inn litt musikk, plata When frå 2001 er på plass i platehylla. I 1966 vart Lisa Stainsfield fødd i Nord-vest England. I 1980 spelte Toy Dolls i Boilermakers Club i Sunderland, dette vart siste konsert for originaltrommis Mr. Scott etter at kjærasten hans kravde at han måtte få betalt minimum ein tiar (ti pund) for kvar konsert. Slike skyhøge krav kunne gitarist og bandleiar Olga (Michael Algar) sjølvsagt ikkje innfri og han måtte ut på jakt etter ein rimelegare trommis. Tidsskilnaden gjer at det truleg var gått nokre timar då Ramones nytta denne dagen til å gå på scenen. Kjeldene mine hevdar at dei spelte både i Hollywood Palladium og Civic Auditorium i Santa Cruz i California denne fredagen. Kan hende spelte dei unge og energiske pønkarane begge stader eller kan hende er det nokon som rotar med datoane i materialet sitt. I 1988 gav Neil Young ut plata This Note’s For You på sitt faste plateselskap, Reprise Records. Produsent var Young sjølv, saman med Niko Bolas. I 2006 gav Judas Priest ut samlinga The Essential Judas Priest, ein dobbel CD med trettifire av dei grommaste låtane bandet har spela inn.

10.04.2011

Tiande april


Tiande april 1959 kom den alltid like hårfine gitaristen Brian Setzer til verda. Setzer er mest kjend som låtskrivar, vokalist og supergitarist i rockabillybandet Stray Cats, men har i tillegg hatt ei omfattande solokarriere utanom. Rockabillyikonet har etter Stray Cats-tida fått gravert ei rekkje tatoveringar i huda og er ein flott representant for sjangeren. Hjå meg kan Setzer høyrast på diverse Stray Cats-plater som dekker det mest essensielle frå dette epokegjørande bandet. I 1964 kom Alan John Wren til verda i Manchester. Reni var trommeslagar for The Stone Roses og kan hjå meg høyrast på plata The Second Coming. I 1965 vart Primus-trommisen Tim Alexander fødd. I 1971 vart jazzpianisten Joey DeFrancesco fødd i industribyen Philadelphia. DeFrancesco er kåra til verdas beste jazzpianist i ei årrekkje og har spelt med ei rekkje store artistar. Som syttenåring fekk han høve til å turnere med trompetlegenda Miles Davis og i mi platehylle kan han høyrast på nettopp Davis si plate Amandla frå 1989. I 1978 slepte Jethro Tull plata Heavy Horses. I 1979 vart Sophie Ellis-Bextor fødd. Ellis-Bextor starta karrieren sin i bandet Theaudience og har seinare gjeve ut plater på eiga hand. Hjå meg finn ein den fyrste soloplata, Read My Lips frå 2001. I 1980 nytta dei skinnkledde karane i Ramones dagen til å signere plater på Music Plus i Hollywood, California, USA. Bandet var annonsert til å dukke opp klokka halv fem om ettermiddagen.

Niande april


Niande april 1932 kom gitaristen og komponisten Carl Lee Perkins til verda. Perkins er kan hende best kjend for å ha skrive Blue Suede Shoes, som mellom anna Elvis Presley hadde ein kjempehit med, og som Toy Dolls har ein glitrande og temposterk versjon av, men i mi platehylle har Perkins overteke broren Luther sin jobb og spelar gitar for Johnny Cash på fleire av hans innspelingar. I 1978 gav Rainbow ut plata Long Live Rock’n Roll, der kanadiaren David Stone (Michael David Stoyanoff) spelar keyboard. I 1980 la dei elleville skagutane i Madness seg godt til rette på ein fin sjetteplass på hitlistene med lystige Night Boat To Cairo som hjå meg kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits. I 2002 gav Jon Spencer Blues Explosion ut plata Plastic Fang. Dette var det hardtrockande alternativbandet si sjuande studioplate, produsent var Steve Jordan. Frå 2006 vert dagen hugsa for at bluegrassfelespelaren Gordon N. Terry døyde, etter eit langt sykeleie, syttifire år gamal. Terry har spela med mange av dei store country- og bluegrasstjernene og er i mi platesamling å finne på plater med Johnny Cash.

Åttande april


Åttande april 1929 vart den belgiske visesongaren Jacques Romain George Brel fødd i Schaarbeek. Jacques Brel hadde fleire hits i den franskspråklege delen av Europa på femti- og sekstitalet og tekstane hans er oversett til ei rekkje språk. Best kjend her heime er kan hende canadiske Terry Jacks sin versjon av Seasons In The Sun. Hjå meg finn du samleplata Infiniment, som gjev oss nitten spor med det beste Brel spela inn. Brel døyde i 1978. I 1947 kom Stephen James Howe til verda i Holloway. Steve Howe er best kjend for å traktere gitaren for Yes, men har også vore innom band som Asia. Howe sitt bidrag til mi platehylle er Yes si plate Going For The One, som kom på marknaden i 1977. I 1951 kom bassisten Mel Scharcher til verda i Flint i Michigan. Scharcher si karriere er omfattar spel i Grand Funk Railroad og i mi platesamling kan han høyrast på platene On Time og Grand Funk, begge frå 1969. I 1994 vart grungeikonet og den mest profilerte medlemmen av grungebandet Nirvana, Kurt Cobain, funnen daud i heimen sin i Seattle etter eit, truleg sjølvpåførd, skott i hovudet. Heime hjå meg har Nirvana-samlinga vokse i det siste og Kurt kan no høyrast både på den mest kjende plata, Nevermind frå 1991, i tilegg til In Utero, Unplugged In New York og From The Muddy Banks Of The Wishkah. I 1991 slepte Simple Minds plata Real Life, dette var bandet sitt niande album, som klatra til andreplass i Dei Sameinte Kongedøma. I 1994 kom Offspring si tredje studioplate, og den fekk namnet Smash. I 1997 relanserte MU330 plata Chumps On Parade på plateselskapet Asian Man. Plata vart eigentleg utgjeven på Dill Records året før. I 2009 døyde Herbie Lovelle. I 2010 døyde tidlegare Sex Pistols-manager Malcolm McLaren.

07.04.2011

Sjuande april


Sjuande april 1915 vart Eleanora Fagan fødd i Philadelphia. Billie Holiday fekk kjælenamnet Lady Day av jazzkollega Lester Young, og har sidan hatt stor påverknad på kvinneleg vokal i både pop og jazz. Holiday døyde allereie i 1959. I 1934 kom den engelske jazzmusikaren Victor Feldman til verda i Edgware. Perkusjonisten Feldman har gjeve ut ei rekkje jazzplater under eige namn, men i mi platehylle er det på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983 dei musikalske ferdighetene hans kan høyrast. Feldman døyde i 1987. I 1938 vart tromptisten Frederick Dewayne Hubbard fødd i motorsportbyen Indianapolis. Freddie Hubbard har spelt inn og gjeve ut fleire plater under eige namn og har i tillegg spelt på så og seie alle viktige jazzinnspelingar med alle viktige jazzartistar på seksti- og syttitalet. I mi platehylle er det på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1961 trompeten hans kan høyrast. Hubbard døyde i 2008. I 1976 døyde Jimmy Garrison. I 1980 var Heaton Buffs i Newcastle vertskap for Toy Dolls. I 1994 døyde Lee Brilleaux. I 2008 døyde Phil Urso.

06.04.2011

Sjette april


Sjette april 1927 kom jazzmusikaren Gerry Mulligan til verda. Mulligan trakterar saxofon og gjev sitt musikalskebidrag til mi platehylle på plata Birth Of The Cool, som Miles Davis gav ut i 1957. Mulligan døyde i 1996. I 1937 vart countrylegenda Merle Ronald Haggard fødd. Haggard har gjeve ut ei rekkje soloplater, men hjå meg er det på songen I’m Leaving Now frå Johnny Cash si plate American III: Solitary Man frå 2000 han kan høyrast. I 1946 vart gitaristen Danny Kortchmar fødd. I mi platesamling har Kortchmar ytt sitt bidrag med glitrande seksstrengslyd på fleire spor både på Bob Dylan si Shot Of Love frå 1981 og på Neil Young si plate Landing On Water frå 1986. I 1952 kom Udo Dirkschneider til verda i den tyske småbyen Wuppertal. Udo har i dag sitt eige band, men gjorde i hine hårde dagar stor suksess som vokalist i det tyske Gay Metall-bandet Accept og han kan i mi platehylle høyrast på plata Balls To The Wall frå 1982. Dette var Accept si femte studioplate. I 1960 vart Warren Haynes fødd North Carolina. Haynes slo seg saman med The Allman Brothers Band i 1989, og han skal etter sigande ha vore med dei sidan. I 1965 vart det mogleg å kjøpe Elvis Presley singelen Crying In The Chappel, som engelskmennene likte godt nok til at det vart to veker på topp av lista. I USA heldt det til ein respektabel sjetteplass for “Kongen”. I 1974 nytta unge rockarar i Black Sabbath dagen til å underhalde på Ontario Speedway i California. Children Of The Grave var ein av songane som stod på programmet og denne klassikaren kan både høyrast og sjåast på ein DVD med tittel Undead And Alive frå Falcon Neue Medien. I 1983 var Johnny Cash i studio og spela inn Bruce Springsteen sin song Highway Patrolman som har vore på ei rekkje samleplater, mellom anna Murder frå 2000. I 1992 spelte Violent Femmes på The Commodore Ballroom i OL-byen Vancouver, ein song med same namn som vertsbyen kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1996 fekk publikum ein smakebit frå den nært føreståande CD-plata frå The Cranberries med singelen Salvation.

05.04.2011

Femte april


Femte april 1926 vart Stanley Levey fødd i Philadelphia. Stan Levey var ein av dei tidlegaste Bebob-trommeslagarane og ein av få kvite slike. I mi platehylle er det som stødig rytmeseksjon for Chet Baker på samleplata Best Of Chet Baker Plays Levey kan høyrast. Levey døyde i 2005. I 1948 kom Nord-Iren Les Binks til verda i Portadown. Binks har spela med mange av dei store engelske hardrocknamna og kan i mi platesamling høyrast medan han trommar takten for Judas Priest på plata Stained Class, som kom i sal i 1978. Same dag, og same år, vart utruleg nok Binks sin erstattar Dave Holland fødd i Wolverhampton. Pederasten Holland er dømd for valdtekt av ein syttenåring, men er for dei fleste kjend for å halde takten på den legendariske Judas Priest-plata British Steel frå 1980. I 1950 vart den svenske songarinna Agneta Feltskog fødd. Frå basen i heimbyen Jönköping etablerte Feltskog ei songkarriere som fekk sitt fyrste store høgdepunkt då ho spela rolla som Maria Magdalena i Jesus Christ Superstar i 1972. Seinare slo Agneta seg saman med dei tre andre som til saman utgjorde ABBA og etter det tok suksessen berre av og det er berre å ta av seg hatten og gratulere med det denne Dancing Queen har oppnådd i musikken si verd. I 1967 fekk The Who produsenthjelp av Kit Lambert då dei var i IBC Studios i London for å spele inn Pictures Of Lily. I 1974 gav Johnny Cash ut plata Ragged Old Flag. Musikarane var The Tennessee Three som bestod av Carl Perkins på gitar, Larry McCoy og Ray Edenton. I tillegg steppa The Oak Ridge Boys inn og kora på somme av songane medan Earl Scruggs klimpra på banjo. I 1984 stod Toy Dolls på plakaten på Forum i Enger. I 1988 slepte Tracy Chapman si sjølvtittelerte debutplate. I 1991 avslutta Iron Maiden verdsturneen No Prayer On The Road i NHK Hall i Tokyo. Dette var tredje konsertkvelden på rad i same arena. I 1998 døyde Cozy Powel. I 2002 tok Layne Stanley ein overdose heroin og eit kort og hektisk liv i rocken si teneste var over. Dødsdatoen er omtrentleg og basert på rettsmedisinarane si fagleg kvalifiserte gjetting etter som det gjekk om lag fjorten dagar før Stanley vart funnen.

04.04.2011

Fjerde april


Fjerde april 1913 er dagen bassisten Gene Ramey kom til verda i Texas-hovudstaden Austin. Ramey har vore innom bandet til mellom anna Miles Davis og fleire andre store jazzartistar, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar på plata The Freewheelin Bob Dylan frå 1963. Ramey døyde i 1984. I 1939 vart den engelske bassisten Daniel Henry Edward Thompson fødd i Devon. Danny Thompson sitt basspel er godt kjend over heile verda og kan hjå meg høyrast på Nick Drake si plate Five Leaves Left frå 1969. I 1952 kom supergitaristen Robert William Gary More til verda i Belfast i Nord-Irland. Gary More er sikkert best kjend for si eiga solokarriere, mellom anna med bluessviskeplata Still Got The Blues, men i mi platesamling er han berre representert som gitarist i det irske hardrockbandet Thin Lizzy, der han samarbeida med Phil Lynnot. More døyde i 2011. Ei som delar gebursdag med More er den italienske songarinna Fiorella Mannoia, som kom til verda i Roma. Fiorella sitt bidrag til mi platesamling heiter Belle Speranza og kom på marknaden i 1997. I 1957 vart den skotske gitaristen Graeme Hunter Kelling fødd i skotske Paisley. Graeme Kelling spelte i Deacon Blue fram til 1998, og tapte diverre kampen mot kreften i 2004. I 1958 kom den tyske bassisten Peter Baltes til verda. Baltes har spelt på femten av dei tyske metallheltane Accept sine studioplater og kan hjå meg høyrast på Balls To The Wall frå 1983. I 1966 fekk verda Micaehel Christopher Starr. Hawaii-fødde Mike Starr var den originale bassisten i Alice In Chains og kan hjå meg høyrast på bandet sine to fyrste studioplater, Facelift og Dirt. Starr har også utmerkt seg ved å vere med på fjernsynsprogrammet Celebrity Rehab på ein amerikansk musikkanal. I 1980 spelte Toy Dolls på Old Twenty Nine i Sunderland. I 1984 melder Toy Dolls-nyhenda at dei var på plass på The Loft i Berlin. I 1991 spelte Iron Maiden i Tokyo for andre kvelden på rad.

Tredje april


Tredje april 1949 kom songaren og gitaristen Richard John Thompson til verda i London. Richard Thompson er best kjend for tida med folkrockbandet Fariport Convention og har i ettertid turnert verda over i ulike band og konstellasjonar, mellom anna med den bergenske gitaristen Mads Eriksen. I mi platehylle Thompson høyrast på Nick Drake si plate Five Leaves Left frå 1969. I 1960 vart It’s Now Or Never og Are You Lonesomme Tonight festa til lydband. Songaren bak desse meisterverka heit Elvis Presley og musikarane som hjelpte han med godlyden kalla seg for The Jordanairs. I 1977 spelte AC/DC inn eit opptak for ABC sitt program Countdown. Dog Eat Dog er frå denne seansen og kan nytast på DVD’en Family Jewels. I 1980 var det truleg høgtid på Castle Inn i Durham då dei tok i mot Toy Dolls. I 1982 er dette datoen då Motörhead sin singel Iron Fist/Remember Me I’m Gone kom på marknaden. I 1984 fekk A-Z i Freiburg vitjing av Toy Dolls. I 1991 fekk NHK Hall i Tokyo vitjing av Iron Maiden. I 1992 spelte Violent Femmes på Leavey Activities Center i Santa Clara. Caleb Alexander sin kassettinnspeling av Lies kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1995 kom Hellbillies si tredje studioplate, denne gongen på eit stort plateselskap, BMG. Produktet fekk namnet Laka Fant. I 2000 kom Hothouse Flowers si tredje studioplate, Songs From The Rain.

02.04.2011

Andre april


Andre april 1939 vart den amerikanske plateprodusenten og songaren Marvin Pentz Gaye Jr. fødd i det amerikanske maktsentrumet Washington D.C. Gaye hadde i åra frå 1958 til 1984 ei rekkje hits og vart rekna som The Prince Of Motown. Gaye døyde i 1984. I 1947 kom Emmylou Harris til verda i Birmingham i Alabama. Countrysongerinna Harris har gjeve ut fleire soloplater, men det er som anonym kordame for andre artistar dei fleste stiftar kjennskap til ho. Verdas beste kordame kan i mi platesamling høyrast i framgrunnen på plata Pieces Of The Sky, som ho sjølv gav ut i 1975, og i bakgrunnen på plater med store namn som Johnny Cash, Willie Nelson, Steve Earle, og på songen Stars Of Betlehem for Neil Young på plata American Stars’N Bars frå 1977. I 1952 vart David Eric Bronze fødd i Essex. David Bronze har spelt bass med både Eric Clapton og Procol Harum, men hjå meg finn ein basspelet hans på Dr. Feelgood si plate Primo frå 1991. I 1956 var Johnny Cash i studio og spelte inn det som av mange vert sett på som sjølvaste signaturlåten hans, I Walk The Line. Innspelinga vart produsert av legenda Sam Phillips og kom ut som Sun Reccords sin singel nummer 241. Denne songen er representert på ei rekkje samleplater i mi platehylle, mellom anna plata Love frå 2000. I 1975 slepte Bad Company si andre studioplate, Straight Shooter. I 1978 gav Kiss ut samleplata Double Platinum som summerte opp karrieren til dei maskekledde fram til då. I 1984 nytta gutane i Toy Dolls kvelden til å spele på Korn i Hannover. I 1987 spelte Iron Maiden i den vidgjetne sportsarenaen Madison Square Garden i verdsmetropolen New York. I 1991 slepte brasilianske Sepultura plata Arise, same dag som Mike + The Mechanics slepte plata Word Of Mouth. I 1996 slepte Beastie Boys med den instrumentale samleplata The In Sound From Way Out. I 2009 døyde Bud Shank. I 2010 ebba livet ut for Mike Zwerin.

01.04.2011

Fyrste april


Fyrste april 1945 fekk trommeslagaren Aaron Kenneth Buttrey livet i Nashville, Tennessee. Kenneth Buttrey var ein høgt skatta studiomusikar som har spela med fleire av dei største stjernene som vitja heimbyen hans. I mi platesamling kan Buttrey sitt stødige trommespel høyrast på plata Blonde On Blonde, som Bob Dylan gav ut i 1966, og John Wesley Harding, som same artist slepte året etter. Buttrey kan også høyrast på Neil Young si plate Tonight’s The Night frå 1975. Buttrey døyde i 2004. I 1946 kom Ronald Frederick Lane til verda i East London. Bassisten Ronnie Lane var mannen bak band som The Small Faces og Faces og kan hjå meg høyrast på sistnemnde si plate Long Player frå 1971. Lane døyde av MS i 1997. I 1954 såg enno ein trommeslagar dagsljos i Hartford, Connecticut. Jeffery Thommas Porcaro var ein av verdas mest nytta trommisar og har namnet sitt på meir enn hundre plater, best kjend er han kan hende for arbeidet med Toto. Hjå meg kan Jeff Porcaro høyrast på plata Good Stuff, som den elleville gjengen i The B52s gav ut i 1992. Porcaro døyde i 1992. I 1968 var Janis Joplin i Columbia Studio E i New York og spelte inn songane Missery’n og Catch Me Daddy. Musikken var ved Big Brother And The Holding Company og innspelingane kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. I 1979 kunne ein kjøpe den sju år gamle The Who-låta Long Live Rock på singel. I 1980 nytta Iron Maiden dagen til å spele på The Rainbow i London. Dette var den fyrste konserten av femtiein på ein omfattande englandsturné. I 1984 kunne Toy Dolls for fyrste gong opplevast i levande live i Tyskland, det hendte på Slaugterhof ved mektige Weser sine bredder, nærare bestemt i Bremen. Same dag døyde Marvin Gaye ein tragisk daud. I 1991 nytta kampsportsentusiasten Lou Reed denne dagen til å gå i studio for å gå i gang med innspelinga av plata Magic and Loss, som sjølvsagt står klart til å verte plukka fram frå mi platehylle. Same dagen gav Mano Negra ut plata King Of Bongo, som burde vere obligatorisk i alle platesamlingar.