17.01.2017

Syttande januar

Syttande januar 1929 vart Thomas Grady Martin fødd i Chapel Hill i Tennessee. Gitaristen Grady Martin var ein respektert studiomusikar som har spela med artistar som Elvis Presley og Johnny Cash, han er medlem av Rockabilly Hall of Fame. Hjå meg kan Martin høyrast på Willie Nelson si studioplate Across The Borderline frå 1993. Grady Martin døyde i 2001. I 1954 kom Cheryl Bentyne til verda i Mount Vernon i delstaten Washington. Bentyne slo seg saman med vokalgruppa The Manhattan Transfer i 1978, og hjå meg høyrer du arbeidet hennar på plata The Offbeat Of Avenues frå 1991. I 1955 vart Stephen Fain Earle fødd i Fort Monroe i Hampton i Virginia. Countryartisten Steve Earle voks opp i San Antonio i skytegale Texas og er ein av så altfor få samfunnsengasjerte artistar og han er ein av dei som ope kritiserar dei amerikanske styresmanktene sin bruk av dødsstraff. Earle er ein av få artistar eg har teke meg bryet med å sjå fleire gonger. Tre konsertar har eg fått med meg, alle i Bergen, og eg vonar han tek turen innom att snart. Vonleg er Earle sitt bidrag til mi platesamling kraftig utvida til då. To av Earle sine studioplater er på plass i hylla, Copperhead Road (1988) og El Corazón (1997), i tillegg til samleplata The Collection frå 2002. Earle kan også høyrast medan han syng saman med ein annan samfunnsengasjert artist, Jason Ringenberg, på songen Bible And A Gun frå sistnemnde si samleplate Best Tracks & Side Tracks 1979-2007. Earle er også kreditert for å traktere gitar og munnspel på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998. I 1959 kom Susanna Lee Hoffs til verda i Los Angeles i California. Susanna Hoffs var songar og gitarist i jentebandet The Bangles, som har fått på plass ei Greatest Hits-plate i mi hylle. I 1960 vart Daniel Blumenfeldt fødd i universitetsbyen Berkeley i California. Musikkprodusenten Danny Blume var i ein periode ein viktig del av Kid Creole And The Coconuts og kan i mi platehylle høyrast på studioplata You Shoulda Told Me You Were frå 1991. I 1964 kom Andrew Michael Rourke til verda i engelske Manchester. Bassisten Andy Rourke har ei fortid i The Smiths og hjå meg kan basspelet hans høyrast på studioplatene Meat Is Murder (1985) og Strangeways, Here We Come frå 1987, i tillegg til samleplata Louder Than Bombs frå 1987. Rourke er også kreditert for både gitar- og basspel på Sinead O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. I 1969 spelte Neil Young inn Down by the river saman med Crazy Horse i Wally Heider Recording Studio. Resultatet kan mellom anna høyrast på platene Everybody Know This Is Nowhere og Greatest Hits. I 1975 gav Bob Dylan ut plata Blood On The Tracks, ein av hans mest minnerike utgjevingar som mellom anna er oversatt til norsk og tolka av den norske artisten Tom Roger Ådland. I 1981 kunne ein høyre lyden av Toy Dolls i Old Miners Hall i Stanley. I 1984 var det Open Air i Hollywood, California som fekk punkrockarane i Toy Dolls innom. I 1985 spelte Iron Maiden det fyrste av fem utselde konsertar i Radio City i New York, medan Toy Dolls måtte nøye seg med å underhalde dei frammøtte på Zickzack i Wiesbaden då dei spela deira to hundre og femtiande konsert. I 1986 hadde Toy Dolls flydd over Stillehavet og spelte på Palladium i Hollywood. I 2016 døyde Dale «Buffin» Griffin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar