10.02.2016

Tiande februar

Tiande februar 1932 vart Alton Rubin fødd i Carencro i Louisiana. Trekkspelfantomet Rockin’ Dopsie kan hjå meg høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. Rubin døyde i 1993. I 1937 kom Roberta Flack til verda i Black Mountain i den nordligste av dei to Carolina-delstatane. Songerinna Flack sitt bidrag til mi platehylle heiter Softly With These Songs, som er dama si tredje Best Of-plate og kom på marknaden i 1993. I 1940 kom Kenny Rankin til verda i Los Angeles i California. Gitaristen Rankin kan i mi platesamling høyrast på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965, og på utvalde spor på den triple samleplata The Bootleg Series Vol 1-3, som kom på markanden i 1991. Rankin døyde i 2009. I 1947 vart John Christopher Ethridge fødd i Meridian i Mississippi. Bassisten Chris Ethridge var ein av grunnleggjarane av The Flying Burrito Brothers, hjå meg kan han høyrast på Ry Cooder si debutplate Ry Cooder frå 1970, og på Willie Nelson si storselgjande plate Stardust frå 1978. Ethridge døyde i 2012. I 1949 vart Nigel Olsson fødd i Merseyside. Trommisen Olsson er best kjend for å spele med Elton John, hjå meg høyrer du han medan han spelar trommer på fleire av songane på Uriah Heep si plate Very ’eavy… Very ’Umble frå 1970, samt utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som kom på marknaden i 1991. I 1954 kom Corky James til verda i Washington D.C.. Gitaristen James har spela på ei rekkje hitplater verda over, hjå meg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på plata Let Go, som Avril Lavigne slepte i 2002, og på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1962 kom Clifford Lee Burton til verda i Castro Valley i California. Bassisten Cliff Burton spelte på dei tre fyrste studioplatene som Metallica slepte. Hjå meg kan Burton høyrast på studioplatene Kill ‘Em All (1983), Ride The Lightning (1984) og Master Of Puppets (1986), i tillgg til den doble Ep’en Creeping Death/Jump In The Fire (1984). Burton døyde då Metallica sin turnébuss kvelva på motorvegen utanfor Stockholm i 1986. I 1967 vart Laura Elizabeth Dern fødd i Los Angeles i California. Skodespelarinna Laura Dern, best kjend frå David Lynch sin serie Twin Peaks, syng bakgrunnsvokal på songen Heal Me på Melissa Etheridge si plate Skin frå 2001. I Ösmo ved Stockholm vart Peter Lars-Marthon Halapi fødd. Gitaristen Lars Halapi er ein av grunnleggjarane av Bo Kaspers Orkester, men sa takk for seg i bandet i 1996. Hjå meg kan Halapi høyrast på platene Söndag I Sängen (1993), På Hotell (1994) og Amerika frå 1996, i tillegg til Desireless, som Eagle-Eye Cherry slepte i 1997, og Ulf Lundell si plate Männ Utan Kvinnor frå 1997, ei plate Halapi også produserte. Same dag gav Aretha Franklin ut singelen I Never Loved A Man (The Way I Love You), som klatra til topps på R&B-listene. B-sida var Do Right Woman – Do Right Man. I 1970 var dette dagen Mott The Hoople var i Olympic Studios I London og spela inn Wrong Side Of The River. Songen enda opp på bandet si tredje studioplate, Wildlife, som kom ut året etter. I 1978 gav Judas Priest ut den fjerde studioplata si, Stained Class. I 1979 spelte Judas Priest i levande live i Tokyo og delar av konserten kan høyrast på plata Unleashed In The East som kom på marknaden seinare same året. I 1992 platedebuterte dei walisiske marxistane i Manic Steet Preachers med plata Generations Terrorist. I 1997 kom Blur si femte studioplate, som hadde same namn som bandet og var opphavet til den artige Beetlebum. I 2004 gav Melissa Etheridge ut plata Lucky, ei plate som fekk særs lite mediadekning då opphavsdama måtte avlyse all form for pressearbeid til fordel for behandling for brystkreft.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar