04.10.2015

Fjerde oktober

Fjerde oktober 1947 kom Jim Fielder til verda i Denton i skytegale Texas. Bassisten Fielder er best kjend som ein av originalmedlemmane av Blood Sweat & Tears. Hjå meg kan Fielder høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1948 vart Michael John Robilard fødd i Woonsocket på Rhode Island. Duke Robilard sin CV omfattar mellom anna Fabolous Thunderbirds, men hjå meg er det som gitarist på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997 talentet hans kan nytast. I 1956 fekk Langevåg på Sunnmøre to eminente jazzmusikarar, då tvillingane Helge Olav og Jarle Førde vart fødd. Saman med broren Jan Magne er dei drivkrafta i den norske jazzgruppa The Brazz Brothers, som til no har to bidrag, Afrobrazz (1993) og Aquarium (2001), i mi platesamling. I 1958 kom den amerikanske gitaristen og vokalisten Barbara Kooyman til verda i Wausau i Wisconsin. Kooyman signerte med namnet Barbara K. MacDonald då ho spelte og song i den alternative Wisconsin-duoen Timbuk 3 saman med ektemannen Pat. Saman fekk dei ein kjempehit med låta The World’s So Bright I Gotta Wear Shades. Den er å finne på debutplata Greetings From Timbuk 3 frå 1986 og kan leitast opp i mi platehylle. Etter at duoen slutta å spele saman har Barbara heldt fram med eiga solokarriere og som produsent, men ho nyttar i dag namnet Barbara K. McKenna. I 1959 vart Christopher Sean Lowe fødd i badebyen Blackpool. Chris Lowe er tangentmannen i electronicaduoen Pet Shop Boys og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate Introspective frå 1988. I 1970 døyde Janis Joplin. I 1972 kom Daniel Bejar til verda i olympiabyen Vancouver i British Columbia. Songaren Dan Bejar er oppførd som hemmeleg medlem i The New Pornographers på plata Electric Version frå 2003. I 1974 slepte Rod Stewart soloplata Smiler, den siste plata han slepte på Mercury Records. I 1977 var The Who i Ramport Studios i London og Goring Studios i Berkshire og spelte inn songen Who Are You. Dette var den siste innspelinga bandet gjorde med Keith Moon bak trommene, han døyde året etter. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Whitehouse Club i Washington. I 1986 nytta Toy Dolls dagen til å spele på Universitetet i engelske Manchester. I 1991 slepte Mano Negra samleplata Amerika Perdida. I 2004 slepte Super Furry Animals samleplata Songbook: The Singles, Vol 1, same dag som Danny Gatton tok sitt eige liv. I 1999 slepte Manfred Mann’s Earth Band samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered. I 2006 slepte Amy Winehouse si andre studioplate Back To Black. I 2010 var det klart for internasjonalt plateslepp for Imelda May si plate Mayhem, etter at produktet hadde vore tilgjengeleg på den irske heimemarknaden i ein måned. I 2012 døyde Farrel Morris.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar