23.05.2015

Tjuetredje mai

Tjuetredje mai 1925 kom Malcolm B. Wiseman til verda i Crimora i Virginia. Bluegrassartisten Mac Wiseman har i si tid vore innom legendariske Bill Monroe’s Bluegras Boys, men kan i mi platesamling høyrast på Johnny Cash si plate American V: A Hundred Highways frå 2006. I 1947 vart Yan Patrick Erard Djivas fødd i den franske filmbyen Cannes. Bassisten Patrick Djivas sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Gianna Nannini si studioplate Una Radura frå 1977. I 1965 vart Simon Charles Gilbert fødd i engelske Tiddington. Trommisen Simon Gilbert er fast inventar i Suede og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Dog Man Star (1994), Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til samleplata Sci-Fi Lullabies (1997), som inneheld B-sidene av bandet sine singlar frå dei tre fyrste studioplatene. I 1967 vart Philip James Selway fødd i engelske Abingdon. Trommisen Philip Selway held til dagleg takten for Radiohead og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Pablo Honey (1993), OK Computer (1997), Kid A (2000) og Hail To The Thief (2003). I 1969 gav The Who ut rockeoperaen Tommy, som i filmversjonen hadde Tina Turner i hovudrolla. Plata klatra til nummer to på dei engelske listene. I 1973 vart Magnus Broberg fødd i svenske Ludvika. Den sjølverklerte satanisten Emperor Magus Caligula er vokalist i bandet Dark Funeral og hjå meg kan han høyrast på bandet si andre studioplate, Vobiscum Satanas frå 1998. I 1974 kom Richard Jones til verda i walisiske Cwmaman. Bassisten Jones spelar til dagleg i Stereophonics og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Word Gets Around (1997), Just Enough Education To Perform (2001), You Gotta Go There To Come Back (2003) og Language, Sex, Drugs. Other? (2005). Jones er også med når Stereophonics spelar med på Tom Jones sin versjon av Randy Newman sin song Mama Told Me Not To Come frå plata Reload, som kom på markanden i 1999. I 1976 gav Kiss ut plata Dynasty, som var produsert av Vini Poncia og inneheldt superhitten I Was Made For Lovin’ You, som framleis er ein ”floor filler” på dansestader i ikkje alt for urbane strok. I Fort Collins i Colorado spelte Bob Dylan konserten der mesteparten av materialet til konserplata Hard Rain er henta frå. I 1981 spelte Toy Dolls i Great Lumley Commercial Centre i Durham. I 1992 var Jethro Tull og underheldt i Caesarea og slagarparaden Rocks On The Road, Look Into The Sun, A Christmas Song og This Is Not Love kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 fekk verda høve til å kjøpe plata Ill Communication og dei kreative, unge mennene bak meisterverket var dei rappkjefta karane i Beastie Boys. Dette var raptrioen si fjerde studioplate. I 2000 slepte Eminem si tredje soloplate, The Marshall Matters LP, som er notert i Guiness Book Of Reccords som den hurtigast selgjande plata nokon sinne med nesten 1,8 millionar selde eksemplar den fyrste veka berre i USA. Same dag fekk eit anna platekjøpande publikum høve til å kjøpe ei Johnny Cash-samling som fekk namnet Love, God, Murder. Samlinga inneheld tre CD-plater og fororda til dei ulike platene er skrive av så pass ulike rockepersonlegdomar som Bono, Nick Cave og Cash sin ektefelle June Carter Cash. I 2001 døyde Tommy Eyre. I 2005 slepte supergruppa Audioslave si andre studioplate, Out Of Exile.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar