20.04.2015

Tjuande april

Tjuande april 1941 vart Timothy Lee Drummond fødd i Bloomington i Illinois. Bassisten Tim Drummond har traktert bassen for fleire store artistar og hjå meg kan han høyrast på denne rekkja av Neil Young sine plater: Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (The Old Homestead) frå 1980, samt samleplata Greatest Hits frå 2004. I tillegg kan Drummond sitt basspel høyrast på 15 Big Ones, som var Beach Boys sitt bidrag til populærkulturen i 1976, og på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981. Drummond er også kreditert for å spele bass på utvalde spor på samleplatene The Bootleg Series Vol. 1-3 (Bob Dylan, 1991) og Classics (J.J. Cale, 1999). I 1948 kom Craig Frost til verda i den ein gong så staselege industribyen Flint i Michigan. Mange knyt tangentmannen Frost til Grand Funk Railroad, men hjå meg kan han høyrast som ein del av Bob Seger sitt Silver Bullet Band på studioplatene The Distance (1982) og The Fire Inside (1991), i tillegg til konsertplata Nine Tonight frå 1981. På Manhattan i New York City vart Robert David Rothstein fødd. Multiinstrumentalisten Rob Stoner sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som basspel på Don McLean si plate American Pie frå 1971. Stoner er også kreditert for å spele bass og syngje på Bob Dylan sine plater Desire og Hard Rain, begge frå 1976, samt på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3. frå 1991. I 1950 kom Walter Carl Becker til verda i Queens i New York City. Gitaristen Walter Becker var ein av grunnleggjarane av Steely Dan. Hjå meg kan Becker høyrast i fint samspel med kompisen Donald Fagen på ei uautorisert samleplate kalla The Masters. I 1955 vart Karl Walter Ahlerich Buskohl fødd i tyske Ihrhove. Gitaristen Carl Carlton er best kjend for samarbeidet med Robert Palmer, eit samarbeid som sikra dei ein ettertrakta Grammy-pris i 2003, og kan i mi platehylle høyrast på plata Rhythm & Blues, som kom på marknaden i 1999. I 1970 kunne The Wonder Of You kjøpast som singel. Artisten var Elvis Presley og songen fekk seks veker på fyrsteplassen på dei engelske listene. I USA vart niandeplassen høgaste plassering for underet. I 1971 vart Michael Edward Welsh fødd i Syracuse i New York. Mickey Welsh overtok etter Matt Sharp som bassist i Weezer i 1998, men slutta etter eit sørgjeleg mentalt samanbrott i 2001. Dei neste ti åra ofra Welsh seg for biletkunsten. Hjå meg kan Welsh høyrast på plata Weezer (The Green Album) frå 2001, samt på Juliana Hetfield si plate Bed frå 1998. Welsh døyde i 2011. I 1972 kom Stephen Robert Nesta Marley til verda i Wilmington i Delaware. Stephen Marley er son av reggealegenda Bob Marley og kona Rita. Med tilnamnet Raggamuffin har unge Marley gjort karriere på eiga hand og som ein del av broren Ziggy sitt band The Melody Makers. Hjå meg kan Stephen Marley høyrast på plata One Brigth Day frå 1989. I 1975 vart Martin Lesley Crandall fødd i Alburquerque i New Mexico. Tangentmannen Martin Crandall spelte tidlegare i The Shins og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate Chutes Too Narrow frå 2003. I 1992 døyde Benny Hill. I 1993 gav Primus ut plata Porc Soda, som var bandet si tredje plate og inneheld den utstyrteleg morosame songen My Name Is Mud. I 2004 slepte Prince si trettiande studioplate, Musicology. Ei plate som sikra den vetle lilla artisten frå Minneapolis to Grammy-statuettar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar