29.09.2014

Tjueniande september

Tjueniande september 1935 vart den grensesprengande rockepianisten Jerry Lee Lewis fødd i Ferryday i Louisiana. Hardtlevande og -slåande Lewis er fetter av den berykta svovelpredikanten Jimmy Swaggart og starta karriera si i grenselandet mellom gospel og country. Fleire ekteskap med uheldig utgang har gjeve Lee Lewis tilnamnet The Killer og han er for mange meir kjend for å ha gifta seg med den tretten år gamle kusina si enn han er for dei stundom ekselente musikalske bidraga sine. Lewis leverar ikkje sitt beste på plata Great Balls Of Fire frå 1989, og diverre er det den einaste av platene hans eg har brukt pengane mine på. I 1946 fekk verda ein ny trommeslagar, då vart Ian Russel Wallace fødd i Bury i England. Ian Wallace spelte med King Crimson tidleg på 1970talet, men kan i mi platesamling høyrast på plata A Bit Of What You Fancy, som Quireboys gav ut i 1990. Wallace døyde i 2007. I 1948 var det jubel hjå familien Farner. Mark Fredrick Farner vart fødd i bilbyen Flint i Michigan. Mark Farner er gitarist, vokalist og komponist i det amerikanske bandet Grand Funk Railroad, som har levert ei lang rekkje storselgjande plater sidan slutten av 1960-talet. I 1963 kom Leslie Edward Claypool til verda i Richmond i California. Bassisten Les Claypool er kjend for den rå lyden og uortodokse teknikken som er ein vesentleg del av lydbiletet i Primus. Claypool sitt Primus-bidrag til platehylla mi heiter Pork Soda og kom på marknaden i 1993. I mi platesamling kan Claypool også høyrast medan han trakterar bassen for Tom Waits på låten Big In Japan på plata Mule Variations, som kom ut i 1999. I 1965 vart Iain Richard Foxwell Baker fødd i engelske Carshalton. Radioverten Iain Baker kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard for Jesus Jones på plata Doubt frå 1991. I 1967 kom Brett Lewis Anderson til verda i engelske Haywards Heath. Brett Anderson er vokalisten i Suede og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Dog Man Star (1994), Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til samleplata Sci-Fi Lullabies (1997), som inneheld B-sidene av bandet sine singlar frå dei tre fyrste studioplatene.I 1983 kom Macellus Rodrígues-Lopez til verda i Bayamon i Puerto Rico. Multiinstrumentalisten Marcel Rodrígues-Lopez sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som tangentspel på The Mars Volta si plate Bedlam In Goliath frå 2008. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Bowes Lyon House i Stevenage. I 1987 kunne Red Hot Chili Peppers si tredje soloplate, The Uplift Mofo Party Plan, kjøpast, og, sjølv om eg venta nokre dagar, gjorde eg det, og det har eg så absolutt ikkje angra på. I 1992 slepte Londonbeat plata In The Blood, dette var bandet si andre studioplate. Stone Temple Pilots platedebuterte med Core, og Alice In Chains slepte si andre studioplate Dirt, som etter kvart selde til fire gongar platina i USA og nådde til ein sjetteplass på Billboard si Top 200-liste. I 1995 slepte Rule 62 plata Love & Decline. I 1997 gav The Verve ut plata Urban Hymns. I 2008 platedebuterte Katzenjammer med plata Le Pop. Same dag slepte Enslaved ut si tiande studioplate, Vertebrae, som var miksa av legenda Joe Barresi, kjend for å arbeide med store namn som Tool og Queens Of The Stone Age.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar