21.07.2011

Andre juli

Andre juli vart saksofonisten Lee Allen fødd i Kansas. Allen var ein del av den amerikanske jazzscena på femtitalet og har spelt inn plater med Fats Domino og Little Richard, og i mi platehylle kan saksofonspelet hans høyrast på Stray Cats si plate Gonna Ball frå 1981. Allen døyde i 1994. I 1937 kom David Victor Palmer til verda i London. Palmer spelte keyboard i Jethro Tull frå 1976 og kan hjå meg høyrast på platene Heavy Horses frå 1978 og samleplata Nightcap som er spela inn over fleire periodar på 1970-talet, men som ikkje kom på marknaden før i 1993. Palmer er i tillegg kreditert for orkesterarrangementa på ei rekkje Jethro Tull plater frå 1970-talet. Palmer har sidan skifta kjønn og går i dag under namnet Dee Palmer. I 1956 fekk Elvis Presley hjelp av The Jordanaires til å spele inn Don’t Be Cruel og Hound Dog. I 1979 gav Neil Young & Crazy Horse ut plata Rust Never Sleeps. Plata hadde ei akustisk og ei elektrisk side då vinylutgåva kom på marknaden. I dag får ein alt på ei side i digitalt format. I 1982 fekk dei frammøtte sjå at Toy Dolls heldt hus i Civic Hall i Gosforth. I 1983 kom singelen The Trooper frå Iron Maiden på marknaden, meisterverket nådde tolvteplass på listene. Same kveld kunne Toy Dolls høyrast i Working Mans Club i Newbottle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar