24.08.2010

Tolvte august

Tolvte august 1929 kom countrysongaren Buck Owens til verda som Alvis Edgar Owens Jr i Sherman, Texas. Owens flytta til Bakersfield i California på slutten av 1950-talet og hadde fleire hits som ikkje berre klatra til tops på countrylistene, men også plasserte seg høgt på dei vanlege poplistene. Eg hugsar Owen best fra far min sine gamle langspelplater, men då eg for ei tid tilbake kom over ei CD-plate på Fretex, vart eg hard gripen av nostalgi og investerte halvanna snes i eit eksemplar av Act Naturally. Owens døyde i 2006. I 1976 spelte Ramones live på The Roxy i Hollywood. Hendinga vart festa til band og seksten tidlegare uutgjevne songar inkludert Blitzkrieg Bop og Now I Wanna Sniff Some Glue kan høyrast som tilleggsmateriale på plata Leave Home.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar