16.08.2018

Sekstande august

I 1939 kom Eric Weissberg til verda i New York City. Banjospelaren Weissberg er mannen bak den glitrande versjonen av Duelling Banjos i filmen Deliverance, han har spelt med ei rekkje musikarar og kan i mi platesamling høyrast medan han trakterar både banjo og gitar på New York-delen av innspelingane til Bob Dylan si plate Blood On The Tracks frå 1975, og på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series 1-3, som kom på marknaden i 1991.

Andre jubilantar
Bill Evans (1929-1980)
Russ Titelman (1944)
Scott Asheton (1949-2014
Tim Farriss (1957)
Madonna (1958)
Flood (1960)
Tore Ylwizaker (1970)
Bob Hardy (1980)

Femtande august

I 1942 vart Franz Beckerle fødd på Amager i København. Gitaristen Beckerle rakk å få årets jazzlegat to gonger på sekstitalet før han slo seg saman med Kim Larsen og danna Gasolin’. Beckerle har i dag lagt gitaren på hylla for godt og er ein anerkjend installasjonskunstnar. Beckerle sitt gitarspel kan i mi platehylle nytast på Gas 1&2, som inneheld dei to fyrste studioplatene Gasolin’ slepte, Gas 3&4, som inneheld dei den tredje og fjerde studioplata, studioplatene Efter Endnu En Dag (1976) og Gör Det Noget (1977), konsertplata Live Sådan (1976), i tillegg til samleplatene Rabalderstrædet Forever (1991) og Live – Derudaf Forever (1993).

Andre jubilantar
Oscar Peterson (1925-2007)
Tommy Aldridge (1950)
Peter-John Vettese (1956)
Atom Willard (1973)

15.08.2018

Fjortande august

I 1941 kom David Van Cortland Crosby til verda i storbyen Los Angeles i solrike California. David Crosby er best kjend for samarbeidsprosjektet Crosby, Stills, Nash & Young, men har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand og i ulike samarbeidskonstellasjonar. Hjå meg finn du Crosby sitt arbeid på The Byrds si tredje studioplate Fifth Dimesion (1966), og soloplata If I Could Only Remember My Name (1971). Crosby kan også høyrast på songen Rock & Roll Woman frå Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again (1967), og Through My Sails frå kompisen Neil Young si plate Zuma frå 1975.

Andre jubilantar
Tom Mathisen (1952)
Lennart Eriksson (1956)
Stet Howland (1960)
Nelson Bragg (1961)
Kjartan Kristiansen (1963)
Trey Spruance (1969)
Ana Matronic (1974)

Trettande august

I 1952 vart Hugh Edward Thomasson Jr fødd i Tampa i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Hughie Thomasson var ein av grunnleggjarane av bandet Outlaws, men då dei la inn årene, slo han seg saman med sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd. Hjå meg kan Thomasson høyrast på Lynyrd Skynyrd si niande studioplate Twenty frå 1997. Thomasson døyde i 2007.

Andre jubilantar
Dan Fogelberg (1951-2007)

14.08.2018

Tolvte august

I 1943 vart Leslie Duncan fødd i engelske Stockton-On-Tees. Songerinna Leslie Duncan nådde aldri den store komersielle suksessen, noko som skal skyldast stor grad av sceneskrekk. Hjå meg kan Duncan høyrast med bakgrunnsvokal på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973. Duncan døyde i 2010.

Andre jubilantar
Buck Owens (1929-2003)
Ian Rilen (1947)
Lou Martin (1949-2012)
Mark Knofler (1949)
Herman V. Ernest III (1951-2011)
Peter Ostroushko (1953)
Morty Black (1960)
Robert Burås (1975-2007)

11.08.2018

Ellevte august

I 1958 kom John Joseph Wardle til verda i London. Jah Wobble var originalbassisten i Public Image Ltd, og hjå meg kan han høyrast på plata Metal Box (Second Edition) frå 1979. I tillegg kan basspelet hans nytast på Sinead O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. Woble er også kreditert som gjest hos Primal Scream på eitt spor på studioplata Screamadelica frå 1991, og han låner bort tenestene sine på Magic Box, som Bel Canto slepte i 1996.

Andre jubilantar
Roffe Berg (1920-2002)
John Simon (1941)
Davey Payne (1944)
Hans Løkken (1952)
Åke Sundquist (1953)
Richie Ramone (1957)
Bragi Ólafsson (1962)
Charlie Sexton (1968)

Tiande august

I 1947 vart Ian Scott Anderson fødd i Dunfermline i Fife i Skotland. Kommunisten Ian Anderson har vore leiar av Jethro Tull sidan den spede starten på slutten av 1960-talet. Underteikna var så uheldig å sjå Anderson og Jethro Tull i Grieghallen i Bergen i 2009, men røysta til Anderson var så dårleg at det heile var ganske så skuffande. Då er det betre å hygge seg med dei platene som står i hylla heime, studioplatene This Was (1968), Aqualung (1971), Thick As A Brick (1972), Too Old To Rock & Roll; Too Young To Die (1976), Heavy Horses (1978), Catfish Rising (1991) og konsertplata A Little Light Music (1992). I tillegg til samleplatene M.U. The Best Of Jethro Tull (1976), Repeat. The Best Of Jethro Tull Vol II (1977) og Nightcap (1993).

Andre jubilantar
Arnett Cobb (1918-1989)
Jerry Kennedy (1940)
Ronnie Spector (1943)
Patti Austin (1950)
Lars Martin Myhre (1956)
Terje Storli (1960)
Terry Edwards (1960)
John Farriss (1961)
Kåre Kolve (1964)

09.08.2018

Niande august

I 1955 vart John Charles Morgan fødd i London. Trommeslagaren Charlie Morgan gjekk inn i rekkja av profesjonell musikarar allereie som attenåring, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978, i tillegg til tittelsporet til Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. Morgan har også vore innom Tom Robinson Band og den som høyrer godt etter kan få med seg at han held takten på utvalde spor på samleplata The Best Of Tom Robinson Band.

Andre jubilantar
Pete Thomas (1954)
Paul Quinn (1963)

Åttande august

I 1937 vart Cornelis Vreeswijk fødd i nederlandske Ijmuiden. Gjennom eit hardt liv sette den svensk-hollandske visesongaren Vreeswijk sitt preg på skandinavisk visesong. Han har skrive eit utal viser og gjendikta fleire kjende framandspråklege tekstar, ofte med ein humoristisk og samfunnsrefsande synsvinkel. Hjå meg finn du to samlingar av Vreeswijk sine songar, Guldkorn (Samhällskritikarn) (2001) og Guldkorn Frå Master Cees Memoarer (1996), og eg ser ikkje bort frå at det vert fleire. Vreeswijk døyde i 1987.

Andre jubilantar
Ronnie Biggs (1928-2013)
Urbie Green (1928)
Phil Balsley (1939)
John Gustafson (1942)
Liberty DeVitto (1950)
Per Vestaby (1950)
Anton Fig (1952)
Bianca Thornton (1953)
Chris Foreman (1956)
Dennis Drew (1957)
The Edge (1961)
Brad Pemberton (1969)
Scott Stapp (1973)
Olaf Olsen (1976)
Marsha Ambrosius (1977)

08.08.2018

Sjuande august

I 1958 vart Bruce Dickinson fødd i engelske Worksop. Dickinson er kjend som den høgtflygande vokalisten i tungrocklegendene Iron Maiden. Han har også gjeve ut fleire soloplater og har ei fortid i fleire grupper, mellom anna meritterte Samson. I mi platehylle kan Dickinson si kraftige røyst høyrast på studioplatene The Number Of The Beast (1982), Peace Of Mind (1983), Powerslave (1984), Somewhere In Time (1986), Seventh Son Of A Seventh Son (1988), No Prayer For The Dying (1990), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Matter Of Life And Death (2006) og The Final Frontiere (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo, som kom på marknaden i 2012.

Andre jubilantar
Tim Renwick (1949)
Alison Brown (1962)
Michal Weikath (1962)
Øyvind Lunde (1962)
Aslak Dørum (1964)

Sjette august

I 1937 kom Paul Griffin til verda i Harlem i New York City. Pianisten Griffin byrja som turnémusikar for King Curtis, og fekk seinare innpass hjå meir kjente artistar som Bob Dylan, Steely Dan og Dione Warwick. Hjå meg kan Griffin sitt pianospel høyrast på Bob Dylan sine studioplater Bring It All Back Home (1963), Subterranean Homesick Blues (1965), Highway 61 Revisited (1965), og Blood On The Tracks (1975), han er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol 1-3 (1991). Griffin er også kreditert for å traktere pianoet på Don McLean si suksessplate med same namn som den udødelege klassikaren American Pie frå 1971, og på Paul Simon sin musikal Songs From The Capeman (1997), og på Angelique Kidjo si studioplate Oremi (1993). Griffin sitt pianospel kan også høyrast på utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon (1975), og Softly With These Songs, som Roberta Flack slepte i 1993. Griffin døyde i 2000.

Andre jubilantar
Svein Christiansen (1941-2015)
Leiv Prestvik (1945)
Pat McDonald (1952)
Vinnie Vincent (1952)
Earl Smith (1955)
Phil Todd (1956)
John Metcalfe (1964)

07.08.2018

Femte august

I 1947 vart Richard Zehringer fødd i Fort Recovery i Ohio. Gitaristen Rick Derringer slo gjennom i gruppa McCoys, som er fint plassert i kategorien ”one-hit-wonders” etter at dei opplevde kjempesuksess med Hang On Sloopy i 1965, men i mi platehylle kan han høyrast medan han gjer han jobben som hjelpegitarist og produsent for Johnny Winter på konsertplata And Live frå 1971, samt på utvalde spor på samleplata A Rock ‘n Roll Collection (1994). Derringer er også kreditert for å spele på Meatloaf si samleplate Hits Out Of Hell (1984), og sporet Under My Wheels på Alice Cooper si samleplate The Beast Of Alice Cooper (1989).

Andre jubilantar
Airto Moreira (1940)
Angry Anderson (1947)
Willie Weeks (1947)
David Hungate (1948)
Eddie Ojeda (1955)
Pat Smear (1959)
Mark O'Connor (1961)
Adam Yauch (1964-2012)
Terje Winterstø Røthing (1977)