31.01.2017
Trettifyrste januar
Trettifyrste januar 1944 kom Charlie Musselwhite til verda i Kosciusko i elvestaten Mississippi. Bluesartisten Musselwhite skal vist nok ha vore inspirasjonen til Dan Akroyd sin film Blues Brothers, sjølv om dette ikkje er stadfesta frå noko hald. I mi platesamling kan Musselwhite høyrast medan han spelar Blues Harp på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999, og på utvalde spor på samleplata Best Of Friends, som John Lee Hooker slepte i 1998. I 1949 kom Frank Ricotti til verda i London. Hardtslåande Ricotti kan hjå meg høyrast medan han spelar perkusjon for Van Morrison på plata Enlightenment (1990), og Amy Winehouse på plata Back To Back frå 2006. I 1951 vart Philliph Geoffrey Targett-Adams fødd i London. Gitaristen Phil Manzanera har hatt størst kommersiel suksess med kunstrockbandet Roxy Music og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. Manzanera er også kreditert for å traktere gitaren på Robert Wyatt si ellevte soloplate Comicopera frå 2004. I 1956 kom John Joseph Lydon til verda i London. Johnny Rotten tok verda med storm då han var songar og frontfigur for Sex Pistols, seinare starta han Public Image Ltd., som begge er to band eg set stor pris på. Hjå meg høyrer du Lydon på platene Flogging A Dead Horse, ei samleplate som var Sex Pistols sitt bidrag til populærkulturen i 1980, og Metal Box (Second Edition) (1979) og This Is What You Want…This Is What You Get (1984) begge frå Public Image Ltd. I 1964 vart Jeffrey John Hanneman fødd i industribyen Oakland i California. Gitaristen Jeff Hanneman var ein av grunnleggjarane av trash metal-pionerane Slayer og kan i mi platehylle høyrast på den doble konsertplata Decade Of Agression frå 1991, og studioplata Christ Illution, som kom på marknaden i 2010. Hanneman døyde av ein kombinasjon av komplikasjonar etter eit edderkoppbitt og lang tids høgt alkoholforbruk i 2013. I 1966 vart Alan Jaworski fødd i hamnebyen Plymouth ved den engelske kanalen. Bassisten Al Doughty sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Jesus Jones si plate Doubt frå 1991. I 1967 vart Jason Toop Cooper fødd i London. Trommeslagaren Jason Copper erstatta Boris Williams i The Cure i 1995 og kan hjå meg høyrast på plata Wild Mood Swings frå 1996. I Santa Rosa i California kom Chad Channing til verda. Trommisen Channing er kreditert for å halde takten på dei fleste spora på Nirvana si debutplate Bleach (1989), og kan i tillegg høyrast på sporet Polly på gjennombrottsplata Nevermind (1991). Channing er også kreditert for å halde takten på eit par spor på samleplata From The Muddy Banks Of Wishkah (1996), som inneheld ei rekkje tidlegare uutgjevne konsertopptak. Same dag var Janis Joplin og spelte på The Matrix i San Francisco i California. Ein medley av Amazing Grace og Hi Heel Sneekers, som skal stamma frå denne seansen, kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. Musikken var ved Big Brother And The Holding Company. I 1979 var Johnny Cash i studio og spela inn The Greatest Cowboy Of Them All, som kom ut på plata A Believer Sings The Truth. Songen kan i mi platesamling høyrast på samleplata God frå 2000. I 1981 vart Justin Randal Timberlake fødd i Memphiss i Tennessee. Fødestaden reflekterar ikkje unge Justin Timberlake sin musikkstil, han har ei fortid i boybandet N’Sync. I dag pleiar han si eiga syngje- og dansekarriere og hjå meg kan han høyrast på plata Justified (2002). Same kveld var dei svenske pønkarane Ebba Grön, med Joachim Tåström i spissen på Ultrahuset i Handen. Låtane Ung & Kåt og Staten & Kapitalet kan høyrast på plata Ebba Grön Live. I 1994 gav Tori Amos ut den vakre og lågmælte plata Under The Pink. I 2000 kom Primal Scream med plata XTRMNTR. NME rangerte plata som den nest beste plata som kom på marknaden det året og konkurrenten Q-Magazine fann året etter plass til albumet på deira liste over 50 Heaviest Albums Of All Time. I 2009 døyde Dewey Martin. I 2010 fekk den kanadiske superstjerna Neil Young sin aller fyrste Grammy-statuett. Eg trur eg har mange med meg når eg hevdar ei slik utmerking kom minst førti år for seint. I 2011 gav Kaizers Orchestra ut plata Violetta Violetta.
30.01.2017
Trettiande januar
Trettiande januar 1951 kom Philip David Charles Collins til verda i London. Phil Collins si karriere heng for det meste saman med det han har gjor som trommeslagar og vokalist for det britiske progrockbandet Genesis. I mi platehylle står plata We Can’t Dance frå 1991. I tillegg kan Collins sitt trommespel høyrast på utvalde spor på samleplata Dandy Highwaymen – The Best Of Adam & The Ants frå 2007. I 1963 vart Joseph Patric Escalante fødd i Long Beach i California. Bassisten Joe Escalante spelar til dagleg, når han ikkje er oppteken med å drive plateselskapet Kung Fu Records, i The Vandals og kan hjå meg høyrast på studioplata The Quickening frå 1996. I 1971 spela Neil Young inn The Needle And The Damage Done i Royce Hall ved UCLA. Har du, som meg, platene Harvest (1972) eller Greatest Hits (2003) har du høve til å høyre denne songen kvar einaste dag. I 1984 døyde Luke Kelly. I 1989 gav Jerry Garcia og dei andre hippieveteranane i Grateful Dead ut konsertplata Dylan & The Dead saman med kompisen Bob Dylan. Innspelinga var gjort under ein felles turné sumaren 1987. I 2002 stod Brian Wilson på scenen i Royal Festival Hall. I 2006 slepte The Infadels plata med den sjølvmotseiande tittelen We Are Not The Infadels.
29.01.2017
Tjueniande januar
Tjueniande januar 1944 vart Steve Reid fødd i The Bronx i New York City. Trommeslagaren Reid har ei fortid som fast musikar for det legendariske plateselskapet Motown, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Miles Davis på studioplata Tutu frå 1986. Reid døyde i 2010. I 1947 kom David Garrick til verda i Epping i Essex. Vokalisten David Byron hadde ei fortid som mannen med mikrofonen i gruppa Spice før han slo seg saman med resten av den langhåra gjengen i Uriah Heep i 1969. Byron rakk å gje ut ti plater med dette bandet før han fekk sparken i 1976. Hjå meg kan Byron høyrast på studioplatene Very ‘Eavy, Very ‘Umble (1970), Salisbury (1971), Look At Yourself (1971), Demons & Wizzards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975) og High And Mighty (1976), i tillegg til utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark frå 1991. Byron levde rockemyten til det fulle og døyde ein lite ærefull død av skrumplever i 1985. I 1949 vart Thomas Erderlyi fødd ved Donau sine bredder i den ungarske hovudstaden Budapest. Tommy Ramone er kjent som den originale trommeslagaren i Ramones og var den lengstlevande originalmedlemmen av dei skinnkledde. Hjå meg kan Ramone høyrast på platene Leave Home (1977), End Of The Century (1980), Pleasant Dreams (1981) og samleplata Ramones Mania (The Best Of 1976-1988) frå 1988. Ramone døyde i 2014. I 1953 kom Louie Pérez til verda i Los Angeles i California. Pérez er ein av grunnleggjarane av Los Lobos, arbeidet hans hjå moderbandet er enno ikkje på plass i mi hylle, hjå meg kan han høyrast medan han spelar trommer for Paul Simon på studioplata Graceland frå 1986, og medan han syng bakgrunnsvokal på Tish Hinojosa si plate Homeland, som kom på marknaden i 1989. I preriebyen Tulsa i Oklahoma vart Charles Kent Wilson fødd. Charlie Wilson kan i mi platehylle høyrast medan han syng bakgrunnsvokal for duoen Eurytmics på studioplata We Two Are One frå 1989, og medan han står for rap på Snoop Dog si plate Paid Tha Cost To Be Da Boss frå 2002. I 1954 kom Richard Blum til verda i Bronx i New York City. Handsome Dick Manitoba er The Dictators sitt hemmelege våpen og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Go Girl Crazy frå 1975. I 1956 vart Amy Paulette Stewart fødd i Washington D.C. Songerinna Amii Stewart leverte fleire smekrande discohits på syttitalet, best kjend er nok hennar versjon av den gamle blues-standarden Knock On Wood. Hjå meg kan Stewart høyrast på plata Pearls Amii Stewart Sings Ennio Morricone, ei samling der Stewart syng filmmusikk, og som kom på marknaden i 1990. I 1960 kom David Samuel Pilch til verda i kanadiske Toronto. Bassisten og trommeslagaren David Pilch er best kjend for å spele i ulike jazz-konstelasjonar. Hjå meg kan basstonane hans nytast på studioplatene All You Can Eat (1995) og Watershed (2008), begge utgjeve av k.d. Lang. I 1961 vart Eddie Jackson fødd i Robstown i skytegale Texas. Bassisten Jackson var ein av grunnleggjarane av Queensrÿche og kan i mi platesamling høyrast på bandet si debutplate The Warning (1984), i tillegg til studioplatene Empire (1990), og Hear In The New Frontier frå 1997. I 1966 var Johnny Cash på plass i studio og spela inn songen Joe Bean, som fekk plass på plata Everybody Loves A Nut, og i mi platehylle kan høyrast på samleplata Murder frå 2000. Cash spela også inn The Sound Of Laughter som ikkje vart ikkje offisielt utgjeven den gongen, men også den kan i dag høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1985 gav Yello ut si fjerde studioplate, Stella, som inneheld singelen Oh, Yeah, kjend frå den amerikanske filmen som fekk norsk tittel Skulk Med Stil og kom på kino i 1986. I 1991 slepte Jesus Jones si andre studioplate, Doubt. I 2002 spelte The Beach Boys-grunnleggjaren Brian Wilson i Royal Festival Hall i London på denne datoen. I 2008 gav supergruppa The Mars Volta ut plata The Bedlam In Goliath, som var bandet si fjerde studioplate.
28.01.2017
Tjueåttande januar
Tjueåttande januar 1945 kom Robert Wyatt-Ellidge til verda i den engelske universitetsbyen Bristol. Soft Machine-legenda Robert Wyatt vert rekna som ein av sin generasjon sin mest innflytelsesrike musikarar og har gjeve ut ei rekkje plater. Mi platehylle byr på mannen si ellevte studioplate, Comicopera, som inneheld ein versjon av Anja Garbarek-songen Stay Tuned og kom på marknaden i 2007. I 1949 vart Eddie Bayers fødd i Pautaxant i Maryland. Etter eit omflakkande tilvære som son av ein yrkesoffiser, slo Bayers seg etter kvart ned i Nashville i Tennessee. I countryhovudstaden plukka unge Bayers etter kvart opp trommestikkene, eit val som resulterte i at han er kåra til årets trommeslagar i diverse country-forum gjentekne gonger. I mi platehylle kan Bayers sitt trommespel høyrast på plata The Fire Inside, som Bob Seger & The Silver Bullet Band slepte i 1991, samt på utvalde spor på Dolly Parton si samleplate Greatest Hits, som kom på marknaden fyrste gongen i 1982. I 1963 vart gitaristen Dan Spitz fødd i Rockland County i New York. Spitz trakterte gitaren i Anthrax i to periodar, frå 1983 til 1995 og frå 2005 til 2007. I mi platehylle kan Spitz sitt hastige gitarspel høyrast på Anthrax sine studioplater State Of Euphoria (1988) og Persistence Of Time frå 1990, samt på utvalde spor på samleplata Return Of The Killer A’s, som kom på marknaden i 1999. I 1972 kom Nils Petter Time til verda. Gitaristen Time var ein av grunnleggjane av Postgirobygget og kan i mi platehylle høyrast på plata Melis frå 1996. I 1974 var Johnny Cash i studio i Hendersonville og spela inn Ragged Old Flag til bruk på plata med same namn. I 1977 viste den tyske fjernsynskanalen ARD eit opptak av AC/DC gjort i Circus Krone i München september året før. DVD-en Plug Me In byr på eit opptak frå denne kvelden. I 1982 kom Toy Dolls til Smuglers Arm i Stanley. I 2002 spelte Brian Wilson i Royal Festival Hall i London. I 2003 oppsummerte Faith No More karrieren sin med samleplata This Is It: The Best Of Faith No More. I 2004 døyde Mel Pritchard. I 2009 døyde Billy Powell. I 2016 døyde Paul Kantner.
27.01.2017
Tjuesjuande januar
Tjuesjuande januar 1933 kom James Edward Bond jr. til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Jimmy Bond, som også kan høyrast medan han trakterar tuba i godt lag, kan i mi platehylle høyrast medan han spelar bass på utvalde spor på samleplatene The Best Of Chet Baker Plays (1992), og Greatest Hits, som Nina Simone sitt dødsbu slepte i 2003. Jimmy Bond døyde i 2012. I 1937 vart Buddie Gene Emmons fødd i Mishawaka i Indiana. Steel-Gitaristen Buddy Emmons kan hjå meg høyrast medan han spelar for George Jones på plata Walls Can Fall frå 1992, og på utvalde spor for Olav Stedje på samleplata 21 Best, som kom på marknaden i 1998. Emmons døyde i 2015.I 1937 kom Bo Gunnar Åkerström til verda i Stockholm. Visesongaren Fred Åkerström var ein av dei leiande visesongarane i Sverige på 60-talet og hjå meg høyrer du bassrøysta hans på to ulike samleplater utgjeve av kollegaen Cornelis Vreeswijk sitt dødsbu, Guldkorn Från Master Cees Memoarer (1996) og Guldkorn (Sammhälskritikern). Åkerström døyde i 1985. I 1944 kom Nicholas Berkeley Mason til verda i engelske Birmingham. Trommeslagaren Nick Mason er den einaste av medlemmene i Pink Floyd som har vore med sidan starten og hjå meg kan han han høyrast medan han held takten på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973. I 1951 kom Seth Justman til verda i Washington D.C. Tangentmannen Justman var sentral i legendariske J. Geils Band, men hjå meg er han kreditert for å spele keyboards på Blondie-vokalist Debbie Harry si soloplate Rockbird frå 1986. I irske Dublin vart Brian Michael Downey fødd. Trommeslagaren Brian Downey er einaste gjenværande originalmedlem i Thin Lizzy og hjå meg kan han høyrast medan han held takten for den tynne dama på samleplata Dedication frå 1991. I tillegg finn du Downey sitt bidrag til mi platehylle på sporet Ode To Liberty på Thin Lizzy-kollega Phil Lynott si soloplate The Philip Lynott Album frå 1982. I 1952 kom George Edward Haddad til verda i Stroudsbourg i Pennsylvania. Gitaristen G. E. Smith sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Tom Waits si åttande studioplate, Rain Dogs frå 1985. I 1957 vart Elvis Presley sin fyrste RCA-singel utgjeven. Heartbreak Hotel nådde fyrsteplass på dei amerikanske listene, men nådde aldri høgare enn nummer 2 i England. I engelske Hartlepool vart Janick Robert Gers fødd. Gitaristen Janick Gers har spela i fleire band gjennom karrieren sin, men det er nok flest som har høyrd han som gitarist i Iron Maiden, eit band han slo seg saman med i 1990. Hjå meg kan Gers høyrast på platene No Prayer For The Dying (1990), Fear Of The Dark (1992), The X Factor (1995), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Mather Of Life And Death (2006) og The Final Frontier (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo, som kom på marknaden i 2012. I 1961 vart Margo Timmins fødd i den kanadiske olympiabyen Montreal. Saman med brørne Michael og Peter starta Margo bandet Cowboy Junkies i 1985. Bandet er til no representert med tre plater i mi platehylle, The Trinity Session (1988), The Caution Horses (1990), og Black Eyed Man (1992), alle med Margo si røyst langt framme i lydbiletet. I engelske Manchester kom Gillian Lesley Gilbert til verda. Gitaristen og tangentdama Gillian Gilbert er gift med trommisen i Joy Division, Stephen Morris, noko som sørgja for at ho rykka langt fram i køen då dei tre attlevande medlemmane i Joy Division skulle starte eit nytt band, New Order, etter Joy Division-frontmann Ian Curtis sitt sjølvmord i 1980. Hjå meg kan Gilbert høyrast på New Order si samleplate Substance 1987, som kom på marknaden nettopp i 1987. I 1968 kom Michael Allen Patton til verda i den jordskjelvutsette byen Eureka i California. Allsidige Mike Patton var vokalist i Faith No More, som er representert med tre titlar hjå meg, studioplatene Angel Dust (1992) og Album Of The Year (1997), i tillegg til samleplata This Is It…The Best Of Faith No More frå 2003. I 1975 vart folkemusikaren Åshild Breie Nyhus fødd. Hjå meg kan Nyhus høyrast medan ho spelar fiolin på Tre Små Kinesere si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1983 stod Toy Dolls på scenen på Le Metro i Sunderland. I 1985 var Toy Dolls i Den Haag og spela på Paarduntrouse. I 1997 slepte Reef plata Glow. I 2002 spelte den myteomspunne ”strandguten” Brian Wilson den fyrste av fire konsertar i Royal Festival Hall i London der heile The Beach Boys si mykje omtala Pet Sounds plate frå 1966 vert framførd. Konsertane vart foreviga på band og resultatet kan høyrast på plata Pet Sounds Live. I 2004 slepte elecktronicabandet Air si fjerde studioplate, Talkie Walkie.
26.01.2017
Tjuesjette januar
Tjuesjette januar 1953 kom Lucinda Williams til verda i Lake Charles i Louisiana. Williams platedebuterte i 1978, utan at det vart mykje mediemerksemd av det. Media si interesse vart derimot vekt etter at Williams vart tildelt Grammy i 1994, og då den femte studioplata, Car Wheels On A Gravel Road, kom på marknaden i 1998 våkna platekjøparane også. Hjå meg finn du sistnemnde plate og det er i grunnen nok country for meg. I India vart Aloke Dasgupta fødd. Sitarspelande Dsagupta sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på No Doubt si studioplate Tragic Kingdom frå 1995. I 1958 vart Norman Lamont Hassan fødd i engelske Birmingham. Norman Hassan var ein av grunnleggjarane av UB40 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of UB40 vol. 1 frå 1987. I 1961 vart Neil Martin Taylor fødd. Gitaristen Neil Taylor er best kjend for å spele for Robbie Williams og Tears For Fears, hjå meg kan gitarspelet hans høyrast på Songs From The Big Chair, som Tears For Fears slepte i 1985, og Tinar Turner si plate Foreign Affair frå 1989. I 1964 vart Susannah Melvoin fødd i Los Angeles i California. Songerinna Melvoin er best kjend for arbeidet ho gjorde med Prince & The Revolution, hjå meg høyrer du ho med hjelpevokal på plata Riding With The King, som var eit samarbeid mellom B.B. King og Eric Clapton, og kom på marknaden i 2000. Også Susannah si tvillingsyster Wendy Melvoin vart fødd denne dagen, og også ho har spela med Prince & The Revolution, og som om ikkje det var nok, har også ho songe på dei to herrane King og Clapton si plate Riding With The King, og ho har spelt gitar på eit spor på Gwen Stefani si plate Love Angel Music Baby frå 2004. I 1966 var Johnny Cash i studio og foreviga Austin Prison som enda opp på plata Everybody Loves A Nut. Songen kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1968 kom Timothy Robert Commerford til verda i Irvine i California. Bassisten Tim Commerford spelar til dagleg i Rage Against The Machine, og då bandet hadde ein pause i åra 2000 til 2007 var han ein sentral figur i Audioslave. Hjå meg kan Commerford høyrast på Rage Against The Machine sine studioplater Rage Against The Machine (1992), The Battle Of Los Angeles (1999) og Renegades (2003), i tillegg til konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium (2003), og på Audioslave sine tre studioplater Audioslave (2002), Out Of Exile (2005) og Revelations (2006). I 1979 spela Johnny Cash inn When He Comes som vart gjeven ut på plata A Believer Sings The Truth. Songen kan i mi platesamling høyrast på samleplata God frå 2000. I 1983 held Toy Dolls konsert på Fandangos i Hexham. I 1985 var det Simplon i Groningen som kunne skryte av at dei arrangerte konsert med Toy Dolls. Same dag døyde Kenny Clarke. I 1986 hadde The Ritz i New York vitjing av Toy Dolls. I 2009 gav dei skotske indierockarane i Franz Ferdinand ut den tredje studioplata si, ho heit Tonight: Franz Ferdinand.
25.01.2017
Tjuefemte januar
Tjuefemte januar 1955 var dagen Terry Chimes kom til verda i London. Chimes er mest kjent for jobben han gjorde med å halde styr trommer og takt i den engelske punkgruppa The Clash. Hjå meg kan Chimes høyrast på studioplata Combat Rock (1982), og utvalde spor på samleplata The Singles (2007). I 1956 vart Andrew Cox fødd i engelske Birmingham. Gitaristen Andy Cox er ein av grunnleggjarane av kultbandet Fine Young Cannibals og kan hjå meg høyrast på bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 1985. I 1958 kom Gary Brian Tibbs til verda i engelske Northwood. Bassisten Gary Tibbs har vore innom både Adam & The Ants og Roxy Music og i mi platehylle er han representert med ei samleplate frå kvart av banda, More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som kom på markanden i 1995, og Dandy Higwaymen – The Best Of Adam & The Ants frå 2007. I 1966 var The Byrds i studio for å spela inn hippiesongen framføre nokon annan, Eight Miles High, ein song som kan nytast på bandet si trede studioplate, Fifth Dimension, som kom på marknaden seinare same året. I 1979 var det Oh Come, Angel Band som fekk evig liv i Johnny Cash sin versjon. Songen kan høyrast på både A Believer Sings The Truth og samleplata God frå 2000. I 1981 var Ebba Grön på EFMD i Västa Haninge. Låtane Alla Visa Män, Hat & Blod og Slicka Uppåt, Sparka Heråt kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Totenhosen i Saarbrücken. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til California, nærare bestemt Los Angeles, for å spele på Fenders. I 1999 døyde Malando Gassama. I 2011 gav Motörhead ut plata The Wörld Is Yours. Her kan det vere greitt å merkje seg at sjølv om dette er informasjon som er henta frå bandet si eiga nettside, så har det seg slik at plata fekk plass i mi platehylle ein månad tidlegare, noko som visar at det som burde vere truverdig informasjon frå dei ulike banda sine offisielle nettstader ikkje alltid er heilt til å stole på.
24.01.2017
Tjuefjerde januar
Tjuefjerde januar 1936 kom Douglas James Kershaw til verda i Cameron Parish i Louisiana. Felespelande Doug Kershaw kan i mi platehylle høyrast på Rufus Wainwright III si plate Attempted Mustache frå 1973. I 1940 vart David Getz fødd i den norskaste bydelen i New York City, Brooklyn. Trommisen Getz slo seg saman med Big Brother & The Holding Company i 1966 og kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på studioplata som har fått same namn som bandet og kom på marknaden i 1967. I tillegg finn du Getz sitt arbeid på dei to samleplatene Janis/Early Recordings og Farewell Song, som dødsbuet etter Janis Joplin slepte i høvesvis 1975 og 1982. I 1941 vart Aaron Neville fødd i New Orleans i Louisiana. Neville danna, saman med brørne sine, bandet The Neville Brothers og er far til mulitiinstrumentalisten Ivan Neville. Hjå meg kan Neville høyrast med bakgrunnsvokal på Robbie Roberson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1947 kom Warren William Zevon til verda i Chicago i Illinois. Warren Zevon flytta til California som trettenåring, men etter foreldra si skilsmisse flytta han til New York for å verte visesongar. Frå 1965 leverte Zevon ei rekkje kritikarroste plater og deltok på ei rekkje andre artistar sine produksjonar. Zevon vert rekna inn i den ekslusive klubben av musikarfavorittar og var høgt respektert i det amerikanske musikkmiljøet. Faktisk hadde han så høg stjerne «over there» at då han ville fortelje fjernsynssjåarane at han hadde uhelbredeleg lungekreft, rydda talkshowverten David Letterman plass til ein heil time med Zevon. Hjå meg finn du den stjernespekka studioplata Sentimental Hygiene frå 1987. Zevon døyde i 2003. I 1948 vart Michael Phillip Des Barres fødd i London. Skodespelaren og musikaren Michael Des Barres har gjort seg best kjend gjennom arbeidet sitt som skodespelar, med mellom anna ei rolle i den amerikanske serien McGyver, men hjå meg er det som musikar han utmerkar seg. Des Barres har ei fortid som vokalist i det engelske glamrockebandet Silverhead og kan i mi platehylle høyrast på ei dobbelplate som omfattar dei to fyrste studioplatene bandet slepte, Silverhead’s First (1972) og 16 And Savaged (1973). Des Barres er også kreditert for hjelpevokal på Kiss-bassist Gene Simmons si soloplate frå 1978. I 1949 kom John Adam Belushi til verda i Wheaton i Illinois. John Belushi herja med ei rekkje hysteriske sketsjar på den amerikanske komedieinstitusjonen Saturday Night Live på syttitalet, men har fått plass i denne bloggen på grunn av arbeidet han gjordet med kultbandet The Blues Brothers. Hjå meg kan “Joliet” Jake Blues høyrast på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og på samleplata The Best Of The Blues Brothers frå 1981. Belushi døyde av ein «Snowball», ein særs uheldig blanding narkotiske substansar i 1982. I 1953 kom James Hutchinson til verda i Cambridge i Massachusetts. Bassisten «Hutch» Hutchinson sitt bidrag til mi platehylle finn du på The Fire Inside, som Bob Seger & The Silver Bullet Band slepte i 1991, studioplata Good Stuff, som B52’s underheldt oss med i 1992, Across The Borderline, som var Willie Nelson sitt bidrag til populærkulturen i 1993, Joe Cocker si plate Across From Midnigth (1997), og på Ryan Adams si studioplate Love Is Hell frå 2004. I 1965 spela The Byrds inn Why (Single Version), som er eit av seks bonusspor som har fått plass på Cd-versjonen av plata. I 1979 vart Tatyana Marison Ali fødd i den norskaste bydelen av New York City, Brooklyn. Skodespelaren Tatyana Ali er best kjend for tida som barnestjerne i Fresh Prince i Bel Air, men ho har etter kvart ordna seg eit namn som R&B-artist. I mi platehylle er Ali kreditert som gjest på Will Smith si plate Willennium frå 1999. I 1976 var Gasolin i aksjon i Holstebro. Nanna, med supergitaristen Franz Beckerlee på mundharpe, Smukke Linda, 1975 og På Banen (Derudaf) kan høyrast på samleplata Derudaf -Forever. I 1985 var Toy Dolls å finne i Kempton Youth Club. I 1989 gjekk Melissa Etheridge i studio for å starte innspelinga av den vanskelege andreplata, som i hennar tilfelle fekk tittelen Brave And Crazy. I 1991 døyde Harold B. Jackson. I 1995 slepte The Chieftains studioplata The Long Black Veil, som inneheldt samarbeidsbidrag frå artistar som Roger Daltrey, Van Morrison, Ry Cooder og Mick Jagger. I 2005 gav The Chemical Brothers ut si femte studioplate, Push The Button, som selde til gull og vart nominert til Grammy. I 2006 slepte P.O.D. si sjette studioplate, Testify. I 2009 døyde Leonard Gaskin.
23.01.2017
Tjuetredje januar
Tjuetredje januar 1888 vart Huddie William Ledbetter fødd i Mooringsport i Louisiana. Visesongaren Leadbelly introduserte verda for ei rekkje kraftfulle låtar som i dag er standarar innom folk-sjangeren. Hjå meg kan Leadbelly høyrast på samleplata Leadbelly Sings Folk Songs frå 1989. Leadbelly døyde i 1949. I 1925 kom Martin Louis Paich til verda i Oakland i California. Pianisten Marty Paich sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, samt utvalde spor på samleplata Genius – The Ultimate Collection, som dødsbuet etter Ray Charles slepte i 2009. Paich døyde i 1995. I 1926 vart bassisten Curtis Counce fødd i Los Angeles i California. Counce sitt kjenslege basspel kan hjå meg høyrast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Counce døyde i 1963. I 1953 var dette dagen Robin Wayne Zander kom til verda i Beloit i Wisconsin. Cheap Trick-vokalisten Robin Zander si gjennomtrengande røyst har hypnotisert jenter i alle aldrar sidan bandet starta og er perfekt til å framføre gitarist Rick Nielsen sine surrealistiske songar, og hjå meg høyrer du Zander si røyst på studioplata Latest (2009), konsertplata Live At Budokan (1978), samt den doble samleplata The Essential Cheap Trick. I 1956 vart Ralph Carney fødd i Akron i Ohio. Carney lev av å traktere ei rekkje blåseinstrument og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar både trompet og saksofon på Tom Waits sine studioplater Rain Dogs (1985) og Mule Variations frå 1999. I 1957 kom Earl Falconer til verda i engelske Birmingham. Falconer syng i UB40 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of UB40 vol. 1 frå 1987. I 1959 fekk Johnny Cash hjelp av produsent Don Law til å spele inn ti songar i Nashville i Tennesee, alle kan høyrast på plata Hymns og vert her ramsa opp i tilfeldig rekkefølgje: I Saw A Man; Are All The Children In; Lead Me Gently Home; Snow In His Hair; I Call Him; These Things Shall Pass; He’ll Be A Friend; God Will; The Old Account; Swing Low, Sweet Chariot. Dei to siste kan også høyrast på samleplata God frå 2000. I 1964 kom Torgeir Andersen til verda. Andersen kan i mi platehylle høyrast med trompetspel på Tre Små Kinesere si femte studioplate Tro, Håp & Kærlighet frå 1996. I 1985 var Toy Dolls igjen over grensa til Sveits for å spele på Rote Fabrik i bankbyen Zürich. I 1986 spelte Toy Dolls på gata i Sacramento. I 2016 døyde Jimmy Bain.
22.01.2017
Tjueandre januar
Tjueandre januar 1924 vart James Louis Johnson fødd i Indianapolis i Indiana. Trombonisten J. J. Johnson sin CV inneheld spel med orkestarleiarar som Count Bassie og Charlie Parker. I mi platesamling kan J.J. Johnson høyrast medan han spelar trombone for Miles Davis på plata Birth Of The Cool, som kom på marknaden i 1957, i tillegg til Billie Holiday si studioplate Lady In Satin frå 1958. Johnson døyde i 2001. I 1940 kom Eberhart Weber til verda i tyske Stuttgart. Bassisten Weber sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Jan Garbarek si plate Legend Of The Seven Dreams frå 1988. I 1943 kom Michal Urbaniak til verda i den polske hovudstaden Warszawa. Jazzmusikaren Urbaniak har fått mykje av æra for utviklinga av det som vert kalla Fuzion Jazz og kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Tutu frå 1986. I 1949 vart Stephen Ray Perry fødd i Hanford i California. Steve Perry var vokalist i Journey i dei to mest suksessrike periodane deira, og hjå meg kan du høyre røysta hans på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1951 vart Ben Mink fødd i den kanandiske storbyen Toronto. Muskaren Mink kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar og diverse andre strengeinstrument for k.d. Lang på studioplatene All You Can Eat, som kom på marknaden i 1995, og Watershed frå 2008, og på Angel With A Lariat, som den same k.d. Lang slepte saman med bandet The Recliners så tidleg som i 1987. I 1959 vart Bruce Moreland fødd i West Covina i California. Bassisten kjend som Ravens Moreland spelte saman med broren Marc i bandet Wall Of Voodoo og kan i mi platehylle høyrast på plata Happy Planet frå 1987. I 1960 kom Lars Fredrik Beckstrøm til verda. Lars Beckstrøm er best kjend for å spele bass i de Lillos, men har også ei eiga karriere under eige namn og i Lars Beckstrøm Kvartett. I mi platehylle finn du Beckstrøm sitt arbeid på de Lillos-platene Suser Avgårde (1986), Før Var Det Morsomt Med Sne (1987), Hjernen Er Alene (1989), Svett Smil (1990), Varme Mennesker (1991), Neste Sommar (1993) og Kast Alle Papirene frå 1999. I tillegg finn du studioplata Lykkens Kalosjer, eit soloprosjekt som Beckstrøm gav ut under eige namn i 1997. I den australske storbyen Sydney kom Michael Kelland John Hutchence til verda. Michael Hutchence var vokalist i det australske bandet INXS i ein tjueårsperiode fram til han døyde for eiga hand i 1997. Hjå meg kan Hutchence høyrast på platene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are frå 1992. I St. Andrews i Scotland vart Iain Bayne fødd. Trommisen Bayne tenar til dagleg til livets opphald i Runrig og kan i mi platehylle høyrast i taktfaste drag på studioplatene The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime (1988). I 1965 vart Michael Coletti fødd i Cleveland i Ohio. Trommeslagaren Steven Adler fekk sparken i Guns ‘N Roses på grunn av heroinavhengigheita si, men i mi platehylle kan han likevel høyrast på bandet sine to fyrste plater, Appetite For Destruction (1987) og Lies frå 1988. Adler er også kreditert for tromming på eit av spora, Civil War, på Use Your Illution II frå 1991. I 1968 kom Aretha Franklin si plate Aretha: Lady Soul. I 1969 vart Elvis Presley sin versjon av Suspicious Minds spela inn. I 1976 vart Sivert Høyem fødd på hurtigrutestoppet Sortland. Songaren Høyem slo gjennom med bandet Madrugada i 1999 og fem av bandet sine plater er med å høyne kvaliteten på mi platesamling. I 1980 la Madness seg fint til å tredjeplass på singellista med My Girl. I 1985 var turen endeleg komen for å kunne oppleve Toy Dolls i ølbyen München, det hendte på Alabamahalle. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Wilson Theatre i rosinbyen Fresno. I 1993 døyde Helno Rota. I 1997 døyde Billy Mackenzie og The Cranberries slepte singelen When You’re Gone.
21.01.2017
Tjuefyrste januar
Tjuefyrste januar 1924 kom Alfred Hawtorn Hill til verda i byen som var heimehamn for Titanic, engelske Southampton. Komikaren Benny Hill er kjend for å ha sitt eige fjernsynsshow samanhengande over ein periode på over førti år. Showet hadde mykje bra bakgrunnsmusikk og det beste er samla på plata som fyller opp mi platehylle, Benny Hill Sings. Benny Hill døyde i 1992. I 1944 vart Charles Christopher Britton fødd i engelske Watford. Gitaristen Chris Britton er i dag einaste originalmedlemmen att i The Troggs og i mi platesamling kan han høyrast på den uoffisielle samleplata Wild Thing, oppkalla etter bandet sin største slagar. I 1945 kom Pete Derek Kircher til verda i engelske Folkestone. Trommisen Pete Kircher heldt boogie-takten i Status Quo frå 1982 til 1985 og kan mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata 12 Gold Bars II frå 1984. I 1949 var trompetlegenda Miles Davis i studio New York City, og der spelte han inn songane Move, Jeru, Budo og Godchild. Med seg på denne legendariske sesjonen hadde Davis eit stjernelag beståande av Kai Winding på trombone, Junior Collins på fransk horn, John Barber, som spelte tuba, Lee Konitz brillerte på altsaksofon, Gerry Mulligan var mannen på barytonsaksofon, Al Haig trakterte tangentane, Joe Shulman spelte bass og Max Roach heldt takten. Desse innspelingane kan nytast på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. I 1956 kom Steve Riley til verda i Revere i konservative Massachusetts. Trommeslagaren Riley spelte i W.A.S.P frå 1984 til 1987, lenge nok til å vere kreditert for to studioplater og ei konsertplate. Hjå meg kan Riley høyrast på samleplata First Blod. Last Cuts frå 1994. I 1970 slepte Aretha Franklin singelen Call Me, komponist og tekstforfattar var souldronninga i eigen person. I 1972 vart Charlene Keys fødd i Rochester i New York. Songarinna Tweet sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Missy Elliott sine plater Miss E…So Addictive frå 2001 og Under Construction frå 2002. I 1975 var dette fyrste dag i studio for Joan Baez med band. Resultatet enda opp som plata Diamonds And Rust, som kom seinare same år og vert rekna som ei av Baez sine betre plater. I 1983 var Legions Club i Amble vertskap for Toy Dolls. I 1977 kom Frank Negrón til verda i flyplassbyen Newark i New Jersey. Salsasongaren Frankie Negrón er av puerto-ricansk opphav og passa perfekt inn i Paul Simon sitt bilete av kven som kunne synge på hans musikalplate Songs From The Capeman, som kom på marknaden i 1997. I 1984 vart popartisten Zoey fødd i Japan. Zoey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Gwen Stefani si plate Love Angel Music Baby frå 2004. Toy Dolls var attende i heimlandet etter eit utanlandsopphald og spelte på Carlisle City Hall. I 1999 døyde Charles Brown.
20.01.2017
Tjuande januar
Tjuande januar 1929 kom Jimmy Wilbur Cobb til verda i det som, enn så lenge, er verdas mektigaste by, Washington D.C. Trommeslagaren Jimmy Cobb sitt taktfaste arbeid kan hjå meg høyrast medan han held takten for trompetlegenda Miles Davis på platene Kind Of Blue frå 1959 og Someday My Prince Will Come, som kom på marknaden i 1961. I 1944 vart Charles Louis Domanico fødd i Chicago i Illinois. Bassisten Chuck Domanico er i mi platehylle kreditert for å spele på sporet Blue Motel Room på plata Hejira, som Joni Mitchell slepte i 1976. Domanico døyde i 2002. I 1945 kom musikaren og plateprodusenten Eric Michael Stewart til verda i engelske Droylsden. Eric Stewart tenestegjorde på fleire instrument i 10cc frå 1972 til 1995. Hjå meg kan Stewart høyrast på konsertsamleplata Live In Concert. Volume One. I 1946 vart Jimmy Chambers fødd på Trinidad i den karibiske øystaten Trinidag & Tobago. Songaren Chambers tok seg tidleg til England med det målet å verte profesjonell songar og har klart seg ganske så greitt. Hjå meg finn du Chambers sitt bidrag som bandmedlem på Londonbreat si plate In The Blodd (1990), og som bakgrunnsvokal på skotske Deacon Blue si studioplate Raintown (1987). I 1948 vart Melvyn Paul Pritchard fødd i engelske Oldham. Trommeslagaren Mel Pritchard hadde sitt levebrød som taktholder for Barclay James Harvest, og hjå meg kan han høyrast i stødig driv på konsertplata Berlin – A Concert For The People frå 1982. Pritchard døyde i 2004. I 1951 kom Ian Frank Hill til verda i engelske West Bromwich. Bassisten Ian Hill har tent sitt daglege brød som ein del av rytmeseksjonen i Judas Priest, som underteikna har sett to gonger i levande live, begge i Bergen. Hjå meg kan Hill høyrast på studioplatene Stained Class (1978) og British Steel (1980), og konsertplatene Unlashed In The East (1979) og Concert Classics (2007), i tillegg til samleplatene Metal Works ’73-’93 (1993), Simply The Best (1999) og The Essential Judas Priest (2006). I 1952 kom Stanley Harvey Eisen til verda på Manhattan i New York City. Gitarist og vokalist i Kiss, Paul Stanley, er for tida posørrockar nummer ein. Unge Stanley sitt bidrag til rocken har kan hende ikkje alltid hausta like stor åtgaum blant feinsmeckarar, men han er, om ein skal tru pressa, musikalsk ansvarlig i Kiss og det seier sitt. Hjå meg kan Stanley høyrast på studioplatene Love Gun (1977), Dynasty (1979), Music From The Elder (1981), Crazy Nights (1987) og Monster frå 2012, i tillegg til samleplata Double Platinum (1978) og konsertplata Alive III frå 1993. I 1959 vart Rusty Anderson fødd i La Habra i Callifornia. Gitaristen Anderson er best kjend for å spele med Paul McCartney, men hjå meg kan han høyrast på platene Love Is, som Kim Wilde slepte i 1992, utvalde spor på The Bangles si samleplate Greatest Hits frå 1995, Love. Angel. Music. Baby. som var Gwen Stefani sitt bidrag til populærkulturen i 2004, og Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1961 var Elvis Presley i studio og spela inn In The Ghetto. I 1965 kom Gregory David Kriesel til verda i Glendale i California. Bassisten Greg K. spelar til dagleg i The Offspring og hjå meg høyrer du han på platene Ignition (1992), Smash (1994), Americana (1998), Conspiracy Of One (2000) og Splinter (2003). I London vart Heather Small fødd. Songerinna Small slo gjennom saman med bandet M People, men har i seinare tid prøvd seg på eiga hand. Hjå meg kan Small høyrast medan ho gjev vokalstøtte til den walisiske storsjarmøren Tom Jones på eit spor på plata Reload frå 1999. I 1968 fekk Bob Dylan sin song All Along The Watchtower evig liv i Jimi Hendrix Experience sin versjon. Singelen nådde sjetteplass i England, medan USA løna prestasjonen med ein tjuandeplass. I 1969 kom Nicholas Allen Jones til verda i walisiske Blackwood. Under artistnamnet Nicky Wire har Jones gjort suksess som bassist i det walisiske rockebandet Manic Street Preachers og hjå meg kan han høyrast på studioplatene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993), The Holy Bible (1994) og This Is My Truth Tell Me Yours (1998), i tillegg til samleplata Lipstick Traces (A Secret History Of The Manic Street Preachers) frå 2003. I 1973 vart Markus Mustonen fødd i svenske Eskilstuna. Trommisen Mustonen held til dagleg takten for Kent og kan hjå meg høyrast på platene Kent (1995), Hagnestad Hill (1999), Du & Jag Döden (2005) og Tillbaka Till Samtiden frå 2007. Fredag tjuande januar 1985 var Brøndby-hallen i København åstad for ein konsert med metallikona i Judas Priest. Dei som ikkje nådde fram til kongens by, men som tilfeldigvis oppheldt seg i Stuttgart kunne i staden oppleve Toy Dolls på Krockodil. I 1986 fekk Palo Alto vitjing av Toy Dolls, dei kunne høyrast på The Stone. I 1996 døyde jazzmusikaren Gerry Mulligan. I 2009 døyde David «Fathead» Newman. I 2012 døyde Larry Butler.
Abonner på:
Innlegg (Atom)