02.06.2014

Andre juni

Andre juni 1949 kom Tommy Mandel til verda i storbyen New York City. Tangentmannen Mandel har spelt med store namn som Dire Straits og Cindy Lauper, men er best kjend for å spele med Bryan Adams. I mi platesamling kan Mandel høyrast medan han spelar for sistnemnde på plata Waking Up The Neighbours frå 1991. Mandel er også med som ein del av Ian Hunter sitt band på konsertplata Welcome To The Club frå 1980, og på B52s si plate Cosmic Thing frå 1989. Og som om det ikkje var nok, er det glitrande arbeidet hans kreditert som Polly Mandel på The Clash si femte studioplate, Combat Rock frå 1982. I 1951 vart David Flett fødd i den skotske hamnbyen Aberdeen. Gitaristen Dave Flett erstatta i si tid Gary Moore i Thin Lizzy, men er best kjend for å spele med Mannfred Mann’s Earth Band, og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata The Best Of Mannfred Mann’s Earth Band – Remastered frå 1999. I 1955 vart Michael Steele fødd. Bassisten Micki Steele har ei fortid i jentebandet The Runaways, men hjå meg kan ho høyrast som medlem av The Bangles på samleplata Greatest Hits. I 1962 kom Ian Shaw fødd i walisiske St. Asaph. Songaren og komikaren Shaw sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Yello si åttande studioplate Zebra frå 1994. I 1970 kom Louis Freese til verda i South Gate i California. Rapartisten B-Real sitt bidrag til mi platehylle høyrer du som hjelpevokal på Rage Against The Machine si plate Renegades frå 2000. I 1975 kom allsidige Aimee Springer til verda. Zia McCabe spelar bass, keyboard og trommer i The Dandy Warhols, som har tre flotte bidrag til populærkulturen plassert i mi platehylle, Thirteen Tales From Urban Bohemia (2000), Welcome To The Monkey House (2003) og Odditorium Of Warlords Of Mars frå 2005. I 1978 slepte Uriah Heep si tolvte studioplate, Fallen Angel. I 1980 vart Fabrizio Moretti fødd i den brasilianske storbyen Rio De Janeiro. Moretti er til daglig trommeslagar for The Strokes, og hjå meg kan han høyrast medan han held takten på bandet sine to fyrste studioplater, Is This It frå 2001, og Room On Fire, som kom på marknaden i 2003. I 1984 var det håpet om One Better Day som ordna Madness plass på listene. Attandeplass var nok ikkje det den galne septetten håpa på, men heller ikkje å forakte. I 1997 slepte Bob Dylan samleplata The Best Of Bob Dylan. I 2003 kom walisiske Stereophonics si fjerde studioplate You Gotta Go There To Come Back, som vart deira tredje listetopp på rad i England. I 2004 var dette datoen Judas Priest spelte sin fyrste konsert med metallguden Rob Hallford attende i stallen etter fleire års fråvær med mellom anna det sjølvtitulerte prosjektet Hallford.

Fyrste juni

Fyrste juni 1924 vart trommeslagaren Herbie Lovelle fødd. Taktfaste Lovelle var aktiv sidan siste halvleik av førtitalet og handterte fleire sjangrar innom populærmusikken. Lovelle kan hjå meg høyrast i bakgrunnen av Bob Dylan si hese røyst på studioplata The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Lovelle døyde i 2009. I 1926 kom Norma Jeane Mortenson til verda i Los Angeles i California. Modellen og skodespelarinna Marilyn Monroe tok verda med storm i tidene rundt slutten av andre verdskrigen og det heile toppa seg med rykta om ein romanse med president John F. Kennedy. Det er ikkje tvil om at det var modell- og skodespelarkarriera hennar som, med rette, har farga ettermælet hennar mest, men dama song også. Hjå meg finn du den sjarmerande, men ujamne samleplata Golden Hits. Marilyn Monroe døyde i 1962. I 1947 kom Ronald David Wood til verda i engelske Hillingdon. Den noverande Rolling Stones-gitaristen Ron Wood, som er ein like god kunstmålar som gitarist, har ei fortid i Jeff Beck Group og Faces og var ein godt etablert musikar før han slo seg saman med resten av styggingane i Stones. Wood rakk også å eit samarbeid med Rod Stewart tidleg på syttitalet, der han spelar alle slags instrument forutan mandolin, og det er i den rolla han kan høyrast i mi platesamling på studioplata Smiler frå 1974, og på samleplata The Mercury Years. Wood var også ein viktig del av The Faces, mi platehylle byr på Long Player frå 1971, og har i tillegg gjeve ut fleire soloplater. Platene på mi hylle dokumenterar at Wood også skal ha lånt ut tenestene sine til Bob Dylan på hans tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981. I 1950 kom Tom Robinson til verda i den engelske universitetsbyen Cambridge. Tom Robinson har gjort seg merkt som låtskrivar, bassist og vokalist i Tom Robinson Band, som herja listene med songar som 2-4-6-8 Motorway og Glad To Be Gay på syttitalet. I dag er det platepratar som er Robinson sin profesjon. I 1953 vart Rob Walkenhors fødd i Norborn i Missouri. Gitaristen og songaren Walkenhorst er best kjend som frontman i The Rainmakers, som leverte eit par bra plater på overgangen mellom åtti- og nittitalet, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene The Rainmakers, Tornado og The Good News And The Bad News, i tillegg til konsertplata Oslo – Wichita Live. I 1958 vart Michael Landau fødd i Los Angeles i California. Hjå meg høyrer du gitaristen Landau sitt arbeid på plata Some People’s Lives, som var Bette Midler sitt bidrag til populærkulturen i 1990, Jagged Little Pill, som Alanis Morissette slepte i 1995, og på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1959 vart Alan Charles Wilder fødd i London. Alan Wilder var ei tid innom Depeche Mode og kan hjå meg høyrast på plata Music For The Masses frå 1985. I 1960 kom Simon Jonathon Gallup til verda i Surrey i England. Bassisten Simon Gallup slo seg saman med Robert Smith og The Cure i 1979 og er den av Smith sine disiplar som har holdt ut lengst i bandet. Hjå meg høyrer du Gallup på platen Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me frå 1987 og Wild Mood Swings, som kom på marknaden i 1996. I 1963 vart Michael Joyce fødd i engelske Fallowfield. Trommisen Mike Joyce heldt takten for The Smiths og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Meat Is Murder (1985) og Strangeways, Here We Come frå 1987, i tillegg til samleplata Louder Than Bombs frå 1987. I 1969 kom Damon Minchella til verda i engelske Ince-in-Makerfield, det ligg i Lancashire. Bassisten Minchella spelar til dagleg i The Players, hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Dr. John (Anutha Zone, 1998) og Paul Weller (Studio 150, 2004). I 1974 kom Alanis Nadine Morissette til verda i den kanadiske hovudstaden Ottawa. Songerinna Alanis Morissette har seld meir enn seksti millionar plater verda over, og hausta sju Grammy-statuettar, vidare presentasjon er ikkje naudsynt. Hjå meg finn du studioplatene Jagged Little Pill (1995), Supposed Former Infatuation Junkie (1998), Under Rug Swept (2002) og So-Called Chaos (2004). I 1979 kom det offisielle lydsporet til filmen Rock’n Roll High School der Ramones hadde med ein song med same namn. Låten vart spela inn i november året før i Cherokee Recording Studios, Los Angeles, California USA og produsent var Ed Stasium. Året etter, 1980, stod Toy Dolls for underhaldninga på The Bell i Hordon. I 1981 vart Brandi Carlile fødd i Ravensdale i den amerikanske delstaten Washington. Den erklerte lesbiske folkrockaren Carlile syng bakgrunnsvokal for like lesbiske Melissa Etheridge på plata Lucky frå 2004. Same kveld var Toy Dolls på plass i Old Twenty Nine Club i Sunderland. I 1982 slepte The Clash singelen Rock The Casbah, som berre klatra til ein trettiandeplass på dei britiske singellistene. Ni år seinare, i 1991 vart singelen relansert, denne gongen med ein femtandeplass som høgaste plassering. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på Brannigans i Leeds. I 1998 slepte Barry Adamson plata As Abowe So Below. I 2008 spelte Kiss på Koengen i Bergen, ein konsert underteikna, saman med nærare tjue tusen andre storfornøgde bergensarar, var tilstades på. Perle etter perle frå den fyrste konsertplata kom som jordbær på eit strå.

31.05.2014

Trettifyrste mai

Trettifyrste mai 1938 kom Peter Yarrow til verda i New York City. Politisk aktive Yarrow slo gjennom som ein del av folktrioen Peter, Paul & Mary på sekstitalet. Hjå meg kan Yarrow høyrast med bakgrunnsvokal på The Hooters si plate Zig Zag frå 1989. I 1940 vart August Meyers fødd i San Antonio i Texas. Augie Meyers spelte keyboard i Sir Douglas Quintet og vart med vidare då Doug Sahm gjekk saman med Freddy Fender og Flaco Jimenez for å starte den texanske supergruppa Texas Tornados. I tillegg til Texas Tornardos platene Hangin’ By A Thread frå 1992, og samleplata Best Of frå 1994, kan Meyers hjå meg høyrast medan han spelar på Bob Dylan-platene Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997, og på Love And Theft frå 2001. I 1948 var denne dagen ein særs god dag for rytmeseksjonen, for kom den brasilianske perkusjonisten Paulo Roberto da Costa til verda i den solfylte sambabyen Rio de Janeiro. Paulinho Da Costa, som skal traktere så mykje som over to hundre ulike perkusjonsinstrument, skal ha spelt med fleire hundre artistar frå heile verda og kan hjå meg høyast medan han spelar på Michael Jackson si plate Off The Wall frå 1979, på Madonna si plate True Blue, som vart slepte i 1986, for Tracy Chapman på hennar sjølvtittelerte debutplate frå 1988, for Miles Davis på platene Tutu, som kunne kjøpast frå 1986, og Amandla frå 1989, Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, og for Tori Amos på plata Under The Pink frå 1994. Same dag vart verdas, til no, mest hardtslåande trommeslagar, John Henry Bonham, fødd i engelske Redditch. John Bonham var den viktigaste delen av rytmeseksjonen i rockedinosaurane Led Zeppelin, kjent for å ha ei særs fin kjensle i spelet sitt sjølv om han slo like hardt som eit esel sparkar. Hjå meg kan Bonham høyrast på studioplatene II (1969), III (1970), IV (1971) og Precense (1976), i tillegg til samleplatene Coda (1982) og samleplata Mothership (2007). Bonham døyde etter ei fyllekule i 1980. Dette var også dagen Mike Edwards vart fødd i Ealing i London. Cellisten Edwards er best kjend for arbeidet han gjorde med Electric Light Orchestra og han kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. Edwards døyde etter ein kollisjon med ein høyballe på motorvegen A381 i 2010. I 1952 kom Clive Hunt til verda i St. Catherine i Jamaica. Hunt sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som strengearrangement på utvalde spor på Peter Tosh si samleplate The Toughest, som kom på marknaden i 1998. I 1954 kom Paul V. Franklin til verda i Detroit i Michigan. Multiinstrumentalisten Paul Franklin er best kjend for å spele Steel Guitar og det er nettopp dette instrumentet som gjev han plass i mi platehylle, dette kan du høyre på Willie Nelson si studioplate Across The Borderline frå 1993, og på utvalde spor på samlplata The Collection, som Steve Earle slepte i 2002. I 1958 vart den norske bassisten Håkon Torgersen fødd. Torgersen spelte bass med Jokke & Valentinerne i perioden 1984 til 1990 og kan hjå meg høyrast på plata III frå 1990. I 1965 kom Steve White til verda i London. Trommisen White er kjend for å halde takten for Paul Weller og kan i mi platehylle høyrast på The Modfather si fjerde soloplate Studio 150 frå 2004. I 1969 slepte The Who plata Tommy i USA. Rockeoperaen nådde fjerdeplassen på dei amerikanske platelistene. I 1972 kom Christian Lee McBride til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Christian McBride kan i mi platehylle høyrast på Sting si plate Sacred Love frå 2003, og på studioplata Travlin’ Light, som Queen Latifa slepte i 2007. I 1977 kom Scott Allen Klopfenstein til verda i Garden Grove i California. Scott Klopfenstein spelte gitar og trompet i Reel Big Fish fram til 2010 og kan i mi platehylle høyrast på bandet si fjerde studioplate Cheer Up! frå 2002. I 1978 vart Anna Alexandra Ternheim fødd i svenske Sollentuna. Anna Ternheim er i mi platehylle kreditert for å yte bidrag på Thåström si sjette soloplate Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1980 døyde Sonny Burke, og Toy Dolls spelte på Westholme Farm Club i Wallsend. I 1983 kunne dei same Toy Dolls høyrast frå scenen på 100 Club i London. I 1988 oppsummerte Ramones dei ti fyrste åra som plateartistar med samleplata Ramones Mania. I 2004 døyde Robert Quine.

30.05.2014

Trettiande mai

Trettiande mai 1924 vart Armando Peraza fødd i Havanna på Cuba. Percusjonisten Peraza sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar congas på utvalde spor på samleplata Best Of Friends, som John Lee Hooker slepte i 1988. I 1926 kom Anthony Terran til verda i den ein gong så stolte industribyen Buffalo i New York. Trompetisten Tony Terran er ein mykje nytta studiomusikar tilknytta The Wrecking Crew, som fekk plass i Music Hall Of Fame i 2007. Hjå meg høyrer du Terran på Madonna si soundtrackplate til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless frå 1990. I 1935 vart Harold Winston Beckett fødd i Saint Michael på Barbados. Trompetisten Harry Beckett sine bidrag til mi platehylle er å finne på songen Had Me A Good Time frå Faces-plata Long Player frå 1971, og på Madonna si soundtrackplate til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless, som kom på markanden i 1990. Beckett døyde i 2010. I 1955 kom Nicholas Bowen Headon til verda i engelske Bromley. Topper Headon si karriere er merkt av han er den best kjende trommeslagaren i det legendariske punkbandet The Clash. I mi platehylle kan Topper høyrast på The Clash-platene Combat Rock frå 1982, og samlinga The Singles, som kom på markanden i 2007. I 1958 vart Gun-Marie Fredrikson fødd i svenske Össjö. Roxette-vokalisten Marie Fredrikson kan hjå meg høyrast på plata Joyride frå 1991. I 1964 kom Thomas Baptiste Morello til verda i den belasta bydelen Harlem i storbyen New York City. Gitaristen Tom Morello er best kjend for å spele med Rage Against The Machine og Audioslave og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Rage Against The Machine (1992), The Battle Of Los Angeles (1999) og Renegades (2000), og konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium (2003), alle Rage Against The Machine, og på Audioslave sine studioplater Out Of Exile (2005) og Revelations (2006). I engelske Bebington vart Chris Sharrock fødd. Trommisen Sharrock har ei fortid på trommestolen i mytiske The La’s, hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Robbie Williams på studioplata I’ve Been Expecting You (1998), og på eit spor for Tom Jones på plata Reload frå 1999. I 1965 kom Briana Corrigan til verda i den nordirske hovudstaden Belfast. Sjølv om ho er lista som tilleggsperson vert Corrigan rekna som den kvinnelege songerinna i The Beautiful South og song med på dei tre fyrste studioplatene frå bandet. Hjå meg kan Corrigan høyrast på debutplata Welcome To The Beautiful South frå 1989. I 1967 kom Sven Pipien til verda i tyske Hannover. Pipien er bassist i Black Crows etter å ha erstatta originalbassisten Johnny Colt frå plata By Your Side frå 1999. I 1976 vart Björn Samuelsson fødd i svenske Lysekil. Samuelsson spelte trombone i Brian Wilson sitt band ein periode og kan i mi platehylle høyrast på plata Presents Smile frå 2004. I 1980 kunne heldige frammøtte i Civic Hall i Shildon sjå Toy Dolls spele i levande live. I 1986 døyde Hank Mobley. I 1988 bydde dagen på konsert med Toy Dolls i Madrid, der dei var reist for å spele på Rock Club. I 1996 slepte Gloria Estefan si sjuande studioplate Destiny. I 1997 døyde West Arkeen.

29.05.2014

Tjueniande mai

Tjueniande mai 1949 var det jubel i familien Rossi i London, for då kom vetle Francis Dominic Nicholas Michael kom til verda. I nesten seksti år har Francis Rossi pleia musikarkarriere si som ein del av det engelske booggierockbandet Status Quo, og saman med makker Rick Parfitt har han fått den engelske utmerkinga OBE for innsatsen sin. Hjå meg kan Rossi høyrast på studioplata Rock ‘Till You Drop (1991), konsertplata Live Alive Quo (1992), samt samleplatene 12 Gold Bars I (1980) og 12 Gold Bars II (1984). I 1960 vart Mel George Gaynor fødd i London. Trommisen Mel Gaynor slo seg saman med Simple Minds i 1982 og har, med untak av eit par korte avbrekk, vore med dei sidan. Hjå meg kan Gaynor høyrast på bandet si niande studioplate, Real Life frå 1991. I Rock Island i Illinois kom Jesse Woods Johnson til verda. Gitaristen Jesse Johnson kan hjå meg høyrast på Janet Jackson si plate Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814 frå 1989. I 1961 kom Melissa Lou Etheridge til verda i Leavenworth i Kansas. Melissa Etheridge har vore offentleg lesbisk i ei årrekkje og har fleire barn saman med den kvinnelege partnaren sin. Rykta har strøyma om kven som kan vere faren, og ein av dei som er nemnd i den samanhengen er ein annan musikar, nemleg David Crosby frå den legendariske kvartetten Crosby, Stills, Nash & Young. Eg har, uavhengig av legning, vore fan av denne dama så lenge eg kan hugse og har gjennom åra investert tungt i dei fleste platene ho har sendt ut på marknaden. Den sjølvtettelerte debutplata frå 1988 står i platehylle saman med Brave And Crazy (1989), Never Enough (1992), Yes I Am (1993), Your Little Secret (1995), Skin (2001) og Luck (2004), og eg har planar om å halde fram med å kjøpe platene hennar så lenge ho held fram med å gje ut musikk. På Long Island i New York vart John Miceli født. Trommeslagaren Miceli spelar i bandet Neverland Express, som er Meat Loaf sitt faste band. Hjå meg høyrer du Miceli på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1963 vart Bayley Alexander Cooke fødd i engelske Birmingham. Under namnet Blaze Bayley har han gjort seg merkt som vokalist i både eit sjølvtittelert band og i Wolfsbane, men i mi platehylle kan han høyrast som vokalist i Iron Maiden på dei to studioplatene The X-Factor (1995) og Virtual XI (1998). Bayley måtte seinare sei frå seg jobben som songar i jernjomfrua då gamlesongaren Bruce Dicinson ville ha jobben attende. I 1967 vart Noel Thomas David Gallagher fødd i engelske Manchester. Gitaristen Noel Gallagher er den som har vore musikalsk ansvarlig for det meste av det beste av det grinegutane i Oasis har gjort og kan hjå meg høyrast på studioplatene Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995) og Be Here Now (1997), og konsertplatene Unplugged og Familliar To Millions (2000). I 1972 kom Simon Robin David Jones til verda i hamnebyen Liverpool. Bassisten Simon Jones er best kjend for å spele i The Verve og kan i mi platehylle høyrast på kritikarroste Urban Hymns frå 1997. I 1979 kunne delar av AC/DC sin konsert i Glasgow året før sjåast på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One. I 1980 var Toy Dolls attende i Round Robin Pub i Sunderland for å spele for andre gong på ei veke. I 1988 kunne dei same Toy Dolls opplevast på Txibisto i Bergara. I 1997 døyde Tim Buckley. I 2010 døyde Dennis Hopper. I 2012 spelte Ozzy Osbourne og kompisane hans, Geezer Butler, Zakk Wylde og Slash ein glitrande konsert på Koengen i Bergen, og underteikna var sjølvsagt til stades.

28.05.2014

Tjueåttande mai

Tjueåttande mai 1926 kom Russell Donald Freeman til verda i Chicago i Illinois. Jazzpianisten Russ Freeman vart på førti- og femtitalet kjend for samarbeid med Art Pepper og Shorty Rogers, men er i dag best kjend for å ha spela med den norskætta jazztrompetisten Chet Baker. Freeman sitt bidrag til mi platehylle finn du på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Russ Freeman døyde i 2002. I 1937 vart William Artur Walker fødd i Sydney i Australia. Musikkprodusenten Bill Walker hadde eit kort intermesso i Sør-Afrika før han dukka opp i den amerikanske countryhovudstaden Nashville i Tennesse. Walker fekk etter kvart jobben som musikalsk leiar for The Johnny Cash Show og deltok på fleire av plateinnspelingane hans. Hjå meg kan Walker høyrast medan han spelar piano på The Johnny Cash Childrens Album, som kom på marknaden i 1974. I 1944 vart Gladys Maria Knight fødd i olympiabyen Atlanta i Georgia. Songerinna Gladys Knight kom inn under den kjende Motown-etiketten i 1966. Ho vert omtala som Keisarinna av Soul, har hausta Grammy-prisar og har hatt fleire store hits saman med bandet The Pips. Hjå meg kan Knigth høyrast på ei dobbel samleplate som dekkar det meste av det beste ho gjorde både som soloartist og saman med The Pips. I 1945 vart John Cameron Fogerty fødd i universitetsbyen Berkeley. John Fogerty var frontfiguren og den kreative krafta i bandet Creedence Clerarwater Revival, som leverte fleire udøydelege slagarar på overgangen frå seksti- til syttitalet. I 1947 kom Leyland Bruce Sklar til verda i motorsykkelbyen Milwaukee i Wisconsin. Leyland Sklar er ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast på From The Inside, som Alice Cooper slepte i 1978, i tillegg til Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987 og Era si sjølvtittelerte debutplate frå 1996. I 1956 vart Gerald Calvin Douglas fødd i Warren i Ohio. I mi platesamling kan ein høyre mannen som er kreditert som Jerry Douglas spele dobro på songen Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Same dag kom den danske visesongaren Poul Krebs til verda i Jylland sin største by, Århus. Krebs slo gjennom med plata Små Sensationer i 1995. Plata var hans tiande, har vokalbidrag frå den norske krimkongen Jo Nesbø, og står i mi platehylle. I 1961 vart Roland Lee Gift fødd i den ein gong så stolte engelske industribyen Birmingham. Roland Gift var den karrismatiske songaren i Fine Young Cannibals, som smykkar mi platehylle med den sjølvtittelerte debutplata si frå 1985. I 1970 kom den engelske trommeslagaren Mark Richardson til verda i engelske Leeds. Richardson kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Skunk Anansie på plata Stoosh frå 1996, og Post Orgasmic Chill, som kom på marknaden i 1999. I Eskilstuna vart Sami Petteri Sirviö fødd. Gitarisen Sami Sirviö var ein av grunnleggjarane av Kent og kan hjå meg høyrast på platene Kent (1995), Hagnestad Hill (1999), og Du & Jag Döden, som kom på marknaden i 2005. I 1973 kom Harry Mikael Sommerdahl til verda i Stockholm. Musikkprodusente og låtskrivaren Harry Sommerdahl eig sitt eige musikkstudio og har jobba med vår eigen Hanne Sørvåg, i mi platehylle er han kreditert for programmering på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1982 hadde Smuglers Arms i Stanley æra av Toy Dolls sitt besøk. I 1983 slepte Iron Maiden plata Piece Of Mind som nådde til tredjeplass på listene. I 1988 hadde Toy Dolls teke turen til Burgos for å spele på Ramas. I 2002 slepte Eminem si tredje studioplate The Eminem Show.

27.05.2014

Tjuesjuande mai

Tjuesjuande mai 1926 kom Clifford Everett Shank til verda i Dayton i Ohio. Saksofonisten Bud Shank har spela med kjende namn som Ravi Shankar og The Mamas & The Papas, Harry Nilson og Gene Clark, i tillegg til med den norskætta trompetisten Chet Baker, der han i mi platehylle kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Shank døyde i 2009. I 1948 vart Peter Sears fødd i engelske Bromley. Pete Sears er i mi platehylle kreditert for tangentspel på Rod Stewart si siste plate på Mercury Records, Smiler frå 1974, og for utvalde spor på den doble samleplata The Mercury Anthology, som kom på marknaden i 1992. I 1957 vart Edward Hawrysch fødd i kanadiske Toronto. Eddie Harsch trakterar tangentane på alle mine tre Black Crows plater, The Southern Music And Harmony Companion, By Your Side og Amorica, men har sidan fôrlete bandet for å halde fram med karriera andre stader. I London kom Susan Janet Ballion til verda. Siouxsie Sioux har saman med bandet The Banshees gjeve ut elleve studioplater og vert rekna som ei av pønkverdas mest suksessrike artistar. Hjå meg finn du plata Tinderbox, som kom på markanden i 1986. I 1958 vart Neil Mullane Finn fødd i Te Awamutu på New Zeland. Neil Finn er vokalist i Crowded House, som prydar mi platehylle med plata Together Alone frå 1993. I 1963 gav ein ung Bob Dylan ut si andre plate, The Freewheelin’ Bob Dylan. Med seg i studio hadde han mellom anna gitaristane Bruce Langhorn og Howard Collins. I 1966 vart Sean Howard Kinney fødd i Renton i Washington. Sean Kinney har tent til livets opphald bak trommesettet i Alice In Chains og hans taktfaste bidrag til mi platehylle kan høyrast på studioplatene Facelift (1990) og Dirt (1992). I 1975 kom André Lauren Benjamin til verda i olympiabyen Atlanta i Georgia. Rapparen Andre 3000 er best kjend som den eine halvleiken av duoen OutKast, men i mi platehylle kan han høyrast med tangentspel og bakgrunnsvokal på Gwen Stefani si plate Love. Angel. Music. Baby. frå 2004. I 1982 nytta Toy Dolls dagen til å spele i 101 Club i Ferryhill og året etter, i 1983 gav Motörhead ut singelen I Got Mine/Turn You Round Again. Same dag var Toy Dolls attende og spela i Feltham Football Club i London, medan dei i 1988 hadde teke turen til Lacunza for å spele på Ilargi. I 2003 platedebuterte irske The Thrills med So Much For The City.

26.05.2014

Tjuesjette mai

Tjuesjette mai 1926 vart Miles Dewey Davis III fødd i Alton i Illinois. Jazztrompetisten Miles Davis var både bandleiar og komponist, spelte med dei fleste av verdas største jazzartister og rakk å bli ein av verdas mest innflytingsrike jazzartistar før han døyde etter ei tids sjukeleie i 1991. Miles Davis gav ut meir enn hundre studio-, konsert- og samleplater, men mi platehylle byr så langt berre på ni av desse, Birth Of The Cool (1957), Kind Of Blue (1959), Someday My Prince Will Come (1961), In A Scilent Way (1969), Waterbabies (1976), Decoy (1984), Tutu (1986), Amandla (1989) og Biography The Very Best Of Miles Davis. Miles Davis døyde i 1991. I 1930 kom Severino Dias de Oliveira fødd i brasilianske Paraiba. Trekkspillvirtousen Sivuca si karriere er omfattande, og inkluderar spel med artistar som Miriam Makeba og Harry Bellafonte. Hjå meg kan Sivuca hørast medan han spelar på Imperiet si plate Synd frå 1986. Sivuca døyde i 2006. I 1933 døyde Jimmy Rogers. I 1940 kom Mark Lavon Helm til verda i byen Elaine i Arkansas. Levon Helm gjorde seg merkt på seksti- og syttitalet som trommeslagar og vokalist i det legendariske folkrockbandet The Band. I mi platehylle kan du høyre Helm sitt trommespel på plata Islands frå 1977, og som takthaldar for Neil Young på plata Hawks & Doves (1980), og for Rufus Wainwright på hans tredje studioplate Want One frå 2003. Helm døyde i 2012. I 1944 vart Terrence Allen fødd i idylliske Crynant i Wales. Tangentmannen Verden Allen er ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople. Hjå meg kan Verden Allen høyrast på studioplatene Wildlife (1971) og All The Young Dudes (1972), i tillegg til samleplatene Walking With A Mountain (1990) og Greatest Hits (1976). I 1946 kom Michael Ronson til verda i hamnebyen Kingston-upon-Hull. Gitaristen Mick Ronson er best kjend for samarbeidet med David Bowie tidleg på 1970-talet, men hadde også ei solokarriere og spelte saman med undergrunnsheltane i Mott The Hoople. Ronson samarbeida etter Mott The Hoople-tida med Ian Hunter til han diverre døyde av leverkreft i 1993. Mykje av det beste Ronson spelte inn og gav ut er samla på plata Heaven & Hull som vart gjeven ut etter at meisteren gjekk bort, men i mi platehylle er det på Lou Reed si plate Transformer (1972), og på Ian Hunter si sjølvtittelerte debutplate (1975) og konsertplata Welcome To The Club (1980), gitarspelet hans kan høyrast. Ronson er også kreditert for diverse arbeid på Mott The Hoople si plate All The Young Dudes frå 1972, og for gitarspel på diverse spor på Bob Dylan si samleplate The Bootleg Series Vol 1-3 frå 1991. I 1948 kom Stephanie Lynn Nicks til verda i Phoenix i Arizona. Stevie Nicks var vokalist i Fleetwood Mac og hjå meg kan ho høyrast på den storselgjande studioplata Rumours frå 1977. I 1953 vart Richard Arthur Sohl fødd i bydelen Queens i New York City. Tangentmannen Richard Sohl vert best hugsa for arbeidet han gjorde saman med Pattie Smith. Hjå meg kan Sohl høyrast på studioplata Easter frå 1978. Sohl døyde i 1990. Ein annan stad i USA kom David Torn til verda. Gitaristen Torn har spela med eit heilt elitelag av musikarar, som David Bowie og k.d. Lang. Hjå meg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Tori Amos si plate Scarlet’s Walk frå 2002. I 1963 var Elvis Presley i studio og spela inn (You’re The) Devil In Disguise. I 1964 kom Leonard Albert Kraviz til verda i New York City. Lenny Kraviz har ei solid solokarriere, plata Circus frå 1995 er på plass i hylla, og i tillegg kan han høyrast som hjelpevokalist på Mick Jagger si plate Wandering Spirit frå 1993. I 1966 vart Rita Eriksen fødd på Sola utanfor Stavanger. Eriksen har ei solid karriere på eiga hand, hjå meg kan ho høyrast som den kvinnelege røysta i duett med Øyvind Staveland på sporet Tir Na Noir frå Vamp si debutstudioplate God Morgen, Søster, og på eitt spor på Trio De Janeiro si plate Brazilikum, begge frå 1993. I 1967 kom Christopher Todd Feinstein til verda i Nashville i Tennessee. Bassisten Chris Feinstein starta som profesjonell musikar allereie som femtenåring og har turnert og spelt stuioinnspelingar med ei rekkje artistar. Hjå meg kan Feinstein sitt arbeid høyrast på Ryand Adams si plate Easy Tiger frå 2004. Feinstein døyde i 2009. I 1972 vart Alan White fødd i London. Trommeslagaren White avløste Tony McCarroll på trommestolen i Oasis og kan hjå meg høyrast på studioplatene (What’s The Story) Morning Glory (1995) og Be Here Now (1997), i tillegg til konsertplatene Unplugged og Familliar To Millions (2000). I 1975 vart Lauryn Noelle Hill fødd i East Orange i New Jersey. Lauryn Hill vart superstjerne saman med bandet Fugees og har sidan etablert seg som ein solid soloartist, plateprodusent og skodespelar som skyr rampelyset. Hjå meg kan Hill Høyrast saman med Fugees på plata The Score (1996), og på soloplata The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1987 kom Europe si tredje studioplate, gjennombrottet The Final Countdown, som selde i meir enn tre millionar eksemplar berre i USA. I 1988 var Toy Dolls i Valladolid for å spele på Hippo. I 1989 avslutta Melissa Etheridge studioarbeidet på det som vart gjeve ut som plata Brave And Crazy.

25.05.2014

Tjuefemte mai

Tjuefemte mai 1943 kom Miriam Johnson til verda i Phoenix i Arizona. Songerinna Jessi Colter er best kjend for å ha vore gift Waylon Jennings og hjå meg er det på outlaw-legenda Jennings si plate Ol’ Waylon frå 1977 Colter si røyst kan høyrast. I 1948 vart Klaus Meine fødd i tyske Hannover. Meine er den nasale songaren i Scorpions, eit band han slo seg saman med i 1970, og han syng på alle platene bandet har slept. Hjå meg kan Meine høyrast på plata Crazy World frå 1990. I 1955 kom Gunnar Låstad til verda. Bassisten Låstad slo seg saman med Vinskvetten i 1976 og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. I 1956 kom den amerikanske gitaristen og dobroartisten Cindy Cashdollar til verda i byen som har gjeve namn til verdas best kjende hippiefestival, Woodstock i New York. Cashdollar, som til vanleg spelar i Asleep At The Wheel, kan hjå meg høyrast medan ho trakterar flaskehalsen på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997, og for Ryan Adams på plata Easy Tiger frå 2007. I 1958 vart John William Weller fødd i engelske Woking. Mannen som kallar seg Paul Weller til vanleg, og som gjerne vert referert til som The Modfather, har gjort seg merkt som leiar av det legendariske Mod-bandet The Jam. The Jam er i mi platesamling representert med samleplata Beat Surrender. Denne plata her ein heilt utruleg driv frå fyrste takt og kan tilrådast til alle som er glad i god Mod-musikk, men ikkje er komen i gang med å kjøpe enkeltproduksjonar. Weller sitt arbeid etter tida med The Jam er elles dokumenter på plata Studio 150, som kom på marknaden i 2004, og på ei Gratest Hits samling. Weller kan også høyrast med gitarspel på utvalde spor på Oasis si plate (What’s The Story) Morning Glory (1995), og på Robet Wyatt si ellevte soloplate Comicopera frå 2007. I 1961 var John Coltrane med venner i A&M Studios i New York og spelte inn materialet til det som skulle ende opp som Coltrane si niande studioplate, Olé Coltrane som kom på marknaden i februar året etter. I 1966 var The Byrds i studio og spela inn 5D (Fifth Dimension), Wild Mountain og John Riley. Songane vart brukt på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1978 spelte eit anna Mod-band, The Who, ein improvisert konsert i Shepperton Studios som ein del av innspelinga av filmen The Kids Are Alright. I 1982 var det ska-kveld då Madness fekk notert topplassering på listene med House Of Fun. I 1983 gav bandet Dio ut debutplata si, Holy Diver, som selte til både gull og platina i USA. I 1984 vart Marion Elise Ravn fødd på Lørenskog. M2M Marion er krediter som Marion Raven når ho syng på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006, som er hennar einaste bidrag til mi platehylle. I 1987 slepte The Cure si sjuande studioplate, Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me, som var bandet si fyrste til å klatre inn på Top 40 på den renomerte amerikanske Bilboard-lista.

Trettifyrste mai

Trettifyrste mai 1938 kom Peter Yarrow til verda i New York City. Politisk aktive Yarrow slo gjennom som ein del av folktrioen Peter, Paul & Mary på sekstitalet. Hjå meg kan Yarrow høyrast med bakgrunnsvokal på The Hooters si plate Zig Zag frå 1989. I 1940 vart August Meyers fødd i San Antonio i Texas. Augie Meyers spelte keyboard i Sir Douglas Quintet og vart med vidare då Doug Sahm gjekk saman med Freddy Fender og Flaco Jimenez for å starte den texanske supergruppa Texas Tornados. I tillegg til Texas Tornardos platene Hangin’ By A Thread frå 1992, og samleplata Best Of frå 1994, kan Meyers hjå meg høyrast medan han spelar på Bob Dylan-platene Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997, og på Love And Theft frå 2001. I 1948 var denne dagen ein særs god dag for rytmeseksjonen, for kom den brasilianske perkusjonisten Paulo Roberto da Costa til verda i den solfylte sambabyen Rio de Janeiro. Paulinho Da Costa, som skal traktere så mykje som over to hundre ulike perkusjonsinstrument, skal ha spelt med fleire hundre artistar frå heile verda og kan hjå meg høyast medan han spelar på Michael Jackson si plate Off The Wall frå 1979, på Madonna si plate True Blue, som vart slepte i 1986, for Tracy Chapman på hennar sjølvtittelerte debutplate frå 1988, for Miles Davis på platene Tutu, som kunne kjøpast frå 1986, og Amandla frå 1989, Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, og for Tori Amos på plata Under The Pink frå 1994. Same dag vart verdas, til no, mest hardtslåande trommeslagar, John Henry Bonham, fødd i engelske Redditch. John Bonham var den viktigaste delen av rytmeseksjonen i rockedinosaurane Led Zeppelin, kjent for å ha ei særs fin kjensle i spelet sitt sjølv om han slo like hardt som eit esel sparkar. Hjå meg kan Bonham høyrast på studioplatene II (1969), III (1970), IV (1971) og Precense (1976), i tillegg til samleplatene Coda (1982) og samleplata Mothership (2007). Bonham døyde etter ei fyllekule i 1980. Dette var også dagen Mike Edwards vart fødd i Ealing i London. Cellisten Edwards er best kjend for arbeidet han gjorde med Electric Light Orchestra og han kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. Edwards døyde etter ein kollisjon med ein høyballe på motorvegen A381 i 2010. I 1952 kom Clive Hunt til verda i St. Catherine i Jamaica. Hunt sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som strengearrangement på utvalde spor på Peter Tosh si samleplate The Toughest, som kom på marknaden i 1998. I 1954 kom Paul V. Franklin til verda i Detroit i Michigan. Multiinstrumentalisten Paul Franklin er best kjend for å spele Steel Guitar og det er nettopp dette instrumentet som gjev han plass i mi platehylle, dette kan du høyre på Willie Nelson si studioplate Across The Borderline frå 1993, og på utvalde spor på samlplata The Collection, som Steve Earle slepte i 2002. I 1958 vart den norske bassisten Håkon Torgersen fødd. Torgersen spelte bass med Jokke & Valentinerne i perioden 1984 til 1990 og kan hjå meg høyrast på plata III frå 1990. I 1965 kom Steve White til verda i London. Trommisen White er kjend for å halde takten for Paul Weller og kan i mi platehylle høyrast på The Modfather si fjerde soloplate Studio 150 frå 2004. I 1969 slepte The Who plata Tommy i USA. Rockeoperaen nådde fjerdeplassen på dei amerikanske platelistene. I 1972 kom Christian Lee McBride til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Christian McBride kan i mi platehylle høyrast på Sting si plate Sacred Love frå 2003, og på studioplata Travlin’ Light, som Queen Latifa slepte i 2007. I 1977 kom Scott Allen Klopfenstein til verda i Garden Grove i California. Scott Klopfenstein spelte gitar og trompet i Reel Big Fish fram til 2010 og kan i mi platehylle høyrast på bandet si fjerde studioplate Cheer Up! frå 2002. I 1978 vart Anna Alexandra Ternheim fødd i svenske Sollentuna. Anna Ternheim er i mi platehylle kreditert for å yte bidrag på Thåström si sjette soloplate Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1980 døyde Sonny Burke, og Toy Dolls spelte på Westholme Farm Club i Wallsend. I 1983 kunne dei same Toy Dolls høyrast frå scenen på 100 Club i London. I 1988 oppsummerte Ramones dei ti fyrste åra som plateartistar med samleplata Ramones Mania. I 2004 døyde Robert Quine.

24.05.2014

Tjuefjerde mai

Tjuefjerde mai 1928 kom Max Bennett til verda i Oskaloosa i Iowa. Bassisten Bennet sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast medan han spelar for Ry Cooder på den sjølvtittelerte debutplata hans frå 1970, på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975, og på plata Hejira, som var Joni Mitchell sitt bidrag til populærkulturen i 1976 og var hennar åttande studioplate. I 1941 vart hippielegenda Bob Dylan fødd som Robert Allen Zimmerman. Det skal ha skjedd i byen Duluth i det som vert rekna som den norskaste av dei amerikanske delstatane, Minnesota. Bob Dylan har gjeve ut ei rekkje plater og inspirert musikkarar i årevis, og sjølv skal han ha vore inspirert av det amerikanske visesongarikonet Woodie Guthrie. Underteikna har fylt opp med Dylanplater i platehylla og har, så langt, vore heldig og opplevd ikonet to gonger, fyrst i Nygårdsparken i Bergen ei solrik kveldsstund i 2001, og sidan på Koengen i 2011. Begge konsertane bydde på ein Dylan i storform, han smilte litt og vinka til publikum innimellom, og han spela det meste av det beste frå ei lang karriere. Bob Dylan er også kreditert for å ha spela munnspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1945 vart Ludlow Massacre, ein song om den avskyelege massakren som fann stad i gruvebyen Ludlow i Colorado tjuande april 1914, der gruvearbeidarar som ville fagorganisere seg vart meidd ned saman med kvinner og barn, og 1913 Massacre, også det ei song om vanskelegstilte gruvearbeidarar, spelt inn i New York City. Mannen med gitaren var Woodie Guthrie og begge songane kan høyrast på samleplata Pastures Of Plenty. I 1947 kom Robert Wachtel til verda i New York City. Waddy Wachtel spelar ei rekkje instrument og kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar på plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, og på Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991. Han er også kredittert for gitarspel på Melissa Etheridge-platene Melissa Etheridge (1988), Brave And Crazy (1989) og Yes, I Am (1993). Same dag vart Albert Bouchard fødd i Watertown i New York. Trommisten Bouchard var ein av grunnleggjarane av Blue Öyster Cult og kan hjå meg høyrast på plata Spectres frå 1977. I 1960 vart Guy Edward Fletcher fødd i engelske Maidstone. Mulutiinstrumentalisten Guy Fletcher er best kjend for å spele i Dire Straits, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på samleplata More Than This, som Bryan Ferry og Roxy Music slepte i 1995. I 1969 kom Richard Spencer Robinson til verda i olympiabyen Atlanta i Georgia. Gitaristen Rich Robinson var, saman med storebroren Chris, ein av grunnleggjarane av The Black Crows og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene The Southern Harmony And Musikal Companion, Amorica (1994) og By Your Side frå 1999. I 1975 var Led Zeppelin på scenen i Earls Court i London. I 1980 var Toy Dolls på plass i Craghead og spela i Victory Club. Og når ein spolar fram til 1987 spelte R.E.M live i McCabes Guitar Shop. The One I Love (live) enda opp som B-side på ein singel med same namn og Disturbance At The Heron House (live) endar opp som B-side på ein UK singel av The One I Love. Begge desse songane er å finne på plata Document. I 1991 døyde Gene Clark. I 1994 gav Biohazard ut plata State Of The World Adressed, som var bandet si tredje studioplate og inneheldt Lack There Of som var eit bidrag til filmen Resorvori Dogs. I 2009 døyde Jay Bennett. I 2010 døyde Steve New.

23.05.2014

Tjuetredje mai

Tjuetredje mai 1925 kom Malcolm B. Wiseman til verda i Crimora i Virginia. Bluegrassartisten Wiseman har i si tid vore innom legendariske Bill Monroe’s Bluegras Boys, men kan i mi platesamling høyrast på Johnny Cash si plate American V: A Hundred Highways frå 2006. I 1947 vart Yan Patrick Erard Djivas fødd i den franske filmbyen Cannes. Bassisten Patrick Djivas sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Gianna Nannini si studioplate Una Radura frå 1977. I 1965 vart Simon Charles Gilbert fødd i engelske Tiddington. Trommisen Simon Gilbert er fast inventar i Suede og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Dog Man Star (1994), Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til samleplata Sci-Fi Lullabies (1997), som inneheld B-sidene av bandet sine singlar frå dei tre fyrste studioplatene. I 1967 vart Philip James Selway fødd i engelske Abingdon. Trommisen Philip Selway held til dagleg takten for Radiohead og kan i mi platehylle høyrast på platene Pablo Honey (1993), og OK Computer (1997). I 1969 gav The Who ut rockeoperaen Tommy, som i filmversjonen hadde Tina Turner i hovudrolla. Plata klatra til nummer to på dei engelske listene. I 1973 vart Magnus Broberg fødd i svenske Ludvika. Den sjølverklerte satanisten Emperor Magus Caligula er vokalist i bandet Dark Funeral og hjå meg kan han høyrast på bandet si andre studioplate, Vobiscum Satanas frå 1998. I 1974 kom Richard Jones til verda i walisiske Cwmaman. Bassisten Jones spelar til dagleg i Stereophonics og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Word Gets Around (1997), Just Enough Education To Perform (2001), You Gotta Go There To Come Back (2003) og Language, Sex, Drugs. Other? (2005). Jones er også med når Stereophonics spelar med på Tom Jones sin versjon av Randy Newman sin song Mama Told Me Not To Come frå plata Reload, som kom på markanden i 1999. I 1976 gav Kiss ut plata Dynasty, som var produsert av Vini Poncia og inneheldt superhitten I Was Made For Lovin’ You, som framleis er ein ”floor filler” på dansestader i ikkje alt for urbane strok. I 1981 spelte Toy Dolls i Great Lumley Commercial Centre i Durham. I 1992 var Jethro Tull og underheldt i Caesarea og slagarparaden Rocks On The Road, Look Into The Sun, A Christmas Song og This Is Not Love kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 fekk verda høve til å kjøpe plata Ill Communication og dei kreative, unge mennene bak meisterverket var dei rappkjefta karane i Beastie Boys. Dette var raptrioen si fjerde studioplate. I 2000 slepte Eminem si tredje soloplate, The Marshall Matters LP, som er notert i Guiness Book Of Reccords som den hurtigast selgjande plata nokon sinne med nesten 1,8 millionar selde eksemplar den fyrste veka berre i USA. Same dag fekk eit anna platekjøpande publikum høve til å kjøpe ei Johnny Cash-samling som fekk namnet Love, God, Murder. Samlinga inneheld tre CD-plater og fororda til dei ulike platene er skrive av så pass ulike rockepersonlegdomar som Bono, Nick Cave og Cash sin ektefelle June Carter Cash. I 2001 døyde Tommy Eyre. I 2005 slepte supergruppa Audioslave si andre studioplate, Out Of Exile.