03.05.2014

Niande mai

Niande mai 1944 vart Paul Richard Furay fødd i Yellow Springs i Ohio. Richie Furay var ein del av legendariske Buffalo Springfield og kan hjå meg høyrast på bandet si andre studioplate, Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1949 vart William Martin Joel fødd av jødiske immigrantforeldre i New York City. Billy Joel har etter kvart etablert seg som ein av dei største amerikanske poprock artistane etter at han slo gjennom med songen Piano Man i 1973. I mi platehylle finn ein, i kronologisk rekkefølgje, Glass House (1980), konsertplata Kohuept, som vart spela inn i Moskva i 1987, og studioalbumet Stormfront frå 1989. I Brookline i Massachusetts kom Bob Margolin til verda. Gitatisten kjend som Steady Rollin’ har ei fortid i Muddy Waters sitt band, hjå meg kan han høyrast på Johnny Winter si studioplate Nothing But The Blues frå 1977, og på utvalde spor på samleplata Rock’n Roll Collection, som same Winter slepte i 1994. I 1950 vart Tom Peterson fødd i Rockford i Illinois. Peterson er bassist i Cheap Trick, eit av mine store favorittband frå ungdomstida. Hjå meg kan Peterson sitt basspel høyrast på studioplata Latest, konsertplata Live At Budokan, i tillegg til den doble samleplata The Essential Cheap Trick. I 1951 kom John Victor Edwards til verda i London. Bassisten Rhino Edwards er best kjend for å traktere bassen i seinare versjonar av Status Quo, og kan i mi platesamling høyrast på studioplata Rock ’Til You Drop frå 1991, i tillegg til konsertplata Live Alive Quo frå 1992. I Ponce i den karibiske øystaten Puerto Rico vart Carlos Alomar fødd. Gitaristen Alomar er den musikaren som gjennom tidene har overlevd lengst i David Bowie sitt band. I mi platehylle kan Alomar sitt gitarspel nytast på plata Never Let Me Down frå 1987. I 1954 vart Barb Jungr fødd i engelske Rochdale. Komponisten Jungr arbeider til vanleg innom tradisjonell europeisk folkesong, hjå meg kan ho høyrast medan ho spelar munnspel for Billy Brag på plata Workers Playtime frå 1988. I 1962 vart Paul David Heaton fødd i engelske Bromborough. Paul Heaton har ei fortid som fotballhooligan i ein valdeleg suporterfraksjon som støtta Sheffield United, men er langt betre kjend for tida som songar i bandet The Housemartins. Hjå meg kan Heaton derimot høyrast som vokalist på platene Welcome To The Beautiful South og Painting It Red, som no oppløyste The Beautiful South spelte inn i høvesvis 1989 og 2000. I Essex kom Dave Gahan til verda. Gahan var med å starte synthpoptrioen Depeche Mode i 1980 og kan hjå meg høyrast på platene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1985) og Playing The Angel, som kom på marknaden i 2005. I 1968 vart Benjamin Herman fødd i London. Den nederlandske saksofonisten Herman vert sett på som ein av dei mest innovative musikarane på heimemarknaden, hjå meg kan han høyrast på Paul Weller si plate Studio 150 frå 2004. I 1971 kom Paul Francis McGuigan til verda i engelske Barton-Upon-Irwell. Bassisten Paul McGuigan var ein av grunnleggjarane av Oasis og hjå meg kan han høyrast på bandet sine tre fyrste studioplater, Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995) og Be Here Now (1997). I 1989 slepte John Cougar Mellencamp plata Big Daddy, dette var den siste plata der han nytta resten av scenenamnet frå tida som Johnny Cougar. I 1992 var Jethro Tull i Graz der dei frammøtte, mellom anna, fekk høyre A New Day Yesterday, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 gav det amerikanske death metall-bandet Morbid Angel ut plata Domination. I 2000 slepte Calexico plata Hot Rail.

02.05.2014

Andre mai

Andre mai 1945 kom John Raymond Goadsby til verda i kanadiske Toronto. Tangentmannen Goldy McJohn gjorde suksess med det amerikanske hardrockbandet Steppenwolf, og i mi platehylle kan han høyrast på bandet si sjølvtittelerte debutplate frå 1968. I 1951 kom bassisten John Glascock til verda i engelske Islington. Bassisten Glascock spelte i Jethro Tull frå 1975 til han døyde i 1979 og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Old To Die frå 1976 og Heavy Horses frå 1978. I 1956 vart David Rhodes fødd i London. Gitaristen Rhodes sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på Tori Amos si plate Little Earthquakes frå 1992. I 1962 kom Alain Johannes Moschulski til verda i Chile. Multiinstrumentalisten Alain Johannes er i mi platehylle lista som ein av ei lang rekkje gjestemusikarar på Queen Of The Stone Age sine studioplater Songs For The Deaf frå 2002, og Lullabies To Paralyze (2005). I 1968 slepte Aretha Franklin singelen Think, som gjekk til topps på R&B-listene i USA. I 1983 var Iron Maiden i hamnebyen Hull der dei innleia World Piece Tour. Eitt hundre og førti konsertar venta dei framstormande rockarane. I 1989 platedebuterte Neneh Cherry med Raw Like Sushi. I 1992 var Jethro Tull på scenen i London, Living In The Past frå denne konserten kan høyrast på liveplata A Little Light Music som kom ut i september same året. I 1988 spelte Toy Dolls fjerde konserten på rad på Projeto SP i Sao Paolo og Melissa Etheridge platedebuterte med ei sjølvtittelert plate som klatra til tjueandreplass på den merriterte Bilboard 200-lista. I 1995 gav Bob Dylan ut konsertplata MTV Unplugged, som var spelt inn over to kveldar i november året før. I 1997 kunne singelen Hollywood kjøpast. Artist var The Cranberries. I 1998 spelte No Fun At All andre av to konsertar på Club Quatro i Tokyo, delar av konserten kan høyrast på konsertplata Live In Tokyo. I 2006 opna Neil Young for nedlasting av det kritikarroste albumet Living With War der han gav den rådande Bush-administrasjonen og deira krig i oljestaten Irak det glatte laget. Sjølve plata vart ikkje tilgjengeleg i butikkar før ei veke seinare. I 2013 døyde Jeff Hanneman.

01.05.2014

Fyrste mai

Fyrste mai 1945 kom Rita Coolidge til verda i Lafayette i Tennessee. Coolidge leverte hits nok til å sikre seg ei rekkje Grammy-nominasjonar på syttitalet, i tillegg var ho ei stund gift med Kris Kristofferson, noko som resulterte i dottera Casey. Hjå meg kan Coolidge høyrast på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1952 vart Phillip King fødd i irske Cork. Hjå meg kan King høyrast medan han syng for Sinead O’Connor på plata I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. I 1953 kom Glen Ballard til verda i Natchez i Mississippi. Produsenten Ballard er i mi platehylle kreditert for å spele både gitar og keyboard på Alanis Morissette sine plater Jagged Little Pill frå 1995, og Supposed Former Infatuation Junkie (1998). I 1954 vart Ray Erskine Parker jr. fødd i Detroit i Michigan. Gitaristen Ray Parker jr. vert gjerne knytt til soullegenda Barry White, men kan hjå meg høyrast på Marvin Gaye si studioplate I Want You frå 1976, og Boz Scags si plate Dig frå 2001. I 1968 kom D’arcy Elizabeth Wretzky til verda i South Haven i Michigan. Bassisten D’arcy Wretzky si musikalske karriere omfattar spel på The Smashing Pumpkins sine fem fyrste studioplater og i mi platehylle kan ho høyrast på Siamese Dream (1993), Melon Collie And The Infinite Sadness (1995) og Machina/The Machines Of God (2000). I 1970 vart Bernard Joseph Butler fødd nord i London. Bernard Butler sitt ettermæle er sikra etter at han var med å starte Suede. Hjå meg kan Butler høyrast på studioplatene Dog Man Star (1994), Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til samleplata Sci-Fi Lullabies (1997), som inneheld B-sidene av bandet sine singlar frå dei tre fyrste studioplatene. I 1973 kom Tord Riiser til verda. Trommisen Riiser spelte i Trang Fødsel frå 1997 til 2009 og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Feber frå 1998. I 1975 vart Aslak Rakli Hartberg fødd i Oslo. Kontrabassisten Aslak Hartberg var med i rapgruppa Klovner I Kamp og hjå meg kan han høyrast på plata Bjølsen Hospital frå 2001. I 1977 kom Rebecca Bahling til verda i Rochester Hills i Michigan. Songerinna Becky Baeling skal vist nok ha spela inn eit spor eller to på eiga hand, i mi platehylle kan ho høyrast med vokalhjelp på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1979 gjekk dei skinnkledde gutane i Ramones i gang med innspelinga av den fyrste plata dei gjorde i samarbeid med den legendariske produsenten Phil Spector. Seansen gjekk føre seg i Gold Star Studios i East Hollywood i den amerikanske solskinsstaten og tok heile tre veker, svært lang tid for ei plateinnspeling i Ramones sitt univers. Innspelingane enda til slutt opp som plata End Of The Century seinare same året. I 1982 vert dagen hugsa for at Toy Dolls kom til England sin nest største by, Birmingham, for å spele i Digbeth Civic Hall. I 1987 gav det skotske bandet Deacon Blue ut debutplata si, Raintown, der dei, forutan tittelsporet, song om han som ser ut som Spencer Tracy. I 1988 heldt Toy Dolls sin tredje konsert av fire på rad i Projeto SP i Sao Paolo. I 1998 spelte No Fun At All fyrste av to konsertar på Club Quatro i Tokyo, delar av konserten kan høyrast på konsertplata Live In Tokyo. I 2010 spelte Manic Street Preachers i Grieghallen i Bergen, men eg fekk diverre ikkje høve til å vere tilstades denne gongen.

30.04.2014

Trettiande april

Trettiande april 1933 kom Willie Hugh Nelson til verda i Abbot i Texas. Etter som eg ikkje er verdas største countryfan, var Willie Nelson lenge berre representert med ei samling av det beste han gjorde saman med kvartetten Highwayman, der han song i lag med stjernelaget Johnny Cash, Kris Kristoferson og Waylon Jennings. Men no er samlinga utvida, og studioplatene Stardust, frå 1977, og Across The Borderline, er kjøpt inn. Stardust vart spela inn med Booker T. Jones, mest kjend frå eit av verdas beste backingband, Booker T. & The MGs, bak spakane, og med mellom anna verdas beste kordame Emmylou Harris med i studio. I 1948 kom Wayne Kramer til verda i Detroit i Michigan. Kramer, som har vore innom Rolling Stone Magazine si topp hundre liste over verdas best gitaristar, kan i mi platesamling høyrast medan han bråkar i det amerikanske bandet MC5 på plata Back In The USA frå 1970. I 1957 var dette dagen verda fekk endeleg fekk stifte kjennskap til Elvis Presley sin legendariske versjon av Jailhouse Rock frå filmen med same namn. Musikken var sjølvsagt ved husbandet The Jordanairs. I 1968 kom Paolo Xisto Pinto Jr. til verda i solrike Belo Horizonte i Brazil. Paolo Jr. er bassist i Sepultura og er i dag einaste originalmedlem som er att i bandet. Hjå meg kan Pinto høyrast på plata Arise. Sundag trettiande april 1978 vart Brett Detar fødd i Greensburg i Pennsylvania. Detar har ei fortid som gitarist i Zao og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate Where Blood And Fire Bring Rest frå 1998. Same dag spela Cheap Trick andre og siste konsert av det som skulle ende opp som den trippel platina seljande konsertplata Cheap Trick At Budokan. Og på andre sida av jorda kunne AC/DC opplevast i levande live på The Apollo, i det som er fødebyen for dei to gitarspelande brørne Young, Glasgow i Skotland. Utdrag av denne konserten vart til konsertplata If You Want Blood, You’ve Got It, som kom på marknaden i oktober same året. I tillegg kan klassikarane Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog og Let There Be Rock både høyrast og sjåast på den dobbel DVD’en Plug Me In, som over to plater oppsummerar to vokalistar sitt arbeid for bandet. Riff Raff og Fling Thing/Rocker frå same kvelden må nytast på DVD-plata Family Jewels der ein også finn Rock’n Roll Damnation. I 1983 døyde Muddy Waters. I 1988 fekk dei frammøtte i Projeto SP i Sao Paolo sjå Toy Dolls sin andre konsert av fire på like mange dagar i same lokalet.

29.04.2014

Tjueniande april

Tjueniande april 1938 vart Klaus Voormann fødd i Berlin. Bassisten Voormann er best kjend for å designe omslag for andre artistar sine plater, men i mi platehylle kan du høyre han spele bass for Lou Reed på plata Transformer frå 1972, og på utvalde spor på samleplata The Best Of Carly Simon, som Carly Simon slepte i 1975. I 1958 spelte Count Basie med storband inn songen Fair And Warmer med solistane Benny Powel, trombone, og Billy Mitchell på tenorsaksofon. Resultatet kan nytast på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1966 var The Byrds i studio og spela inn Mr. Spaceman og What’s Happening?!?!, for bruk på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimensjon, som kom på marknaden seinare same året. I 1962 kom Sveinung Lillebjerka til verda. Fiolinisten Lillebjerka kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Tre Små Kinesere si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1970 vart Jari Kainulainen fødd i finske Helsinki. Bassisten Kainulainen spelar til dagleg i Stratovarius og kan hjå meg høyrast på bandet si tredje studioplate Dreamspace frå 1994. I 1973 kom Mike Hogan til verda i Limeric i Irland. Bassisten Hogan er ein kjent restaurantør i heimbyen, men hjå meg er det på dei to The Cranberries-platene Everybody Else Is Doing It So Why Can’t We (1993), og To The Faitful Departed (1996) ein finn merittane hans. I 1988 var Toy Dolls i Sao Paolo for å spele på Projeto SP. Dette var fyrste av fire konsertar på rappen i same lokalet. I 1993 døyde ein av mine store heltar, gitaristen Mick Ronson av kreft i levera. Ein av verdas beste rockegitaristar var borte for alltid. Eg var heldig og fekk sjå og høyre Ronson saman med Ian Hunter og band på Maxime i Bergen i 1989. Konserten vart omtala som ein av dei beste i Bergen til då og er framleis ein av dei beste konsertane eg har vore på. Perler frå heile Hunter/Ronson samarbeidet, inkludert Mott The Hoople-æraen, kom som perler på ein snor. Irene Wild, All The Young Dudes og Just Another Night er høgdepunkta eg hugsar best. I 1996 gav irske The Cranberries ut plata To The Faithful Departed. Plata var bandet si tredje og resulterte i fem singelplater. I 1997 slepte Lynyrd Skynyrd plata Twenty, der den tidlegare trommevikaren Rickey Medlock var attende i bandet, som fast medlem og på gitar denne gongen. Tittelen refererar til at det var tjue år sidan flyulukka som tok livet av to av dei originale bandmedlemmene. I 2003 platedebuterte Yeah Yeah Yeahs med Fever To Tell, som sikra dei ein Grammy-nominasjon i klassen for beste alternativalbum, og som har selt i meir enn ein million eksemplar. I 2011 spelte The Stranglers ein uforglemmeleg konsert på Ole Bull Scene som ein del av festivalen Bergenfest i Bergen. Seinare på kvelden var Glen Matlock og bandet The Phillestines og underheldt på Garage, også det i Bergen.

28.04.2014

Tjueåttande april

Tjueåttande april 1947 vart Steve Kahn fødd i Los Angeles i California. Jazzgitaristen Kahn si merittliste er milelang, og hjå meg kan han høyrast på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1952 kom Charles Alfred Leavell til verda i Birmingham i Alabama. Chuck Leavell vert rekna som ein av verdas fremste pianistar og har spela med både The Allman Brothers Band og Rolling Stones. Hjå meg kan Leavell høyrast medan han trakterar tangentane på plata Hot Number, som The Fabolous Thunderbirds gav ut i 1987, og på Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992. I 1953 vart Kim Althea Gordon fødd i Rochester i delstaten New York. Kim Gordon er best kjend som bassist og vokalist i det amerikanske alternativbandet Sonic Youth, som ho var med å grunnleggje i 1981, og som prydar platehylla mi med platene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street frå 2002. I 1954 kom Frank Jakobsen til verda. Trommisen Jakobsen har ein omfattande CV som omfattar spel med dei beste i det bergenske jazzmiljøet. Hjå meg kan Jakobsen sitt arbeid nytast på Trang Fødsel si plate Hybel frå 1997. I 1955 kom Edwin Jobson til verda i engelske Billingham. Tangentmannen Eddie Billingham sitt arbeid kan hjå meg høyrast på Roxy Music si samleplate More Than This frå 1995. I 1958 nytta bandleiaren Count Basie dagen til å ta med seg bandet i studio og spela inn Moten Swing, solistar var Frank Wess på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. Resultatet kan høyrast på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1960 var Elvis Presley i studio og spelte inn sin versjon av songen Wooden Heart. I 1961 fullførde Johnny Cash innspelinga av My God Is Real, som i tillegg til Hymns From The Heart kan høyrast på plata God frå 2000. I 1962 vart Arild Totland fødd i nærleiken av Salhus. Trommisen Totland slo seg saman med Vinskvetten i 1985 og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. I 1978 var Cheap Trick i Tokyo og gjorde den fyrste av to konsertar som vart miksa saman til den legendariske konsertplata Cheap Trick At Budokan. I 1983 nytta Iron Maiden dagen til og sleppe singelen Flight Of Icarus. Songen om mannen med fuglefjør på armane klatra til ellevteplassen på listene.

27.04.2014

Tjuesjuande april

Tjuesjuande april 1927 vart Conrad Henry Kirnon fødd i Tuckahoe i New York. Trommisen Connie Kay spelte i Modern Jazz Quartet i nesten førti år frå 1955 og frametter, hjå meg kan Kay høyrast på utvalde spor på Van Morrison si doble samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. Connie Kay døyde i 1994. I 1942 kom James Lee Keltner til verda i Tulsa i kvegstaten Oklahoma. Trommeslagaren Jim Keltner er studiomusikar, og han vert rekna som ein av verdas beste i sin bransje. Hjå meg kan Keltner høyrast medan han heldt takten for Bob Dylan på plata Pat Garrett & Billy The Kid, som var lydsporet frå filmen med same namn som herja kinolerreta i 1973. Keltner han også høyrast på Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981, og på Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997 og var Dylan si trettiande utgjeving. Rytmesikre Keltner held også takten for Alice Cooper på plata From The Inside frå 1978, på Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og for Stones-mannen Mick Jagger på soloplata Wandering Spirit frå 1993. Keltner er også kreditert for trommespel på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975, Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, og synes som eit opplagt val då Rufus Wainwright platedebuterte med ei sjølvtittelert plate i 1998. Og som om dette ikkje skulle vere nok kan Keltner også høyrast på i god takt på Neil Young si tjefemte studioplate Silver And Gold frå 2000. I 1944 kom Thomas Koppel til verda i ein svensk leir for danske krigsflyktningar. Seinare var Koppel med å starte det danske bandet Savage Rose. Saman med bandet sin vokalist, Anisette, ofra Koppel seg for fredsarbeid. Hjå meg høyrer du Koppel på to plater frå Savage Rose, Black Angel (1995) og Tameless frå 1998. Koppel døyde under ei feriereise til Puerto Rico i 2006. I universitetsbyen Berkley i California vart Herb Pedersen fødd. Hjå meg kan gitaristen Pedersen høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975, og på The Manhattan Transfer si plate The Offbeat Of Avenues frå 1991. I 1948 kom Cathrine Elisabeth Pierson i Weehawken i New Jersey. Songerinna Kate Pierson er vokalist og originalmedlem i B52s, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Wild Planet (1980), Cosmic Thing (1989) og Good Stuff, i tillegg til samleplata Dance This Mess Around. The Best Of The B52’s. Pierson kan også høyrast som den kvinnelege bakgrunnsvokalen på R.E.M si plate Out Of Time frå 1991, og på låta Chop Suey, som hjå meg kan høyrast på Ramones si sjette studioplate Pleasant Dreams frå 1981. I 1951 kom Paul Daniel Freley til verda i The Bronx i New York City. Gitaristen Ace Freley spelte i Kiss frå starten av karrieren til 1982. Han gjorde i tillegg eit etterlengta come back i 1996 og heldt den gongen ut med bandet til 2002. I tida utan Kiss har ”Space Man” pleia ei solokarriere med sitt eige band, Freley’s Comet, som enno ikkje har fått plass i mi platehylle. Hjå meg kan Freley høyrast på Love Gun (1977), Dynasty (1979), Music From The Elder (1981), i tillegg til samleplata Double Platinum frå 1978. I 1957 vart Adrian Utley fødd i engelske Northampton. Utley er best kjend for arbeidet han har gjort i Portishead og kan hjå meg høyrast på studioplatene Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. I 1959 kom Marco Francesco Andrea Pirroni til verda i engelske Camden Town. Marco Pirroni spelte gitar i den andre utgåva av Adam & The Ants og kan hjå meg høyras på samleplata Dandy Highwaymen frå 2007. Han kan også høyras på Sinéad O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. I 1961 gjekk Johnny Cash i studio og hadde fyrste innspelingsdag for My God Is Real. Innspelinga vart fullførd dagen etter og enda opp på plata Hymns From The Heart. Produsentar var Don Was og Frank Jones. I 1964 var dette fyrste innspelingsdag, av to, for plata Cresent av John Coltrane Quartet. I 1976 vart Isobel Campbell fødd i den skotske storbyen Glasgow. Campbell er kjend som Belle i bandet Belle & Sebastian, eit band ho forlét i 2002. Ho er i dag ein mykje nytta artist og kan hjå meg høyrast medan ho spelar Cello på B&S-plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1987 slepte rockekamelonen David Bowie si syttande studioplate Never Let Me Down. I 1998 gav svenske Dark Funeral ut si andre plate Vobiscum Satanas, som jamnt over fekk gode kritikkar i den internsjonale metallpressa. I 2010 døyde Morris Perth same dag som 1349 gav ut plata Demonoir på selskapet Prosthetic Records og Gogol Bordello gav ut Trans Continental Hustle. I 2011 døyde Dag Stokke.

26.04.2014

Tjuesjette april

Tjuesjette april 1940 spelte ein særs produktiv Woodie Guthrie inn songane Talking Dust Bowl Blues, Blowin’ Down This Road, Do Re Mi, Tom Joad og Dusty Old Dust (So Long It’s Been Good To Know Yuh). Alle songane hadde folklegenda komponert sjølv og dette var dei fyrste innspelingane han gjorde for RCA Reccords. I 1961 kom journalisten, fotballspelaren og MFK-supporteren Knut Nesbø til verda. NRK-journalisten og fotballeksperten Nesbø er vetlebror av meir kjende forfattar Jo, og er gitarist i bandet Di Derre, som i mi platehylle er representert med platene Den Derre Med Di Derre (1993), Jenter & Sånn (1994) og Gym (1996). Nesbø døyde i 2013. I 1964 vart Tom Roger Aadland fødd i sildabyen Haugesund. Musikaren Aadland er best kjend for plata Blod På Spora (2009), der han har omsett Bob Dylan-låtar frå plata Blood On The Tracks til norsk. Hjå meg finn du i tillegg debutplata Obviusly Embraced (2007) og Det Du Aldri Sa (2011), alle signerte av artisten personleg. I 1971 bydde kvelden på konsert med The Who på The Young Vic Theatre i London. Seansen vart festa til ljodband og songane Naked Eye og Water kan høyrast på nyugjevne versjonar av plata Who’s Next. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å sleppe singelen The Number Of The Beast, som meir enn tjue år seinare framleis står som sjølvaste signaturlåten for det høgtflygandet hardrockbandet. I 1984 døyde Count Basie. I 1994 gav Johnny Cash ut plata American Recordings, den fyrste plata i ein serie som etter kvart tel seks i talet. Produsent for denne plata med amerikanske var meisterprodusenten Rick Rubin, og dette var plata som revitaliserte den aldrande og fallerte Cash si karriere. I 2007 slepte Tori Amos plata American Doll Posse, dette var hennar niande studioplate og den siste på eit stort plateselskap. I 2012 døyde Jimmy Bond. I 2013 døyde George Jones.

25.04.2014

Tjuefemte april

Tjuefemte april 1917 vart den amerikanske jazzsongarinna Ella Jane Fitzgerald fødd i marinebyen Newport News i Virginia. Ella Fitzgerald var ein høgt skatta jazzartist som kunne la røysta klatre over tre oktavar, og som hausta ei rekkje Grammy-statuettar. I mi platehylle finn du også ei av platene ho gjorde i samarbeid med den like vidgjetne jazztrompetisten Louis Armstrong. Fitzgerald døyde i 1996. I 1945 vart Björn Kristian Ulvaeus fødd. Björn Ulvaeus er meste kjend for å vere ein av grunnleggarane av ABBA og for samarbeidet sitt med Benny Andersson som i tillegg har resultert i musikalar som mellom anna Chess. Mindre kjend er det at Stuart Alden Cook kom til verda. Dette skal ha skjedd i El Cerrito i California. Stu Cook sitt musikalske bidrag til denne verda er helst knytt til den perioden han var bassist i Creedence Clearwater Revival, og hjå meg kan han høyres på samleplata The Complete Hit-Album Vol.1. I 1950 kom trommeslagar Stephen Ferrone til verda i den engelske badebyen Brighton. Driftige Steve Ferrone var trommis for Average White Band frå 1974 til 1982, han har i tillegg spelt med store artistar som Tom Petty, Slash, Duran Duran og Chaka Kahn. I mi platehylle er det på samleplata The Best Of Average White Band, i tillegg til platene Cosmic Thing (The B-52’s (1989)), Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992, og Unchained, som Johnny Cash gav ut i 1996, det taktfaste arbeidet hans kan høyrast. I 1958 vart Derek William Dick fødd i skotske Edinburgh. Fish var i mange år vokalist og frontmann i Marillion og kan hjå meg høyrast på debutplata Script For A Jester’s Tear frå 1983. I 1962 vart Lars Georg Christian Falk fødd. Christian Falk var bassist i Imperiet og hjå meg kan han høyrast på studioplata Synd frå 1986, i tillegg til eit par samleplater. I 1965 kom Eric Adam Avery til verda i Los Angeles i California. Eric Avery var bassist i Jane’s Addiction, der han hjå meg kan høyrast på debutplata Nothing’s Shocking frå 1998. Avery har også lånt ut tenestene sine til Alanis Morissette og kan høyrast på platene Under Rug Swept (2002), og So-Called Caos frå 2004. I 1973 vart Nicholas Howard Barker fødd i engelske Chesterfield. Trommeslagaren Nicholas Barker var ein av grunnleggjarane av Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på debutplata Principle Of Evil Made Flesh frå 1994. Barker har også vore ein periode innom norske Dimmu Borgir. I 1994 gav Blur ut si tredje studioplate, Parklife. I 1995 platedebuterte Diana King med Tougher Than Love. I 2000 kom Barry White med samleplata The Ultimate Collection, og Neil Young slepte si tjuefemte studioplate Silver And Gold.

24.04.2014

Tjuefjerde april

Tjuefjerde april 1944 vart Anthony Edward Visconti fødd i Brooklyn i New York City. Plateprodusenten Tony Visconti har produsert fleire av David Bowie sine plater og på fleire av dei har han også spela med. Hjå meg kan Visconti høyrast på plata Space Oddity frå 1969, i tillegg til The Dandy Warhols si plate Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1945 kom Douglas Clifford til verda i Palo Alto i California. Doug Clifford spelte trommer i hippielegendene Creedence Clearwater Revival som hjå meg kan nytast på ei uoffisiell samleplate med tittelen The Complete Hit-Album Vol 1. Same dag vart Doug Riley fødd i den kanadiske storbyen Toronto. Dr. Music kan hjå meg høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate Night Moves frå 1976. I 1947 kom bassisten Glenn Cornick til verda i engelske Barrow-In-Furness. Cornick livnærte seg som bassist i Jethro Tull frå starten i 1967 og fram til 1970. Hjå meg kan Cornick høyrast på studioplata This Was frå 1968. I 1950 vart Robert Andrew Hyman til verda i Meriden i Connecticut. Rob Hyman var ein av grunnleggarane av det amerikanske bandet The Hooters og har to bidrag i mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1951 vart Nigel Harrison fødd i engelske Stockport. Bassisten Harrison spelte med Blondie frå 1977 til 1982, og kan i mi platehylle høyrast på plata Parallel Lines frå 1978. Harrison var også tiltenkt rolla som bassist i eit attforeina Blondie, men vart utelaten i siste liten. Før dei gylne Blondie-åra spelte Harrison mellom anna med det engelske glamrockbandet Silverhead og mi samling byr på godbitane Silverhead’s First frå 1972 og 16 And Savaged frå 1973. I 1957 kom David John Haskins til verda i engelske Northampton. David J. spelar bass i Bauhaus og i mi platehylle kan han høyrast på plata In The Flat Fields frå 1980. Same dag vart Boris Peter Bransby-Williams fødd i franske Versailles. Boris Williams slo seg saman med The Cure i 1984, eit samarbeid som vara til 1993, og mi platehylle byr på Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me frå 1987. I 1963 kom William David Gould til verda i Los Angeles i California. Billy Gould er best kjend som bassist i San Francisco-bandet Faith No More, som herja listene for ei tid tilbake, og kan hjå meg høyrast på platene Angel Dust frå 1992, og Album Of The Year, som kom på marknaden i 1997. I 1967 vart Magnus Grønneberg fødd i plankebyen Fredrikstad. Grønneberg har herja dei norske platelistene med bandet CC Cowboys i ei årrekkje og kan i mi platehylle nytast på samleplata Ecco – CC Cowboys best. I Marysville i Washington kom Patricia Theresa Schemel til verda. Trommeslagaren Patty Schemel var lenge Kurt Kobain sin favoritt til plassen på trommestolen i Nirvana, etter at Chad Canning sa takk for seg. I staden fekk Schemel, etter varme tilrådingar frå Kobain, tilbod om jobben som takthaldar for Hole, og det er på deira studioplate Celebrity Skin frå 1998 arbeidet hennar kan høyrast i mi platehylle. I 1997 slepte Lisa Stansfield si fjerde studioplate, ei plate som bar hennar namn.

23.04.2014

Tjuetredje april

Tjuetredje april 1936 kom den amerikanske artisten Roy Kelton Orbison til verda i småbyen Vernon nord i Texas. Mystiske Roy Orbison var ein av pionerane i rock’n roll, men tok seg seinare ein lang tur ut av det energikrevjande rampelyset. Falsettsyngjande Orbison dukka etter kvart opp som ein av medlemmene av supergruppa The Travelling Wilburys og fekk med det ein viss renesanse på tampen av karrieren. Orbison døyde av eit hjerteinnfarkt i 1988. I 1960 vart James Robert Talbot fødd i London. Saksofonisten Jamie Talbot kan hjå meg høyrast i godt driv på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997, og på Amy Winehouse si plate Back To Back frå 2006. Talbot er også kreditert for glitrande saksofonspel på Teenage Fanclub si studioplate Songs From Northern Britain frå 1997. I 1965 vart John Paul McBain fødd i New Jersey. Gitaristen John McBain sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Hater si sjølvtittelerte debutplate frå 1993. I 1971 kom Viggo Krüger til verda. Gitaristen Krüger er medlem av bandet Pogo Pops og hjå meg høyrer du gitarspelet hans på bandet sine to fyrste soloplater Pop Trip (1992) og Crash (1993). I 1976 slepte Jethro Tull plata med den sjølvreflekterande tittelen Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die. I 1988 var dette dagen Iron Maiden-fansen endeleg kunne kjøpa plata Seventh Son Of A Seventh Son. Og det gjorde dei, plata debuterte med fyrsteplass på dei engelske platelistene. I 1982 slepte The Clash singelen Know Your Rights, som klatra til ein førtitredjeplass på dei engelske singellistene. I 1991 vart datoen prega av at den tidlegare New York Dolls-gitaristen Johnny Thunders vart funnen daud, In Cold Blod, på eit hotellrom i New Orleans i Louisana. Rykta og spekulasjonane om at gode gamle Johnny vart teken av dage for at nokon skulle kunne stikke av med alt dopen hans har heldt seg i livet fram til i dag, sjølv om det, som vanleg i slike saker, offisielt ikkje finst prov for at noko kriminelt har hendt den slitne rockaren. I 1993 spelte Dream Theater på legendariske Marquee Club i London. For oss som ikkje hadde høve til å vere tilstades på konserten, vart det gjort opptak som kan høyrast på konsertplata Live At The Marquee, som kom på marknaden seinare same året. I 2002 slepte Wilco si fjerde studioplate Yankee Hotel Foxtrot. I 2012 døyde Tommy Marth og Chris Ethridge.

22.04.2014

Tjueandre april

Tjueandre april 1935 kom Paul Laurence Dunbar Chambers Jr. til verda i Pittsburgh i Pennyslvania. Bassisten Paul Chambers, som voks opp i den ein gong så stolte bilbyen Detroit, kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på platene Kind Of Blue frå 1959, og Someday My Prince Will Come frå 1961. Chambers døyde i 1969. I Saltillo i Tennessee vart W.S. Holland fødd. Trommisen W.S. Holland spelte fast for Johnny Cash i meir enn førti år og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Orange Blossom Special (1965), America: A 200-Year Salute In Story And Song (1972) og Ragged Old Flag (1974), konsertplata At Folsom Prison (1968), i tillegg til songen Girl From North County som var ein duett Johnny Cash song med Bob Dylan og som kom med på sistnemnde si plate Nashville Skyline frå 1967. I 1936 vart Glen Travis Campbell fødd i Delight i Arkansas. Glen Campbell har livnært seg som skodespelar og programleiar på fjernsyn, men er best kjend som countrypopmusikar med slagarar som Rhinestone Cowboy. Hjå meg finn du Campbell sitt arbeid på ei samleplate som har teke namnet etter den best kjende songen hans, Rhinestone Cowboy. I 1937 vart Bernard Alfred Nitzsche fødd i Chicago i Illinois. Jack Nitzsche er best kjend som komponist og produsent, men hjå meg kan pianospelet hans høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, og på Buffalo Springfield-veteranen Neil Young si soloplate Tonight’s The Night frå 1975. Nitzsche døyde i 2000. I 1949 hadde Miles Davis med seg eit stjernelag av musikarar beståande av J.J. Johnson på trombone, Sandy Siegelstein på fransk horn, John Barber på tuba, Lee Konitz på altsaksofon, Gerry Mulligan på barytonsaksofon, John Lewis på piano, Nelson Boyd på bass og Kenny Clarke på trommer. Dei spelte inn Venus De Milo, Boplicity, Israel og Rouge som alle kan høyrast på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. I 1950 vart Jesse Willard Carr fødd i motorsporthovudstaden Daytona Beach i Florida. Pete Carr er tett knytt til Muscle Shoals Rhythm Section og har spelt med eit utal av store namn. Hjå meg kan Carr høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band-plata Stranger In Town frå 1978, ei plate han også var med å produsere, og plata Against The Wind, som same mann og band slepte i 1980. I 1951 kom Paul Melvyn Carrack til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Multiinstrumentalisten Paul Carrack har vore innom fleire storselgjande britiske band og i mi platehylle finn du arbeidet hans på plata Word Of Mouth, som Mike + The Mechanics slepte i 1991, i tillegg til Roxy Music si samleplate More Than This frå 1995. I 1964 kom David Alexander Vincent til verda i ”Home Of The Hornetts”, Charlotte i North Carolina. Vincent nyttar mellom anna aliaset Evil D når han utførar gjerninga si som vokalist og bassist i Morbid Angel. Hjå meg høyrer du Evil D på plata Domination frå 1995. I 1967 gav The Who ut singelen Pictures Of Lily. Songen, som visstnok handlar om nakenbilete av Lily og tilhøyrande masturbasjon, nådde fjerdeplass på hitlistene. I 1973 vart Brian Aubrey Marshall fødd i Fort Walton Beach i pensjoniststaten Florida. Bassisten Brian Marshall spelar til dagleg i Creed og kan hjå meg høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 2005 døyde Arnie Lawrence.