31.03.2014
Trettifyrste mars
Trettifyrste mars 1935 vart Herbert Albert fødd i Los Angeles i California. Orkesterleiaren Herb Albert er best kjend for trompetspel saman med Tijuana Brass, men er også A’en i A&M Records. Hjå meg kan Albert høyrast med trompetspel på Janet Jackson si plate Janet Jackson Rhythm Nation 1814 frå 1989. I 1942 kom Hugh McCracken til verda i Glen Ridge i New Jersey. Gitaristen McCracken, som på syttitalet var så travel at han takka nei til å samarbeide med sjølvaste Paul McCartney, kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar både bass, gitar og munnspel på Dr. John si plate Anutha Zone frå 1998. McCracken døyde i 2013. I 1944 kom Michael Geoffrey Ralphs til verda i engelske Stoke Lacy. Gitaristen Mick Ralphs er ein av grunnleggarane av dei to syttitalslegendene Mott The Hoople og Bad Company. Sjølv er eg livslang fan av Mott The Hoople og Ralphs sitt elegante gitarspel er sjølvsagt grundig dokumentert i mi platehylle, med platene Wildlife (1971), All The Young Dudes (1972) og Mott (1973), i tillegg til Bad Company si plate Straight Shooter frå 1975. I 1951 vart Henry Anthony George Spinetti fødd i walisiske Cwm. Trommeslagaren Henry Spinetti er i mi platehylle kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata Early Collection, Gerry Rafferty slepte i 1988. I 1954 vart Tony Brock fødd i engelske Pole. Trommeslagaren Brock sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991. I 1955 vart Angus McKinnon Young fødd i den falleferdige skotske storbyen Glasgow. Gitaristen og fråhaldsmannen Angus Young er den uniformskledde rockegnomen som har fronta AC/DC sidan 1974. Med feite riff og drivande soloar er han bindeleddet mellom solid komp frå storebror Malcolm og resten av bandet, og den hese vokalen til vokalist Brian Johnson. Mi platehylle inneheld High Voltage (1975), Dirty Deeds Done Deeds Cheap (1976), For Those About To Rock (1981), ’74 Jailbreak (1984), Live From The Atlantic Studios (1997), Let There Be Rock: The Movie (1997), Volts (1997), Back In Black (1980), The Razors Edge (1990) og Black Ice (2008), noko som burde gjere det klart kvifor eg gjerne tek fram luftgitaren til heimekos på seine kveldar. I 1962 kom Jeff Young til verda i Ann Arbor i Michigan. Gitaristen Young har vore innom Megadeth og er best kjend for å spele i metallgeneren. Hjå meg kan Young høyrast medan han spelar på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1970 spelte Cornelis Vreeswijk inn Första Vackra Dan I Maj. Songen kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1976 nytta Led Zeppelin dagen til å gje ut si sjuande studioplate, Precense. I 1984 var Toy Dolls utanlands igjen og spelte sin fyrste konsert i Nederland, det skjedde på Simplon i Groningen. I 1986 leverte Twisted Sister eit forrykande show på scenen i det som var den tida sitt fyrsteval for store konsertar i Noreg, Drammenshallen, oppvarmar var UFO og underteikna var sjølvsagt tilstades.
30.03.2014
Trettiande mars
Trettiande mars 1935 kom Karl Hanns Berger til verda i tyske Heidelberg. Musikksosiologen Karl Berger er best kjend som ein allsidig jazzmusikar, i mi platehylle er han kredittert for strengearrangement på Jeff Buckley si debutplate Grace frå 1994. I 1945 vart Eric Patric Clapton fødd i Ripley i det engelske fylket Surrey. Eric Clapton vert av fleire omtala som sjølvaste gitarguden og har sidan tida i Yarbirds og Cream vore opphav til fleire tusen timar med intest luftgitarspel frå tilhengjarar over heile verda. I mi platehylle finn du konsertplata Unplugged (1992) frå fjernsynskanalen MTV sin akustiske serie, i tillegg til plata Riding With The King, som var eit samarbeid med bluesgitaristen B.B King og kom på marknaden i 2000. I 1964 kom gitaristen og songskaparen Tracy Chapman til verda i “Home Of Rock’n Roll Hall Of Fame”, Cleveland i Ohio. Chapman slo gjennom med ei sjølvtittelert debutplate i 1988, og det er nettopp denne som prydar mi platehylle. Seinare har Chapman levert fleire sterke album, desse kjem eg vonleg attende til seinare ein gong. I 1966 vart Joseph William Castillo fødd i Gardena i California. Trommisen Joey Castillo erstatta Dave Grohl på trommestolen i Queens Of The Stone Age i 2002 og kan i mi platehylle nytast i taktfast arbeid på bandet si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze frå 2005. I dag har Grohl gjenerobra trommestolen hjå dronnigene og Castillo tenar sitt daglege brød ved å halda takten for Eagles Of Death Metal. I 1967 kom Martin Ivor Kent til verda i engelske Cheltenham. Kent nyttar artistnanmet Ace når han opptrer som medlem av det engelske hardrockbandet Skunk Anansie, og kan i mi platehylle høyrast på plata Stoosh frå 1996. I 1982 bydde dagen på konsert med Toy Dolls, dei hadde teke turen til Derby for å spele på Lonsdale College. I 1987 slepte The Smiths samleplata Louder Than Bombs, som selde til gull i USA. I 1998 gav tyske Modern Talking ut plata som annonserte at dei var Back For Good, diverre.
29.03.2014
Tjueniande mars
Tjueniande mars 1943 kom Eric Idle til verda i engelske South Shields. Komikaren Idle gjorde seg kjend som ein av skodespelarane i den elleville truppen Monty Python, som herja fjernsynsskjermar og filmlerret frå slutten av sekstitalet og utover. Idle er mannen bak dei fleste av komikargjengen sine songar og hjå meg kan han høyrast saman med resten av gjengen på ustyrteleg morosame samleplata Monty Python Sings frå 1998. I 1949 vart Michael Leonard Brecker fødd i Cheltenham i Pennsylvania. Saksofonisten Michael Brecker vert rekna som ein av dei mest markante saksofonistane på jazzscena sidan legenda John Coltrane. Hjå meg kan Brecker høyrast på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. Brecker døyde i 2007. I engelske Brighton kom David Paul Greenfield til verda. Tangentmannen Dave Greenfield er best kjend for å spele i The Stranglers og i mi platehylle kan han høyrast på (The Gospel According To) The Meninblack frå 1981. I 1950 vart Richard E. Chertoff fødd i New York City. Plateprodusenten Rick Chertoff kan i mi platehylle høyrast medan han spelar trompet på The Hooter si plate Zig Zag frå 1989. I 1959 vart Peretz Bernstein fødd i bydelen Queens i New York City. Perry Farrell var vokalist og leiar for det amerikanske alternativbandet Jane’s Addicition og mi platesamling byr på debutplata Nothing’s Shocking frå 1988. Farrell har også vore med i band som Porno For Pyros og er grunnleggjaren av den omreisande festivalen Lollapaloza. I 1960 vart forfattaren, musikaren og MFK-patrioten Jo Nesbø fødd i Oslo. Jo Nesbø var den kreative krafta i Di Derre og har såleis ei meir framtredande rolle i platehylla, Den Derre Med Di Derre (1993), Jenter & Sånn (1994) og Gym (1996), enn i bokhylla mi. I London kom Stephen Street til verda. Produsenten Street er i mi platehylle kreditert for å programmere trommemaskiner på The Smiths si studioplate Strangeways Here We Come frå 1987, ei plate Street også produserte, saman med Morrisey og Marr. I 1967 kom John Popper til verda i Cleveland i Ohio. Munnspelvirtousen Popper sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Dave Matthews Band si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994. I 1969 vart Jason Rebello fødd. Pianisten Rebello sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1973 gjekk Gasolin’ i Rosenbergstudioet i København og spelte inn songen Som Et Streif Af En Dråbe. Produsent var Freddy Hanson. I 1974 slepte Mott The Hoople si sjuande studioplate, som fekk den fantasifulle tittelen The Hoople. I 1980 slepte Billy Joel plata Glass Houses, ei av dei betre produkta frå hans side. I 1982 var dagen ein merkedag for alle tilhengjarar av grom hardrock, då vart forrykande The Number Of The Beast slept laus på uskuldige platekjøparar, og dei langhåra mennene som spelte og sang var sjølvsagt bandet som framleis kallar seg for Iron Maiden. I 1985 spelte Violent Femmes på The Oriental Theater i Milwaukee. Ein radioreklame for showet kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. På same dato i 2002 var den moderne hippien Manu Chao på scenen i den meksikanske hovudstaden Mexico by. Det må vere lov å tru at dette var eit forrykande show i den gamle aztekarbyen. I 2001 døyde John Lewis. I 2006 gjekk jazzmusikaren Don Alias bort.
28.03.2014
Tjueåttande mars
Tjueåttande mars 1923 kom Thaddeus Joseph Jones til verda i Ponitac i Michigan. Trompetisten Thad Jones kan i mi platehylle høyrast på samleplata Atomic Swing (1999), som er meint å vise Count Basie sitt talent som bandleiar. Thad Jones døyde i 1986. I 1930 vart Eric Dixon fødd i New York City. Saxofonisten Eric Dixon var lenge ein del av Count Basie sitt band og kan hjå meg høyrast på samleplata Atomic Swing frå 1999. Dixon døyde i 1989. I 1941 vart Charlie Ray McCoy fødd i Oak Hill i West Virginia. Charles McCoy har gjeve ut halvanna dusin soloplater og er ein høgt skatta studiomusikar, best kjend for å spele munnspel. Han har sidan tidleg på 1960-talet spelt med mange kjende artistar, som mellom anna Roy Orbison og Elvis Presley. I mi platesamling kan Charlie høyrast på Johnny Cash si studioplate Orange Blossom Special frå 1965. McCoy er også kreditert for å spele bass på Bob Dylan på platene Highway 61 Revisited (1965), Blonde On Blonde (1966), og John Wesley Harding frå 1967. I 1948 kom John Spencer Evans til verda i tivolibyen Blackpool. Tangentfantomet John Evan spelte keyboard i Jethro Tull frå 1970 til 1980, og kan hjå meg høyrast på platene Aqualung (1971), Thick As A Brick (1972), Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Young To Die (1976) og Heavy Horses (1978). I 1965 Steve Turner til verda i Huston i Texas. Gitaristen Turner, som er kjend frå mellom anna banda Mudhoney og Green River, kan i mi platesamling høyrast medan han spelar på supergruppa The Monkeywrench si debutplate Clean As A Broke-Dick Dog frå 1992. I 1966 vart Cheryl R. James fødd i Brooklyn i New York City. James er kjend som Salt i raptrioen Salt’n Peppa og kan i mi platehylle høyrast på den prisløna studioplata Very Necessary frå 1993. I 1970 var Janis Joplin i Columbia Studio D i Los Angeles og spelte inn songen One Night Stand saman med Paul Butterfield Blues Band. Innspelinga var produsert av Todd Rundgren og kan hjå meg høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. I 1972 spelte Elvis Presley inn Burning Love. Bakgrunnsvokalen var det J.D. Sumner og The Stamps som stod for. I 1976 kom David Brent Keuning til verda i Pella i Idaho. Gitaristen David Keuning spelar til dagleg i bandet The Killers og i mi platehylle kan han høyrast på bandet sine to fyrste studioplater, Hot Fuss (2004) og Sam’s Town frå 2006. I 1983 var Dingwalls i Newcastle vertskap for kveldens konsert med Toy Dolls. I 1987 var Toy Dolls i Brest for å spele i Salle Les Hes Pertides. I 1989 platedebuterte Alannah Myles med plata Alannah Myles. I 1991 kom den svenske superduoen Roxette med plata Joyride. Duoen si tredje studioplate har seld i meir ein tolv millionar eksemplar over heile verda. I 2010 døyde Herb Ellis. I 2012 døyde Earl Scruggs.
27.03.2014
Tjuesjuande mars
Tjuesjuande mars 1942 kom Wili Jönsson til verda på Amager. Bassisten Jönsson er best kjend for tida han spelte i Gasolin’, og eg tykker dette er ein passande stad å nemne at eg har dei fleste Gasolin-platene og trivst utruleg godt med det. Eg trur This Is My Life var den fyrste Gasolin-songen eg høyrde ein gong på syttitalet, i dag er det nok andre songar eg set minst like stor pris på, men det er likevel inga tvil, det er mitt liv. Hjå meg kan Jönsson høyrast på studioplatene Gasolin’ (1971), Gasolin’ 2 (1972), Gasolin’ 3 (1973), Gasolin’ 4 (1974), Efter Endnu En Dag (1976) og Gör Det Noget (1977), i tillegg til konsertplata Live Sådan (1976) og samleplatene Rabalderstrædet Forever (1991) og Live Derudaf Forever (1993). I 1946 vart Andrew Steven Bown fødd i London. Tangentmannen Andy Bown har ei fortid saman med Peter Frampton i The Heard og gjeve ut ei rekkje soloalbum, han har også spelt keyboard i Status Quo på meir eller mindre permanent basis sidan 1973 og kan i mi platesamling høyrast som fullverdig medlem på Status Quo si studioplate Rock ’Til You Drop frå 1991, og konsertplata Live Alive Quo frå 1992, i tillegg til samleplatene 12 Gold Bars (1980) og 12 Gold Bars II (1984). I 1950 kom Anthony George Banks til verda i engelske East Hoathly. Tony Banks var ein av grunnleggjarane av Genesis, der han for det meste spelte keyboard. Hjå meg høyres Banks på studioplata We Can’t Dance frå 1991. I 1952 vart Bjørn Jensen fødd i nærleiken av trikotasjebygda Salhus. Jensen har karrikert frontfiguren Bertel’n for Vinskvetten sidan starten i 1975 og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. Jensen er også kreditert som solist på eit spor på Ove Thue si fotballplate Vi Går Frem frå 1995. I 1957 kom William McArthur Mackenzie til verda i skotske Dundee. Billy Mackenzie er best kjend for å syngje i The Associates, hjå meg kan høyrast med vokal og bakgrunnsvokal på Yello sine studioplater One Second (1987), Flag (1988) og Baby (1991). Mackenzie døyde av ein overdose antidepresiva i 1997. I 1959 kom Andrew Charles Farriss til verda i Perth på den australske vestkysten. Saman med brørne Jon og Tim starta tangentmannen Andrew Farriss INXS i 1977, og har levd godt av det sidan. Hjå meg kan Farriss høyrast på studioplatene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I idylliske La Puente i California kom Brian Tristan til verda. Gitaristen Kid Congo Powers hoppa av The Gun Club og erstatta Bryan Gregory i The Cramps. Seinare arbeid har vore med Nick Cave & The Bad Seeds og The Fall. I mi platehylle kan Powers høyrast på The Cramps si samleplate Off The Bone, og konsertplata The Smell Of Female, begge frå 1983. I 1962 var Elvis Presley i studio på denne dagen og song om eit brev han fekk attende frå postmannen. The Jordanairs stod for musikken på songen som heiter Return To Sender. I 1964 vart Erling Sande fødd i Haugesund. Perkusjonisten Sande sitt bidrag til mi platehylle finn du på Vamp si debutstudioplate God Morgen, Søster frå 1993. Sande slutta i bandet i 1995. I 1965 slepte Bob Dylan plata Bring It All Back Home, der Bruce Langhorne briljerte på gitar. I 1971 fekk den allsidige musikaren Dave Pegg ein son, også han med musikken som leveveg. I mi platehylle kan Matt Pegg sitt basspel høyrast på Jethro Tull si studioplate Catfish Rising frå 1991. I 1978 slepte Lynyrd Skynyrd singelen You Got That Right. I 1987 stod Toy Dolls på scenen i Salle Communale i Saint Gilles. I 2000 forlét ein av dei store syttitalsikona, bandleiaren Ian Dury, denne verda etter ei tids sjukdom. Den polioramma rockaren var aktiv til det siste og vert sakna av alle oss som er glad i Sex, Drugs & Rock’n Roll. Songen med same namn kan høyrast på plata New Boots And Panities som kan lånast av underteikna om du ikkje har pengar til å kjøpe ho sjølv. I 2003 døyde Chris Michie. I 2006 døyde Pete Wells.
26.03.2014
Tjuesjette mars
Tjuesjette mars 1940 vart Lewis Barry Tabackin fødd i Philladelphia i Pensylvania. Saksofonisten Lew Tabackin er i mi platehylle kreditert for å spele på Tom Waits si tredje studioplate Small Change frå 1976. I 1942 kom pianisten og produsenten Larry Butler til verda i pensjoniststaten Florida, nærare bestemt i byen som er best kjend for å huse flybasen Pensacola. Butler hadde eit tett samarbeid med Johnny Cash tidleg på syttitalet og spelar piano på fleire av dei store slagarane hans. Hjå meg kan du høyre Butler spele piano på den svenske fengselskonsertplata Johnny Cash på Ôsteråker. Butler døyde i 2012. I 1948 vart Stephen Victor Tallarico fødd i Yonker i New York. Steven Taylor har hatt sitt levebrød som vokalist i Aerosmith. Taylor er for mange betre kjend for å ha større lepper enn Mick Jagger og for å ha ei dotter som er finare enn Mick Jagger si, enn for sjølve synginga si, som til tider kan vere ganske anstrengande. Dette er likevel mannen bak hits som Walk This Way og Sweet Emotions og han skal heidrast for det. I mi platehylle høyrest Tyler medan han vræler på studioplatene Rocks (1976) og Draw The Line 1977). I engelske Birmingham kom Richard Tandy til verda. Tangentmannen Tandy spelte i Electric Light Orchestra og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1965 kom George Emanuell III til verda i Bellingham i den amerikanske delstaten Washington. Under artistnamnet Trey Azagthoth har han gjort seg merkt som gitarist og tangentmann i death metall-bandet Morbid Angel, og fleire omtykte musikkmagasin hevdar han er av dei beste gitaristane i sin sjanger. Hjå meg kan Azagthoth sitt arbeid høyrast på studioplata Domination frå 1995. I 1968 kom James Yoshiniobu Iha til verda i Chicago i Illinois. Gitaristen James Iha er best kjend for arbeidet sitt med The Smashing Pumpkins og kan hjå meg høyrast på tre av bandet sine titlar, Siamese Dream (1993), Mellon Collie And The Infinite Sadness (1995) og Machina/The Machines Of God (2000). I 1970 vart Justin Meldal-Johnsen fødd i Eugene i Oregon. Bassisten Meldal-Johnsen har spelt med ei rekkje artistar og i mi platahylle kan han høyrast på Tori Amos si plate From The Chorgirl Hotel frå 1998, Beck sine plater Midnight Vultures (1999), Guero (2005) og Odelay (2008), og for Air på Moon Safari (1998). I 1972 spela kultbandet Mott The Hoople på ein trasig klubb i nærleiken av den sveitsiske bankbyen Zürich. Konserten var den siste før Mott The Hoople vart oppløyst for fyrste gongen og den seinare innspela songen Ballad Of Mott skal visst nok handle om denne hendinga. I 1980 gav den tidlegare Mott The Hoople-vokalisten Ian Hunter ut konsertplata Welcome To The Club, som var spelt inn på The Roxy Theatre i West Hollywood november året før. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på Club Avcard i franske Tours. I 1988 slepte Iron Maiden singelen Can I Play With Madness. Singelen storma inn på ein tredjeplass på listene og var den fyrste av fire topp-ti-singlar frå plata Seventh Son Of A Seventh Son. Same kveld var Toy Dolls i idylliske Linköping og underheldt frammøtte svenskar på Arris. I 1991 slepte Bob Dylan fyrste trippel-CD i ein serie kalla The Bootleg series, denne har undertittelen Rare And Unreleased 1961-1991, og inneheld ei nærast endelaus rekkje raritetar. I 2002 måtte Randy Castillo gje tapt for kreften. I 2005 døyde Paul Hester.
25.03.2014
Tjuefemte mars
Tjuefemte mars 1942 vart Aretha Louise Franklin fødd i countrybyen Memphis i Tennessee. Soullegenda Aretha Franklin gjorde ein opptreden, med låten Think, i den udødelege filmen The Blues Brothers, som i høgste grad er med å heve standarden på filmen. Dama, som var tobarnsmor før ho fylte femten, hadde, då filmen vart spela inn, allereie markert seg med ei rekkje legendariske hits som har sikra ho legendestatus i musikkmiljøet. Hjå meg kan du høyre legenda på plata Aretha frå 1980, i tillegg til samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. frå 1994. I 1946 kom The Funky Doctor, Stephen Kupka, til verda i universitetsbyen Berkeley på den amerikanske vestkysten. Kupka er ein av grunnleggarane av bandet Tower Of Power, men hjå meg er det på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992, det glitrande saksofonspelet hans kan høyrast. I 1947 vart Reginald Kenneth Dwight fødd i engelske Pinner. Fotballentusiasten Elton John sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på kompisen Rod Stewart si plate Smiler frå 1974, i tillegg til utvalde spor på samleplata The Mercury Anthology. I 1949 vart Robert Allan Ezrin fødd i Toronto i Canada. Bob Ezrin er best kjend som plateprodusent, men bidreg også på keyboard når det trengs. Hjå med kan Ezrin sitt tangentspel høyraste på platene School’s Out og Billion Dollar Babies, som Alice Cooper slepte i 1972 og 1973. Ezrin er også kredittert for tangentspel og bass på den utskjelte, men undervurderte plata Music From The Elder, som Kiss slepte i 1981. I 1959 kom Per Hillestad til verda i bergsprekken Årdal. Perkusjonisten Hillestad er i mi platehylle kreditert for å hjelpe til på Vamp si debutstudioplate, God Morgen, Søster frå 1993, i tillegg til utvalde spor på Olav Stedje si samleplate 21 Beste frå 1998. I 1963 spelte Johnny Cash inn den framleis mykje radiospelte songen Ring Of Fire, som fekk plass på plata med same namn. Songen vart ein stor hit og kan også høyrast på dei fleste samleplater med Johnny Cash, mellom anna Love frå 2000. Den elles så griske familien, som styrer dødsbuet etter The Man In Black, har heldigvis nekta å la denne låta reklamere for hemorroidekrem. I 1966 vart Norman Jeffery Healey fødd i den kanadiske storbyen Toronto. Jeff Healey mista synet etter at han fekk kreft som eittåring, men det hindra han ikkje i å utvikle glitrande teknikk på bluesgitaren. Healey var aktiv artist frå han var sytten til han døyde av kreft i 2008. Hjå meg høyrer du studioplata Hell To Pay frå 1990. I 1967 kom Vicente Amigo Girol til verda i andalusiske Guadelcanal. Flamencogitaristen Vicente Amigo sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata Sacred Love, som sting slepte i 2003. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Darlington Arts Centre. I 1987 spelte Toy Dolls i Salle Monisoye i Besançon. I 1988 kunne Toy Dolls høyrast på Angered i Göteborg. I 1991 slepte Rod Stewart plata Vagabond Heart. I 1997 gav Queensryche ut plata Hear In The Now Frontier, ei plate som på grunn av flørtinga med den nye og utskjelte musikkstilen Grunge vart forbigått i tagnad av dei fleste av den mest trufaste fansenbasen, som bandet hadde brukt lang tid på å bygge opp. I 2003 slepte Linkin Park si andre studioplate, Meteora, som har seld i meir enn ti millionar eksemplar verda over. I 2006 døyde countryartisten Buck Owens.
24.03.2014
Tjuefjerde mars
Tjuefjerde mars 1935 kom Carol Kaye til verda i Everett i den amerikanske delstaten Washington. Bassisten Kaye vert rekna som ei av verdas framste studiomusikarar og har bidratt på så mykje som over ti tusen ulike innspelingar. Hjå meg kan Kaye høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1949 vart Ellen Shipley fødd i New York. Songerska og komponisten Shipley samarbeidar til vanleg tett med produsenten Rick Nowels og hjå meg kan ho høyrast med bakgrunnsvokal på sjølvkomponert låt på Kim Wilde si studioplate Love Is frå 1992. I 1951 vart Douglas Campbell Thomson fødd i skotske Glasgow. Bassisten Dougie Thomson spelte i Supertramp og kan i mi samling høyrast på plata Crisis? What Crisis? frå 1975. I 1966 kom den norske forfattaren Espen Stenhammer til verda. Stenhammer si musikalske karriere omfattar trommespel med bandet Di Derre. Hjå meg kan Stenhammer høyrast på studioplatene Den Derre Med Di Derre (1993), Jenter & Sånn (1994) og Gym (1996). I 1970 vart Egil Hegerberg fødd i Oslo. Hegerberg er kjend frå band som Hurra Torpedo og Gartnerlosjen, men hjå meg er det som ubestridt leiar av Bare Egil Band han kan høyrast. Plata heiter Absolutt Ikkje Bare Egil Band (1996), og var einmannsbandet si debutplate. I 1971 slepte Serge Gainsbourg konseptplata Historie De Melody Nelson. I 1972 gav Slade ut konsertplata Slade Alive. Plata inneheldt drivande gode konsertversjonar av John Sebastian sin Darling Be Home Soon, og det som av mange vert rekna som den fyrste hardrocksongen, kanadiske Mars Bonfire sin Born To Be Wild, som Steppenwolf tidlegare hadde herja platelistene med. I 1975 kunne dei som var interessert i slikt kjøpe Lynyrd Skynyrd si plate Nuthin’ Fancy, som inneheldt mellom anna Saturday Night Special. Denne songen kan også høyrast på samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd, som er sørstatsbandet sitt bidrag til mi platehylle. I 1979 var dette dagen Motörhead slepte den hardtslåande plata Overkill laus på folket. Eg innrømmer at denne plata har passert fingrane mine og her trengs det skjerping, men dei fleste låtane er nok representert på fleire samleplater og eg ser ikkje bort frå at originalen vert handla inn snart. I 1981 var Toy Dolls på plass og rocka for dei frammøtte i Working Mans Club i Kelloe. I 1987 hadde dei same karane i Toy Dolls teke turen over kanalen og kunne opplevast på Rex i Paris. I 1988 var det ganske sikkert høg stemning når Toy Dolls underheldt studentar og andre på Smallands Nation i universitetsbyen Lund. I 1994 spela Johnny Cash inn ein monoversjon av songen Redemption. Han fekk også festa Oh, Burry Me Not (Introduktion: A Cowboy's Prayer) til band. Produsent var legenda Rick Rubin og begge songane enda opp på plata American Recordings, den fyrste i ein serie på fleire studioplater som avslutta karrieren til The Man In Black, men begge songane kan i tillegg høyrast på samleplata God frå 2000.
23.03.2014
Tjuetredje mars
Tjuetredje mars 1947 vart Raymond Chikapara Phiri fødd i Sør-Afrika. Gitaristen Ray Phiri sitt bidrag til mi platyhylle kan høyrast på Paul Simon si sjuande soloplate Graceland frå 1986. I 1949 kom Richard T. Otcasek til verda i Baltimore i Maryland. Under artistnamnet Ric Ocasek var han i perioden 1976 til 1988 leiar av The Cars, som hadde fleire storselgjande plater under hans leiarskap. Ocasek har sidan pleia ei mindre påakta solokarriere og er i dag ein mykje nytta produsent. Hjå meg kan Ocasek høyrast på studioplatene The Cars og Door To Door, i tillegg til samleplata Greatest Hits. I 1950 fekk verda Phil Lanzon. Lanzon sin CV visar at han har spela med artistar som Mick Ronson og Sweet. Lanzon har spela keyboard for Uriah Heep sidan 1986 og kan i mi platesamling høyrast på plata Raging Silence frå 1989. I 1951 vart Patrice Yvonne Holloway fødd i storbyen Los Angeles i California. Songerinna Patrice Holloway er best kjend for å syngje i ulike fjernssynsseriar, hjå meg kan røysta hennar høyrast på Buffalo Springfiels si andre studioplate Buffalo Springfield Again (1967) og Neil Young si debutsoloplate Neil Young frå 1968. Holloway døyde i 2006. I 1960 kom Elvis Presley sin fyrste singel etter avtent militærteneste i Tyskland. Stuck On You nådde fyrsteplassen i USA, men nådde aldri høgare enn nummer tre i den viktigaste marknaden på denne sida av blåmyra, England. Eit år seinare, i 1961, var same Elvis Presley i studio og gav evig liv til Can’t Help Falling In Love. Musikken var ved The Jordanairs. I 1968 kom den engelske songaren Damon Albarn til verda i Whitechapel. Økobonden Albarn har gjort seg merkt som songar i det ein gong så populære britpop-bandet Blur, som har fått så mykje som seks titlar, Leisure (1991), Modern Life Is Rubish (1993), Parklife (1994), The Great Escape (1995), Blur (1997), 13 (1999), på plass i mi samling. Albarn er også ein av mennene bak det virtuelle bandet Gorillaz og kan høyrast medan han syng, spelar gitar og trakterar keyboard på plata Demon Dayz frå 2005, Albarn er også kreditert for pianospel på The Pretenders si akustiske konsertplate The Isle Of View frå 1995. I 1971 vart Abraham Laboriel jr. fødd i Los Angeles i California. Trommisen Abe Laboriel jr. er son av bassisten Abraham Laboriel og kan i mi platehylle høyarst på Melissa Etheridge si plate Skin frå 2001. I 1973 slepte Pink Floyd megasuksessen Dark Side Of The Moon, som herja platelistene verda over i nesten ein generasjon etter, og framleis skal vere den plata som har lege lengst samanhengande på den prestisjetunge platelista Billboard 200. I 1988 var dette datoen Toy Dolls kunne opplevast på Underground i svenske Vaxlo. I 1989 slepte Ramones si ellevte studioplate, Brain Drain. I 1990 bydde denne dagen på plateutgjeving frå ZZ Top og namnet på den nye babyen var Recycler. I 1993 slepte Willie Nelson plata Across The Borderline.
22.03.2014
Tjueandre mars
Tjueandre mars 1937 vart Jon Hassel fødd i Memphis i Tennesee. Hjå meg kan trompetisten Hassel høyrast medan han spelar for den canadiske countryartisten k.d. Lang på plata Watershed frå 2008. I 1944 vart studiomusikaren Christopher Stainton fødd i stålbyen Sheffield. Chris Stainton har spela tangentar for mange store engelske musikarar, og lista tel namn som Eric Clapton og Bryan Ferry. I mi platehylle kan Stainton sitt tangentspel høyrast på Ian Hunter si andre soloplate All American Alien Boys frå 1976, der han også trakterar bassen på songen Restless Youth, og på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1948 kom Randy Jo Hobbs til verda i Winchester i Indiana. Hobbs prydar mi platesamling med basspel på Johnny Winter sine konsertplater And Live frå 1971 og Captured Live! frå 1976. Hobbs døyde i 1993. I 1952 vart Jay Dee Daugherty fødd i Santa Barbara i California. Trommisen Daugherty har lang fartstid i Patti Smith Group og kan i mi platehylle høyrast i stødig driv på studioplatene Easter (1978) og Peace & Noice (1997). I 1955 vart Waliou Jacquqes Daniel Isheola Badarou fødd i Paris. Tangentmannen Wally Badarou sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Melissa Etheridge si sjølvtittelerte debutplate frå 1988, og på utvalde spor på samleplata Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads frå 1982. I 1957 var singelen All Shook Up i platehyllene. Artisten som stod for underhaldninga var ein ung Elvis Presley og plata klatra heilt til fyrsteplassen, ni veker i USA, sju i England. I 1965 gav Bob Dylan ut plata Bringing It All Back Home. Denne plata står i mi platehylle med tittelen Subterranean Homesick Blues, truleg fordi dette er den best kjende songen på originalplata. Mellom musikarane som hjelpte Dylan med å skape godlyd på plata finn ein trommeslagaren Bobby Gregg, bassisten John Boone, gitaristane Al Gorgoni og Bruce Longhorn, bassisten Joseph Macho Jr. og pianisten Frank Owens. I 1977 kom John Everett Otto til verda i Jacksonville i Florida. Trommeslagar John Otto held takten rapmetallbandet Limp Bizkit, ein jobb han har hatt sidan han var med å starte bandet i 1994, og han kan hjå meg høyrast på plata New Old Songs frå 2001. I 1980 nytta Birmingham sin store son, Ozzy Osbourne, denne dagen til å byrje innspelinga av den fyrste soloplata etter at han forlét Black Sabbath. Soloplata fekk namnet Blizzard Of Oz, og det handplukka bandet bestod av den no avdøde gitaristen Randy Rhoads, i tillegg til Bob Daisley på bass, medan Lee Kerslake sat bak trommene. I 1981 kunne Toy Dolls opplevast i Durham, frå scenen i West Cornforth Club. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å innleie den europeiske delen av Beast On The Road turneen og trettitre konsertar venta metallhungrige europearar. I 1988 stod Toy Dolls på scenen på Oden i Karlskrona. I 1994 døyde Dan Hartman. I 1999 var det klart for Skunk Anansie si tredje studioplate, Post Orgasmic Chill.
21.03.2014
Tjuefyrste mars
Tjuefyrste mars 1914 vart Joseph Francis Burke fødd i Scranton i Pennsylvania. Plateprodusenten Sonny Burke er kreditert for å spele piano på Marvin Gaye si plate I Want You frå 1976. Burke døyde i 1980. I 1944 kom David Perry Lindley til verda i San Marino i California. Allsidige David Lindley er musikaren som alle liker å samarbeide med og hjå meg kan han hørast medan han trakterar diverse insttrument på Jackson Browne si plate Late For The Sky frå 1974, og medan han spelar saksofon på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. Lindley kan også finnast kredittert som Perry Lindley. I 1950 vart Charles Roger Pomfret Hodgson fødd i den engelske hamnebyen Portsmouth. Gitaristen og songaren Roger Hodgson er ein av grunnleggjarane av Supertramp, og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Crisis? What Crisis? frå 1975. I 1951 kom Conrad Lozano til verda i Los Angeles i California. Bassisten Lozano er sentral i Los Lobos, men hjå meg kan han høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1952 kom Andrew Maynard Parker til verda i engelske Cheshunt. Andy Parker slo seg saman med resten av UFO som syttenåring i 1969, og han har vore fast medlem av bandet fram til i dag, med unnatak av eit opphald i perioden 2005-2007, då han, av medisinske årsaker, var tvungen til å gje frå seg trommestolen i bandet til Jason Bonham. Eg var heldig og fekk både sjå og høyre Parker då UFO varma opp for Twisted Sister i Drammenshallen i 1986, og platehylla mi byr på plata Obsession frå 1978. I 1960 vart Dominic Miller fødd i den argentinske hovudstaden Buenos Aires. Gitaristen Miller kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I Brooklyn var fru MacDonnell i barselseng, avkommet James er kjent som Slim Jim Phantom og trakterar trommene i rockabillygruppa Stray Cats. Hjå meg høyrer du Phantom sitt trommespel på studioplatene Gonna Ball (1981) og Choo Choo Hot Fish (1992), i tillegg til samleplata The Best Of Stray Cats frå 1996. I 1961 vart Robert Lee Sweet fødd i Lynwood i California. Robert Sweet er trommis i Stryper og er hjå meg representert med plata To Hell With The Devil, uvisst av kva årsak. Miles Davis nytta dagen i Columbia 30th Street Studio i New York og spela inn låtane Teo, I Thought About You og Blues No 2. Alle tre spora kan høyrast på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1967 kom Keith Palmer til verda i Peterborough på den engelske austkysten. Dansaren Maxim Reality er best kjend for arbeidet han har gjort med The Prodigy og kan i mi platehylle høyrast medan han syng på platene Music For The Jilted Generation (1994) og The Fat Of The Land (1997). I 1982 var Newcastle Polytechnic vertskap for Toy Dolls. I 2005 slepte Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze, bak spakane i kontrollrommet sat superprodusent Joe Barresi. I 2011 døyde Pinetop Perkins.
20.03.2014
Tjuande mars
Tjuande mars 1935 kom Sam Lay til verda i Birmingham i Alabama. Trommeslagaren Lay har tromma så bra at det har gjeve han plass i Blues Hall Of Fame og i mi platesamling kan han høyrast medan han held takten for Bob Dylan på plata Highway 61 Revisited frå 1965. I 1943 vart Jon Christensen fødd i Oslo. Hjå meg kan jazztrommisen Christensen høyrast på Keith Jarrett si plate My Song frå 1978. I 1951 vart James Lawrence Vaughan fødd i Dallas i Texas. Gitaristen Jimmie Vaughan er ein eldre bror av den meir kjende Stevie Ray Vaughan, og er best kjend for tida han tente som gitarist i den texanske bluesgruppa The Fabulous Thunderbirds, eit band han var med å starte saman med Kim Wilson i 1974. Jimmie sitt gitarspel er minst like sofistikert som det broren kunne by på, og heime hjå meg kan det nytast på plata Hot Number frå 1987, i tillegg til plata Riding With The King, som var eit samarbeid mellom B.B. King og Eric Clapton og kom på marknaden i 2000. I 1957 vart Sven Joachim Eriksson Thåström fødd i Stockholm. Joachim Thåström var ubestriden leiar i banda Ebba Grön og Imperiet, som herja punk- og nyveivmiljøet sytti- og åttitalet. Hjå meg kan Thåström høyrast på eit bra utval av studio-, konsert- og samleplater frå begge banda, i tillegg til soloplata Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1959 kom walisaren Ian Fredrick Rossiter til verda i Newport. Under aliaset Owen If opptrer Rossiter i Stereo MC’s og hjå meg høyrer du han på den kritikarroste plata Deep Down And Dirty frå 2001. I 1960 var The Jordanaires innom studio og hjelpte Elvis Presley med å skape godlyd under innspelinga av Stuck On You. I 1961 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York og spela inn songane Someday My Prince Will Come, i to ulike versjonar, og Old Folks. Alle versjonane kan høyrast på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1969 var Neil Young og kompisane hans i Crazy Horse i Wally Heider Recording Studios og spela inn songen om kaneljenta, Cinnamon Girl. Platene Everybody Knows This Is Nowhere og Greatest Hits er rett stad å leite for dei som vil låne øyret til denne slagaren, som også kan høyrast på ei rekkje andre samleplater. I 1972 kom Alexander Paul Kapranos Huntley til verda i Almondsbury. Alex Kapranos er frontfigur i det skotske indiebandet Franz Ferdinand der han både syng og spelar gitar. Kapranos sine bidrag til mi platehylle heiter Franz Ferdinand (2004), You Could Have It So Much Better (2005) og Tonight: Franz Ferdinand (2009). I 1976 vart Chester Charles Bannington fødd i Phoeniz i Arizona. Songaren Chester Bannington har sitt daglege virke i Linkin Park og kan hjå meg høyrast på studioplata Meteora, og på konsertplata Live In Texas, begge frå 2003. I 1978 var Gasolin’ på plass i Sweet Silence Studio i kongens by, København. Songen med den meiningsbærande tittelen U Lu La Lu vart foreviga for ettertida og produsent var Freddy Hansson i samarbeid med bandet. I 1982 var Toy Dolls enno ein gong på plass i South Shields for å spele på Shore Line. I 1991 slepte brasilianske Sepultura den kritikarroste plata Arise I 1997 døyde Ronnie Barron. I 2000 slepte Oddvar Torsheim plata Tur – Retur Blues. I 2011 døyde Ralph Mooney.
Abonner på:
Innlegg (Atom)