30.11.2013

Trettiande november

Trettiande november 1943 vart David William Lyons fødd i engelske Mansfield. Bassisten Leo Lyons var sentral i Ten Years After og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjette studioplate Watt frå 1970. I 1945 kom Roger David Glover til verda i Brecon i Wales. Bassisten Roger Glover var sentral i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Deep Purple si studioplate Machine Head frå 1972, og konsertplata Nobody’s Perfekt frå 1988, samt samleplata Power House, som kom på den japanske marknaden i 1977. I 1980 var Toy Dolls attende i Durham og kunne opplevast frå scenen i West Cornfort Club. I 1981 rocka AC/DC dei frammøtte i Ruff Arena i Lexington. I 1985 kunne universitetet i Nottingham helse Toy Dolls velkomen. I 1989 hadde Toy Dolls teke turen til Spania der dei stod på scenen i Chinatown i Madrid. I 1994 døyde Connie Kay.

Tjueniande november

Tjueniande november 1940 vart Seán Cannon fødd i Galway i Irland. Cannon har sidan 1982 vore vokalist i The Dubliners. Hjå meg kan Cannon høyrast på konsertplata Live In Carré frå 1985. I den amerikanske hovudstaden Washington D.C. kom William Hart til verda. Trommeslagaren Billy Hart kan hjå meg høyrast på plata Tutu, som Miles Davis slepte i 1986. I Halifax på Nova Scotia vart Dennis Gerrard Stephen Doherty fødd. Songaren Denny Doherty var ein av grunnleggjarane av hippielegendene The Mamas & The Papas. Hjå meg kan Doherty høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Doherty døyde i 2007. I 1947 kom Ronald Douglas Montrose til verda i San Francisco i California. Gitaristen Ronnie Montrose har spelt med artistar som Johnny Winter og Sammy Haggar, og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. Montrose tok sitt eige liv i 2012. I 1957 kom Heitor Teixeira Pereira til verda i Rio Grande i Brazil. Hjå meg kan Heitor Pereira sitt gitarspel høyrast på Simply Red si plate Stars frå 1991. I 1969 vart Lars Håvard Haugen fødd på Ål i Hallingdal. Gitaristen Haugen spelar til dagleg i Hellbillies og kan hjå meg høyrast på tre av bandet sine studioplater i tillegg til ei konsertplate. I 1975 fekk Neil Young hjelp av kompisane sine i Crazy Horse til å forevige godlyden som enda opp som songen Like A Hurricane. Dette skal ha skjedd på Broken Arrow Ranch. Plata American Stars’n Bars frå 1977 byr på denne perla. I tillegg kan ein sjølvsagt kjøpe plata Greatest Hits. I 1981 stod AC/DC på scenen i Richfield Coliseum i Cleveland i Ohio. I 1986 gav tidlegare Blondie-vokalist Debbie Harry ut den andre soloplata si, Rockbird, som var fyrste plate ho spela inn etter at Blondie skilte lag i 1982. I 1988 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Guns n’ Roses si plate G N’ R Lies som var bandet si andre plate og inneheld fire tidlegare utgjevne livespor frå EP-plata Live ?!*@ Like A Suicide og fire akustiske spor som eigentleg var meint for Appetite For Destruction. Same dato i 1989 spela Toy Dolls i Chinatown i Madrid. I 2001 døyde George Harrison.

Tjueåttande november

Tjueåttande november 1949 vart musikaren og skodespelaren Paul Allen Wood Shaffer fødd i den kanadiske skimetropolen Thunder Bay. Mannen bak It’s Raining Men og musikken i Dave Letterman sitt bidrag til fjernsynsunderhaldninga kan hjå meg høyrast som ein del av kultbandet The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og på den blinde landsmannen Jeff Healey si plate Hell To Pay frå 1990. I 1960 kom Aslag Haugen til verda på Ål i Hallingdal. Haugen er gitarist og vokalist i Hellbillies og kan i mi platehylle høyrast på tre av bandet sine tidlege studioplater, i tillegg til ei konsertplate frå 1997. I 1962 kom Matthew David Cameron til verda i San Diego i California. Trommisen Matt Cameron held til dagleg takten for Pearl Jam og Soundgarden, og hjå meg kan du høyre han på Soundgarden-platene Badmotorfinger (1991) og Superunknown (1994). Cameron var også med i tributebandet Temple Of The Dog, som hjå meg kan høyrast med ei sjølvtittelert debutplate frå 1991, og han kan i ledige stunder også finnast bak trommene for Hater, som gav ut ei plate med same fantasifulle tittel som bandet i 1993. I 1970 gav våre beste venner frå Wolverhampton, Slade, ut plata Play It Loud. Platetittelen indikerer korleis bandet sjølv meiner musikken deira best vert formidla, og det er ei vurdering eg er heilt einig i. Produsent for denne gamle klassikaren var Chas Chandler. I 1978 platedebuterte kultbandet The Blues Brothers med A Breifcase Full Of Blues, eit meisterverk som nådde fyrsteplassen på den viktige Billboard 200-lista. I 1981 var eit AC/DC på Nord-Amerika-turné i Market Square Arena i motorsportbyen Indianapolis. I 1989 var Zeleste i den katalanske hovudstaden, Barcelona, åstad for ein Toy Dolls konsert. I 1993 døyde Jerry Edmonton.

27.11.2013

Tjuesjuande november

Tjuesjuande november 1942 vart Johnny Allen Hendrix fødd i Seattle i delstaten Washington på den amerikanske vestkysten. Johnny Allen tok seinare namnet James Marshall Hendrix, men er i ettertid best kjend som gitarguruen Jimi Hendrix. Jimi Hendrix revolusjonerte gitaren si tyding i moderne rock og har inspirert eit utal unge gitarheltar over heile verda. Hendrix døyde i 1970. Hjå meg kan gitarguruen høyrast på samleplatene Whipper, The Magic Collection og Cornerstones. I 1945 kom Randal Edward Brecker til verda i Cheltenham i Pennsylvania. Trompetisten Randy Brecker sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1957 vart Thomas Johnson fødd i Thomasville i North Carolina. Plateprodusenten Johnson er i mi platesamling kreditert for å spele perkusjon på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1959 vart Charles Burchill til verda i skotske Glasgow. Charlie Burchill var ein av grunnleggjarane av Simple Minds, som herja platelistene på åtti- og nittitalet. Hjå meg kan Burchill høyrast på plata Real Life frå 1991. I 1960 kom Lorraine Crosby til verda i engelske Walker. Songerinna kjend som Mrs. Loud kan hjå meg høyrast med hjelpevokal på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell II: Back Into Hell frå 1993. I 1962 vart Charlie Benante fødd i The Bronx i storbyen New York City. Benante sine musikalske bidrag til mi platesamling er som hardtarbeidande trommeslagar i det amerikanske hardrockbandet Anthrax på studioplatene State Of Euphoria (1988) og Persistence Of Time (1990), og på samleplata Attac Of The Killer B’s frå 1991. På den andre sida av det nordamerikanske kontinentet, i California, kom Michael Andrew Bordin til verda i San Francisco i California. Trommeslagar Mike Bordin var ein av grunnleggjarane av Faith No More, i tillegg held han takten for Ozzy Osbourne ved behov. Hjå meg kan Bordin høyrast på FNM-platene Angel Dust (1992) og Album Of The Year frå 1997. I 1965 vart gitaristen Fiachna Ó Braonáin fødd i Dublin. Ó Maonlaí er fast medlem av det irske bandet Hothouse Flowers og kan hjå meg høyrast på plata Songs From The Rain frå 1993. I 1974 kom Tom Cato Visnes til verda. Visnes er best kjend under artistnamna King ov Hell, eller berre King og har spelt bass i det bergenske metallbandet Gorgoroth, men hjå meg er det som medlem i bergenske Sahg (Sahg III) og på den spelemanndekorerte plata No Hay Banda (2005) med Audrey Horne han kan høyrast. I 1979 hadde One Step Beyond sjuandeplass på singellistene. Bandet bak denne perla var galningane i Madness. I 1982 stod Our House for ein femteplass på listene. Det var Madness som fortalte om huset In The Middle Of Our Street. Same dag slepte Ozzy Osbourne konsertplata Speak Of The Devil, som var ei samling av gamle Black Sabbath-slagarar framført på The Ritz i New York tidlegare same år. Plata erstatta eit planlagt konsertopptak der gitaristen Rhandy Rhoads stod for underhaldninga, dette vart utsett på grunn av Rhoads sitt uventa dødsfall, men kom i butikkane seinare med tittelen Tribute. I 1987 var familien Timmins i spissen for det lågmælte kanadiske bandet Cowboy Junkies i Church Of Holy Trinity i Toronto, der dei spelte inn det som enda opp som plata The Trinity Sessions, som kom på marknaden året etter. I 1988 la Iron Maiden ut på ein englandsturne som inkluderte to utselde konsertar på Wembley Arena og enno tre i utskjelte, men likevel så myteomspunne Hammersmith Odeon.

26.11.2013

Tjuesjette november

Tjuesjette november 1939 vart Anna Mae Bullock fødd i Nutbush i Tennessee. Tina Turner er kjend som rocken si bestemor, og er for dei fleste best kjend for solokarrieren si, som vart revitalisert med hjelp av alltid like velkledde David Bowie på slutten av det dekadente åttitalet. Turner sin best kjende song, Nutbush City Limits, har fått ei gate oppkalla etter seg i fødebyen hennar, slå den. Turner har også ei karriere på lærretet, der ho spela i filmar som Mad Max III og Tommy. Hjå meg er bestemor rock representert med soloplatene Forreign Affair (1989) og Twenty Four Seven (1999), i tillegg til ei samling som oppsummerar det beste ho gjorde saman med mannen som banka ho til topps på listene med duoen Ike & Tina Turner i fyrste del av karriera, den no avdøydde valdelege eks-mannen Ike Turner. I 1941 kom Amos Garrett til verda i Detroit i Michigan. Gitaristen Garrett skal ha spela med meir enn eit hundre og femti ulike plateartistar, hjå meg kan han høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975. I 1945 vart John Graham McVie fødd i Ealing i London. Bassisten John McVie vart i si tid hyra av Peter Green til å spele i Fleetwood Mac, ein jobb han har gjort så bra at han har jobben enno. Hjå meg kan McVie høyrast på studioplata Rumours (1977), i tillegg til samleplata Greatest Hits (1971). I 1953 kom Ian Parker til verda i skotske Irvine. Tangentmannen Parker, som har spela med Killing Joke og The Hollies, kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Tom Robinson Band med Tom Robinson Band. I 1967 kom John Stirratt til verda i deltabyen New Orleans i Louisiana. Bassisten Stirratt spelar til dagleg i Wilco og kan hjå meg høyrast på bandet si tredje, fjerde og femte studioplate, Summerteeth (1999), Yankee Hotel Foxtrot (2002) og A Ghost Is Born (2004). I 1978 døyde Frank Rosolino. I 1981 heldt AC/DC konsert i Checkerdome i den tidlegare OL-byen frå 1904, St. Louis i Missouri. I 1982 vart Magnus Robot Børmark fødd i Trondheim. Gitaristen Magnus Børmark spelte i Gåte og hjå meg kan han høyrast på plata Iselilja frå 2004. I Sunderland var det Annabels sin tur til i få ei vitjing av Toy Dolls. I 1985 sigla oktetten Madnesss over havet for å helse på Uncle Sam. Det vart løna med ein tjuefyrsteplass på singellistene. I 2002 slepte Snoop Dogg si sjette studioplate, Paid Tha Cost To Be Da Boss, ei plate som har seld i meir enn 1,3 millionar eksemplar verda over. I 2007 slepte Adam And The Ants den doble samleplata Dandy Highwaymen, og gjorde med det det meste av det beste frå ein gylden æra tilgjengeleg for det platekjøpande publikum.

25.11.2013

Tjuefemte november

Tjuefemte november 1927 kom Richard MacQueen Wellstood til verda i Greenwich i Connecticutt. Dick Wellstood sitt pianospel kan i mi platesamling høyrast på plata The Freewhellin’ Bob Dylan frå 1963. Wellstood døyde i 1987. I 1941 vart Percy Sledge fødd i Leighton i Alabama. Soullegenda Sledge sitt bidrag til mi platehylle er ei samleplate med tittelen When A Man Loves A Woman, same tittel som den største slagaren hans. I 1950 vart Jocelyn Lorette Brown fødd i Kinston i North Carolina. Hjå meg kan Jocelyn Brown høyrast medan ho hjelp Debbie Harry med bakgrunnsvokal på somme av spora på plata Rockbird frå 1986. I 1959 kom Steve Rothery til verda i engelske Brampton. Gitaristen Rothery har vore med i Marillion sidan starten tidleg på 1980-talet og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Script For A Jesters Tear frå 1983. I 1965 vart Timothy Lockwood Armstrong fødd i universitetsbyen Berkeley i California. Tim Armstrong er sjefen for Hellcat Records og har også tent til livets opphald i punkbandet Rancid. Armstrong kan i mi platehylle høyrast medan han syng og spelar gitar på Rancid sine plater Rancid (1993), Life Won’t Wait (1998) og Indestructible frå 2003, i tillegg yt Armstrong også vokaliske bidrag på songen Television frå Bad Religion si plate Stranger Than Fiction frå 1994. I Ellensburg i delstaten Washington kom Mark Lannegan til verda. Songaren Lannegan er best kjend som ein av grunnleggjarane av Screaming Trees, men hjå meg kan han høyrast medan han brukar røysta si for Queens Of The Stone Age på studioplatene Songs For The Deaf frå 2002, og Lullabies To Paralyze (2005). I 1974 døyde ein altfor ung Nick Drake av ein altfor stor dose antidepressiva. I 1979 var Conservative Club i Thornaby vertskap for Toy Dolls, dette var, i følgje sikre kjelder, gitaristen Hud sin einaste konsert med bandet. I 1981 var AC/DC i Ohio og spelte i Riverfront Coliseum i Cincinnati, medan ein annan stor sceneperson, Iggy Pop, hadde teke turen til San Francisco for å underhalde. Denne konserten er tilgjengeleg under tittelen Live San Francisco 1981 og inneheld klassikarar som I’m A Conservative og Lust For Life. I 1983 kunne Toy Dolls opplevast frå scenen i Henderson Hall i Newcastle. I 2003 gav Johnny Cash sitt overivrige og grådige dødsbu ut CD-boxen Unearthed, som, tross mine motførestellingar mot grådige Cash-arvingar, toppa ynskjelista til jul det året. Og i og med at boksen er nemnt her, bør det vere mogleg å tenkje seg til at ynsket vart innfridd. Same dag slepte No Doubt si samling av listefyllarar The Singles 1992-2003, og produsent var Nelle Hooper. Og som om ikkje det var nok, gav Rage Against The Machine ut konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium.

Tjuefjerde november

Tjuefjerde november 1941 fekk verda for fyrste gong stifte kjennskap med superbassisten Donald Dunn. Dette skal han hendt i den musikalsk belasta byen Memphis i Tennessee. “Duck” Dunn vart av fleire rekna som verdas beste bassist innen sitt felt og kan hjå meg høyrast på plate med dei legendariske banda Blues Brothers og Booker T & The MGs. Han trakterar også bassen på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love, som kom på marknaden i 1981, og på Neil Young si tjuefemte studioplate Silver And Gold frå 2000. Duck Dunn døyde i 2012. I 1945 vart Beverley Bevan fødd i Birmingham i England. Trommeslagaren Bev Bevan var ein av grunnleggjarane av Electric Light Orchestra og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. Bevan spelte også på plata The Eternal Idol, som Tony Iommi slepte under namnet Black Sabbath i 1987. I 1946 kom Anthony Michael Clarkin til verda i Birmingham. Tony Clarkin la i ungdomen frisørsaksa på hylla for å spele gitar i bandet Magnum. Clarkin har skrive alle songane på dei tre platene som står i mi platehylle, Kingdom Of Madness frå 1978, Magnum II, som kom i 1979 og konsertplata Marauder frå 1980, alle på plateselskapet Jet Records. I 1947 vart David Sinclair fødd i engelske Herne Bay. Tangentmannen Dave Sinclair spelar til dagleg i Caravan, men hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Robert Wyatt på hans ellevte soloplate Comicopera frå 2004. I 1954 vart Clement Anthony Bozewski fødd i Bayonne i New Jersey. Trommisen Clem Burke er best kjend for arbeidet han gjorde i new-wave bandet Blondie, som så langt står med to titlar i mi samling, Parallelle Lines (1978) og No Exit (1999). Burke har også tromma for stjerner som Joan Jett, og har gjort seg merka som Elvis Ramone etter at han heldt takten for dei skinnkledde i to show i august 1987. I 1956 kom Terry Steven Lewis fødd i Omaha i Nebraska. Terry Lewis er den eine halvleiken av eit produksjonsteam som også omfattar Jimmy Jam, og er best kjend for arbeidet dei har gjort med Janet Jackson. Lewis spelar gjerne med på platene han produserar og hjå meg kan han høyrast med basspel og diverse perkusjon på plata Janet Jackson Rhythm Nation frå 1989. I 1960 vart familien Meyer i Oak Ridge i Tennessee lykkelege foreldre til jazzbassisten Edgar Meyer. Saman med resten av bandet Telluride kan Meyer hjå meg høyrast på Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1962 kom John Thommas Squire til verda i engelske Broadheath. John Squire var gitarist i det engelske bandet The Stone Roses og kan i mi platehylle høyrast på deira andre og siste studioplate The Second Coming frå 1994. I 1978 slepte The Clash singelen Tommy Gun, som plasserte seg på ein fin nittandeplass som høgaste plassering på dei engelske singellistene. I 1982 var ein særs produktiv Stevie Ray Vaughan i studio og spela inn songane Love Struck Baby, Pride And Joy, Testify, Rude Mood, Mary Had A Little Lamb, Dirty Pool, Lenny og Tin Pan Alley (aka Roughest Place In Town) for bruk på plata Texas Flood. Med seg i studio hadde Stevie Ray bandet Double Trouble. I 1991 døyde Eric Carr av kreft, førtiein år gamal, same dag som Freddie Mercury sa takk for seg etter å ha levd med diagnosen HIV i fire år. I 1993 døyde Albert Collins. I 1999 slepte Luca Turilli plata King Of The Nordic Twilight. Plata var den fyrste i ein triologi. I 2011 døyde Ross MacManus.

23.11.2013

Tjuetredje november

Tjuetredje november 1949 kom Alan Paul til verda i Newark i New Jersey. Songaren Paul slo seg saman med vokalgruppa The Manhattan Transfer i 1973, og hjå meg kan han høyrast på plata The Offbeat Of Avenues frå 1991. I Kingston på Jamaica vart Marcia Llyneth Griffiths fødd. Queen Of Reggea Marcia Griffiths sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast når ho, som medlem av vokaltrioen I Threes, syng bakgrunnsvokal for Bob Marley på plata Legend frå 1984. Griffiths er også kreditert for å syngje på utvalde spor på samleplata His 24 Greatest Hits. I 1954 vart Bruce Randall Hornsby fødd i Williamsburg i Virginia. Pianisten Bruce Hornsby sine trillande tonar kan hjå meg høyrast på plata The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1991, og på Robbie Robertson si studioplate Storyville, også den frå 1991. I 1960 kom jazzgitaristen Jean-Paul Bourelly til verda i Chicago i Illinois. Ein far frå Haiti er med å forklare det franskklingande namnet på mannen som hjå meg kan høyras medan han leikar med strengane på plata Amandala, som trompetlegenda Miles Davis gav ut i 1989. I 1964 vart Sharon Marley Prendergast fødd i Kingston på Jamaica. Sharon Marley er dotter av Rita Marley og vart adoptert av reggealegenda Bob Marley då dei to gifta seg i 1966. Sharon Marley har spela i lag med halvsyskena sine i gruppa The Melody Makers og hjå meg kan ho høyrast på plata One Bright Day frå 1989. I 1978 kom Tommy Marth til verda i spillebyen Las Vegas. Saksofonisten Marth er best kjend for å spele med The Killers, sjølv om han ikkje var fullverdig medlem av bandet. Hjå meg kan Marth høyrast på The Killers si studioplate Sam’s Town frå 2006. Marth skaut seg sjølv i 2012. I 1979 døyde Henry Coker. I 1981 spelte AC/DC for dei frammøtte i Met Centre i Minneapolis, same dag som dei gav ut plata For Those About To Rock (We Salute You). I 1982 var Stevie Ray Vaughan i Down Town Studio i Los Angeles og spela inn Tell Me og I’m Cryin’ til bruk på plata Texas Flood. Med seg i studio hadde han bandet Double Trouble. I 1983 vart Thomas Armon Pridgen fødd i Alameda County i California. Trommisen Thomas Pridgen spelte med The Mars Volta i perioden 2006 til 2009. I mi platehylle kan arbeidet hans høyrast på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1993 gav Guns’N Roses ut plata “The Spaghetti Incident?”, same dag som skaterockarane i Anthrax slepte samleplata Return Of The Killer A’s. I 1999 fekk verda for fyrste gong høve til å stifte kjennskap til plata Midnite Vultures, artisten bak meisterverket var sjølvsagt Beck. Same dag oppsummerte Beastie Boys karriera si så langt med å gje ut samleplata Beastie Boys Anthology: The Sound Of Science. I 2004 slepte No Doubt-vokalist Gwen Stefani soloplata Love. Angel. Music. Baby. på den norske marknaden

22.11.2013

Tjueandre november

Tjueandre november 1925 kom jazzmusikaren Gunther Schuller til verda. Schuller er i mi platesamling representert medan han spelar franskhorn på Miles Davis si samleplate Birth Of The Cool frå 1957. I 1946 vart Aston Francis Barrett fødd i Kingston på Jamaica. Bassisten Aston “Family Man” Barrett var ein viktig del av lydbiletet til Bob Marley & The Wailers og hjå meg kan han høyrast på samleplata Legend frå 1984, i tillegg til eit par samleplater av varierande kvalitet. I 1950 kom Martina Michèle Weymouth til verda i Coronado i California. Bassisten Tina Weymouth har spela i både Tom Tom Club og Talking Heads og kan i mi platehylle høyrast på to titlar med sistnemnde, konsertplata Stop Making Sense (1984) og samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads (1992). I 1957 kom Clarence Öfwerman til verda. Produsenten Öfwerman er i mi platehylle høyrast medan han spelar tangentar på Roxette si storselgjande plate Joyride frå 1991, ei plate han også produserte. I 1958 vart Jason Ringenberg fødd i Kewannee i Illinois. Bondesonen og musikaren Ringenberg har gjort seg merkt som soloartist, leiar av alt-country-bandet Jason & The Scorchers, og som barne-TV-figuren Farmer Jason. Hjå meg kan Ringenberg høyrast på samleplata Best Tracks And Side Tracks 1979-2007 frå 2007. Same dag kom Nicolas Ryes til verda. Gipsy Kings-vokalisten Reyes er mannen som sjarmerte verda med slagarar som Bamboleo og Volare og kan hjå meg høyrast på studioplatene Allegria (1982), Luna De Fuego (1983), Gipsy Kings (1988), Mosaique (1989), Este Mundo (1991) og Love & Liberte (1993), samt konsertplata Live (1992). I 1978 kom Karen Lee Orzolek til verda i Sør-Korea. Karen O er songar i bandet Yeah Yeah Yeahs og kan i mi platehylle nytast på bandet si debutplate Fever To Tell frå 2003. I 1980 kom Motörhead med plata The Beer Drinkers EP. I 1981 var Toy Dolls i West Road Club i Loftus og AC/DC møtte den etter kvart trufaste fansen i Met Centre i norskamerikanske Minneapolis. I 1982 gjekk Stevie Ray Vaughan And Double Trouble i Down Town Studio i Los Angeles og starta innspelinga av det som skulle ende opp som plata Texas Flood, tittelsporet vart foreviga denne dagen. I 1988 gav Gipsy Kings ut si tredje studioplate, den hadde same namn som orkesteret og inneheldt slagaren Bamboleo. I 1993 var dette dagen Jethro Tull gav ut samleplata Nightcap. The Unreleased Masters som inneheldt ei rekkje tidlegare uutgjevne innspelingar som vart gjort tidleg i bandet si karriere. I 1997 døyde Michael Hutchence.

Tjuefyrste november

Tjuefyrste november 1926 kom Odd Lunde Børretzen til verda på Hjelmeland i Rogaland. Heilt sidan sekstitalet har prestesonen, forfattaren og songaren m.m. Odd Børretzen kombinert lyrikk og musikk med ei svært ironisk tilnærming og med suverent resultat. Børretzen har samarbeida med fleire store norske artistar som visesongaren Alf Cranner og gitaristen Lars Myhre. Mi platehylle byr på Børretzen si sjølvtittelerte debutplata frå 1974, konsertplata Odd Børretzen og Alf Cranner I Levende Live På Sandvika Kino En Kald Desemberdag I 1973 (1974), og Noen Ganger Er Det Al Right (1995). Børretzen døyde i 2012. I 1940 vart Malcolm John Rebennack Jr fødd i flomutsette New Orleans i Louisiana. Dr. John har hausta fleire Grammy-titlar og var ein ettertrakta studiomusikar før han gjekk i gang med ein platekarriere som soloartist. Mi platehylle byr på soloplata Anutha Zone frå 1998. I tillegg kan Dr. John høyrast medan han trakterar diverse tangentinstrument på på samleplata The Best Of Carly Simon, som Carly Simon slepte i 1975, eit spor på Bob Seger And The Silver Bullet Band si studioplate Against The Wind (1980), Let Me In, som Johnny Winter slepte i 1991, og Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. Dr. John er i tillegg kreditert som gjest på plata Plastic Fang, som Jon Spencer Blues Explotion slepte i 2002. I 1941 kom Andrew Love til verda. Saksofonisten Love spelte til dagleg i The Memphis Horns, hjå meg kan saksofonen hans høyrast på The Fabolous Thunderbirds si plate Hot Number (1987), og på After Hours, som Gary Moore slepte i 1992. Love døyde i 2012. I 1946 kom Rainer Brüninghaus til verda i tyske Bad Pyrmont. Pianisten Brüninghaus sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Jan Garbarek si plate Legend Of The Seven Dreams frå 1988. I 1948 vart John Douglas Bundrick fødd i Houston i Texas. Tangentmannen John Bundrick sin CV tel namn som The Who, Eric Burdon og Johnny Nash, og han spelte på lydsporet til kultfilmen Rocky Horror Picture Show. Hjå meg kan Bundrick høyrast på songen Sleeping With The Dog frå Jethro Tull si studioplate Catfish Rising, og på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death, begge frå 1992. I 1950 kom David Williams til verda i marinebyen Newport News i Virginia. Gitaristen Williams spelte for Michael Jackson på plata Off The Wall frå 1979. Williams er også kreditert for gitarspel på Madonna si studioplate True Blue (1986), og på utvalde spor på samleplata More Than This, som Bryan Ferry og Roxy Music slepte i 1995. Williams døyde i 2009. I 1960 vart Brian Ritchie fødd i motorsykkelhovudstaden Milwaukee i Wisconsin. Bassisten Ritchie har ytt sitt bidrag til musikken si verd gjennom fleire plateinnspelingar med Violent Femmes. Hjå meg kan Ritchie høyrast på studioplatene 3 (1989), New Times (1994) og Freak Magnet (2000), i tillegg til samleplata Add It Up (1993). I 1961 kom Elvis Presley med singelen Can’t Help Falling In Love. Songen er henta frå filmen Blue Hawaii og låg fire veker på toppen av dei engelske listene. I USA var andreplass høgaste notering. I 1965 kom Björk Guðmundsdóttir til verda i Reykjavik på Island. Songerinna Björk har tre bidrag til mi platehylle, soloplata Debut frå 1993, og platene Life’s Too Good (1988) og Stick Around For Joy (1992), som ho slepte medan ho var ein del av det fantastiske bandet Sugarcubes. I 1968 vart Steven Alexander James fødd i engelske Bournemouth. Alex James er best kjend som bassist i Blur, men driv også som osteproduserande bonde. I tillegg til seks seks av Blur sine studioplater, Leisure (1991), Modern Life Is Rubbish (1993), Parklife (1994), The Great Escape (1995), Blur (1997) og 13 (1999), kan James sitt bidrag til mi platehylle høyrast på Sophie Ellis-Bextor si debutplate Read My Lips frå 2001. I 1971 platedebuterte Gasolin’ med plata Gasolin’ (Gaz 1). I 1973 kom Rain Joan Of Arc Bottom til verda i Crocket i Texas. Veslesystera til skodespelarane River og Joaquin Phoenix er i mi platehylle kreditert for å synge bakgrunnsvokal på songen Bang And Blame på R.E.M. si plate Monster frå 1994. I 1975 vart Erlend Øye fødd. Øye påstår han er The Whitest Boy Alive, men hjå meg kan han høyrast som den eine halvleiken av duoen Kings Of Convenience på deira debutplate Quiet Is The New Loud frå 2001. Øye er også kreditert for vokalhjelp på Röyksopp si plate Melody A.M. frå 2001. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm og spelte inn Wearing And Tearing. Det ferdige resultatet kan høyrast på samleplata Coda frå 1982. AC/DC slepte konsertplata If You Want Blood You’ve Got It. I 1980 slepte The Clash singelen The Call Up, som nøyde seg med ein førtiandeplass på dei engelske singellistene. Same dag la Iron Maiden ut på ein ti dagar turne i England, for å introdusere den nye gitaristen Adrian Smith for den voksande tilhengjarskaren. I 1979 gav plateselskapet CBS ut Gasolin’ si debutplate Gasolin’, i ettertid gjerne kalla Gas 1. Plata vart spela inn i Rosenberg Studios i København tidlegare same år og produsent var Sture Lindén. I 1981 var AC/DC sin turné komen til Rosemont Horizon i Chicago i Illinois. I 1986 gav det amerikanske alternativbandet Soul Asylum ut den studiotredje plata si, While You Were Out. I 1995 underheldt Ozzy Osbourne Gordiane og tilreisande i Newcastle City Hall, same dag som Matthew Ashman døyde. I 2000 slepte Nine Inch Nails ut plata Things Falling Apart, som var ei samling remixar frå andre studioplater og som ikkje fekk noko god mottaking i kritikarkrinsar.

20.11.2013

Tjuande november

Tjuande november 1947 vart Joseph Fiddler Walsh fødd i Wichita i Kansas. Multiinstrumentalisten Joe Walsh si musikalske karriere er nær knytt til Eagles, men hjå meg må ein nøye sem med å høyre arbeidet hans på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1949 kom Ulf Gerhardt Lundell til verda på Söder i grannelandet sin vakre hovudstad Stockholm. Rockepoeten Uffe er ein skandinavisk blanding av Bob Dylan og Bruce Springsteen og rockar skjorta av dei fleste nolevande svenskar. Best kjend, frå ein rikhaldig katalog, er nok klassikaren Öpna Landskap. Lundell har også gjort seg merkt som forfattar og biletkunstnar. I mi platehylle finn du plata Män Utan Kvinnor frå 1997. I Tacoma Park i Maryland vart William Reichenbach Jr fødd. Trombonisten Bill Reichenbach kan hjå meg høyrast på Michael Jackson si debutsoloplate Off The Wall frå 1979, han er også kreditert for å spele på songen Trouble’s Braids på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983, på Lisa Stansfield si sjølvtittelerte fjerdeplate, og Joe Cocker si plate Across From Midnight, begge frå 1997, i tillegg til Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I Bologna kom Fiorenzo Zanotti til verda. Fio Zanotti sitt bidrag til mi platehylle finn du på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998, der han spelar Hammond Orgel. I 1957 vart Jimmy Brown fødd i engelske Birmingham. Trommeslagaren Brown har heldt takten i UB40 sidan 1978 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of UB40 Vol. 1 frå 1987. I 1965 kom Michael Diamond til verda i New York City. Mike D er ein av grunnleggjarane av Beastie Boys og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Licenced To Ill (1986), Paul’s Boutique (1989), Check Your Head (1992), Ill Communication (1994), Hello Nasty (1998), i tillegg til samleplatene The In Sound From Way Out (1996) og The Sound Of Science (1999). I Pinar Del Rio på Cuba kom Senen Reyes til verda. Rapartisten Sen Dog sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på Rage Against The Machine si studioplate Renegades frå 2000. I 1966 vart Kevin Matthew Gilbert fødd i den californiske hovudstaden Sacramento. Multiinstrumentalisten Kevin Gilbert sitt bidrag til mi platehylle finn du på Sheryl Crow si debutplate Thuesday Night Music Club frå 1993. Gilbert døyde av surstoffmangel under ein onanileik i 1996. I 1975 kom David Paden Marchand til verda i Rochester i New York. Vegetarianaren Davey Havok syng til dagleg i AFI, men hjå meg kan han høyrast med vokalbidrag på The Offspring si plate Americana frå 1998. I 1981 spelte AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago i Illinois, same dag som The Clash slepte singelen This Is Radio Clash, som klatra til førtisjuandeplass på dei britiske singellistene. I 1982 hoppa Olga og dei andre gladpønkarane i Toy Dolls på scenen i Framwellgate Moor Club i kolbyen Durham. I 1986 kom Michael Jared Followhill til verda i Tennessee. Jared Followill er bassist i det søskendominerte bandet Kings Of Leon. Same dag var Tsubaki House i Tokyo vertskap for Toy Dolls. I 1995 gav The Beatles ut det meste av det beste frå dei åtte fyrste åra i bandet si karriere under tittelen Anthology 1, ein dobbel CD. Same dag spelte Ozzy Osbourne live i Ballroom Barrowlands i Glasgow. Dei frammøtte fekk mellom anna høyre klassikarar som Paranoid, No More Tears, I Don't Want To Change The World, Suicide Solution, Sabbath Bloddy Sabbath, Mama, I'm Coming Home og Bark At The Moon, som alle kan høyrast på liveplata Master Of Madness som kom på marknaden i 1996. I 2005 døyde Fritz Richmond.

19.11.2013

Nittande november

Nittande november 1932 kom Henry Macleod Robinson fødd i skotske Elgin. Bandleiaren Harry Robinson skreiv og arrangerte for det meste musikk for film- og fjernsynsbranjen, i mi platehylle er han kreditert for strengearrangement på Nick Drake si debutplate Five Leaves Left frå 1969. Robinson døyde i 1996. I 1956 vart Garry George Johnson fødd i Chicago i Illinois. Jellybean Johnson trakterar både trommer og gitar, og hjå meg kan han høyrast på Janet Jackson si plate Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814 frå 1989. I 1957 kom Philip Trevor Spalding til verda i London. Bassisten Philip Spalding er i mi platesamling representert på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1960 vart Matthew William Sorum fødd i Mission Viejo i California. Den norsketta trommeslagaren Matt Sorum avløste Steven Adler på trommestolen i Guns’n Roses og spelte saman med bandet i sju år (1990-1997). Sorum har frå 2002 vore fast del av rytmeseksjonen i Velvet Revolver. Hjå meg kan Sorum sitt trommespel nytast på Guns’n Roses sine plater Use Your Illution I og II (1991) og The Spaghetti Incident? (1993), og på Velvet Revolver si debutplate Contraband frå 2004. I 1961 vart Margaret Mary Emily Anne Hyra fødd i Farifield i Connecticut. Skodespelarinna Meg Ryan syng i mi platehylle bakgrunnsvokal på songen Heal Me på Melissa Etheridge si plate Skin frå 2001. I 1975 kom Cynthia Loving til verda på Long Island i New York City. Songerinna Lil’ Mo sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Missy Elliott si plate Miss E… So Addicitve frå 2001. I Longwiev i Texas vart Monte Lee Pittman fødd. Gitaristen Monte Pittman sitt bidrag til mi platehylle finn du på Madonna si studioplate Confessions On A Dance Floor frå 2005. I 1981 spela AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago i Illinois. I 1982 gav Led Zeppelin ut samleplata Coda på plateselskapet Swan Song. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Yubinchokin i Tokyo. I 1989 spelte Toy Dolls på Bercham Palace i Antwerpen.