30.06.2013

Trettiande juni

Trettiande juni 1951 kom Steven Charles Waller til verda i London. Gitaristen Steve Waller spelte i Manfred Mann’s Earth Band frå 1979 til 1983 og hjå meg høyrer du han på utvalde spor på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered, som kom på marknaden i 1999. I 1957 vart Trond Berg fødd. Gitaristen Berg gjorde teneste i C C Cowboys frå 1989 til 1996 og spelte på bandet sine fem fyrste plater. Hjå meg kan Berg høyrast på samleplata Ekko CC Cowboys Beste frå 1998. I 1962 kom Lars Lillos Stenberg til verda i Oslo. Mannen har, i tillegg til å skrive tekst og melodi til dei fleste songane, også lånt namnet sitt til eit av dei mest markante banda i Noreg dei siste tretti åra, de Lillos. Mi platehylle inneheld følgjande sju meisterverk frå de Lillos: Suser Avgårde (1986), Før Var Det Morsomt Med Sne (1987), Hjernen Er Alene (1989), Svett Smil (1990), Varme Mennesker (1991), Neste Sommer (1993) og Kast Alle Papirene (1999). I 1964 vart Roger Miret fødd på Cuba. Agnostic Front-frontmannen Miret høyrer du hjå meg som hjelpevokalist på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1967 gav The Who ut sin versjon av Rolling Stoneslåta Under My Thumb. Innspelinga var meint som støtte for dei to låtskrivarane Jagger og Richards som var fengsla for bruk av ulovlege narkotiske substansar. I 1975 slepte Uriah Heep si åttande studioplate, Return To Fantasy. I 1977 gav Kiss ut plata Love Gun og fekk, som fyrste gruppe nokon sinne, fire plater inne på Record World si topp 100 liste. Utgjevinga samanfall også med at teikneseriegiganten Marvel gav ut den fyrste Kiss-teikneserieboka, som selde i meir enn åtte hundre tusen eksemplar. I 1986 kom Madonna si tredje studioplate, True Blue. Plata skal ha toppa platelistene i så mykje som tjueåtte land over heile verda, noko som må seiast å vere ein grei prestasjon. I 1997 gav Prodigy ut plata The Fat Of The Land, som inneheldt superhitten Smack My Bitch Up. I 1998 slepte Lucinda Williams plata Car Wheels On A Gravel Road. Plata der countrydronninga Emmylou Harris hjelpte til på vokalen vart Williams si gjennombrottsplate. Same dag kom Rancid si plate Life Won’t Wait på marknaden. Plata var bandet si fjerde studioplate, og den siste dei gav ut på Epitaph Records.

Femte juli

Femte juli 1943 kom Jaime Robert Klegerman til verda i den kanadiske storbyen Toronto. Gitaristen Robbie Robertson var den udiskutable sjefen over alle sjefar i den amerikansk-kanadiske supergruppa The Band på 1960- og -70-talet. Mi platehylle byr på Robertson sin vokal og gitar på The Band-plata Islands frå 1977, og hans eigen soloplate, Storyville, frå 1991. Robertson er omtala ved døypenamn og ikkje artistnamn når han er kreditert for å ha ytt bidrag på Bob Dylan si plate Blonde On Blonde frå 1966, eit samarbeid som skal være resultat av sterk gjensidig respekt mellom Dylan og gutane i The Band. Også Carly Simon har nytt godt av Robertson sine tenester, og han er kreditert for gitarspel på samleplata The Best Of Carly Simon frå 1975. I 1949 kom Tommy Eyre til verda i engelske Sheffield. Tangentmannen Eyre sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Gary Moore si plate After Hours frå 1992. Eyre døyde i 2001. I 1950 vart dagen merkt av at Michael Monarch vart fødd i Los Angeles i California. Steppenwolf-gitaristen Monarch kan hjå meg høyrast på Steppenwolf si sjølvtittelerte debutplate frå januar 1968. I New York City kom Hugh Anthony Cregg III til verda. Songaren Huey Lewis er ikkje berre frisk i røysta, men er også dugande til å traktere munnspel. Hjå meg kan Lewis høyrast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1960 var det no eller aldri for Elvis Presley. Now Or Never toppa listene i fem veker i USA, åtte i England. I 1973 vart Bengt Lagerberg fødd. Trommisen Lagerberg kan i mi platehylle høyrast på megahiten Burning Down The House frå Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1976 kom Rufus Arthur Johnson til verda i Detroit i Michigan. Rapparen Bizarre var ein del av rapkollektivet D12 (Dirty Dozen) og hjå meg høyrer du han på plata Devil’s Night frå 2001. Bizarre er også kreditert for vokalhjelp på kompisen Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. Dagen bydde også på plateslepp frå Beach Boys, plata fekk tittelen 15 Big Ones og var strandgutane si tjuande studioplate. I 1977 vart Ryan Daniel Montgomery fødd i Detriot i Michigan. Rapartisten Royce da 5´9´´ kan i mi platehylle høyrast på Eminem si plate The Slim Shady LP frå 1999. I 1980 var dette datoen Norseman Hotel i Peterlee var vertar for Toy Dolls. I 1985 enda Iron Maiden sin eitt hundre og nitti konsertar lange World Slavery Tour med eit show i Irvine Meadows i California. I 1986 vart det høve for ihuga Motörheadbangers å kjøpe Motörhead sin singel Death Forever/On The Road (Live). I 1993 slepte Björk Gudmundsdottir plata Debut, som langt i frå var hennar platedebut, ho hadde allereie slept fleire plater som medlem av bandet Sugarcubes. I 1996 leika AC/DC seg til tonane frå Gone Shotin’, opptaket frå VH1 sitt studio B er aldri sendt på fjernsyn, men er likevel tilgjengeleg på DVD-samlinga Plug Me In.

29.06.2013

Tjueniande juni

Tjueniande juni 1948 kom Ian Anderson Paice til verda i skogvaktarheimbyen Nottingham. Trommeslagaren Ian Paice er kjend for stødig takt for tungrockarane Deep Purple og er den einaste av medlemmene som kan høyrast på alle bandet sine plater. I mi platesamling kan Paice høyrast på studioplatene Machine Head frå 1972, Burn (1974), og Come Taste The Band (1975), i tillegg til konsertplata Nobodys Perfect frå 1988, og samleplata Power House frå 1977. I 1951 vart William Hinsche fødd i Manila på Fillipinene. Billy Hinsche har jobba tett med The Beach Boys sidan slutten av sekstitalet og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1953 vart Mitchell Froom fødd i California. Froom har ei omfattande merrittliste som plateprodusent, men kom opphavleg inn i musikkbransjen som keyboardspelar og var i perioden 1995 til 1998 gift med Susanne Vega. Hjå meg kan Froom sitt tangentspel høyrast på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991, i tillegg til utvalde spor på eksen si samleplate Tried And True – The Best Of Suzanne Vege frå 1998. I skotske Kilwinning kom Collin James Hay til verda. Colin Hay var ein av grunnleggjarane av Men At Work og er i dag einaste gjenværande medlem. Hjå meg kan Hay høyrast på samleplata Contraband: The Best Of Men At Work frå 1996. I 1961 kom gitaristen Greg Hetson til verda i Brookly i New York City. Hetson har laga gitarbråk i diverse punkband sidan han starta si aktive karriere i 1979, og kan i mi platesamling høyrast på veteranane Bad Religion sine studioplater Stranger Than Fiction (1994) og No Substance (1998). I 1964 vart Paolo Costa fødd i motesentrumet Milano. Bassisten Costa sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1988. Elles døyde Eric Dolphy, og Johnny Cash fullførde innspelinga av My Old Faded Rose. I 1975 døyde Tim Buckley. I 1992 gav Iron Maiden ut singelen From Here To Eternity. Songen klatra til tjuefyrsteplass på listene. I 2011 spelte ein sytti år gamal Bob Dylan i storform på Koengen i Bergen. Superstjerna si entré på Koengen fekk eit bastant skydekke til å sprekkje opp, og sjølv og røysta var rusten, trilla klassikarane ut som perler på ei snor.

28.06.2013

Tjueåttande juni

Tjueåttande juni 1960 vart Howard Kusten fødd i New York City. Bassisten Howie Pyro var med å grunnleggje både The Blesssed og D Generation og kan i mi platesamling høyrast med hjelpevokal på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I London kom Claudia Fontaine til verda. Claudia Fountaine er ein høgt skatta hjelpevokalist med mange store plateinnspelingar på merittlista. Hjå meg kan Fontaine høyrast på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1964 gjekk Johnny Cash i studio og byrja innspelinga av My Old Faded Rose. Innspelinga vart fullførd dagen etter, men hamna i arkiva fram til samleplata Love vart gjeven ut i 2000. I 1967 var The Who i CBS Studios i London og spelte inn ein versjon av rebellen Eddie Cochran sin legendariske sumarhit, Summertime Blues. Samstundes sat managerlegenda Kit Lambert i De Lane Lea Studios ein annan stad i storbyen og la siste hand på verket i produksjonen av The Who sin versjon av Stones-låta Under My Thumb. I 1970 spelte Janis Joplin og Full Tilt Boogie Band på The Canadian Festival Express. Full Tilt Boogie Band var set saman av John Till på gitar, Richard Bell som spelte piano, Ken Pearson på orgel, Brad Campbell på bass og trommeslagaren Clark Pierson. Frå denne konserten kan songen Tell Mama høyrast på plata Farewell Song frå 1982 og Try er i mi platesamling å finna på samleplata Janis. I 1977 kom Mark August Stoermer til verda i den amerikanske oljehovudstaden Houston i Texas. Mark Stoermer er bassist i det Las Vegas-baserte bandet The Killers, og hjå meg kan han høyrast på Hot Fuss (2004) og Sam’s Town (2006), bandet sine to fyrste studioplater. I 1980 var Toy Dolls på farten i Hundingdon Club i Stanley. I 1981 vart George McCurdy fødd i Olney i Pennsylvania. Trommisen Spankey kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Justin Timberlake på hans debutplate Justified frå 2002. I 1993 kom den doble konsertplata Live & Loud frå den evigunge skrekkrockaren Ozzy Osbourne.

27.06.2013

Tjuesjuande juni

Tjuesjuande juni 1942 kom Benjamin Baldwin til verda i Peoria i Illinois. Bruce Johston slo seg saman med The Beach Boys i 1965, men hadde pause frå bandet i perioden 1972 til 1978, noko som gjer at han ikkje er kreditert som fullverdig medlem, men som innleigd musikar på plata 15 Big Ones frå 1976, som er Johnston sitt einaste bidrag til mi platehylle, så langt. I 1958 vart Lisa Ruth Germano fødd i Mishawaka i Indiana. Multiinstrumentalisten Lisa Germano kan hjå meg høyrast medan ho spelar fiolin på John Mellencamp si plate Big Daddy frå 1989, i tillegg til platene The Fire Inside frå Bob Seger And The Silver Bullet Band, og Real Life frå Simple Minds, begge slepte i 1991. I 1973 spelte The Who inn 5.15 i Thesally Road i Battersea. 5.15 vart utgjeven som singel i september same året og nådde tjuandeplass på listene. Songen kan elles finnast på plata Quadrophenia og ei rekkje samleplater. I 1981 gav Motörhead ut liveplata No Sleep ’Til Hammersmith. I 1989 kom The B-52’s si femte studioplate, Cosmic Thing, på marknaden. I 1993 stod The Smashing Pumpkins si andre studioplate, Siamese Dreams, i platehyllene. I 1995 slepte Bon Jovi sitt sjette studioalbum, These Days, som produserte ei rekkje singelhits, og 10cc slepte konsertsamleplata Live In Concert-Volume 1. I 2002 døyde The Who-bassisten John Entwistle på eit hotellrom i Las Vegas. Dødsårsaka var hjartestans. Same dag døyde Russ Freeman, også han i Las Vegas, truleg utan at det var nokon samanheng mellom dei to tragiske hendingane.

26.06.2013

Tjuesjette juni

Tjuesjette juni 1937 kom Reginald Workman til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Reggie Workman sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på John Coltrane si niande studioplate Olé Coltrane frå 1962, som er ei av tre plater Workman gjorde med Coltrane, og på Wayne Shorter si femte studioplate Juju frå 1964, og på same artist si tiande studioplate, Adams Apple frå 1966. I 1942 vart Samuel Taylor fødd i verdsmetropolen New York City. Bassisten Larry Taylor har spelt med store namn som Jerry Lee Lewis og Canned Heat, men i mi platehylle er det som ein del av Tom Waits sitt band han kan høyrast. Taylor sitt basspel kan høyrast på Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variations (1999). I 1943 kom Clive Powel til verda i engelske Leigh. Tangentmannen Georgie Fame spelar i mi platehylle på Van Morrison Enlightenment frå 1990. I 1955 kom Michael Lewis Jones til verda i London. Mick Jones voks etter kvart opp til å bli gitarist i The Clash, eit karriereval som har gjeve han legendestatus over store delar av den vestlege verda. Jones sitt bidrag til platehylla mi kan høyraste på platene Combat Rock frå 1982, og samleplata The Singles, som vart slept i 2007. Jones samarbeidar også med tidlegare Clash-kollega Paul Simonon på Gorillaz-plata Plastic Beach frå 2010. I 1956 kom Christopher Joseph Isaak til verda i Stockton i California. Chris Isaak er artist og, innimellom skodespelar, og er representert med to titlar hjå meg, Wicked Game (1991) og San Francisco Days (1993), så langt, det kjem meir. I 1957 vart Patty Smyth fødd i New York City. Smyth har hatt suksess både som bandmedlem og soloartist, men er for tida best kjend for å vere gift med det tidlegare tennisesset John McEnroe. Hjå meg kan Smyth høyrast som hjelpevokalist på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1969 kom Colin Charles Greenwood til verda i den engelske universitetsbyen Oxford. Bassisten Collin Greenwood spelar til dagleg i Radiohead og kan i mi platehylle høyrast på platene Pablo Honey (1993) og OK Computer frå 1997. I 1979 kom Ivan Nathan Followill til verda i Oklahoma. Nathan Followill er trommeslagar i bandet Kings Of Leon, der han spelar samen med to av brørne sine. Hjå meg høyrer du brørne Followhill på plata Aha Shake Heartbreak frå 2004. I 1987 var Toy Dolls i Hendersons Hall i Newcastle. I 1990 slepte Sonic Youth si sjette studioplate, Goo. Dette var den fyrste bandet slepte på eit av dei store plateselskapa, Geffen. I 2010 døyde Benny Powell.

25.06.2013

Tjuefemte juni

Tjuefemte juni 1942 vart Joe Chambers fødd i Philadelphia i Pennsylania. Trommisen Chambers sitt bidrag til mi platehylle høyrast medan han held takten for Wayne Shorter på plata Adams Apple frå 1966. I 1945 kom Carly Elisabeth Simon til verda i metropolen New York City. Songerinna og forfattaren Carly Simon leverte fleire storselgjande singlar på syttitalet, med You’re So Vain som den best kjende. Simon sitt bidrag til mi platehylle heiter The Best Of Carly Simon og kom på marknaden i 1975. I 1946 kom Allen Lanier til verda. Lanier var ein av grunnleggjarane av Blue Öyster Cult og spelte keyboard og gitar. Lanier hadde eit opphald frå bandet frå 1985 til 1987 og slutta for godt i 2006. Hjå meg kan Lanier høyrast på plata Spectres frå 1977. Lanier er også kreditert for litt gitarhjelp på Patti Smith si studioplate Easter frå 1978. I 1954 vart David Frank Paich fødd i Los Angeles i California. David Paich er best kjend som tangentmann og komponist i Toto, men kan hjå meg høyrast på plata Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, og på Boz Scaggs si plate Dig frå 2001. I 1961 var Elvis Presley i studio og fekk festa (Marie’s The Name) His Lastest Flame til lydband. Musikken var ved The Jordanaires. I 1962 kom Phillip Christopher Jupitus til verda på den legendariske festivaløya Isle Of Wight i den engelske kanalen. Stand-Up komikaren Porky sitt bidrag til mi platehylle kan hjå meg høyrast på plata Workers Playtime, som Billy Bragg slepte i 1988. I 1963 vart Georgios Kyriacos Panayiotou fødd nord i London. Songaren George Michael vart kjend gjennom duoen Wham, men har seinare gjort seg merkt med ei suksessrik solokarriere, suplert med uheldige runkeepisodar på offentlege toalett. Hjå meg finn du Michael si soloplate Listen Without Prejudice Vol. 1 (1990), i tillegg til ein duett med Aretha Franklin på hennar plate Aretha, frå 1986. I 1969 kom Timothy Michael Linton til verda i Chicago i Illinois. Gitaristen Zim Zum slo seg saman med Marilyn Manson i 1996 og heldt ut med skrekkrockaren i to år, hjå meg kan han høyrast på plata Mechanical Animals frå 1998. I Morgan Studios i London gjekk Led Zeppelin i gang med innspelinga av We’re Gonna Groove. Resultatet kan høyrast på samleplata Coda som kom ut på Swan Song i 1982. I 1970 var Jimi Hendrix i Electric Ladyland Studios med Cry Of Love Band for å fullføre Freedom. Dei rakk òg å gjere dei fyrste innspelingane av Drifting. I 1971 kunne ein kjøpe ein kortversjon av ein av The Who sine signaturlåtar, Won’t Get Fooled Again, som singel. I 1996 slepte Biohazard den fjerde studioplata si, Mata Leão. I 2002 kom det amerikanske Ska-punk-bandet Reel Big Fish med plata Cheer Up!, medan kultpunkarane i Sonic Youth slepte Murray Street, bandet si tolvte plate.

24.06.2013

Tjuefjerde juni

Tjuefjerde juni 1944 kom Geoffrey Arnold Beck til verda i Wallington ved London. Gitaristen Jeff Beck si karriere let seg vanskeleg oppsumere på liten plass, men tida med Yardbirds, Jeff Beck Group og ei rekkje andre samarbeidsprosjekt har resultert i uendeleg mykje bra musikk. I mi samling finn ein soloplata Who Else frå 1999. I tillegg kan Beck sitt brilliante gitarspel nytast på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I tennisforstaden Wimbledon på ei anna side av London vart Mike de Albuquerque fødd. Bassisten Albuquerque spelte i Electric Light Orchestra frå 1972 til 1974 og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1947 kom Michael John Kells Fleetwood til verda i idylliske Cornvall. Trommeslagaren Mick Fleetwood er sjølvaste Mr. Fleetwood Mac og har vore med i det engelske bluesrockbandet frå byrjinga i 1967 og har overlevd alle besetningar. Hjå meg er Fleetwood representert med to bidrag frå Fleetwood Mac, samleplata Greatest Hits frå 1971, og den legendariske storselgjaren Rumours frå 1977. I tillegg kan Fleetwood høyrast medan han held takten for Johnny Cash på songen Sea Of Heart Break på plata Unchained frå 1996. I 1957 vart Terence Williams fødd i engelske Birmingham. Astro var ein av grunnleggjarane av UB40 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of UB40 vol. 1 frå 1987. I 1960 kom Siedah Garrett til verda i Los Angeles i California. Songerinna Garrett har vunne Grammy og vore nomminert til Oscar. Hjå meg kan Garrett høyrast med hjelpevokal på Madonna si plate True Blue frå 1986. I 1961 vart Curt Smith fødd i den engelske småbyen Bath. Smith var den eine halvleiken av den engelske duoen Tears For Fears og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Songs From The Big Chair (1985) og Elemental (1993), og samleplata Tears Roll Down. I 1964 kom Niklas Hellberg til verda. Hellberg er i mi platehylle kreditert for å spele på plata Kärlek Är För Dom, som var Thåström si sjette soloplate og kom på marknaden i 2009. I 1967 kom Richard Zven Kruspe til verda i den historiske byen Wittenberg. Richard Z. Kruspe er gitarist og hjelpevokalist i Rammstein som i mi platehylle kan høyrast på plata Sensucht. I 1974 fekk verda servert Sweet Home Alabama frå sørstatsrockarane i Lynyrd Skynyrd. Songen med det drivande og lettkjennelege refrenget er eigentleg eit tilsvar på Neil Young sin song Southern Man, som ikkje er særleg flatterande for den gjennomsnittlege sørstatsamerikanar. I 1978 vart Nikolai Eilertsen fødd i Skotselv. Bassisten Eilertsen kan hjå meg høyrast på Bigbang sine plater Electric Psalmbook (1999), Clouds Rolling By frå 2000, og Too Much Yang (2007).

23.06.2013

Tjuetredje juni

Tjuetredje juni 1929 kom Valerie June Carter til verda i Hiltons i Virginia. June Carter hadde ei etablert karriere saman med fleire slektningar i songgruppa The Carter Family frå siste helvleik av førtitalet, og var stor stjerne «over there», men her heime er ho for, dei fleste, best kjend for eit langt og givande ekteskap med countrystjerna Johnny Cash. Før ekteskapet med Johnny var June gift med komponisten Carl Smith, eit ekteskap som resulterte i dottera Carlene Carter. Det vert hevda at June gav opp si eiga karriere for å stå bak ektemannen, men ho har pleia si eige karriere som låtskrivar og har mellom anna skrive teksten til songane Ring Of Fire, som heldigvis ikkje dukka opp i reklame for hemoroidekrem, slik nokre driftige reklamemenn ville, og Jackson, som ho framfører i duett saman med ektemannen. I tillegg kan June Carter høyrast som kordame på fleire av Johnny sine innspelingar og ho er også representert i mi platehylle med samlinga Collections der ekteparet syng utvalde duettar. Carter døyde i 2003. I 1956 vart Randall Darius Jackson fødd i Baton Rouge i Louisiana. Bassisten Randy Jackson har gjort seg merkt på ei rekkje frontar i underhaldningsbransjen, hjå meg kan han høyrast på samleplata Greatest Hits, som Journey slepte i 1988, på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992, og på Bon Jovi si plate These Days frå 1995. I 1958 vart Christopher John Holmes fødd i Glendale i California. Den sterkt alkoholiserte tidlegare W.A.S.P.-gitaristen Chris Holmes er utvilsamt ein av rockens største klyser. Karrieren hans etter at han forlét, eller vart sparka frå, W.A.S.P. har hatt ei sterkt nedoverpeikande kurve og sjølv om han stadig er involvert i nye prosjekt, er det klart for alle som bryr seg med å sjå etter at han lev mest på gamle merittar. I mi platesamling kan Holmes høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts, som W.A.S.P. slepte i 1994. I 1959 kunne Big Hunk O’Love kjøpast på plate. Artist var Elvis Presley og bandet var leia av gitaristen Hank Garland. Platekjøparane heldt plata på fyrsteplassen i USA i to veker, i England heldt det berre til andreplass. I 1960 vart produsent og musikar Brendan O’Brien fødd i Atlanta i Georgia. O’Brien har ei imponerande merittliste som produsent for andre musikarar, men i mi platesamling kan han høyrast medan han spelar gitar for Mick Jagger på plata Wandering Spirit frå 1993, og som pianist på eit spor på The Offspring si plate splinter frå 2003. I 1962 kom Steven Jay Shelley til verda i Midlands i Michigan. Trommisen Steve Shelley slo seg saman med Sonic Youth i 1985 og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street (2002). I 1965 kom Paul Arthurs til verda i engelske Manchester. Gitaristen Bonehead Arthurs var ein av grunnleggjarane av Oasist, men hoppa av rockekarusellen i 1999. Hjå meg kan Arthurs høyrast på platene Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995) og Be Here Now (1997). I 1967 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio og spela inn Sweet Pea, komponert av Wayne Shorter som var med på tenorsaksofon. Songen vart gjeven ut på samleplata Water Babies frå 1976. I 1992 kom B-52s si sjette studioplate, Good Stuff, på marknaden. På denne plata måtte den glade gjengen klare seg utan Cindy Wilson, ei av dei originale bandmedlemmene som i dag heldigvis er attende i bandet. I 1995 døyde Jack Schroer. I 1998 nytta R.E.M. medlemmen Pete Buck sitt sideprosjekt, Tuatara, denne dagen til å gje ut plata Trading With The Enemy. I 2000 slepte J.J. Cale samleplata Classics i plateselskapet Mercury sin Universal Masters Collection. I 2009 gav Cheap Trick ut plata The Latest. Denne kom som gratisbilag i Classic Rock Magazine si desemberutgåve året etter, og det er den eg har sikra meg. I 2010 døyde Pete Quaife.

22.06.2013

Tjueandre juni

Tjueandre juni 1936 kom Kristoffer Kristian Kristofferson til verda i Brownsville i Texas. Artisten, skodespelaren og tekstforfattaren Kris Kristofferson er best kjend for å ha skrive songar som Me And Bobby McGee, udødleggjort av Janis Joplin, og songen som skildrar fyllesjuke og einsemd betre enn nokon annan, Sunday Morning Coming Down. Dei som vitjar meg for å høyre Kristofferson sjølv synge, må nøye seg med å høyre det han gjorde saman med tre andre outlaws, Johnny Cash, Willie Nelson og Waylon Jennings, i gruppa Highwayman. I 1943 kom trommeslagaren Ralph Molina til verda i Puerto Rico. Molina er best kjend for å halde takten for Neil Young sine husrockarar, Crazy Horse. Hjå meg kan trommespelet hans høyrast på platene Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Re-Ac-Tor (1981) og Sleeps With Angels frå 1994. I 1948 vart Todd Harry Rundgren fødd i Upper Darby i Pensylvania. Todd Rundgren var ein gong sett på som rocken sin nye wunderboy, han har ei fortid i bandet Nazz og har gjort ei rekkje soloinnspelingar, men han er likevel best kjend som ein høgt skatta studiomusikar og produsent. Hjå meg kan Rundgren høyrast på ei dobbelsamleplate med den fantasifulle tittelen The Definitive Rock Collection. Rundgren spelar også gitar og keyboard på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell, som Meat Loaf slepte i 1977, ei plate Rundgren produserte, og han syng bakgrunnsvokal på plata Bat Out Of Hell II: Back Into Hell, som var Meat Loaf sitt bidrag til platehyllene i 1993. I 1953 såg Cynthia Ann Stephanie Lauper dagens ljos. Cyndi Lauper er best kjend for kjempehitten Girls Just Want To Have Fun, men hjå meg er det som hjelpevokalist for The Hooters ho kan høyrast, nærare bestemt på songen Boys Will Be Boys frå plata Out Of Body frå 1993. I 1957 kom Garry William Beers til verda i den australske byen Manly. Bassisten Garry Gary Beers har tent til livets opphald i det australske bandet INXS og er representer på to ulike studioplater hjå meg, Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I 1960 var Count Basie i Columbia Studios for å spele inn Taps Miller som kan høyrast på plata Atomic Swing. I 1961 kom James William Somerville til verda i den skotske storbyen Glasgow. Songaren Jimmy Somerville er best kjend for å syngje i band som Bronski Beat og The Communards, men hjå meg er det som hjelpevokalist på Fine Young Cannibals si sjølvtittelerte debutplate frå 1985 han kan høyrast. I 1962 vart Andreas Frege fødd i tyske Düsseldorf. Frege nyttar signaturen Camino når til dagleg tenar til livets opphald i det ufatteleg kule bandet Die Toten Hosen, men i mi platesamling er det som gjestevokalist på songen Raise Your Voice frå Bad Religion si plate No Substance frå 1998 han kan høyrast. I Glasgow kom Robert Bernard Andrew Gillespie til verda. Bobbie Gillespie er sjefen i bandet Primal Scream, han har også gjort teneste som trommeslagar for bandet The Jesus And Mary Chain, der han hjå meg kan høyrast på debutplata Psychocandy. Hjå meg høyrer du i tillegg Gillespie på Primal Scream-platene Screamadelica (1991), XTRMNTR (2000) og Beautiful Future (2008). I 1964 vart Michael James Edwards fødd i London. Mike Edwards er både gitarist og vokalist i Jesus Jones og hjå meg kan han høyrast på plata Doubt frå 1991. I Providence i den amerikanske mikrostaten Rhode Island kom Richard Michael Barrett til verda. Radioverten Dicky Barrett har til vanleg både røtene og føtene solid planta i Ska- og Punkkulturen, hjå meg kan han høyrast med hjelpevokal på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 2001 underheldt AC/DC på Stade De France i Paris. Dei frammøtte fekk høyre Hard As A Rock, Hells Bells og Ride On, som alle kan høyrast på DVD-samlinga Plug Me In. I 2004 slepte Wilco si femte studioplate A Ghost Is Born.

21.06.2013

Tjuefyrste juni

Tjuefyrste juni 1944 kom Raymond Douglas Davies til verda i London. Ray Davies var den kreative krafta i The Kinks, som han starta saman med broren Dave. I dag er Davies kjend som ein gamal grinebitter som berre kritiserar andre musikarar for at dei ikkje veit noko om korleis god musikk skal lagast, noko han sjølv ikkje har gjort på ganske mange år. Hjå meg kan Davies høyrast på samleplata Greatest Hits. I 1948 vart Donald Airey fødd i Sunderland. Produsenten og tangentmannen Don Airey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Judas Priest-songen A Touch Of Evil, frå plata Painkiller, som du finn på samleplata Metal Works ’73-’93 frå 1993, og på Ozzy Osbourne si konsertplate Tribute (1987). I 1950 vart Joseph Michael Kramer fødd i bydelen Bronx i New York City. Trommeslagaren Joey Kramer er mest kjend for å ha heldt takten for Aerosmith gjennom mange år. Hjå meg høyrer du Kramer på platene Rocks (1976) og Draw The Line (1977). I Bergen kom Trygve Thue til verda. Gitaristen og plateprodusenten Thue var mannen bak drivande gitartonar og suverene vokalharmoniar i rockelegendene Saft. Thue har drive lydstudio i Bergen sidan 1976, og har spelt på ei uendeleg rekkje av plater og produksjonar. Så langt tel lista berre ei soloplate, den heiter Jeg – En Beach Boy og kom på marknaden i 1994. I 1951 vart gitaristen Nils Hilmer Lofgren fødd i Chicago i Illinois. Nils Lofgren spelar til vanleg gitar for Bruce Springsteen, men kan i mi platesamling høyrast på Neil Young si plate Tonights The Night frå 1975. I 1952 kom Marcella Levy til verda i Detroit. Marcella Detroit er dama som skreiv Eric Clapton-slagaren Lay Down Sally, og bidraget til mi platehylle finn du som hjelpevokalist på Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978. I 1957 kom Mark Michael Brzezicki fødd i engelske Slough. Trommisen Mark Brzezicki er best kjend for arbeidet han gjorde med Big Country. Hjå meg kan han høyrast på plata The Seer frå 1986, i tillegg til utvalde spor på Ultravox si samleplate Dancing With Tears In My Eyes frå 1997. I 1961 vart José-Manuel Thomas Arthur Chao Ortega fødd i Paris. Manu Chao er ein av verdas framste artistar på den såkalla alternativscena. Han har gjeve ut plater med band som Hot Pants og Mano Negra, men har i dag støtte frå bandet Radio Bemba. Eg er lukkeleg eigar av soloplatene Clandestino (1998), Esperanza (2001) og Radio Bemba Sound System (2002). Frå gamle dagar er samlinga av Mano Negra-plater tilnærma komplett. Chao kan også, truleg for å forvirre platekjøparane, eller avleie fiendar, finne på å nytte aliaset Oscar Tramor. I 1967 kom Tim Simenon til verda i Brixton. I mi platehylle har Bomb The Bass-sjefen lagt beats på Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. I 1976 gav Gasolin’ ut si fyrste konsertplate, Live Sådan, ei dobbelplate som vart spela inn gjennom ein vinterturné same år. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast på Walkerville Hotel i Catterick. Kvelden bydde også på konsert med Bob Seger & The Silver Bullet Band i Cobo Hall i Detroit. We’ve Got Tonight på liveplata Nine Tonight. I 1981 kom Richard Brandon Flowers til verda i gamblingstaten Nevada. Brandon Flowers var ein av grunnleggjarane av bandet Killers og kan hjå meg høyrast på bandet sine to fyrste studioplater, Hot Fuss (2004) og Sam’s Town (2006). I 1985 var Mötley Crue si tredje studioplate, Theatre Of Pain, på plass i butikkane. Plata er ei hylling av Hanoi Rocks sin trommeslagar Razzle, som omkom i ei bilulukke der Crue-vokalist Vince Neil var førar. I 1999 slepte No Fun At All konsertplata Live In Tokyo. I 2000 spelte Oasis på Wembley Stadium i London. Hendinga vart spelt inn og kan høyrast på plata Familiar To Millions som kom ut same året. I 2001 døyde John Lee Hooker.

20.06.2013

Tjuande juni

Tjuande juni 1928 kom Eric Allan Dolphy til verda i Los Angeles i California. Saksofonisten Eric Dolphy gjorde seg merkt på den amerikanske jazzscena på femti- og fyrste halvleik av sekstitalet og kan hjå meg høyrast på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1962. Dolphy døyde i 1964. I 1942 vart verdas fremste strandgut, Brian Douglas Wilson, fødd i Inglewood i solrike California. Brian Wilson er kjend som komponist og bassist i Beach Boys og når sant skal seiast var han mannen bak både songane, dei flotte vokalharmoniane og den fantastiske sounden. I tillegg til eit par Beach Boys-plater av varierande kvalitet er eg så heldig at eg også eig to av Wilson sine soloplater, Pet Sounds Live frå 2002, og Presents Smile, som vart slept i 2004. Det er berre å konkludere med at sjølv om mykje av stoffet er gamalt, held det seg fantastisk bra og er vel verdt å lytte til også i dag. I 1948 kom Alan Longmuir til verda i Edinburgh. Longmuir spelte bass i bandet Bay City Rollers, eit band han, saman med broren Derek, var med å starte i 1966. I 1968 vart Eric Dwayne Collins fødd i Long Beach i California. Raparen RBX kan i mi platehylle høyrast med vokalhjelp på Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. I 1971 kom Jeordie Osbourne White til verda i Coral Springs i Florida. Bassisten og gitaristen Twiggy Ramirez spelar for Marilyn Manson, rett nok med eit opphald i perioden 2002 til 2008, men kan hjå meg høyrast på studiplata Mechanical Animals (1998), og konsertplata The Last Tour On Earth frå 1999. I 1973 var The Who i Ronnie Lane sitt mobile studio og spelte inn We Close Tonight. Songen var meint for filmen/plata Quadrophenia, men enda ei stund opp som eit uutgjeve spor, før det enda opp på plata Odds & Sods i 1974. I 1975 gav ein ung og aktiv Neil Young ut plata Tonight’s The Night. Plata bestod av opptak som var spela inn så lenge som to år tidlegare. I 1979 kom Charlotte Franklin Hatherley til verda i London. Gitaristen Charlotte Hatherley kan hjå meg høyrast frå tida ho tenestegjorde i bandet Ash. I 1980 vart levande versjonar av Fire Lake og Night Moves spela inn i Cobo Hall i Detroit. Artistar var Bob Seger & The Silver Bullet Band og musikken kan høyrast på liveplata Nine Tonight som kom ut i april året etter. I 2000 slepte Madball plata Hold It Down. I 2003 vitja Angus og Malcolm Young dei aldrande rockarane i Rolling Stones på scena i Leipzig. Opptaket frå rocken si geriatriavdeling nådde aldri fjernsynsskjermane, men trufaste fans kan nyte det på DVD-samlinga Plug Me In.